onsdag, 31 desember 2003 23:00

Various Artists - Celebrating the Music of the Weather Report

Skrevet av

Årsaka til at det ikkje står noko artistnamn i overskrifta her, er at dei rett og slett er for mange! Ei plate med følgjande musikarliste, ville eg glatt kunne kjøpe utan å høyre på den først...

 

 

Victor Bailey, Cyro Baptista, Jay Beckenstein, Michael Brecker, Randy Brecker, Dean Brown, Porter Carroll, Dennis Chambers, Vinnie Colaiuta, Mary Fahl, Steve Gadd, Omar Hakim, Aaron Heick, Will Lee, Chuck Loeb, Jason Miles, Marcus Miller, Andy Narell, John Patitucci, Mike Pope, Mark Quinones, Joe Sample, David Sanborn, Tom Schuman, John Scofield.

Kjenner folk til 'the Weather Report' i dag? Eg er ikkje heilt sikker, men det eg er sikker på er at dei som ikkje kjenner bandet, går glipp av mykje. Jason Miles har både drege i gang, arrangert låtane på, spelt på og produsert denne plata. Han starta eit tilsynelatande umogeleg prosjekt. Men han kom i hamn, og resultatet enn ikkje anna enn imponerande.

Ein ville kanskje kunne seie at eit slikt prosjekt ville vere umogeleg fordi det ikkje går an å gjere musikken til 'the Weather Report' like bra som bandet sjølv gjorde det. Jason Miles presiserer at han ikkje prøver å kopiere, men å hylle musikken. Eg meiner han og alle dei andre på plata har greidd akkurat det. Dei prøver ikkje å gjere noko revolusjonerande nytt med musikken, dei gjer heller ikkje alt likt som originalen, men dei spelar rett og slett all den gode musikken på sitt eige vis.

Jason Miles er dyktig, både som pianist, arrangør og produsent. Men eg trur likevel plata hadde vore enno meir spanande om han ikkje hadde vore med på samtlige spor. Eg føler at heile plata har ein viss "80-talsklang," og eg trur dette rett og slett er Miles' klang. Han (og stilen hans) blir den raude tråden gjennom plata. Det er ikkje eigentleg negativt, men eg trur plata kunne vore enno meir spanande med eit par andre arrangørar og eit par andre på keyboard.

Dette er eigentleg det einaste negative eg har å seie om plata, og det seier vel det meste (vel, den kunne sjølvsagt vore dobbelt så lang...). Dette er veldig bra. Dette er ikkje det same som originalen, det er det heller ingen som har prøvd å få til. Denne plata står heilt på eigne bein og kan absolutt anbefalast. Dette er enkelt og greitt ei samling med store musikarar som spelar stilig, kul og fengande jazz.

 

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

*****

Label:

Telarc

 

Kjøp denne hos CDON!

 

 

Lest 3904 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:31
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.