onsdag, 31 desember 2003 23:00

Atlanta Symphony Orc. and Chorus - Carmina Burana

Skrevet av

I 1936 fullførte Carl Orff sitt symfoniske verk Carmina Burana. Dette er kanskje eit av dei mektigaste klassiske stykkja me kjenner, og det er både godt kjent og populært (m.a. nytta av The Doors). I Carmina Burana kombinerer Orff enkle melodiar og primitive rytmar, og han har henta teksten frå arkaisk poesi.

 

 

Namnet Carmina Burana tyder songar frå Beuren (v/München i Bayern). Ei rekkje songar skrivne på 1200-talet blei oppdaga av Benediktinarmunkar i 1803. Desse er samla i boka Carmina Burana av J. A. Schmeller i 1847, og delar av desse tekstane er det altså Orff har skrive musikk til. Tekstane er skrivne på både latin og mellomhøgtysk.

Her er det altså Atlanta Symphony Orchestra med kor som prøver seg på verket, og det har dei fått bra til. Koret har lagt ned spesielt mykje arbeid i å få uttalen nærast mogeleg slik den var på 1200-talet. Orkester og kor er, som ein kanskje kan vente, bra samspelt. Dei framfører verket på ein overbevisande måte. Dette er ei bra innspeling, og også dei som ikkje til vanleg høyrer på klassisk musikk, vil kunne finnne noko dei likar her.

TMB

Musikk:

****

Lyd:

***

Label:

Telarc

 

Kjøp denne hos CDON!

 

Lest 4065 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:33
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.