onsdag, 31 desember 2003 23:00

Cincinnati Pops Orchestra - Tchaikovsky 1812

Skrevet av

Tsjajkovskij sin 1812-overtyre er kanskje av dei mest kjende klassiske stykkja me har. Det er eit voldsomt verk med både kyrkjeklokker og kanoner, og på denne plata er det Cincinnati Pops Orchestra saman med Kiev symfoniske kor som framfører stykkjet.

 

 

Eller det er vel kanskje feil å seie "saman." Dei har aldri spelt saman, heller ikkje på dette opptaket. Overtyren er delt opp, og orkester, kor, kanoner og kyrkjeklokker er spelte inn kvar for seg. Det blir hevda frå Telarc si side at det ville vore umogeleg å spele inn alle delane saman. Det stiller eg meg litt kritisk til. Det hadde kanskje ikkje vore mogeleg å spele inn alt med dei vala som er gjorde her, men umogeleg å få dette til i ein konsertsal...? Då lurer eg litt på kva motivasjonen for denne plata er. Er det å gjengi god musikk eller er det å skape noko spektakulært?

 

For resultatet er spektakulært. Overtyren let veldig bra. Dynamikken er nesten farleg stor (særleg når kannonene sler inn), og klangen og driven i orkesteret og koret er flott. Dette er ein glimrande SACD og den vil gi store utfordringar til eit kvar anlegg.

 

Så no sit eg her og lurer litt på kva eg eigentleg synest om denne plata. Dette er ikkje eit konsertopptak. Dette er ikkje eit studiooptak. Dette er eit lappeteppe. Det er eit veldig bra lappeteppe og det let heilt glimrande, men det er ikkje slik eg synest musikk skal spelast inn. Telarc prøver ikkje å legge skjul på kva som er gjort her, og det er positivt. Men eg håpar ikkje dette er ei oppskrift dei har tenkt å følgje vidare.

 

Til slutt må eg berre nemne at sjølv om det er 1812-overtyren som står med store bokstavar på plateomslaget, utgjer den berre om lag 15 av dei 60 minutta med musikk på plata. Resten er diverse andre stykkje av Tsjajkovskij. Desse er spelte av orkesteret sjølv i studio. Om dei ikkje er like overveldande som overtyren, er dei vakre og like bra spelte.

 

Så uavhengig av om ein ser problema med å spele inn musikk på denne måten, er dette ein SACD ein kan late seg imponere av.

 

TMB

Musikk:

 

Lyd:

 

 

Label:

Telarc

 

Kjøp denne hos CDON!

 

 

Lest 2904 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:40
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.