onsdag, 31 desember 2003 23:00

Lang Lang - Rachmaninoff piano Concerto No. 3

Skrevet av

Sergej Rakhmaninov sin pianokonsert nr. 3 i d-moll er eit imponerande verk, og det er av mange rekna som det vanskelegaste i verda. Slikt er vanskeleg å vurdere, men det har iallfall fleire notar pr. sekund enn nokon annan konsert. Den blei skriven sommaren 1909 før ein lengre Amerikaturné Rakhmaninov hadde, visstnok for å få råd til å kjøpe seg bil. Me kan alle vere glade for at han hadde slike interesser.

Dette er ikkje ein konsert for nybyrjarar, men det er då heller ikkje den kinesiske pianisten Lang Lang. Han er ingen nybyrjar, men han er heller ikkje gamle karen. 19 år gamal spelar han så bra at han kan ta pusten frå einkvar. Han tok til å spele då han var tre år, og har vunne internasjonale prisar frå han var fem. Då han var 16 flytta han til USA for å studere musikk vidare. Han har allereie spelt med mange av dei store orkestera i verda, og karriera hans vil bli interessant å følgje vidare.

Musikk:

*****

Lyd:

****

Label:

Telarc


På denne plata spelar han altså den mektige pianokonserten til Rakkmaninov. Saman med St. Petersburg Symfoniorkester, framfører han dette mektige stykket på ein overbevisande måte. Opptaket er gjort i "the Royal Albert Hall" i London. Som ekstranummer spelar Lang Lang ein enkel og vakker kinesisk folkesong som gir ein fin motstemning til den massive russiske pianokonserten. Ein glimrande avslutning av konserten. På plata får me enno ein del musikk. Lang Lang tolkar ti etydar av Alexander Sciabin. Desse er spelte inn ved Obrelin College, Ohio, og er som etydar skal vere, enkle og vakre.

Det er eigentleg ikkje så mykje meir å seie om denne plata, anna enn at eg er djupt imponert. Lang Lang har ikkje teke seg vatn over hovudet med dette stykket. Han framfører det derimot med stor tyngde. Eg har høyrt eit par andre innspelingar av denne konserten, men ingen der pianist og orkester er så godt samstemt. Lang Lang er ein pianist eg gler meg til å høyre meir av.

Lest 3916 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:41
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.