onsdag, 31 desember 2003 23:00

Christina Dahl - Heartbeats [CD]

Skrevet av

Hugsar du Us3 – jazz-hip-hop-bandet som laga ein del ganske så kul musikk for over ti år sidan? Dei blanda hip-hop, samplingar av gamal jazz og mykje anna med eigen instrumentaljazz og rap. Det var noko heilt nytt då, og er høyrer framleis mykje på Us3. Christina Dahl er ein dansk saksofonist som med denne plata, Heartbeats, prøver på noko liknande. Fungerer det, mon tro...?

 

 

Tja, det får me kome tilbake til. Først må me sjå litt nærare på Dahl og plata. Når eg no har kalt Christina Dahl for saksofonist, er det berre ikkje heile sanninga. På plata her spelar ho i tillegg både klarinett, bassklarinett og fløyte. Ho er absolutt hovudpersonen her, og ho er den framtredande i lydbiletet. Ho ligg stort sett på toppen som solist, med eit underlag som er både kult og groovy. Saman med ektemannen, Carsten Dahl, har ho skrive og arrangert musikken. Carsten Dahl er òg med på plata, på ein haug med instrument. Ytterlegare fem personar er med på innspelinga på både akustiske og elektroniske instrument.

 

Låtane og arrangementa er ikkje grueleg avanserte, men detaljane som er lagt på, og drivet som går heile vegen, gjer at dei fungerer bra. Musikalsk er denne plata kanskje ikkje så enkel å plassere. Eg har jo innleiingsvis samanlikna dette med Us3, men med ein kraftig redusert hip-hop-del. Det er jo stort sett snakk om jazz, nokre låtar ligg nærare blues, men alle med eit samansett og groovy komp.

 

Christina Dahl har som sagt leaden det meste av tida, men både Carsten Dahl (då på ymse tangentar), Jesper Riis (trompet) og Mads Hyhne (trombone) har viktige bidrag og gode soloar. Faktisk vil eg seie at desse, og særleg Carsten Dahl, går hovudpersonen ein høg gong. Og slik bør det vel ikkje vere?

 

Christina Dahl kan jo spele sax, ho kan hyle overtonar og ho kan improvisere. Men eg har høyrt andre gjere det betre. Og eg har høyrt andre gjere det med ein langt mindre pornofilmfaktor... Eg veit ikkje heit korleis eg skal skildre det, men ho får meg stundom til å tenkje på Kenny G, David Hasselhoff og tysk mjukporno på ein gong. Spooky! Ein annan ting er at improvisasjonane til Christina Dahl på nokre låtar blir alt for oppdelte, alt for stakkato for mine øyre. Fine melodiliner blir hakka i hel, og ein mistar heilheita.

 

Og eg har enno eit ankepunkt her Eg har sagt det før: Eg likar ikkje musikarar som juksar. Eg meiner all musikk bør spelast inn som den blir spelt "live." Det er ingen løyndom at det er vanleg å spele inn spor for spor på ein låt, men eg likar det ikkje. Så lenge Christina Dahl får til å spele fleire blåseinstrument samstundes her, er det jo klar at dei har juksa. Ein kan kanskje seie at dette er meir lov i ein sjanger med mykje sampling allereie, og eg kan til nød kjøpe den, men eg er ikkje særleg begeistra.

 

Så kva blir domen over denne plata? Hovudpoenget må vere at stilen Christina Dahl har lagt seg på når no spelar tenorsaksofon, ikkje er heilt heldig. Låtane og arrangementa er kule, mange av soloane undervegs er OK, men det tek jo aldri heilt av. Eg trur med andre ord eg held med til Us3 framleis...

 

TMB

Musikk:

***

Lyd:

****

Label:

Stund Records

 

 

Lest 4292 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 15:08
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.