onsdag, 31 desember 2003 23:00

Keith Jarrett, Gary Peacock og Jack DeJohnette

Skrevet av

Då var det Keith Jarrett sin tur igjen. Eg har omtala han fleire gonger tidlegare, og han fekk til og med eit album i artikkelen "Ein jazzist sine ti beste plater." Det er altså ting som tyder på at eg likar Jarrett. Her får me eit liveopptak frå 2002 med den faste trioen hans. Kan det bli noko anna enn bra?

 

 

Keith Jarrett, Gary Peacock og Jack DeJohnette har spela saman i over 20 år. Keith Jarrett (piano) er bandleiar og er kanskje den mest kjende av dei tre. Men både Peacock (bass) og DeJohnette (tromme

Musikk:

*****

Lyd:

****

Label:

ECM

Kjøp denne hos CDON!

r) er godt etablerte, respekterte og svært dyktige jazzmusikarar. 20 år med samspel set sine spor. Desse musikarane kjenner kvarandre, utfordrar kvarandre og utfyller kvarandre verkeleg.

Trioen har spela på ein jazzfestival i Sør-Frankrike nesten årleg sidan 1985, og denne plata er eit opptak derfrå, frå sommaren 2002. Omstenda rundt konserten var ikkje optimale. Konserten var utandørs, men kraftig regn gjorde at bandet sat på bakrommet, lettare nedtrykte, og førebudde seg på å avlyse. Eit kort solgløtt fekk dei til å ombestemme seg, og det kan både me og dei som var så heldige å vere publikum denne dagen vere glade for. 

For dette konsertopptaket er eit av dei betre eg har høyrt på ei stund. Jarrett og gjengen

spelar rett og slett utruleg bra på heile plata. Det er ein driv, eit tempo og ein flyt som eg let meg imponere over. Musikken på plata er rask og livleg standardjazz med nokre balladar innimellom. Variasjonar og improvisasjonar dominerer gjennom heile konserten. Og er det noko Keith Jarrett kan, så er det å få tangentane til å flyte, lage uendelege, underhaldande strofar ut av improvisasjonane sine. Måten han syng (eller rautar?) oppå improvisasjonane sine, gir oss eit bilete av ein mann som for det første er i eitt med instrumentet sitt, og for det andre verkeleg lev seg inn i musikken. Eg skjønar han godt, eg. Det er ikkje vanskeleg å leve seg inn i musikken til Jarrett.

Kompet, altså Peacock og DeJohnette, leikar seg gjennom låtane, og er så spanande og uforutsigbare ein berre kan ønskje. Dei får òg sine soloar, og særleg Gary Peacock gjer dette vakkert. Han spelar lett og kult, men det er ikkje like melodiøst som når Jarrett spelar. Linjene blir kortare og ting stoppar litt meir opp. Peacock kan spele, eg er absolutt ikkje misnøgd. Men dette viser at dei to er litt ulike som musikarar. Og eg må få seie at eg få seie at eg ikkje kan stoppe å late meg imponere av Keith Jarrett som jazzmusikar, pianist og improvisatør.

På denne plata får ein altså lett og spenstig tradisjonell jazz, presentert av tre godt vaksne, men likevel ungdomlege jazzarar. Den intime stemninga frå konserten føl ein gjennom plata, og gjer at dette blir ei oppleving å høyre på. Plata blei umiddelbart ei av mine favorittar.

Lest 3805 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 15:05
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.