torsdag september 19 , 2019
onsdag, 30 november 2005 23:00

Avideco

Skrevet av

Lydfirmaet Avideco er plassert umiddelbart attmed Dahls Bryggeri, og er såleis ei ekte trønderbedrift...
Går det an å leve av høgtalarutvikling og -produksjon i dette landet?

 


Av Arve Åheim, desember 2005

I eit stort, ope rom med mange og store vindauge, er utviklingsanlegget plassert.  Eit høgt, avrunda tak gjer akustikken luftig og svært behageleg, trass i dei mange vindauga. Geir Fredriksen, mannen bak dette mystiske firmaet, fortel at han er godt fornøgd med lytterommet. Det fyrste du legg merke til, er sjølvsagt dei høge Avideco-høgtalarane, som altså er minsteutgåva av Imagic. Sjølv om dei er  ruvar dei likevel høgt i rommet, utan at dei er visuelt eller fysisk er så dominerande som visse andre line-sorce-høgtalarar. Line Sorce er ein måte å bygge høgtalarar på som har mange sterke sider. Ein tenkjer seg at lyden har best av å verte reprodusert ut frå ei linje. Personleg har eg alltid likt slike konstruksjonar, men dei brukar å vere ganske så romfrækne, og du treng alltid ein viss avstand til dei for å få god lyd. Line sorce (eller skal vi kalle dei linjekjelde-høgtalarar?) har ikkje så sterkt diskanttap med avstanden som meir vanlege konstruksjonar, og vert då også ganske lettdrivne, spesielt i toppen. Ein annan sterk eigenskap med linjekjelder, er at dei nesten alltid byr på svært gode perspektiveigenskapar. Av og til vert dette rota til på grunn av at dei fleste linjekjelder også er bipolare, og fylgjeleg sender masse energi bakover som ein også må ta omsyn til, spesielt med tanke på plasseringa frå bakvegg. Så når eg for litt sidan fekk demonstert Avideco Imagic på Oslo HiFiCenter som ein lettplassert linjekjelde, vart eg ganske nyfiken. 

Oppstillinga
Før lyttinga tok til, måtte eg kike litt på referanseanlegget. Dette bar preg av å vere sett saman ut frå klare formeiningar om kva Geir oppfattar som godt fungerande, utan så mykje omsyn til andre eigenskapar ved anlegget. Og det er ikkje tvil om dei positive sidene ved å ha eit "utviklingsrom" av denne storleiken som eige lytterom, og sleppe tenke på design, plassering og møblering elles. Når ein gammal audiofundamentalist kjem på besøk, er det sjølvsagt svært motiverande å sjå ein skikkeleg platespelar i referanseanlegget. Dette er ein Sony-spelar frå 80-talet (PX800), med direktedrift og tangentialarm, men diverre fortel Geir at han ikkje er deltakande i referanseanlegget akkurat no. Dette er svært synd, fordi eg ser at den klassiske Mark Levinson JC 2 forforsterkaren også er til stades. Dette er ein av dei verkelege legendene innan forforsterkarar, og eitt av dei yttarst få transistordesign som lydmessig framleis er interessante, snart 30 år etter at han kom i handelen. Den skal vere designa av John Curl, og vere utgangspunktet for at Curl har fått det ryktet han har som lydkunstnar. 
Elles brukast sjølvutvikla digitalt effektforsterkeri, i tillegg til dei norske Embla-forsterkarane frå Tom Helgesen. Dagens signalkjelde er ein større, eldre Denon CD-spelar der drivverket er plukka ut. Dette åleine førte til vesentleg betre lyd, fortel Geir. Forforsterkar er ein Tact preamp, som i dag ikkje har innkopla equalizardelen, men berre arbeider som forforsterkar.  

Klangfilosofi
Det er mange måtar å nærme seg den "rette" lyden på. Geir har klare tankar om kva han ynskjer å oppnå, og prøver i stor grad å halde fokus på dei sterke sidene i gammal klangideologi. Mange hardbarka audiofile har sterke opplevingar av gamle innspelingar, og mange held dei riktig gamle opptaka for å vere mellom dei absolutt beste opptaka som finnest. Sjølv har eg eit par dusin plater innspelt frå tida før eg fekk meg trehjulssykkel, og held desse for å vere topp når det gjeld referanselyd. Men Geir har eit ekstra poeng i at miksen i gamle dagar var i samsvar med anlegga som fantest den gongen. Og det er ikkje tvil om at han her spelar på lag med mange, mellom anna "audio-arkeologane" som står på internett-barrikadane og kjempar for kvalitetane til hifiutstyr frå 60- og spesielt 70-talet. Geir føretrekk ei blanding av gammalt og nytt – parken er stadig under omskifting. Og det er ikkje tvil om at han ikkje let seg "lokke" av motesvingingar, men går etter prinsippet "alt skal man prøve, og det beste velge". Og med å ta dette drivverket frå ein pen Denon, og lage ny AES EBU digitalutgang, samt å bygge seg nokre digitalforsterkarar er han ganske på hogget - slikt må berre verte interessant. Ved å planlegge på denne måten, kan ein oppnå utruleg lydkvalitet.  Å finne ting som passar saman ut frå tallause, grundige lytteøkter. Og gjerne prøve gammalt utstyr, frå den tida då opptaka var enkle, men fantastiske. Det at eit hifiprodukt er fylt av hi-tech-komponentar er ikkje eit kvalitetskriterium i seg sjølv. Medan kanskje enkelheit er noko som ofte fører til kvalitet. Difor er det viktig å ”flytte jordingspunktet”, som han sa. Eller stikke fingeren i jorda. Det er lett å la seg lure av motar og det som har mediefokus, og difor bør den kvalitetsbevisste bruke tid på å gjere sine eine erfaringar, og basere sine meiningar på slike.  

Høgtalarane
Med eit slikt utgangspunkt er det svært interessant å sjå kva Geir har fått til når det gjeld høgtalarkonstruksjon. Han fortel at han er fasinert av den gamle Spendor BC 1, men er eigentleg ein bipolarentusiast som er glad i gamle Quad, og har mange positive musikalske opplevingar saman med dei fleste av Magnepan sine eldre modellar. Såleis har han oftast enda opp med bipolare konstruksjonar, som han har laga på i rundt 20 år. Eg hugsar ein av dei fyrste konstruksjonane hans, Multicell som ein svært spennande høgtalar. Multi- og Dynacell er relativt små dipolar som går rett til botnen av frekvensområdet pga koplinga. Ved å redusere impedansen rundt resonnansfrekvensen til høgtalarelementa gjennom å setje fire element i parallell, auka nivået med 12 dB. Og eit delefilter sytte for at tre av desse elementa berre jobba med dei djupaste frekvensane, og berre det eine jobba vidare oppover i bassen. Ein mellomtone og banddiskant gjorde resten.  

Elles har Geir også designa eit system med Manger element, "Symbiose", saman med møbeldesignaren Are Mo. Målet var å lage eit høgtalarsystem med tiltalande utsjånad som også kunne levere topplyd. Systemet var med Manger i open baffel med to subwoofer 4x10” element i push-pull. Kabinettet var laga av ein boga glas-baflar til mangerelementa, med ein todelt, tjukk trestokk og granittsokkel til avstiving og demping bak elementet. Ein masse rør bak elementet sytte for oppsplitting av frekvenseresonnansar.  

Imagic
For dei nye systema Imagic var utgangspunktet for konstruksjonen å utvikle ein
høgtalar der delefilteret i størst mulig grad kunne utelatast. Dette for
å halde fasen så rein som muleg, ha god transientrespons og unngå farging og nedsløving frå filteret. Det er hverken noen øvre eller nedre avskjæring her. Forsterkaren står dirfor direktekopla på alle fulltoneelementene og dette gir heilt anna drivning av desse. Eneste delinga som vert gjort, er på supertweeteren
somdelast 1-ordens ved 10kHz.
Elles har Geir eit sterkt medvite forhold til at vrenginga i eit høgtalarelement er proporsjonal med kor mykje det flyttar seg. Dette er eit svakt punkt for nesten alle høgtalarar (og kanskje grunnen til at magnestatar og elektrostatar har sine svorne tilhengjarar). Imagic er eit forsøk på å omgå dette problemet. Ved hjelp av å bruke 18 små element pr. kanal, får kvart einskilt høgtalarelement langt lettare arbeidsvilkår. Dette er også eit lukka høgtalarsystem, som ikkje har bipolar utstråling bakover. Geir sin ståstad er altså eigentleg ut frå det bipolare, men eit lukka system er langt enklare å plassere, og er berre i svært liten grad påverkeleg av avstanden til bakvegg, som alltid må vere relativt stor på bipolare system. Som linjekjelde er Imagic dessutan relativt retningsverkande, slik at sideveggane ikkje verkar forstyrrande inn på perspektiveigenskapane. Men på grunn av at elementa som brukast er relativt vanlege, spreiast likevel øvre del av frekvensområdet mykme meir enn ved bruk av elektrostatar, slik at det blir eit relativt stort lyttevindauge, og ingen "ego-sweetspot" som mange av konkurrentane er plaga av. Målet var å skape ein anvendeleg kvalitetshøgtalar. Imagic kan stå tett attåt veggen utan degradering av lydbildet. Med punktkjelde-høgtalarar vert lyden spreidd i alle retningar, slik at høgtalaren vert meir følsom for refleksjonar, rett og slett fordi det vert fleire refleksjonar. Ein dipol sender energien sin berre i eitt plan. Imagic er ein høgtalarkonstruksjon som må kunne forsvare prisen sin ut frå utviklingsarbeidet. Når ein høyrer resultatet, er det tydeleg at det ligg ein musikalsk grunnfilosofi bak, og at denne er uhyre gjennomtenkt. Dette at høgtalarane ikkje er bipolare, men kan plasserast ganske tett på bakvegg, er sjølvsagt eit stort pluss. Bruken av blandinga av banddiskant og alle dei små dynamiske elementa er svært spennande. Eg opplevde at klangbalansen er litt lys, men svært små endringar av denne kan gjerast i delefilteret, og syte for optimal tilpassing til rom, elektronikk og personleg smak. Utfordringa har vore å finne eit fulltoneelement som dekkjer heile frekvensområdet. Etter erfaringane med Manger-elementa var dette ein grunnleggjande føresetnad. Elementet frå Vifa er eit slikt fulltone. Bevegeleg masse på under 2 g.
Det går jamnt og fint opp til 18kHz. Geir er på jakt etter eit element som går litt stigande, slik at høge frekvensar vert litt favoriserte. Når bølgjelengda blir større enn avstanden mellom elementa (over 10 cm, som tilsvarar ca 3 kHz) vert nivåa frå einskildelementa lagt saman, men dette skjer ikkje ved høgre frekvensar, som må kompanserast med auka nivå. Kvar element må altså ha eit litt stigande nivå oppover i frekvensane, for at totalen skal vere skikkeleg lineær.  Eit nytt dipolsystem er altså under utvikling. Men det er ikkje sikkert du bør vente på denne om du er begeistra for Imagic sine mange kvalitetar. Ein dipol må nødvendigvis vere breiare, og vanskelegare å plassere enn det noverande systemet.  

Og så lydkvaliteten:
Attgjevinga var prega av utruleg lufteg topp, utan at det på nokon måte kunne seiast å vere spiss diskant. til eit mindre lytterom rundt 20m2 ville eg gjerne redusert nivået i toppoktavane litt, for linjekjelder har ikkje så sterkt nivåtap i diskanten ut frå avstanden mellom lyttar og høgtalar. Du bør nok ha rundt 4 meter avstand for at dette skal passe. Men elles var attgjevinga av mine kjente CD-ar detaljrik og flott når det gjeld perspektiv. Eg ser systemet som ideelt for eit stort lytterom der fleire kan lytte i sweetspot på same tid. Til heimekinobruk må det vere ganske ideelt, spesielt med tanke på subwoofarane. Det skulle også vere relativt overkomeleg å skaffe bakhøgtalarar som matchar desse hovudhøgtalarane. Dessutan er perspektiveigenskapane og spreiinga av frekvensane så flott at eg ville vurdere å klare meg utan senterhøgtalar. Som stereooppsett var alt som heiter perspektiv svært overtydande, og eg skulle verkeleg likt å prøve vinylriggen på desse høgtalarane. I tillegg til glimrande tredimensjonalitet, må også den flotte dynamikken også rosast, nyansert så vel som i stand til å overtyde om dei meir brutale fortissimo. Bassattgjevinga er kjellardjup, og på alle måtar imponerande, og musikalsk engasjerande. Min personlege smak går gjerne litt meir i retning bipolar bass a la dei fyrste konstruksjonane frå Geir.  

Faste og profesjonelle installasjonshøgtalarar.
Eg fekk også kike litt på det andre produktsegmentet til Geir. Dette går på å bruke erfaringane frå Imagic i innbyggingshøgtalarar. Til store, faste høgtalaroppsett tilpassa det offentlege, er marknaden dominert av hornkonstruksjonar. Lydkvaliteten på slike konstruksjonar kan diskuterast, og for å få betre taleforståing og generelt betre lydkvalitet, tykte Geir linjekjeldesystem måtte vere ein god ide. Desse klarar å sende energien i dei øvre frekvensområda mykje lenger enn alle punktkjelder, og slepp såleis å skru så kraftig opp for å dekke store område. God lyd for mange fleire lytteposisjonar kan såleis oppnåast. Systema spreier godt i det eine planet, men ikkje i det andre, slik at det er svært enkelt å kunne unngå feedback frå mikrofonar. Eg fekk ikkje lytta til systemet CPA16, men det verka ganske logisk og gjennomtenkt, og med høg byggekvalitet. Eg ser også at plasseringa av "annakvart" element bass og diskant over høgtalarfronten vil kunne gjere desse høgtalarane ekstra gunstige på større avstandar. Og når høgtalaren spelar 94 dB på ein Watt, som det tåler 800 av, skulle det vere ganske aktuelt i mange offentlege rom, med støtte av ein subwoofar dersom det skal dekkje fleire funksjonar enn tale og det vokale. Etter fire timar med solid frukost, interessann prat og spennande musikklytting måtte eg vidare til andre gjeremål. Men eg tok med meg eit sterkt ynskje om å høyre nærare på Imagic og kanskje andre av Avideco-konstruksjonane. Kanskje litt dyrt for mange, men så avgjort noko av dei meir spennande konstruksjonane på marknaden.

 

Lest 6231 ganger Sist redigert tirsdag, 19 januar 2010 13:34
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser