lørdag oktober 19 , 2019
onsdag, 31 august 2005 23:00

Mannen bak Lyric hifi og TAA Import

Skrevet av

Dersom du er på jakt etter meir eller mindre eksotisk hifiutstyr og er i hovudstaden, er det ganske naturleg å legge vegen om Lyric og Tor Aamodt. Større butikkutval og fleire spennande agentur skal du leite lenge etter....


av Arve Åheim, etter eit besøk i september 2005.

Eit stykke bort i Torggata i Oslo ligg ein av landets mest spennande hifibutikkar. Lyric HiFi er ikkje kjent for å oppdatere butikkfasaden særleg ofte, og heller ikkje internettsidene er særleg oversiktlege. Men det er innhaldet som tel, og innhald får du verkeleg mykje av når du går inn i dette store lokalet.Vi snakkar eigentleg om eitt stort demorom med tre 'soner' der det står ulike hifioppsett, eit par små (derav eitt med projektorar), og eit bakrom, alle fylte med svært spennande ting. Det er utruleg mykje eksotisk og spennande å sjå på. Og mannen bak det heile er også ganske spennande å snakke med.  

Når den stort sett alltid travle Tor Aamodt endeleg kan sitte ned i ein stol, avslører han si store lidenskap. Dei fleste vil sjølvsagt meine det må vere hifi-utstyr, all den tid hanhar omsett slike produkt sidan tidleg 70-tal. Men bakgrunnen for dette har alltid vore ei omfattande musikkinteresse.Tor har sjølv fuska i orkester-faget, og spelte i eit band som var akkurat så stort at dei hadde unnskyldning for å utsette eksamen eitt år, så siste året på Sarpsborg tekniske måtte gåast om att.

Musikkinteressa har alltid vore der, og som ein konsekvens av dette, har interessa for musikalsk reproduksjon utvikla seg. Det starta med interesse for radio og den slags. Tor monterte pappas nye reiseradio på sykkelstyret, og sykla fram og tilbake på garden medan det vart lytta på ymse musikkprogram. Etter ei tid utvida han utstyrsparken med ein Kurer reiseradio som hadde innebygd platespelar.

Spelte Stones-singlar, Uriah Heep og rock i massevis. Ein skikkeleg 'kyklop' frå Cabasse. Denne produsenten er kanskje mest kjend for design, men lyden er avbsolutt verd å ta med seg. Og vert dette for spesielt, finnest også høgtalarar med meir tradisjonell utsjånad. I Sarpsborgtraktene på denne tida var Eklund ein visjonær lyd og lyspære-butikk der ein ung, lovande butikkbetjent hadde fått seg mikrofonar og Revox spolebandopptakar. Dette vekte nysjerrige Tor, som fekk lyst til å prøve seg, han også. Difor tok han bussertifikat, og vart sjåfør på fritida for å tene pengar for å kunne kjøpe utstyr. Marantz forsterkar og AR3-høgtalarar vart etter kvart som monitorutstyr, og så vart det innkjøpt A77 og AKG E201 for å lage eigne greier. Høgdepunktet var då han fekk lage opptak med Arman Sumpe, forløparen til Popol Vuh. Dette opptaket var skikkeleg bra, eit live-opptak med ei av landets beste grupper nokonsinne, heilt i startfasen av kometkarrieren. Det skal ha vore ein fantastisk konsert, og også det tekniske skal vere skikkeleg bra på alle måtar. Opptaket eksisterer visstnok framleis, men det er ei lang historie kvar det har vorte av etter kvart……

Etter denne perioden var det snakk om å utdanne seg vidare. Det vart NTH i Trondheim – med vekt på maskin….
Etter kvart vart dette ikkje så interessant. Musikkinteressa utvikla seg derimot vidare, og tok til slutt overhand. Tor starta då Trondheim HiFiCenter i ein kjellar på ein Villa ved sida av NTH, med Monitor Audio-agenturet. I starten var han leverandør til lokale butikar, men så  oppdaga han at andre hadde tatt over dette, utan at han visste om det. Då lærte Tor at det var viktig å pleie eit agentur, noko han har passa på i ettertid. Mange spennande agentur dukka opp, Forumla 4, Sonus, Ohm Acoustic, Linn Sondek, Lecson (Stan Curtis sitt aller fyrste design), og Treshold, Celef Audio – dei som produserer ProAc (Tor er den eldste agenten for ProAc i verda, og dei har eit svært hjerteleg forhold). Rogers var også på programmet med sin legendariske LS3/5A. Også musikk vart importert, mellom anna Gale-opptaka, med svært høg lydkvalitet.

Skal du ha surroundanlegg, men så likar du best panelhøgtalarar? På Lyric finnest alternativ til bakhøgtalarar...

Jazz-interessa kom i Trondheim etter kvart, og vart stor lidenskap, men i startfasen måtte Tor skugge banen når kundane hadde med slik musikk. Men jazz vart etter kvart svært så interessant, og er kanskje det viktigaste musikkfeltet i dag.
Elles er samanhengen melom bilde og musikk er noko som har interessert Tor, og noko han prøver å fokusere på. Lyric har såleis eit eige rom med projektorar og heimekino, og butikken har etter kvart fått eit spennande utval også av slike produkt.


Avantgarde Duo er kanskje ein av dei mest spennande hornkonstruksjonar som finnest (sjølv om storesyster Primo også er utstilt i butikken). I tillegg til eit ytterst spesielt design der 'tubaen' kan leverast i dei mest utrulege fargevariantar, byr også Avantgarde på heilt spesielle lydopplevingar. Dette slår som slegger, og den minste dynamiske nyanse vert synt fram krystallklart. Bassproblematikken til horna har Avantgarde løyst ved hjelp av eit aktivt bassystem, som matchar hornet svært godt.

Rundt 1980 flytte Tor til Oslo, for å bygge opp distribusjonsapparatet av dei ulike agentura, spesielt av Denon og Mission over heile landet. Samtidig dreiv han Trondheim HiFiCenter og to eigne butikkar i Oslo. Infrastruktur og distribusjon vart hovudarbeidsfeltet, og det vart veldig mykje arbeid med logistikk i staden for sal og det direkte musikkretta. Når så jappetida var over i 1987, fekk også Tor kontakt med skuggeheimen. Med tap på fleirfoldige millionar frå butikkar som ikkje betalte varene dei hadde fått levert, gjekk det riktig ille med firmaet. På same tid miste Tor Denon-agenturet. Økonomisk sett var det svært ille.
Med familiens hjelp fekk Tor likevel drive vidare med det han likte best. Dei etablerte selskapet TAA AS, og tilsette han der, noko han framleis er. Han har greidd å halde på fleire av dei gode agentura for dette selskapet. Eksponering og drift skjer frå Torggata 26-28 i Oslo, der også datterselskapet Lyric HiFi AS driv sal frå dei same lokala.

Butikken, eller kanskje vi skal kalle det lageret, er enorm, over 700 m2.  Det er delt inn i mange lytterom, eller lyttesoner, og det meste av utstyret er tigjengeleg for demonstrasjon. Sjølv om dei akustiske tilhøva ikkje er ideelle, går det godt an å gjere seg opp meiningar om produkta, lyden er forbausande bra innimellom.

Det er eit kollosalt utval av ulike merke og modellar innan lyd og bilde, surrond og stereo, transistor, rør, elektrostatar og horn – og ikkje minst øyretelefonar. Eg hevdar at det ikkje finnest mange stadar i verda der det finnest eit liknande utval. 

Elektronikk frå Accuphase. Legendarisk, og meir spennande enn nokonsinne. Det har aldri vore noko billegmerke, og er framleis eit svært kostbart merke. Men dette avspeglar kva som er lagt i produkta. Dette er kanskje Japans framste produsent av kvalitetselektronikk.

Ting startar med ein JPW surroundpakke med aktiv bass til rundt 3000 kr og endar no opp med dei ganske så seriøse 500 000 horna frå Avantgarde audio. Og eit godt representativt utval av produkt i det meste av dei mellomliggande produktgruppen finnest også til ei kvar tid i butikken, og kan demonstrerast. Kunsten er å komme der på tidspunkt då ein kan få nyte utvalet i fred, det er mange som er innom for å sjå på nye, spennande produkt.

Tor sitt ynskje no er å kunne syte for at fleire folk rundt omkring i landet får sjansen til å oppleve dei musikalske kvalitetane som faktisk kan kjøpast for pengar. Difor er han svanger med planar om å få i gong 5 – 10 butikkar som kan eksponere varene. Eitt utstillingslokale på landsbasis er for lite.

Eigenskapen Tor har til å få tak i - og ikkje minst halde på -  spennande agentur er absolutt til stades endå. Teften for å finne dei mest spennande tinga er svært godt utvikla, og sjølv om agenturlista nok er den lengste i landet, er det ingen grunn til ikkje å rekne med at han ikkje skal klare å finne fleire slike.

Naim er eitt av dei svært spennande hifi-merka som vi høyrde mykje om tidlegare, men som ikkje har vore særleg eksponert i dei siste åra. Men Lyric har desse framme for demonstrasjon. Naim er nok litt spesielt, og krev at du brukar tid til å lese handboka - logisk nok, men annleis enn det vi er vant til frå andre produsentar.

Tor si agenturliste:

  • Accuphase elektronikk
  • Aerial Acoustic høyttalere
  • ATC høyttalere
  • Avantgarde Acoustic høyttalere
  • Basis Audio platespillere
  • Bryston elektronikk
  • Brax bilstereo
  • Cabasse høyttalere
  • Cary Audio rør og transistor elektronikk
  • Creek Audio elektronikk
  • Duevel høyttalere
  • Epos høyttalere
  • Final elektrostater
  • Isotek nettfiltre, strømfordelere
  • Jeff Rowland elektonikk
  • JVC XRCD cd plater
  • JPW høyttalere
  • Liesegang projektorer
  • Naim Audio elektronikk og høyttalere
  • Proac høyttalere
  • Runco projektorer, plasma & LCD skjermer
  • Solid Steel rackmøbler
  • Theta Digital elektronikk
  • Vutec kino lerrett
  • Wireworld kabler 
  • Stax elektrostatiste hodetelefoner
  • Sumiko pickuper
  • Benz Micro pickuper


Rowland sine forsterkarar står utstilt hos Lyric. Her ser du dei nesten overkomeleg prisa 'klasse D'-forsterkarane saman med Theta.




Som verdas eldste importør av ProAc, har Tor sjølvsagt toppmodellen av desse høgtalarane. Desse fortener den aller beste elektronikken, så her brukast dei saman med dei definitvt råaste forsterkarane frå Jeff Rowland. Og dette er så avgjort ikkje gimmickeri, men eit anlegg som har heilt spesielle kvalitetar som er lett høyrbare i butikken, men som nok ikkje kjem til sin rett før det er rigga opp i eit lytterom som kan yte rettferd til utstyret. Berre synd eg ikkje kunne ta med meg alt dette heim for ei utprøving..










Theta er eit av dei mest eksotiske merka som har frekventert i utanlandske hifimagasin. Og her står det utstilt, klar for demonstrasjon....

Under dette besøket fekk eg bruke litt tid åleine saman med dei vanvittige Avantgarde Primo til 500 000 kr. Og dette stussar eg ikkje på å kalle landets mest seriøse butikkoppsett.

Det aller råaste i butikken, og sannsynlegvis det mest kompromisslause utstyr eg nokongong har lytta til. Eg spanderte på meg halvannan time i Lyric sitt utstillingslokale med å lytte til eigne 'heimebrente' CD-ar over Avantgarde Primo. Ein bør vel ikkje snakke om pris her, for utsjånaden til produkta er så brutal som berre Avantgarde kan våge å vere. Likevel, før eg startar superlativ-sleppet, må eg opplyse om at høgtalarane åleine kostar 500 000 kr. Her ser vi dei aktive forsterkarane som leverer nokre tusen watt for å drive bassane. Eg skulle gjerne sett kva som var inni desse monstera, men byggekvaliteten på kabinett og det utvendige elles, er det absolutt råaste eg har sett.Diverre er det ikkje nok med det innebygde forsterkariet for å drive Primo-settet, så Tor har rigga det med rørforsterkarar frå Cary i den absolutte toppklasse, slik at det på ein relevant måte kan syne korleis høgtalarane er, og dette forsterkarsettet kostar rundt 150 000.

Oppsettet var altså uvanleg brutalt, og eg har faktisk ikkje sett så vanvittige produkt utstilt til demonstrasjonsbruk i ein hifibutikk tidlegare. Det er ganske modig gjort, eigentleg.  For sjølv om Lyric-lokala lydmessig fungerer mykje betre enn du kan våge å håpe på, er det garantert mykje vi går glipp av når arbeidsvilkåra til anlegget ikkje er heilt optimale. For kven ville vel eige eit slikt oppsett utan at også rom og akustikk var påkosta slik at anlegget sitt fulle potensial kunne komme fram?Men eg kan absolutt ikkje seie eg vart skuffa. Primo/Cary greidde alle dei audiofile øvingar eg var i stand til å utsetje dei for ut frå CD-mappa mi. Eg skulle sjølvsagt hatt med vinylplater og insistert på at Tor rigga opp sin beste spelar.
Men la meg seie det eg kan om opplevinga slik ho var desse nitti minutta, langt frå mitt eige lytterom, i akustisk ukjende omgjevnadar, og med lite av det musikalske repertoar eg normalt brukar under utprøving av hifiutstyr.
For det fyrste har dette hornsystemet mindre eigenlyd enn noko anna hornoppsett eg har høyrt. Og dynamisk kontroll og attgjeving av detaljar er hinsides både horn og elektrostathøgtalarar. Eg kunne heller ikkje klare å definere eigenlyd frå forsterkarane, altså er dei innebygde transistorforsterkarane svært godt tilpassa den oppgåva dei skal gjere. Rør og horn er alltid ei god løysing, og her er det ikkje snev av 'transistordis' eller avrunda rørklang på attgjevinga av mellomtone og diskant.  Lytting til Belafonte avslører umiddelbart alt eg har fått med meg av dette opptaket, og det er så naturleg på ein måte som er vanskeleg å beskrive. Du merkar sjølvsagt at det ikkje er ein konvensjonell høgtalar, for dynamikk er så nyansert, konsentrert og direkte at det eigentleg ikkje kan komme frå noko anna enn levande musikk eller ein hornkonstruksjon - og det utan at det let 'hornete'. Speling av kutt frå den spanske rockegruppa Café Quijano gjer også at det er nærliggjande å tru vi snakkar om ein aktiv servobass når det gjeld evnen til å få ut trøkket i musikken, det er berre ganske så fritt for eigenlyd. Det er vanskeleg å komme med ankepunkt etter ei så overflatisk utprøving, men eg opplever iallfall at dei enorme Lyric-lokala er eit gode. Eit slikt anlegg skal du ikkje plassere på 25 m2, men iallfall eit minst dobbelt så stort areal, og gjerne med stor takhøgd. Rommet kan også gjerne vere dempa ein god del. Om eg har høyrt noko betre? Iallfall ikkje innan konseptet horn og aktiv bass. Heller ikkje når det gjeld å spele uanstrengt med høgt lydtrykk, og ikkje når det gjeld å gje att bassoktavane på ein rettferdig måte, så vel som resten av frekvensområdet. Men det som kanskje er mest fasinerande, er evna til å formidle alle mikronyansar av opptak, utan at det går ut over den musikalske opplevinga. Her kan du spele ganske middelmådige opptak så vel som dei aller beste med skikkeleg ngoma. Anlegget maktar å formidle ekte musikalsk glede.
Det finnest rett nok anlegg til mindre kronasje som har liknande eigenskapar, iallfall når du får stelle litt med dei, og optimalisere ulike sider over nokre månadar. I butikken var det ikkje forløyst eit lydbilde som overgår dei eg har fått levert frå ekstremkonstruksjonar basert på line sorce og bipolare høgtalarprinsipp, noko som horn normalt ikkje klarer like godt som slike. Men likevel er det grunn til å reflektere over kva som er Primo sitt fulle potensiale når alle faktorar vert optimaliserte. Har du råd til å kjøpe dette anlegget og innreie eit passande rom, vil eg tru at ditt musikalske sjelsliv vil kunne bydast på ufatteleg innsyn, i tillegg til å vere det perfekte monitorreiskap.  
Inntil eg vinn nokre millionar i Lotto (ja, eg må også byggje på huset ei ekstra etasje for å kunne hyse Primo) er det altså råd å lytte til dette hos Lyric og Tor i Toggata....

Mannen bak Lyric hifi og TAA Import

Lest 11683 ganger Sist redigert tirsdag, 19 januar 2010 13:32
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser