tirsdag oktober 15 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Eva Cassidy - Songbird [CD]

Skrevet av

Historia om Eva Cassidy er like trist som stemma hennar er vakker. Ho fekk aldri sjølv oppleve si eiga karriere, som først tok av etter at ho døydde av kreft i 1996. Ho hadde diverre ikkje spelt inn mykje, men ho hadde ei eiga evne til å gjere vakre tolkingar av kjende og mindre kjende låtar. Det er nesten umogeleg å setje Cassidy i bås, men ho har mellom anna bevega seg innan visepop, gospel/blues og jazz.

 

 

Det einaste soloalbumet Eva Cassidy har rakk å gi ut, er liveopptak frå ein konsert på Blues Alley i Washington DC i januar 1996. I tillegg blei albumet ho jobba med resten av 1996, ”Eva by heart,” ferdigstilt og gitt ut i 1997. Dette albumet, ”Songbird,” er i tillegg til ein låt frå eit duett-album med Chuck Brown frå 1992, sett saman av låtar frå ”Live at Blues Alley” og ”Eva by heart.” Seinare har mellom anna platene ”Time after time” og ”Imaginge” blitt gitt ut. Begge desse er sett saman av liveopptak og uutgitte studioopptak.

 

Alle desse utgivingane har fått varm velkomst. Særleg har ”Songbird” selt mykje i Storbritannia, og det er den det handlar om her. Albumet opnar med ”Fields of gold” av Sting i ei nestenakustisk utgåve med Eva Cassidy på kassegitar i tillegg til ein nesten unødvendig elektrisk gitar på mellomspelet. Dette er ein av dei vakraste opningane eg har høyrt på ei plate, og den legg lista høgt for resten.

 

Men ein har ingenting å frykte. Plata vekslar så mellom gospelaktige spor med litt fyldigare besetning og dei nesten akustiske og enkelt, men veldig vakkert arrangerte jazzballadane. Dette er stort sett eit ganske roleg album, men i den kategorien er det det absolutt vakraste eg har høyrt. Eva Cassidy er eit strålande eksempel på at ein ikkje treng gjere det vanskeleg. Men det er den klokkeklare stemma hennar som ber heile albumet. Det er berre ein stad ho verkeleg viser kva den er god for, og det er etter orgelsoloen på spor 9, ”Had I a golden thread.” Eg får frysningar på ryggen kvar gong eg høyrer låten, og det er eit BRA teikn. Sporet er vel det som tydelegast viser kvaliteten på opptaka lydmessig. Dette er så reint og enkelt som det skal vere.

 

Så kva skal eg seie? Eva Cassidy var eit stort talent som diverre døydde alt for tidleg. Ho rakk heldigvis å spele inn noko, og alt eg har høyrt av dette er veldig bra. Noko av det beste finnest på denne plata.

 

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

*****

Label:

Hot Records

 

Kjøp denne hos CDON!

 

Lest 5124 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:51
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser