onsdag oktober 16 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Jimi Hendrix - The ultimate experience [CD]

Skrevet av

 

At Jimi Hendrix er ei legende, er det vel ikkje mange som er ueinig med meg i. Han er ein av mine absolutt største idol, og rakk å lage utruleg mykje imponerande musikk i løpet av si 4 år korte karriere. Eg har det meste av det som er utgitt av han, men høyrer faktisk oftast på ei samling utgitt i 1992, nemleg The ultimate experience.

 

 

Hendrix hadde ei kort, men utruleg karriere. Han utvikla uttrykket til den elektriske gitaren lengre enn nokon andre (og då meiner eg etterpå òg), han hadde ikkje berre ein, men utruleg mange imponerande teknikkar og han har påvirka både pop, rock, blues, soul og jazz for alltid.

 

Etter at han kom i kontakt med Chas Chandler og fekk danna trioen The Jimi Hendrix experience hausten 1966, såg det ut til at alt han tok i blei til gull. Dei tre første låtane til bandet, ”Hey Joe,” ”Purple Haze” og ”The wind cries Mary” blei alle kjempehits i første halvdel av 1967 og var med på bandet sitt første album, ”Are you experienced?”

 

Jimi Hendrix og bandet heldt fram, og Hendrix laga musikk som ingen andre, spelte som ingen før han, men var like populær heilt til han brått døydde i 1970. 20 av dei mest kjende låtane Hendrix laga og spelte er på denne plata. Dei fleste er skrivne, og alle er arrangerte av Jimi Hendrix. Alle har det ultimate Hendrix-preget, alle er fulle av hans imponerande og nyskapande teknikkar, alle har hans spesielle og veldig lite sjølvsikre stemme og alle er evige klassikarar.

 

Diverre er ikkje lyden på opptaka av Jimi Hendrix det store. Klangen følest ofte litt innestengd. Det beste hadde sjølvsagt vore om me hadde betre opptak, men denne sounden er, for oss som aldri har fått oppleve han live, blitt ein del av vårt bilete av Hendrix-klangen. Den passar eigentleg ganske godt saman med den spesielle musikken han skapte.

 

Musikken på denne plata, er stort sett henta frå dei tre albuma The Jimi Hendrix Experience gav ut, nemleg ”Are you experienced?,” ”Axis: Bold as Love” og ”Electric Ladyland.” Jimi Hendrix gav aldri ut fleire album, men konsertar, studio- og radioopptak og jamming har vore grunnlaget for mange album gitt ut etter Hendrix’ død i 1970. Mange av konsertopptaka har fått strålande kritikkar, men stemninga har vore meir delt rundt resten av materiale. Eg er delvis einig her. Dei tre originale albuma og livematerialet stort sett er det beste, men eg synest òg at mykje av det andre materialet er spanande.

 

Men i første omgong vil eg difor tilrå dei som ikkje kjenner Hendrix godt, å prøve seg på denne plata eller ein av dei tre originale albuma. Denne plata inneheld dei fleste store høgdepunkta, og den einaste ulempa eg kan sjå med den, er at den nok er litt vanskeleg å få tak i no.

 

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

**

Label:

PolyGram

 

 

 

Lest 2461 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 14:50
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser