tirsdag oktober 15 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Basie and beyond [CD]

Skrevet av

Trur du at tolv tradisjonelle swinglåtar, skrivne og arrangerte av to gamlingar og spelt inn i 2000 er lite spanande? Trur du at eit album utan store overraskingar, utan originale akkordskifte og framande instrumenteringar er keisamt? Trur du storbandmusikk er ”heismusikk?” Då tek du feil! Og viss du trur dette, har du truleg ikkje høyrt plata ”Basie and beyond” med The Quincy Jones / Sammy Nestico Orchestra.

 

 

Sammy Nestico. Namnet burde klinge velkjend i øyro på alle som nokon gong har spelt i storband, iallfall. Denne kongen av storbandswingmusikk har arrangert så mykje at det ikkje finnest eit storband som ikkje har ein tjukk bunke notar med namnet hans oppe i høgre hjørne. Quincy Jones er kanskje meir kjend enn Nestico, men begge er glimrande komponistar og arrangørar, og begge har både komponert og arrangert sidan lenge før eg var fødd, og mellom anna for Count Basie.

 

På denne plata har dei samla seks låtar frå kvar, og resultatet er ei swingplate det ikkje går an å bli lei av. Den lette, presise, alltid like swingande stilen, det fine drivet, dei fyldige arrangementa, stemmene og motstemmene – alt er akkurat slik det skal vere. Når eg høyrer på musikken her, får eg berre lyst til å ta saksofonen under armen og kome meg til ei eller anna storbandøving.

 

Eg veit ikkje korleis Nestico og Jones gjer det, men dei får alt til å høyrast så enkelt ut. Musikken er full av finurlege detaljar, kule riff og gode soloar. Men den fine, avslappa og tilbakelente stilen gjer at dette smeltar saman til... ja, kva skal eg seie? ...til ypparleg storbandswingjazz.

 

Låtane her er eit utval av alt det Nestico og Jones har laga gjennom mange år, og det er ei fin blanding av rolege låtar, og låtar med meir futt i. Men det viktigaste med heile plata, er jo spor fire og spor sju. ”The joy of cookin’ ” og ”Hard sock dance” er to av dei aller kulaste, klassiske storbandlåtane som er laga. Eg skal ikkje prøve å forklare korleis dei går, men begge har noko magisk i samspelet mellom melodi og underlag, i rytmen, synkopane og støyta. Begge har eit driv som berre går og går, og begge er enkelt og greitt kule.

 

Kva meir er det eigentleg å seie? Eg ser ingen grunn til å seie noko anna enn at det lenge sidan eg har høyrt ei plate der eg har likt heile plata – alle spora – like godt som eg like godt som eg gjer her. Eg såg ingen grunn til å ikkje røpe det med ein gong, og eg ser ingen grunn for at nokon ikkje skal ha denne plata i samlinga si. Eg klarar iallfall ikkje å gå lei den.

 

TMB

Musikk:

*****

Lyd:

*****

Label:

Warner

Lest 2449 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 15:14
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser