tirsdag oktober 15 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Joss Stone - Soul sessions [CD]

Skrevet av

Soul, soul og atter soul. Roleg, avslappa soul med 1970-talspreg. Er du redd for å få overdose av dette, bør du halde deg langt unna den siste plata til Joss Stone, "Soul sessions." Er du ikkje det, er det derimot store sjansar for at du vil finne deg ein ny yndling i ho.

 

 

Joss Stone er den andre unge britiske artisten som i det siste har gjort stor suksess i sin debut med musikk som skil seg frå listepopen. Jamie Cullum er tidlegare omtala her, og har sermerkt seg med sine låtar og tolkingar av andre sin jazz. Joss Stone er enno yngre (fødd i 1987!) og skriv òg sine eigne låtar. Dei får me diverre ikkje høyre noko av her; dette albumet inneheld utelukkande meir eller mindre kjende soulklassikarar, hovudsakleg frå 1970-talet. Hennar eige materiale er planlagt å kome på eit nytt album innan kort tid.

Men me må tilbake til denne plata. Det er ingen tvil om at nokon har gjort rett i å kople Stone med denne musikkstilen. Ho har ei stemme med kraft i, ei spesiell stemme som tilsynelatande osar av livsvisdom og sjølvstende. Eg synest ho har ein del av det same urtøffe preget som souldronninga over alle souldronningar, Aretha Franklin, har. Joss Stone har langt frå same enormt kraftige stemme som Franklin, men det er det heller ikkje mange som har. Ho har likevel altså noko av den same tøffheita og kulheita.

Spørsmålet blir jo kor truverdig det er at ein 16-åring med trygg oppvekst heime hjå mamma og pappa bak seg, syng om det harde livet med udugelege menn, alkoholiserte menn, valdelege menn, menn som forlet ho og ungane og so bortetter... Truverdig – det er vel kanskje ikkje det, men dette er ikkje Joss Stone sine eigne tekstar. Og saka er at når ein lyttar til plata, tenkjer ein ikkje på alderen til vokalisten. Joss Stone høyrest ikkje seksten år gamal ut! Om tekstane ikkje skulle vere heilt truverdige, fungerer det altså likevel veldig bra.

Kva så med musikken? Joss Stone sine eigne låtar er sette på vent til neste album, og dei ti spora her er gjennomsyra av 1970-talet. Det er ikkje noko gale i det. Låtane er kule, tilbakelente og til dels funky, og vokalist, "kordamer" og band sklir rett inn i stilen. Det er berre ein ting eg sit og tenkjer på etter å ha høyrt ein del på denne plata: Kvifor er alle låtane så rolege? Kunne me ikkje få eit par døme på låtar som "Respect" (Aretha Franklin), til dømes? Eg veit ikkje kvifor ein har lagt seg på denne lina, men viss Joss Stone sjølv hadde takla det, hadde albumet utan tvil vore sterkare med litt meir tempo inni mellom.

Det er kanskje nettopp difor eg har så stor tru på Joss Stone framover. Ho har gitt ut ei tøff førsteplate der ho får vist fram seg og stemma si, men eg trur me har meir i vente. Eg gler meg til å høyre hennar eigne låtar på neste album, og eg håpar me også får låtar med tempo etter kvart. Men "Soul sessions" er ei kul plate, og sjølv om den er veldig tilbakelent i stilen, likar eg den veldig godt.

 

TMB

Musikk:

****

Lyd:

****

Label:

Telarc

 

Kjøp denne hos CDON!

Lest 2506 ganger Sist redigert tirsdag, 28 januar 2014 15:11
Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser