Tor Martin Brekkeflat

Tor Martin Brekkeflat

Hugsar du Us3 – jazz-hip-hop-bandet som laga ein del ganske så kul musikk for over ti år sidan? Dei blanda hip-hop, samplingar av gamal jazz og mykje anna med eigen instrumentaljazz og rap. Det var noko heilt nytt då, og er høyrer framleis mykje på Us3. Christina Dahl er ein dansk saksofonist som med denne plata, Heartbeats, prøver på noko liknande. Fungerer det, mon tro...?

 

Det blei alt for lite ski på meg denne påska. Det blir vel ikkje rett å skulde det på Jamie Cullum, men han var iallfall med meg på påskeferien i år, og han tok ein god del av tida mi …eller plata hans, Pointless Nostalgic, gjorde iallfall det… Den har vore med meg i CD-spelaren i bilen nokre tusen kilometer rundt om kring i Sør-Noreg no, og eg kan ikkje seie anna enn at me har blitt gode vener.

 

Eg kan likegodt innrømme det med ein gong: Eg hadde ikkje høyrt om Jacob Young før eg fekk denne plata. Når det viser seg at dette er Young si første internasjonale utgiving, så eg får trøste meg med det, sjølv om han sidan 1995 m.a. har utgitt tre soloalbum. På denne plata er han leiar for ein spanande kvintett og han har sjølv skrive musikken. Det som slår meg, er at dette ikkje er eit heilt gjennomsnittleg album på nokon måte…

 

Då var det Keith Jarrett sin tur igjen. Eg har omtala han fleire gonger tidlegare, og han fekk til og med eit album i artikkelen "Ein jazzist sine ti beste plater." Det er altså ting som tyder på at eg likar Jarrett. Her får me eit liveopptak frå 2002 med den faste trioen hans. Kan det bli noko anna enn bra?

 

Barytonsaksofon er eit kult instrument. ”Barrysaxen” kling djupt, ein oktav djupare enn altsaksofonen, og har sin heilt eigne klang i heile registeret. Om det er den upraktiske storleiken som gjer at barytonsaksofonen er lite brukt som soloinstrument, er vanskeleg å seie. Men John Pål Inderberg kan dette instrumentet og viser oss her korleis det kan brukast. Men blir det bra eller blir det sært?

 

Ulf Wakenius er ein svensk gitarist eg har høyrt litt av tidlegare. Han har mellom anna spelt på eit plate med Oscar Peterson, som eg har omtala. Han har òg i løpet av dei ti siste åra spela ein del med legenda Ray Brown. Det må jo vere eit kvalitetsteikn...

 

Historia om Eva Cassidy er like trist som stemma hennar er vakker. Ho fekk aldri sjølv oppleve si eiga karriere, som først tok av etter at ho døydde av kreft i 1996. Ho hadde diverre ikkje spelt inn mykje, men ho hadde ei eiga evne til å gjere vakre tolkingar av kjende og mindre kjende låtar. Det er nesten umogeleg å setje Cassidy i bås, men ho har mellom anna bevega seg innan visepop, gospel/blues og jazz.

 

 

At Jimi Hendrix er ei legende, er det vel ikkje mange som er ueinig med meg i. Han er ein av mine absolutt største idol, og rakk å lage utruleg mykje imponerande musikk i løpet av si 4 år korte karriere. Eg har det meste av det som er utgitt av han, men høyrer faktisk oftast på ei samling utgitt i 1992, nemleg The ultimate experience.

 

Brørne Michael og Randy Brecker er absolutt verdsledande i jazzen på kvar sine instrument, saksofon og trompet. Frå 1976 til 1982 leia dei i lag bandet The Brecker brothers, eit spektakulært jazz-funk-band ulikt alt anna. Michael og Randy stod stort sett for alle komposisjonane sjølve, og musikken dei skapte er uforutsigbar, melodisk og harmonisk kompleks, rytmisk, funky og utruleg spanande.

 

Tysdag 1. desember 1981 feira John Francis Pastorius III (meir kjend som Jaco Pastorius) sin 30-årsdag ved å kalle inn musikalske kollegaer til ein imponerande konsert på Mr Pip’s restaurant i Ft. Lauderdale. Lista over musikarar i dette utvida storbandet, må seiast å vere imponerande. Det same gjeld resultatet.

 

Side 3 av 7