søndag, 16 november 2003 23:00

Boston Acoustics Recepter Radio

Skrevet av

Henry Kloss sitt radiokonsept Tivoli Audio er ein fullstendig uventa suksess. Få trudde vel at det skulle vere grunnlag for å selje så mykje av ein heilt enkel radio til ein såpass høg pris.
No kjem Boston Acoustics med ein utfordrar i same produktsjanger.....eller kanskje Recepter er noko heilt anna?

 


av Arve Åheim, 17.november 2003

 

Faktaboks
  • Pris: kr 1890,00
  • High-fidelity AM/FM radio
    for home or office use
  • High-Sensitivity digital tuner
    "locks in" distant AM and
    FM stations
  • Purpose-built Boston speaker
    driver is capable of a wide
    range of frequencies
  • Patented BassTrac® circuitry
    eliminates distortion
    (see Technology)
  • 20 Presets for 20 AM/FM
    stations
  • Dual independent clock alarms
    can be set to music, buzzer,
    or both
  • Battery backup stores presets
    and alarm settings during
    power outage
  • Two-position brightness
    control to adjust for day
    or night
  • Available in Platinum

 

Etter at eg hadde prøvd ut Tivoli 2 (stereoutgåva, sjå fotnote om andre produkt i sjangeren) var redaktøren lynrask til å gje meg jobben med å prøve ut Boston Recepter. Og snart kunne eg pakke ut noko som såg ut til å vere ein svært enkel, men usannsynleg stor og tung klokkeradio. Det var svært enkelt å få lyd i greia, imponatorlyd som ikkje på nokon måte harmonerte med det som var naturleg å forvente. Eg måtte lese litt i dei vedlagte papira: ”.....designet til å levere lyd sammenlignbar med de fineste radioer noensinne laget”. Store ord og fleskefeitt? Nei, dette er nok den feitaste basstrykket eg har høyrt frå ein radio, langt kraftigare enn frå Goodman-høgtalarane som er innebygd i min gamle Tandberg Sølvsuper rørradio. Og så HØGT denne vesle boksen kan skruast opp før det tar til å låte stressa.

Lydkvaliteten av denne radioen er svært interessann, og gjorde meg ganske nyfiken. Vidare studie av papira fortalde om BassTrac®, Boston Acoustic sitt moderne alternativ til loudnessfunksjonen som finnest på hifiutstyr av det meir tvilsame slaget. Dette er laga for å kunne få ein såpass liten radio til å levere topp lyd. Skal eg bruke audiofil-øyrene, er det tydeleg at realistisk lydattgjeving ikkje er ambisjonsnivå for Recepter. Eg vil likevel påstå at dette er eit uhyre gjennomtenkt produkt. Kva er no eigentleg dette?

Recepter er ein mono klokkeradio som kan spele høgt, med urealistisk, men svært morosam bassattgjeving. Det er vanskeleg å unngå å la seg begeistre. For det fyrste har vi det omtalte BassTrac-systemet, som gjer god nytte for seg. Det fungerer som ein mellomting mellom Loudness og bassattgjevinga til BBC sin gamle minimonitor LS 3/5A (mellom anna produsert av Rogers). Her vert eit område i øvre bass/lågare mellomtone framheva, slik at øyret ”vert lurt” til å oppfatte basstonar lengre nede i frekvensområdet som eigentleg ikkje er til stades. Alle vart imponerte av LS 3/5A si gode bassattgjeving – det var snakk om ein knøttliten høgtalar. Recepter er endå mindre, og BassTrac tyner nok grensene i ein grad som gjer at det ikkje lenger er snakk om hifi, men det fungerer svært godt i dette produktet. Basshevinga er såpass kraftig at eg helst vil ha Recepter ståande midt på nattbordet, og ikkje opp mot veggen. Det kan då bli for mykje av det gode. Sjølv om du ikkje har volumet meir enn ”passeleg” høgt, hoppar du i senga når klokkeradioen vekkjer deg om morgonen.For det andre har vi evna til å spele høgt. Dette er fint når musikk skal spelast, og her er eit lydtrykk som får PopQuiz til å fylle heile lytterommet mitt på 41m2. Men skal du spele høgt, er du likevel avhengig av eit ganske kraftig og godt radiosignal. Recepter har ingen inngangar – det er ein og åleine ein klokkeradio. Men altså med denne noko overdrivne bassattgjevinga. Eigentleg tykkjer eg det beste med BassTrac er når det brukast slik Loudness er meint å verke, til å kompensere for heilt lav lydstyrke. Det aukar persepsjonsnivået på taleattgjeving, slik at du får med deg handlinga i radiohøyrespel på nesten ikkje merkbar lydstyrke. Flott til å lytte til ting seine kveldstider, dersom andre helst vil sove.

Det tredje momentet er oppbygginga som mono-radio. For den uinvidde høyret kanskje monosignal litt Harry ut, men faktisk er det langt lettare for antenna og mottakaren. Du treng eit langt kraftigare/betre signal for å køyre stereo, og ettersom dei fleste hankestereoar har stereo ambisjonsnivå, let desse dårleg når signaltilhøva er anna enn optimale. Som distriktsvestlending frå fjord og fjell ute med havet, er mottakartilhøva mine ei saftig utfordring, og dei fleste stereotunerar vert ganske dålege, om eg ikkje brukar mykje tid og krefter på antenna. Denne greia greier seg svært godt, ideell når ein ligg i senga (du høyrer berre med eitt øyre likevel, når det andre ligg ned i puta) Mottakaren har ein skikkeleg 75 Ohms antenneinngang, der du kan oppgradere frå den medfylgjande leidningsstumpen (som eigentleg fungerer greitt nok) Det fjerde momentet er klokkeradioaspektet. I motsetnad til Tivoli har Boston Acoustics kosta på seg to alarmsystem, der du kan velje mellom kraftig vekkjelyd eller endå kraftigare radiolyd. Her er det ingen sjanse til å forsove seg. Systemet er logisk og svært anvendeleg. Her er heile 20 kanalar som kan stillast inn på førehand, så dette må halde til dei fleste. AM –funksjonen prøvde eg ikkje ut noko særleg. Det verkar som ein fornuftig mottakar, men du er nok avhengig av å kunne slutte til ekstern antenne for å få skikkeleg glede ut av det. Dette tok eg meg ikkje tid til, ut frå den unnskyldninga om at i dag er FM mest interessant uansett... Ein annan nyttig funksjon er at lysstyrken til displayet kan dempast. Når denne står på fullt, er det så kraftig at eg fekk problem med å sove.Merk at batteribackupet trekk 3 AA-batteri. Ein skulle kanskje tru at dette var nok til å drive radioen under straumbrot, men det er ikkje tilfelle. Dette er ikkje ein batteriradio.

Det ser ut som Boston Acoustics har sine ord i behald. Dette er den perfekte klokkeradio. I tillegg vil den gjere ein flott jobb på kontoret, på kjøkenet eller der du har lyst å ha god radiokvalitet. Perfekt på stadar der du arbeider eller ikkje sit i ro, dvs. der behovet for stereoattgjeving ikkje er til stades. Det er også ei topp julegåve til eldre slektningar som har lyst på ein god radio. Persepsjon vert faktisk betre for folk der høyrselen skrantar. Betre enn den gamle Radionetten, og vesentleg mindre. Lett og forståeleg i bruk, men du må kanskje vere budd på å gjere førehandsinnstillingane. Når desse er gjort, er det lett å veksle mellom P1,2,3,4 og inntil 16 andre kanalar.Ikkje hifi – men eit produkt eg så absolutt fekk sansen for.

 

Konklusjon

Mer informasjon

Dette er den perfekte klokkeradio. I tillegg vil den gjere ein flott jobb på kontoret, på kjøkenet eller der du har lyst å ha god radiokvalitet. Perfekt på stadar der du arbeider eller ikkje sit i ro, dvs. der behovet for stereoattgjeving ikkje er til stades. Det er også ei topp julegåve til eldre slektningar som har lyst på ein god radio. importør: www.nmcs.no
produsent: www.bostonacoustics.com

Andre produkt i denne sjangren:

Tivoli 1: Ganske lik, men utan klokkefunksjonar og utan forvalg av stasjonar. Passar godt på kontoret?
Tivoli 2: Stereoutgåve. Treng kraftig signal, og har ein masse tilleggsmodular.
Tivoli 3: Ganske lik, men stereoutgåve, og noko dyrare.
Tivoli PAL: robust, batteridriva utandørsutgåve.

Lest 5096 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.