onsdag, 30 november 2005 23:00

Rogue Metis preamp

Skrevet av

Endeleg godt nytt frå USA! Rogue Audio er ein ny og svært spennande amerikansk rørforsterkarprodusent har nått oss. Enkle design og konstruksjonar, og heldigvis i pakt med dei beste amerikanske tradisjonar er det svært spennande lydeigenskapar, medan prisane er snillare enn på tilsvarande amerikanske produkt….

 

 


Av Arve Åheim, desember 2005

 

Rogue Audio sine produkt er houdsakleg baserte på elektronrør, og denne nykommaren har vel klokeleg lagt seg i prissegmentet litt lågare enn dei mest opplagte konkurrentane. Det einaste produktet eg har prøvd ut tidlegare, er deira minste effektforsterkar, som eg utan blygsel nemner i same andedrag som Audio Research og Conrad Johnson, ein ganske fornuftig effektforsterkar med basis på fire KT88/6550. Fleire enn meg vurderer dette røret som eitt av dei beste utgangspunkt for stabile, gode konstruksjonar i effektområdet litt under 100 Watt. Dei andre forsterkarane er større og dyrare, og såleis er også fyrste generasjon forforsterkarar kompliserte, store og relativt kostbare. Dermed må dei finne seg i å ha betydeleg spennande konkurrentar. Dei har likevel fått svært rosande omtale av fagpressa, og bør nok vurderast av audiofile med høge rørambisjonar.

 

Metis

Men Håvar Snapa kontakta meg om Metis forforsterkaren. Dette er eit heilt nytt produkt, ein enklare hybrid konstruksjon (transistorisert straumforsyning, medan signalvegen er med rør) med berre to rør, og ein pris i 12kkr-området, altså kastar Rogue seg inn i den harde konkurransen i segmentet der Asiaproduserte rørforsterkarar dominerer.

Denne saken er så smal at det ikkje kan tenkjast fornuftig plassering av dei relativt store 6SN7-røra, som fylgjeleg har fått kvart sitt hol i lokket som dei stikk opp av. Det er altså synleg for alle at dette er ein rørkonstruksjon, men det kan diskuterast i kva grad dette er estetisk tiltalande eller praktisk. Ein rørforforsterkar plasserer du nok ikkje midt i eit rack, for du vil vel ha litt luft til kjøling av røra? Metis vert ikkje så frykteleg varm, men det skuldast nok nettopp at røra stikk ut gjennom topploket. Røra har eit grovt metallgitter over seg, slik at dei heldigvis har eit visst vern. Men fjernar du dette, er det svært greitt å gjere rørskift når du eksperimenterer med ulike merke og kvalitetar, slik rørfolk har for vane. Sidan eg i utgangspunktet er tilhengjar av funkis-løysingar får slik utforming passere om det er med på å skape god lyd og lågare pris. Eg er heller ikkje særleg fundamentalistisk når det gjeld bruk av transistor saman med rør. Sjølv om mine erfaringar med rørbaserte straumforsyningar er gode, er transistorbruk billegare og lettare å få til, noko som mellom andre Vincent også har innsett. Riaa-delen er også transistorbasert, noko eg kanskje er litt meir skeptisk til i utgangspunktet.

Metis har elles rein og enkel utsjånad. Ved sida av straumbrytaren er her inngangsvelgjar, volum og heldigvis balansekontroll. Eg vurderer det som nyttig å kunne bruke balansekontroll, spesielt sidan eg er svært glad i å spele vinylplater. Og det kan eg, her er innebygd riaa-forsterkar, med 47 kOhm og 150 pF kapasitanse, altså passande MM og dei fleste high-output MC-pickupar. Ikkje det same handlingsrommet for å leike seg med ulike pickupar som min gamle ARC SP10, men likevel ei løysing som gjer at vinylentusiasten er tilgodesett. (for moving coil-folket og dei med strengare kvalitetskrav har Rogue ein eigen, separat riaa i mellomprissjiktet). I tillegg er det tre andre signalinngangar og dobbelt sett utgangar på baksida av forsterkaren. Og så har Metis ein skikkeleg øyretelefonutgang midt i fronten, akkurat der han skal vere.

 

Enkel fjernkontroll

Fjernkontrollen er av metall og gjev eit skikkeleg inntrykk, med små gummiknottar på baksida som gjer at du ikkje treng vere redd for salongbordet, men med svært spartanske funksjonar. Her er to knappar, ein for volum opp, og ein for volum ned. Rett nok er det mange av oss som kan ha godt av litt mosjon, men eg hadde vore svært glad om balansen kunne justerast frå lytteposisjon. Så skal eg gå med på at signalkjelda likevel krev manuell betjening i dei fleste samanhengar.

Bruken av fjernkontrollen har ei litt irriterande side; det er relativt lang reaksjonstid på funksjonen, slik at volumet sluttar å skru eit par tidels sekund etter at du slepp fjernkontrollen. Spesielt på dei lav lydstyrke er det svært krevjande å treffe akkurat det nivået du vil ha. Men med litt øving går det relativt bra.

 

Bruken av Metis

Forforsterkaren vart sett i referanseanlegget i rom #1, og slått på. Etter eit knapt halvt minutt var det lyd igjennom. Alt rett frå utpakkinga var det tydeleg at Metis hadde spennande lydkvalitetar. Ein skal ikkje lytte seriøst på komponentar før dei er både innspelte og oppvarma, og spesielt ikkje såpass ambisiøse forforsterkarar som denne, men ein kort sjekk om alt fungerte gjorde meg svært forventingsfull.

Eg lot forforsterkaren stå påslått i fem dagar før eg tok neste kontrollytting. Her hadde det skjedd store forbetringar med klangbalanse og dynamikk, men eg fann ut at eg burde vente endå lenger før eg starta den seriøse utprøvinga. I mellomtida fann eg ut ein irriterande tendens til overhøyring mellom inngangane. Det var også tydeleg forbetring av lyden når eg kopla vekk leidningane frå andre signalkjelder enn den som til ei kvar tid var i bruk. Dette gjeld spesielt riaaforsterkaren. Ingen stor sak, eigentleg, men såpass at eg nemnde det for importøren då eg snakka med han. Eg fekk då tipset om å sette på plass gitteret over røra. Eit ulogisk, merkeleg tips, som utruleg nok hadde effekt. Men det aller beste for vinyllytting er iallfall å syte for at andre signalkjelder er slått av (noko å tenke på, då det er mange CD-spelarar som bør stå på heile tida for å yte sitt beste).

 

Lyden

Endeleg kunne den seriøse lyttinga ta til. Eg hadde venta nesten 14 dagar før eg sette meg ned for alvor, og fekk umiddelbart inntrykk av svært tredimensjonal attgjeving av lyden, det som til vanleg er den vanskelegaste – og mest prisdrivande eigenskapen til eit hifiprodukt. Det er ikkje vanleg med så strålande perspektiveigenskapar i såpass rimeleg prisklasse, og spesielt ikkje dersom du også vil spele vinyl. På dette feltet har Rogue her ein som utfordrar brutalt heile bransjen, og næraste konkurrent eg tykkjer det vil vere naturleg å trekkje inn til samanlikning, må vere Conrad Johnson. Men når ein PV 15 kostar 35000 med riaa, er Metis riktig interessant.

Dei dynamiske eigenskapane er gode, men ikkje eksepsjonelle. Heller ikkje ved vinylavspelinga. Ved direkte samanlikning med min gamle ARC SP 10, må Metis finne seg sjølv litt dynamisk forsiktig, sjølv om han var endå meir støyfri. Klangmessig har riaa-delen på Metis også ein litt tilbakehalden utklinging, ikkje langt frå det du kunne høyre frå ein FR 201-pickup, for dei som har levd ei stund. Når eg brukte SP 10 som rein riaa via Metis, var det tydeleg at Metis sin riaa-inngang ikkje hadde same kvalitetar med tanke på dynamikk og tredimensjonalitet. Men vi snakkar om ein ganske rimeleg forforsterkar. Dessutan lagar Rogue også ein riaa som er eit spesialisert produkt med tanke på dei med meir ambisiøse vilnylriggar og dyre pickupar. Metis sin innebygde er å rekne som eit ekstra pluss, og godt brukande for MM-folk. Også mange av hi-output MC-pickupen Dynavector  DV 10X5 sine gode sider var lette å legge merke til gjennom Metis sin innebygde.

Noko av det som er fordelen (og utfordringa) med rørforforsterkarar, er å finne rør ein kan vere fornøgd med. Og på Metis kan klangmessige eigenskapar tydelegvis styrast ein god del. Standardrøra var litt tilknappa i toppen, men hadde svært god attgjeving av dei djupaste oktavane. Eit sett NOS-rør eg hadde fått til samanlikning, var meir harmoniske klangmessig, og førte også til betring av dynamikske eigenskapar. Til gjengjeld var ikkje tredimensjonalitet fullt så godt tatt vare på. Dette var likt på både innebygd riaa og dei andre inngangane. (det var ingen rør å skifte på riaa-delen, så dette var logisk nok) Min gamle referanse hadde nok meir dynamikk når det vart skikkeleg alvor, men det var også det einaste feltet der ARC SP10 framleis kunne hevde seg mot "nykomlingen". At Metis konkurrerar med gamle ARC SP 10 på desse felta, er vel som venta, men hugs på at den snart 20 år gamle konstruksjonen var bygd på eit langt høgre ambisjonsnivå - Metis er billegaste alternativ frå Rogue.

Eg gjorde også ei samanlikning med Vincent sin nye SA 31 MKII, eit ganske annleis produkt, utan riaa-del, men også ein rørbasert forforsterkar med fjernkontroll. Denne var mykje varmare i midbassområdet, og hadde meir av dei klangeigenskapane ein gjerne forventar seg frå ein rørkonstruksjon. Dynamisk sett var SA 31MKII også livlegare og "ivrigare i tenesta", men med NOS-rør var ikkje Metis særleg langt unna. Hadde eg hatt større rørpark, skulle eg prøvd om dynamikk og klangeigenskapar kunne tilpassast endå meir etter mine preferansar. Det var så velsigna greitt når røra berre kunne nappast ut av opningane i dekselet, utan at noko anna måtte fjernast. Rørskift på gamle SA 31 var i praksis uråd, då røra var fastlodda...(den nye modellen har eg ikkje opna så langt)

 

Saman med gode CD-spelarar gjer Metis ein god jobb. Her utbroderast tredimensjonalitet i gamle referanseopptak medan ein på same tid får pressa maksimalt ut av moderne ting som ofte har mindre fokus på slikt. Eg hadde svært stor glede av JoLida sin CD-spelar, som fekk dynamikken ut av Metis like godt som frå vinylriggen via det innebygde riaa-trinnet.

Det ser ut som riaa-delen i Metis sin beste kvalitet er tredimensjonalitet, som heng saman med linjedelen. Men at riaaen er litt forsiktig dynamisk og kanskje litt klangmessig lukka. Her er det avgjerande å ha rette pickup. Den gode Dynavector DV 10X5 frå same importør er eit godt val, med masse tredimensjonalitet og gode eigenskapar på frekvensfløyane, sjølv om mange nok vil sette meir pris på mellomtone og nærveret ein kan få ut av ein god Benz (dette siste fekk eg ikkje prøvd ut i denne omgang)

Det at ein rørforforsterkar av høg klasse har ein grei, men mindre eksepsjonell riaa innebygd, kan ikkje kallast ei ulempe. Uansett kvalitet på denne, er det ein ekstra fasilitet som kan komme til nytte. Og det er ingen dårleg riaa-del, problemet er berre at linjedelen er av svært høg kvalitet. Sjølv for dei med store krav, burde det vere svært greitt å leve med riaaen, om ein berre tar seg tid til å finne ein passande pickup.

Øyretelefondelen må også nemnast. Eg hadde ikkje tilgang på referansetelefonar under utprøvinga, så eg måtte nøye meg med dei relativt rimelege portable ungane brukar. Men ut frå det vesle inntrykket eg fekk, er det grunn til å tru at også behovet for god forsterkar til dette er ivaretatt på ein utmerka måte. Du treng altså ikkje kjøpe deg eigen øyretelefonforsterkar om du har Metis.

 

Konklusjon

Forforsterkarar er i dag gjerne sett på som mindre viktige. Dei vanlege linjekjeldene treng i prinsippet ikkje noko eige forsterkartrinn, berre ein inngangsveljar og ein volumkontroll, gjerne kombinert med fjernstyring for komforten si skuld. Ikkje desto mindre er mykje av lydkvaliteten gøymt akkurat her, og om ein i tillegg har ein vinylrigg som skal brukast, er Rogue Metis eit svært aktuelt produkt. Kanskje finn du forforsterkarar som gjer ein betre jobb innan akkurat dei dynamiske sidene ved musikken. Og om du eigentleg er ute etter "noko med rør som kan tilføre anlegget litt varme i klangen", leitar du på feil stad. Er du derimot på jakt etter tredimensjonalitet og nøytral klang, er det vanskeleg å sjå andre produktalternativ til ein så låg pris. Og om du absolutt vil ha rør-varme, er det enkelt å eksperimentere med ulike rørpar for å trekke ut akkurat dei eigenskapane du er på jakt etter. Fjernkontrollen si litt slappe reaksjonstid vil kanskje vere uvant, men dette er ein bagatell i den store samanheng. Ein storarta forforsterkar.

 

2 stk 6SN7-rør

3 linjeinngangar

1 phonoinngang
2 utgangar, den eine utanom volumkontrollen.

Mål og vekt (gjorde ikkje jobben sjølv, så dette er henta frå produsenten):  18” W X 12.5” D X 4.5” H
16 lbs (22 lbs shipping weight)

 

Importør: www.planetsnapa.no

Pris 12 900 kr

Lest 3694 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.