lørdag oktober 19 , 2019
lørdag, 09 april 2005 23:00

På nye jaktmarker artikkel 2: bilde og projeksjon

Skrevet av

Andre artikkel om Arve si satsing på eit nytt medium

Projeksjon - vegen frå presentasjonsbruk til heimekino
Mest uvant for lydfundamentalisten er det å forholde seg til bildesida. Handlingsrommet er større enn du skulle tru... TV er for Dagsrevy, men film ser vi helst på lerret, også i heimen....

 



Av Arve Åheim 10.04.05

 

For godt og vel femten år sidan tok det til å dukke opp ”videokanoner”, som gjorde TV-bildet stort nok til å vere tilgjengeleg for ei større gruppe. I starten var desse brukt i samband med presentasjonsprogramma PowerPoint og Freelance, og ein ny sjanger for kåseri og førelesningar var født. Då ei avhandling synte at slike presentasjonar gav større inntrykk av validitet enn "vanlege lysark", var det mange stjerneførelesarar som tok i bruk mediet, endå det i starten var mykje for dyrt til at andre enn dei større hotella hadde råd til dei. Men no har prisutviklinga vore fantastisk positiv, og i dag er desse apparata så rimelege at dei konkurrerer med ein (dyr) TV, og til og med skular kan ha råd til å kjøpe slikt utstyr, som i tillegg til eit godt førelesningsverktøy også har eit fantastisk godt alternativ til dei gamle 16mm skulefilmane.

Difor kan du no velje mellom to bildekjelder til heimebruk; TV eller projektor/prosjektør (begge ord er rette, men det eine er avleia av å projisere eit bilete, medan det andre kjem av prosjekt, altså noko som er kasta fram eller framført.)
TV er det mest utbreidde, ikkje berre på grunn av prisen, men også det enklaste, lett å plassere, tåler rimeleg grad av dagslys og treng eit minimum av førebuing før du kan la deg underhalde. Såleis er TV det opplagde valet for den som skal fylgje med på kringkastinga sine tilbod, og prisnivået til tradisjonelle bilderør-utgåver er svært positiv samanlikna med det du måtte betale for ein god TV for berre to år sidan. Plasma- eller LCD-skjerm har høgre pris, men er lettare å plassere og betre å sjå på. For dei som jaktar på høg "kjekt-å-ha-faktor", er nok ein 40" plasmaskjerm ein ting som gjer eit brukbart kompromiss mellom dei ulike bruksområde for bildeattgjeving. 
Men i dag har vi fått eit langt breiare utval av underhaldning, og mange har rammevilkår til å supplere dette TV-apparatet. Om du er filminteressert er det ingen tvil om at ein projektor gjev langt betre kinooppleving. Utviklinga av teknikk og pris på slike skal ha gått raskare enn noko anna produktutvikling dei siste åra.

I tillegg til prisraset har det også vore ei radikal bildemessig kvalitetsauke innan prosjektørane, som opprinneleg var mest tiltenkt datapresentasjonar. Personleg har det vore interessant å studere denne utviklinga frå den fyrste kommunale ”kanon” med ei vekt på 12 kg til 40 000 kr, innkjøpt ca 1996, til dagens smarte sak på vel eitt kilo, langt betre lysstyrke og oppløysing, kostnad på halve prisen – og til og med rimelegare lyspærer!

Begge desse har eg sett brukte til framsyning av DVD-filmar, ein medverkande årsak til at eg ikkje har funne det heilt store poenget å investere i heimekino. "Kåseri-prosjektørane" kan absolutt brukast til dette, men det visuelle inntrykket er eit godt stykke unna kvaliteten i kinosalen. På den store, gamle modellen er lysstyrke og oppløysing slik at DVD-mediet ikkje fekk synt sitt potensiale, men til VHS-bruk var det ”greitt nok”. Den nye, mindre erstattaren til dette som var innkjøpt i fjor har betre lysstyrke og bilde, men heller ikkje denne er optimal samanlikna med eit godt lysbildeapparat. Heldigvis har produktutviklinga ikkje berre gått i retning i å få ned vekta og opp lysstyrken til store ”kanonene”, men også i å tilpasse optikken til kinobruk og 16:9-format.

 

Ein av dei mest interessante projektorane for "folk flest": Infocus 4805, er tilpassa widescreen, og har fantastiske fargar.

Å fylgje med i tida
Dette var mitt utgangspunkt før eg kom til lyd- og bildemessa i Oslo i haust, der eg ganske fort forstod at prosjektørar tiltenkt heimekino er på eit heilt anna kvalitetsnivå enn det eg hadde erfart så langt. Ein prosjektør frå Infocus i prisklasse 270 000 vart samanlikna med ein rimeleg sak til ca 15 000 med forbløffande resultat. Sjølvsagt var det betydelege skilnadar, men den vesle saken var likevel svært imponerande, og i stand til å gje mesteparten av det du opplever i kinosalen. Den generelle filmopplevinga har no blitt svært bra. Ikkje minst var eg fengsla av kor tydeleg det var at dei lydlege kvalitetane hadde eit enormt potensiale samanlikna med kinosalen. Så no er eg i gang med å tilpasse lytterom nr 2 til lokal kinosal, og rekvirere utstyret som måtte til.

 

Oppstilling
Etter kvart fekk eg tilpassa lytterom nr 2 til lokal kinosal, og rekvirert to prosjektørar i ”oppnåeleg” prisklasse. Lerretet var plassert på langveggen, og prosjektørane knapt 4 meter unna, på motsett side av rommet. Eg brukte i hovudsak Sony DVP-NS955V som avspelar, og kopla direkte frå video-utgangen (line out) med ei lang, rimeleg leidning. Lerretet er eit nedtrekks på 2,33 meter i widescreenformat frå Lisau. Eg vart råda til å satse på eit lerret som reflekterte 80% av lyset. I det aktuelle rommet er det mykje vindauge, så strølys vil alltid vere eit problem. Eg tenkte i utgangspunktet at det då ville vere bra med eit lyshevande lerret, men dersom dette også hevar effekten av strølyset, vert nok resultatet betre med svak absorbering. Kostnaden er at prosjektøren må ha relativt stor lysstyrke om kinoopplevingane skal vere bra heile tida. Men testperioden var i hovudsak romjula, den mørkaste tida på året, og lysproblemet var marginalt, bortsett frå akkurat rundt kl 11-14. Problem vil nok tilta med dagslengda, men kino er for meg typisk haust- og vinteraktivitet. Tida vil vise i kva grad problemet er aktuelt om sommaren...og no i april er hage- og uteaktivitetane i ferd med å ta over for "opplevingane i mørkret".

 

Aktuelle prosjektørar
Det er mange aktuelle modellar å få tak i, og prisen er som vanleg det styrande for kva ein skal satse på. LCD-projeksjon har sine tilhengjarar, men det har også DLP.
Det vi fekk demonstrert så overtydande på messa i Oslo, var Infocus sin største og minste modell, så eg tok kontakt med importøren, og vi vart einige om å prøve to interessante modellar. Den skumle ”regnbogeeffekten” skulle også opplevast…

Infocus 5700
Denne saken har eit hendig format, og er utforma slik at handtaket er ein integrert del av kabinettet, lett å bere med seg eller stue vekk. Utforminga er prega av funksjonalitet, med eit vell av tilkoblingar. Det skulle undre meg stort om du har utstyr som ikkje kan tilpassast denne. Eg er elles tilhengjar av at produkt som ikkje synest, bør vere funksjonelt designa. Dei fleste vil sikkert vil fastmontere Infocus 5700 i taket, og berre forholde seg til han gjennom fjernkontrollen, som kan styre alle funksjonsval med gode menyar som er logiske og lette å finne fram i. Eg vil sannsynlegvis stue prosjektøren vekk når han ikkje er i bruk – det aktuelle rommet er mykje brukt til andre ting, og prosjektørar er kostbare ting. Difor likte eg godt handtaket.
På baksida kan tilkoblingspunkta skjermast med eit deksel. Eg lot vere å montere dette for å spare plass, og fekk som belønning litt større bilde på veggen. Zoomområdet til linsa opplevde eg som litt knapt, men faktisk var bildet meir enn rikeleg stort. Det var berre eg som hadde valt eit litt stort lerret. Med ein sjåaravstand på 3,8 meter treng du strengt tatt ikkje 2,1 meter bilde….


Dyrast, men også beste projektor eg prøvde ut, var 5700 frå Infocus. Svært god lysstyrke og oppløysing, og den klart beste fargemetninga. Litt kraftigare viftestøy og mindre linsejusteringar enn dei beste av konkurrentane, men likevel eit klart fyrsteval i denne samanheng.

Den mykje omtalte regnbogeeffekten var heller ikkje så sjenerande, merkbar berre når eg flytta fokus raskt medan det var lyssterke parti på lerretet, eller at eg såg direkte mot prosjektøren, altså ikkje problematisk i filmsamanheng i praksis, berre uvant og annleis i fyrstninga.


Funksjonane på Infocus SreenPlay 5700 kunne anten styrast frå toppen av apparatet, eller via fjernkontroll. Enkelt og funksjonelt, med lettforståelege menyar.

Det einaste eg opplevde som irriterande over tid, var at eg ikkje hadde plassert projektoren symmetrisk på midtaksen til lerretet. Fleire projektørar har linse som kan vridast i planet, slik at bildet kan plasserast akkurat der du vil, og sentrering på lerretet går som ein leik. Infocus sine noverande modellar må fysisk sentrerast rett framfor lerretet om bildet skal vere i senter, dessutan kunne zoomområdet vore litt større. I min samanheng vart altså dette litt irriterande, då eg vart sittande tett på apparatet som støya ein del med vifta på fullt. Men dei fleste kan sikkert løyse problemet ved tak- eller veggmontasje. Mitt rom har takhøgd og utforming slik at dette ikkje er aktuelt.

 

Bildekvaliteten
Eg var svært imponert over kor flotte bilda var frå 5700. Dette var endå meir imponerande når signalet ikkje kom frå DVD. Stillbilde frå digitalkamera så vel som eit nedlasta prøvebilde via datamaskin var svært overtydande om at dette var om lag like bra som Fujicrome-lysbilda mine via den gamle Leitz-framvisaren, og det skal pr. definisjon vere det same som 35 mm film. Det er grunn til å tru at utviklinga ganske snart er på same stadium. Ved innkjøp av eit digitalkamera med større oppløysing og ein PC med betre grafikkort, ville nok skilnaden vore minimal.

 

Støy:
I mitt rom er beste sitteplass ganske nær midten av rommet, der også prosjektøren må plasserast, om ikkje optikken er slik at linsevinkelen kan vridast. Dette har ikkje Infocus, slik at eg vert sittande svært tett på prosjektøren. Når pæra står på ”sparebluss”, går dette greitt. Men ved full lysstyrke, går vifta med såpass mykje støy at det vart litt sjenerande. Så om du har behov for å bruke full lysstyrke pga anna lys i rommet, ville eg takmontert 5700, slik at avstanden til sitteplassen vart så stor som råd.


Når du har montert opp ScreenPlay 5700 (helst i taket), med dei aktuelle tilkoplingane, kan du dekke baksida av apparatet med eit deksel. I mitt tilfelle var det enklast bruk utan deksel.

Så prøvde eg Infocus 4805 i same prosedyre. Det er tydeleg skilnad på desse to prosjektørane, noko anna ville vore merkeleg med såpass prisskilnad. Men likevel var 4805 svært bra, litt enklare, men med same klare, metta fargar som den større slektningen sin. Personleg tykkjer eg ikkje det er noko å stusse på å gjere kompromiss når det gjeld å halde bilda sylskarpe for å spare 15 kkr.
Men det var kino som skulle køyrast. Prosjektorane vart no innstilte i widescreen-modus, og lysstyrken sett på maksimum. Dette førte til større vifteaktivitet, og meir støy av den grunn, men likevel akseptabelt  om du ikkje vart sittande rett ved sida.
Det var faktisk mindre skilnad på opplevinga av oppløysing i filmsamanheng, så her er vi kanskje på grensa til DVD-mediet sitt potensiale, innan prisklassen? Her er det heilt sikkert mykje som må studerast innan hardwaren før eg tør komme med ein slik generell påstand. Iallfall såg eg dette resultatet som eitt ekstrapoeng til den rimelege 4805. Men då eg etter kvart tok til å spele film på dagtid med ein god del dagslys, var det tydeleg at 5700 klarte seg under verre lystilhøve enn minstebror. Ikkje radikalt, men i høgste grad merkbart, og kanskje akkurat nok skilnad til at du kan ha lyskjelder i din private kinosal. For meg gjekk det ikkje på midten av januardagen i klarver, men 5700 greidde seg når det var grått og trist ute, akkurat sånt ver då det er kjekt å sjå film….
Eg konkluderte med at fargane på desse to prosjektørane overgår alt eg har sett av presentasjons-prosjektørar så langt. 5700 er dessutan ekstra skarp for den som vil sjå gode digitalbilde på veggen, og kan klare seg i noko dårlegare lystilhøve enn 4805. Om du har ditt eige kinorom som kan mørkleggast skikkeleg, hadde eg heilt klart gått for den rimelege, om ikkje tanken på framtidas filmmedia med større oppløysingsevne freistar.

Akkurat like enkel å bruke. Med same sprut i fargane, men litt svakare, ikkje så skarp, subjektivt opplevd som litt mindre støyande (måler heilt likt), men altså 15 000 kroner rimelegare enn storebror, er ScreenPlay 4805 den projektoren som gav mest bildekvalitet pr krone i denne utprøvinga.

LCD-projektørar:
Ettersom eg tidlegare ikkje har hatt høve til å samanlikne LCD og DLP, fekk eg også tilgong på nokre LCD projektørar. Desse er litt annleis oppbygde, og har vissnok nokre prinsipielle ulemper m.o.t. teknisk soliditet og bildekvalitet. Sjølve LCD-brikka skal tape seg over tid, i motsetnad til spegel-brikka som DLP-projektørane brukar, utan at dette vil syne seg under mi utprøvinstid. Men prismessig skal desse vere råd å lage endå meir forbrukarvennlege, og altså svært aktuelle i denne utprøvinga.
Fyrste mann ut var Panasonic PT AE 700E, som er ein av LCD-favorittane til forståsegpåarane.
Denne saken synte seg å vere svært praktisk etter mitt behov. For det fyrste var det lett å plassere prosjektøren på mi aktuelle hylle (eigentleg i trappa, eit brukbart stykke frå sitteplassen min). Zoomområdet var så stort at eg kunne få biletet til å fylle lerretet heilt ut. For det andre har Panasonic denne kjekke ”joysticken” som gjer meg i stand til å sentrere bildet på lerretet utan at prosektøren er rett framfor. For det tredje er han ganske støysvak, og sjenerer i mindre grad enn begge prosjektørane frå Infocus. Men han har ein feil samanlikna med desse: han har ikkje slik fantastisk sprut og metning av fargane, og gjev ikkje den same kinoopplevinga som desse. Sjølv om du kan justere fargetemperaturen ein god del, og til ein viss grad kompensere for dette, er begge Infocus-prosjektørane i stand til å gje eit betre bilde, og dermed betre kinosaloppleving. Men uansett er Panasonic PT AE 700E ein svært god projektor, som er i stand til å gje gode kinoopplevingar. Kraftig lysstyrke (i praksis opplevde eg ikkje stor skilnad når det var mørkt), svært låg støy frå vifta, og allsidige linsejusteringar gjer at han absolutt er eit interessant alternativ i det oppsettet eg har tenkt meg. Litt høgre pris enn Infocus 4805, ein litt "tristare" måte å sjå fargane på, men også meir brukskomfort. Det er vanskeleg å velge mellom desse alternativa...



Sanyo

Til sist fekk eg tilsendt to relativt rimelege LCD-prosjektørar frå Sanyo, med ulik oppløysingsevne, men ganske likt zoomområde og planforskyvande linse, altså ganske likt opplegget frå Panasonic. Sanyo hadde likevel valt ei litt meir elegant løysing med linsedeksel i form av eit stort brett som dekte heile fronten. Lukkar du denne, har linse og front svært godt vern mot ytre påverknad, og for den som skal pakke bort projektoren når han ikkje er i bruk, er dette den beste løysinga eg har sett så langt. Begge projektørane har planforskyvande linse, som var like grei som ”joystick-konseptet” til Panasonic, med kanskje litt meir slark. I heimekinosamanheng har dette har inga betydning i praksis når du fyrst har bestemt deg for plasseringa. Elles var det tydeleg at Panasonic si linse bydde på litt større variasjon både innan dette og på zoomområdet. Z3-varianten var ganske identisk med Panasonic når det gjeld bilde, medan den prismessig svært interessante Z1X hadde ei aning dårlegare oppløysing, og merkbart svakare fargemetning. Igjen er det slik at filmen riv deg med etter ei stund. I kva grad du let deg sjenere av dette, er vel i stor grad eit spørsmål om tilvenning? Begge projektørane er fornuftige ut frå pris/kvalitet, Z3 best, og Z1X gjev deg 4000 kroner i innsparing, som kan brukast til andre føremål.

Tilkoblingane og justeringane til Sanyo er heilt fine. Du justerer linsa med dei to tannhjula som er plassert på sida av linsa, eitt for kvart plan. Zoomområdet er betre enn Infocus, men ikkje fullt så omfattande som Panasonic.



Z1X var den rimelegaste projektoren eg fekk prøve ut. Dei andre var betre, men Z1X var likevel betre å vise film med enn dei to kommunale projektørane som er primært tilpassa presentasjonsbruk a  la PowerPoint. (dei fungerer greitt nok på VHS-film, men når vi går over til DVD, er skilnadane klare). Legg også merke til den store luka som dekkjer heile fronten på Sanyo-projektørane. Lurast av dei eg har prøvd ut så langt.

Det vert altså kompromiss når ein skal bestemme seg for prosjektørar, om det ikkje skal brukast vesentleg meir pengar enn på ein TV. Eg har laga denne lista som ein konklusjon:

Modell

Pris

Kommentar

Infocus 5700 DLP

24 999

Dyrast, men klart beste kinosaloppleving. Einaste ankepunkt ein del støy: 34 dB. Ingen særleg sjenanse dersom spareinnstilling eller takmontering. Skikkeleg oppløysing og lysstyrke. Dyrast, men også best i denne samanlikninga.

Infocus 4805 DLP

12 999

Beste bildekompromiss. Har du mørkt kinorom, og ikkje treng sitte tett på prosjektøren (også 34dB støy), er dette det mest fornuftige alternativet. Ok lysstyrke. Mykje for pengane.

Panasonic CPT-AE700E

13 995

Ganske støysvak (30/26 dB), godt zoomområde og funksjonell planforskyving. God lysstyrke, men ikkje DLP fargemetning. Likevel skikkeleg oppløysing.

Sanyo PLV-Z3

15 999

Godt zoomområde og funksjonell planforskyving. Ok lysstyrke, men ikkje DLP fargemetning. Verkar robust. Svært støysvak (23 dB)

Sanyo Z1X

11 999

Svært støysvak (23 dB), brukbart zoomområde og funksjonell planforskyving. OK lysstyrke, men svakaste fargemetning i dette selskapet. Skikkeleg oppløysing til prisen. Verkar robust. Rimeleg.

Ein liten kommentar om emballasjen: Alle produsentane har svært gjennomtenkt og skikkeleg emballasje på desse dyre og lettknuselege sakene. Hadde all hifi vore like godt pakka…….

Konklusjon:
Samanlikninga viser at Infocus Screenplay 5700 har større lysstyrke og best bildekvalitet. Men prisen er då også deretter. Om du har eit godt nedblenda rom og ditt primærbehov er å sjå DVD, er det ikkje så stor skilnad til den langt rimelegare Infocus Screenplay 4805 at det er rekningssvarande å kjøpe den største. Heller ikkje når ein ser på lysstyrken, for trass i ein klar skilnad, er den ikkje så stor at du kan bruke 5700 utan at rommet er rimeleg mørkt. Elles må også LCD-projektørane seiast å gje brukbar filmoppleving, men ikkje fullt så flotte fargar som Infocus sine DLP. Spesielt fin, men også relativt dyr, er Panasonic sitt lyssterke og plasseringsvennlege alternativ. Sanyo har dei som lagar minst støy, er gode å pakke vekk, og kostar minst. 
Merknad om prisar: Medan artikkelen har vore under utvikling, har prisane vore det same. Eg oppdaterte nettopp, men den interesserte bør absolutt tråle marknaden..

Projektorane var lånte ut frå Panasonic og Presentasjonsdata; www.panasonic.no og www.pdata.no

Neste og siste artikkel i denne omgong, vil handle om filmlyden.


Sist oppdatert : 17.04.2005 19:58:00
Lest 3612 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen