onsdag, 28 februar 2007 23:00

SVS Heimekinohøgtalarar

Skrevet av

To tunge kasser kom på døra. Begge var best handsama av to mann for trygg manøvrering inn i huset. Den største inneheldt fire like store høgtalarar, og ein større senterhøgtalar. Og den tyngste kassa ein subwoofar som du må rekne med å komme veldig mykje tilbake til.

 

 


Av Arve Åheim mars 2007


Heldigvis er emballeringa no endra, slik at høgtalarane kjem pakka parvis, bortsett frå senterhøgtalaren som kjem i eigen pakke. Dette gjer jobben med å få ting i hus mykje lettare.

Høgtalarne er i den mest audmjuke finish du kan tenkje deg – matt svart, med avrunda kantar. Ikkje noko trefiner eller pianolakk her, nei. (no finnest det andre overflater for den som legg meir vekt på det estetiske). Men eit svært så vedlikehaldsfritt materiale som er lett å børste støv av, i motsetnad til pianolakk som kan vere ei sann pine å halde fritt for fingermerke og støv. Funksjonelt og godt eigna for ein heimekino, men kanskje mindre imponerande? Elles er det tunge høgtalarar, og sjølv om eg ikkje fekk til å opne kabinettet, var det tydeleg at pengane var brukte på solide kabinett, gode element og etter foto å døme gjennomtenkte delefilter, og lite til kostbart som ikkje har noko med lyden å gjere.

Subwoofaren har same overflata, og eit imponerande kontrollpanel med ulike innstillingar, samt sjølvsagt innebygd forsterkar, smålåte oppgjeve til 325 Watt RMS. At kabinettet ikkje var trykkammer bekymra meg lite. Dei siste åra har eg fått så mange døme på gode bassreflekskonstruksjonar at eg erkjenner at trykkammer slett ikkje er noko krav for å lage kvalitetsbass, slik eg hadde eit bestemt inntrykk av tidlegare.

Høgtalarane er utstyrte med greie oppheng; fyrst hol for bruk av Omnimount veggbrakettar. Dessutan eit enkelt hol for å kunne hengast direkte på ein skrue i veggen. Ingen av desse alternativa vart prøvde ut. Berre unntaksvis vil hovudhøgtalarar kunne levere god lyd om dei heng på veggen etter mitt syn. Og eg opplevde raskt at alle høgtalarane bør vere like under øyrehøgd, helst litt ut frå veggen (bakhøgtalarane er ikkje kritiske på dette). Senterhøgtalaren vart plassert rett under lerretet, ca 60 cm over golvet. Dette er litt i underkant til kritisk musikklytting, men heilt fint til kino. Den store, tunge subwoofaren PB 12 NSD vart plassert litt til venstre, og innstillingane etter kvart overlete til automatikken i Pioneer og Harman Kardon. Deretter dura vi i veg med fire meir eller mindre samanhengande døgns musikk på repeat, før eg prøvde anlegget på musikk. Starten var med klassiske multikanalsinnspelingar på SACD frå 2L. Desse fantastiske innspelingane vil nesten alltid låte glimrande, men er også i stand til å avsløre fleire aspekt ved lydkvaliteten som ikkje er så lette når ein ser kino.

Det som var definitivt mest øyrefallande ved fyrste lytteinntrykk, var at perspektivet var klart tydelegare enn det brukar å vere. Mine rimelege, faste referansehøgtalarar frå Mirage er designa for å henge på veggen, og ei skikkeleg plassering av SVS gjer det veldig tydeleg at Omnisat sitt lydbilde er meir ein konsekvens av høgtalarprinsippet enn av opptaket. Det vil seie, du må passe nøye på høgtalarplasseringa. Eg ville prøve å flytte høgtalarane slik at dei var mindre i vegen for aktivitetane i rommet, men det forringa lyden. SVS-høgtalarane  er relativt kritiske til plasseringa, iallfall om vi samanliknar med Omnisat.

Det neste eg la merke til, var kor lite subwoofaren skilte ut det frekvensavsnittet han arbeidde med. Men det var ikkje tvil om at det var fundament i rikeleg monn. Og dette hadde eg overlatt til automatikken. Etterpå, når eg eksperimenterte med innstillingane på subwoofaren, etter eige øyre, oppdaga eg fort at suben var ansvarleg for mykje av tredimensjonaliteten i opptaket. Så om nivået vart for lågt eller skrudd heilt feil, gjekk det ut over lydkvaliteten i større grad enn elles når ein arbeider med anlegg i denne prisklassen.

Eg tok så til med filmar. SVS er heilt tydeleg saker som verkeleg sprenger ein del prisgenser innan heimekino. Spesielt subben imponerte stort. Alt han fekk servert, vart levert med stor sinnsro, men også med overtyding, ekstrem presisjon og detaljrikdom. Og eg vart meir og meir imponert. Subben kunne jau ALT! Frykteleg dynamikk frå filmar som t.d.  Pearl Harbour vart attgjeve akkurat så imponerande som eg våga håpe på. Men endå meir moro var det å spele musikk i fleirkanal. Så då eg gjorde rokade frå fleirkanal til stereo, var det med store forventingar. Men den einaste forsterkaren eg hadde tilgjengeleg, var utan pre out/main in. For utprøvinga sin del måtte anlegget fungere på eitt eller anna vis, så eg brukte nødløysinga som mange subwooferar har; å tappe signalet frå høgtalarutgangane til forsterkaren, for å sende det ut att minus bass til hovudhøgtalarane. Dette har eg ALDRI tidlegare fått til skikkeleg på ein tilfredsstillande måte, men SVS-delefilteret greidde  jobben med så lite kvalitetstap på lyden at det knapt var å bry seg om. Denne subben er unik, både i fleksibilitet og rein lydkvalitet i form av frekvensomfang, dynamisk konstrastevne, og SPL totalt utan å miste ”fotfestet” og kontrollen.

Eg prøvde å provosere han, men måtte gje opp. Korkje Kraftwerk, 1812-overtyre eller Yello fekk han til å gjere anna enn det han skulle.

Det aller beste eg har hatt i hus av subbar, har vore baserte på servosystem. Den aller største sub Mirage har laga så vel som Infintiy sine største høgtalarmodellar frå midten av 90-talet gjorde djupe inntrykk nedover i det verkelege subområdet, der du fysisk kjenner meir enn du registrerer med øyrene kva som skjer. Desse har verkeleg sluggereigenskapar, men SVS har i tillegg fullstendig kontroll – ein av dei aller beste subbar eg nokonsinne har prøvd uansett pris. Vi snakkar då om ”best” på ein måte som tilseier at SVS-suben spelar korrekt, ikkje med brauten imponatoreffekt, skikkeleg hi-end-hifi. Og det er nesten kriminelt at L-sound har satt prisen til 6 500 kr for ein slik. Alle produsentar av subwooferar bør fylgje nøye med kva SVS driv med, for dette er ein ny standard.

Etter kvart fekk eg så mykje tillit til subben at eg fekk lyst til å prøve han også i mitt mest påkosta hovudanlegg, som i utgangspunktet er eit rimeleg ambisiøst tokanalsanleggg. Dette var ei ganske mykje att og fram-oppgåve der delefrekvensen vart stilt så lågt som muleg, altså 40 Hz. Men då mine Eros høgtalarar frå InnerSound går langt under 30, synte dette seg å vere ei rimeleg unødvendig øving. Visst kom fundamentet lenger ned når eg spelte CD-ar med mykje informasjon nedimot det subsoniske, men eg gav fort opp finplasseringsarbeidet då det eigentleg var rimeleg unødvendig på 99% av musikken eg hadde anten i CD-spelaren eller på platespelaren. Om du derimot har normale høgtalarar som rullar av bassen ein stad mellom 30-50 Hz, trur eg det kan vere interessant med ein slik sub.

 

Hovudhøgtalarane

Attende til full SVS-pakke og multikanal. Eg måtte også prøve å avstå frå subwoofaren, og spelte på to høgtalar direkte som stereosett, utan sub. L-Sound fortel at høgtalarane eigentleg er designa ut frå bruk saman med subwoofar, så det er litt på kanten av bruksområdet til desse høgtalarane som rimelegvis fort rullar av under 65- 70Hz. Og lyden var litt bassfattig, sjølvsagt, men eigentleg grei nok. Men ikkje på langt nær så godt som mi referanse Epos CLS 3. Ikkje på noko punkt. Og sjølv om prisskilnaden er på rundt 40%, snakkar vi om høgtalarar i billegsegmentet som ikkje kostar meir enn 2000 og 2800 kr paret.  Det er altså nærliggjande å eksperimentere med CLS 3 og SVS subwoofar, men dette fekk eg ikkje til i fyrste omgang. Men potensialet må vere der, så det skal eksperimenterast meir.

 

Forsterkarval

Fyrste delen av utprøvinga brukte eg den nye VSX 2116 AV frå Pioneer, som med sitt MCACC autoppsett var lynrask til å få ei svært så god justering av anlegget. Denne heimekinoreceivaren gjorde fint arbeid, og eg hadde inntrykk av at det var rimeleg god match mellom elektronikk og høgtalarar. Deretter viste stereooppsett med ein Luxman A 737 seg å vere glimrande, sjølv om signalet til subben vart tappa etter høgtalarutgangane. Dette var forbausande lett å få godt til, og eg må innrømme at eg sjeldan har fått så god integrering mellom ein sub i stereooppsett med satelitthøgtalarar. Plassering i rommet av sub var ikkje vanskeleg i det heile, og delefrekvensen kunne justerast nesten heilt fritt, berre du ikkje gjekk til ekstreminnstillingar (hald deg over 60 og under 90 Hz så går det svært bra)

Litt ut i testperioden kom ein hyggjeleg Harman Kardon 445 på besøk, og denne gjorde underverk for totalinntrykket. Med delefrekvens på 80 Hz og lydtrykk litt i høgaste laget vart dette til eit forrykande fleirkanalsoppsett fullstendig på høgde med andre anlegg til meir enn dobbel pris.

 

Konklusjon.

Eg konkluderer med at sjølv om den fornuftig prisa Pioneer gjer ein glimrande jobb, så har SVS-settet potensiale nok til å forsvare investeringar i ganske så tung og dyr elektronikk. Hoppet frå VSX 2116 til den nesten dobbelt så dyre Harman Kardon AV 445 syner at SVS fortener så god elektronikk som du kan sjå deg råd til. Det spelar høgt, utan påtrengande klangfarging sjølv med dei høge lydtrykka, og eg ser det usannsynleg at du får til særleg betre bass enn dette. Du kan heilt sikkert oppnå ein del meir med betre hovudhøgtalarar, men då må du bu deg på å spandere fleire tusen i mellomlegg. Og når det gjeld subwoofaren trur eg dei færraste skal gløyme å få betre ting utan å strekke lommeboka så langt at ein må ta opp lån. Einaste atterhald er at han må justerast skikkeleg, og at denne relativt store kassa treng godt med plass. SVS har også ein mindre og 1300 kr billegare sub PB10-NSD, som baserer seg på eit 10” element, for den som ikkje har stor plass.

SVS har eit multikanalsystem som bør få andre produsentar i prissegmentet til å bekymre seg. Dei har også ein subwoofar som tek knekken på både servosystem og svært dyre løysingar, til ein pris som er usannsynleg lav. Det einaste verkelege ankepunktet er at han måler 45x52x62 cm og fyller godt opp i rommet.

Så dei ulike alternativa er svært så attraktive prismessig.

Eit sett med sub og to standardhøgtalarar vil komme på knapt 9000 kr. Banalt enkelt å justere, og ingen prismessige konkurrentar når det gjeld eit basspelande stereooppsett. Gøymer du vekk subben under ein duk, har du eit knøttlite hardrockanlegg. Og du treng eigentleg ikkje særleg kraftig forsterkar heller, subben gjer mesteparten av grovarbeidet. Akkurat til akustisk musikk, mange smådetaljar og mykje tredimensjonalitet er nok ikkje dette det aller beste oppsettet du kan få, men du verda, kor godt det passar til litt råskinnmusikk der pondus, bass og lydstyrke er det essensielle..…

Komplett surroundpakke 5.1 er vanskeleg å sjå konkurrentar til, om du tenkjer heimekino eller multikanals musikkanlegg. Ein god senterhøgtalarar er viktig, og her er det god samanheng mellom dei ulike høgtalarane. Med eit bassfundament ingen andre kan måle seg med i prisklassen. Og spander gjerne på deg skikkelege høgtalarstativ. Og så god forsterkar som du har råd til (det bør eigentleg vere ganske mykje når du ser kva pris vi snakkar om i utgangspunktet)

Er du på jakt etter subwoofar, er det mange alternativ i prisklassen. Alle desse eg har sett og/eller prøvd, er små og puslete samanlikna med dette beistet. Eg veit rett og slett ikkje kva eg skal råde deg til om du ikkje er fornøgd med denne…kanskje ein av SVS sine ørlite dyrare modellar? (Eg kjem til å prøve ut SVS SB-12-plus til 6990 så snart eg får kapasitet til dette) Eller brenne av 20 –30 000 kroner i staden for 6 500?

Einaste ankepunktet er om du eigentleg er på jakt etter to bokhyllehøgtalarar og vil kose deg med detaljar og perspektiveigenskapar på klassiske eller andre akustiske opptak, der det ikkje er planar om investering i sub. Du betalar då berre 2500, men bør då etter mitt syn heller sjå på Epos sine ELS 3, som kostar 300 kr meir, og absolutt er verd det.

 

Elles må det nemnast at importøren L-sound sitt servicetilbod er svært greitt for den som vil undersøke desse tinga i sitt eige lytterom. Få det tilsendt, og ha full returrett i 45 dagar om du ikkje vert fornøgd. Rimeleg sjølvsikkert tilbod, som eg no veit kvifor L-sound tek sjansen på….

 

Prisliste frå importør (inkl mva):

SBS-01 2.0  stereosett                                     2.490

SBC-01 Center                                                1.990

SBS-01 5.0 5-kanalsett                                     6.490

SBS -01 5.1 med PB12-NSD (dette settet)          11.990

SBS -01 5.1 med PB10-NSD                              10.990

SVS PB12-NSD (denne sub)                                6.490

SVS PB10-NSD (lillebror)                                    5.190

SVS SB12-Plus (mikro–sub)                                6.990

 

Link til importør: www.lsound.no

Lest 8072 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « SVS PB10-ISD Soliloquy 6.3 »