søndag, 18 april 2004 23:00

ProAc Studio 125

Skrevet av

ProAc er eit merke audiofile gjerne har høyrt mykje om, men lite av. Høgtalarane er ikkje akkurat det Elkjøp og Expert fyller hyllene med, på godt og vondt. Eg trur dette er Taaimport sitt definitivt eldste agentur, på mange måtar kanskje også det beste høgtalaragenturet? Eg held ProAc for å vere den definitivt fremste av dei engelske høgtalarprodusentane. Her er ein billeghøgtalar – til godt og vel 15000 kroner.

 

 

av Arve Åheim, 19.april 2004

Heilt ferske ute av emballasjen, ser ProAc Studio 125 ut som ein relativt vanleg høgtalar, golvståande, men ikkje spesielt stor. Kanskje litt eksklusiv når ein studerer fineringa og handverket, men slett ikkje noko du vil legge merke til i ein butikk eller på ei messe.

Faktaboks

Nominell impedanse: 8 Ohm
Oppgjeve frekvensområde: 30 Hz - 30 kHz
Driftsevne: 87 dB/1W 1 m
Element: 6 1/2 " bass
3/4" softdome (magnetisk væskekjølt)
Elementa er magnetisk skjerma
Mål: 91,5cm høg  x 20,3cm bredde x 28 cm djup
pris: kr 15 476
Kan leverast i ei rekkje finérkvalitetar.

Og tydelegvis ein enkel tovegs konstruksjon. Rett nok er diskanten asymmetrisk plassert, men elles påfallande lik gjengs engelsk høgtalardesign. Heilt til du får lyd igjennom.
Frå fyrste stund ante eg at har var noko spesielt, sjølv heilt utan innspeling. Ein usannsynleg djup bass i det livlegaste lytterommet, medan det lukta perspektiv og dynamisk nyanseringsevne i særklasse. Svært lovande, sjølv om Studio 125 treng verkeleg mykje innspeling. Eg har gjort det på gamlemåten med å spele musikk døgnet rundt på sånn passeleg nivå. Det finnest raskare måtar, men eg tykkjer det er eit ork. Dessutan skjerpar det konsentrasjonsevnen å ha ein dagleg lytting for å registrere endringar. Etter godt og vel 14 dagar på denne måten, greidde eg ikkje å registrere meir endring.

Eg sjekka også om elementa var skikkeleg tilskrudde. Her var alt bra, og ingenting trengte å strammast.

Oppstilling av høgtalarane var uvanleg kritisk. I vinterhagen brukar eg alltid å ta utgangspunkt etter tredjedelsregelen

Tredjedelsregelen:
Denne bør berre brukast som eit utgangspunkt. Du vil nesten heilt sikkert oppnå lydforbetringar ved å justere litt med plasseringa av høgtalarar og sitteplass. Men skissa her syner korleis du reduserer påverknaden av rommet til eit minimum. Svært fint når du skal vere kritisk. Men til det verkelege liv bør du nok plassere høgtalarane nærare veggane. Sjølv ynskjer eg helst å ha hovudet i det eine av hjørna i ein likesida trekant, og høgtalarane i dei to andre. På same tid ynskjer eg at høgtalarane har akkurat passeleg avstand frå veggane til å ha passeleg bassnivå, utan at det er for mykje refleksjonar av lyden…

Denne gongen vart høgtalarane plassert ca 1 m frå både bak- og sidevegg.

Eg gjorde forresten ein plasseringsglipp. Diskantelementa står asymmetrisk plassert, så det er skilnad på høgre og venstre høgtalar. Elementa skal stå nær kvarandre. Då eg retta feilen, vart perspektivet svært mykje betre, så dette er eit must å passe på. Elles brukar eg til vanleg å rette høgtalarane rett fram, utan å vinkle dei særleg innover, når dette ikkje går ut over frekvensgongen eller perspektivet. Det går ikkje her, ei vinkling innover gjev vesentleg betre perspektiv i begge lytteromma.

Ting å ta stilling til
Når Studio 125 er vel ute av kassa, er det litt monteringsarbeid du må spekulere på. Det fylgjer med ein del ”ekstrautstyr” kan veljast bort, dersom du ikkje ynskjer å bruke dei.
Fyrste val er botnplata. Denne gjer at høgtalarane står på ei større flate, med større avstand mellom spikes. Dette er tryggare i lytterom der uvørne familiemedlemer ferdast, men eg opplevde ei merkbar lydforbetring ved å la vere å bruke denne. Neste val er bruken av spikes. Dette er spikes av vanleg standardkvalitet. Vil medføre stygge merke i golvet, men forbetrar lyden ein god del. Eg prøvde med Holfi dempeføtter, men dei medleverte spikes var vesentleg betre. Deretter prøvde eg Soundcare superspikes i høgtalarversjon, og dette fungerte heilt klart best i dei to lytteromma eg brukte i denne utprøvinga. Eg tar difor sjansen på å tilrå ei lita ekstrainvestering av Soundcare til desse høgtalarane, sjølv om også det medfylgjande alternativet gav godt resultat.

Siste valalternativ bestod av to sett skumgummiputer til å sette i bassportane. Høgtalarane er utstyrte med to bassportar med ulik diameter, så du har altså fire alternativ å stenge ingen, storeporten, vesleporten eller begge portane. Eg prøvde også å tette portane med solide ullsokkar, men dette vart heilt klart for mykje av det gode. I vinterhagen fekk eg best resultat med å tette dei største portane, medan stova var passeleg dempa til å spele utan skumgummi. Eg følte nok at å spele heilt utan demping passa mitt temperament best, kanskje også i vinterhagen. Men bassen vart for dominerande på alt anna enn snillare klassisk musik

Lytteinntrykket
Dette er ein utruleg høgtalar. Det er tydeleg engelsk lyd på sitt aller beste. Men på same tid avslører desse høgtalarane all elektronikk du brukar saman med dei. Det går godt an å drive høgtalarane med ein rimeleg forsterkar utan at du treng irritere deg over dei svake sidene. Men når du koplar opp topp elektronikk, vert det berre så mykje betre. Eg vil tru at du kan spandere langt mykje kronasje på anlegget elles, utan at det vert blærete, for Studio 125 svingar seg med alt utstyr som byr opp til dans. Men går du attende til noko rimelegare eller enklare utstyr, avslører det seg umiddelbart. Ikkje nådelaust – og du kan godt spele opptak med tvilsam lydkvalitet utan å irritere deg over pinlege detaljar, eller mangel på slikt. Alt skjer så forbaska musikalsk, nesten same kva du spelar frå programkjelda.

Her kan spelast ganske høgt, og har du sansen for rock vert du ikkje skuffa. Men det er ikkje ein trykkammerhøgtalar. Bassreflekslyden er tydeleg, ikkje så presis dynamisk eller rått definert som mykje større lukka basskasser eller planare bassar, med dei problem slike konstruksjonar medfører. Og dei botnar ikkje så langt ned som transmisjonslinjebassane eg har i referanseanlegget, men likevel slik at Pink Floyd DSOTM klarer seg godt. I vinterhagen er dei riktig bassglade, trass i eit lite kabinett.
Når det gjeld klang elles, skal du leite lenge etter noko meir korrekt. Skal eg samanlikne med noko, finn eg eigentleg ikkje anna enn Quad ELS 63 (nei, eg har ikkje høyrt dei nye så langt), sjølv om elektrostatar løyser meir opp for mikrodetaljane. Men Studio 125 spelar høgre, med meir bass, og er langt enklare å plassere skikkeleg.
Den aller øvste toppen er fin. Det finnest bandkonstruksjonar og andre superdiskantar som kanskje går høgre i frekvens, og som løyser endå meir opp overtonestrukturane, men det du får med Studio 125 er samanheng og eleganse. Det finnest ikkje kantete overgangar av filter eller element, og det er ein tonal samanheng som eg tviler på finnest mange sidestykke til i prisklassen under 20 000 kr. Mellomtonen er kanskje det aller flottaste, her er det berre elektrostatar og langt dyrare konstruksjonar som kan plukke detaljane endå grundigare.

Mitt største lytterom er kanskje litt for hardt dempa for Studio 125. Lytteterskelen, den lydstyrken som opplevst som nødvendig for å få tilstrekkjeleg oppløysing i lydbildet, steig ganske mykje samanlikna med den mykje meir akustisk livlege vinterhagen. Dette kan også henge saman med at rommet er ein god del større. Men det var aldri eit musikalsk kutt som ikkje fungerte over Studio 125, heller ikkje i det store rommet. Å spele Nils Lofgren ”Acoustic Live” eller Silje Nergaard ”at first light” kan ikkje godt gjerast så mykje meir musikalsk enn dette. Og med herleg luft og oppløysing over lydbildet.
Elles prøvde eg ulike forsterkarar og ulike signalkjelder. Det må seiast at Studio 125 er ganske kritisk til samlivspartnarane, men aldri på ein umusikalsk måte. Det er lett å kjenne att Electrocompaniet, Rotel, Copland eller den utmerka Monrio integrerte forsterkaren eg hadde til utprøving. Den sistnemnde var forresten ein svært god match til desse høgtalarane, sjølv om 2x50 Watt kan synest lite. Her var det skikkeleg symbiose, medan den elles godt brukbare RA 1062 frå Rotel ikkje kunne klare tilsvarande. Med effekttrinnet Copland CTA 520 var det skikkeleg godlyd, men eg har sterk tru på at Studio 125 vil vekse med oppgåvene, og at du neppe kjem bort i elektronikk som ikkje får vise sitt musikalske potensiale på grunn av desse høgtalarane med den pene, om enn relativt smålåtne utsjånaden.

Konklusjon:
Dersom du ikkje er ute etter å bolse med anlegget ditt, men i staden er svært oppteken av musikalsk attgjeving, er ProAc eit alternativ å sjå nærare på. Studio 125 er ein relativt rimeleg modell frå denne produsenten, men har ingenting å skamme seg over samanlikna med resten av slekta. Du får topp oppløysing, glitrande korrekt mellomtone og djup bass, sjølv om denne er tydeleg bassrefleks. Det musikalske er så godt at eg ikkje kan sjå alternativ i prisklassen under 20 kkr. Litt utfordringar vert det, du får høve til å fintrimme bassrefleksportane med tilpassa demping, du får bruk for Soundcare eller andre kvalitetsbein, og du vil ikkje minst altfor lett oppleve kvalitetar på anna dyrt utstyr du tek på heimlån. Studio 125 er svært musikalske, men på ein så analytisk måte at dei aldri glattar over eller maskerer manglar i resten av signalkjeda. Eit godt analysereiskap og ein fantastisk musikkformidlar.

konklusjon

Mer informasjon

Somme vil nok stusse over såpass høg pris på ein så anonymt utsjåande høgtalar. Men når du fyrst har fått slike høgtalarar i hus, er di musikalske lykke sikra.

Importør: Taaimport. www.taaimport.no
Distribusjon: Lyric: www.lyrichifi.no

Lest 7013 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler

Mer i denne kategorien « ProAc Studio 140 Polk Audio LSi9 »