onsdag, 31 mai 2006 23:00

Viablue hifi-garnityr - kosmetikk eller godlyd?

Skrevet av

Det verste du kan skrive om innan hifi, er det utstyret som lyden ikkje går gjennom. Berre religion kan utløyse fleire rasande innlegg enn kabelomtaler. Sist kabelutprøving var fæl, og eg lova meg sjølv at eg skulle halde meg unna sånt ei lang stund.
No har det gått ei lang stund....

 

 

Av Arve Åheim, juni 2006.

Når det gjeld kabeldebattar har eg rekna meg for å vere agnostisk. Eg meiner bestemt å høyre skilnad på kablar, spesielt høgtalarkablar. Iallfall når eg konsentrerer meg, og når eg prøver ut ting fleire gonger over lang tid. Men eg har vanskeleg for å vere med på at kablane er det som får eit anlegg frå å vere berre sånn passeleg til å verte hi-end. Kablar er det siste eg brukar ressursane på, alt anna skal vere i orden før eg prøver å heve lydkvaliteten ved kabelskift.
Når det er sagt, innrømmer eg gladeleg at det skjer noko ved kabelskift. Men eg stiller meg ofte tvilande til dei mange fantasifulle teoriane om kvifor. Ved eit par høve har eg funne ut at skilnaden kom av dårleg kontakt. Og alt for ofte oppdagar eg at kabeltvinning forringar lyden i anlegget mitt. I staden for ein svinedyr, lang signalkabel, prøver eg å halde kablane korte og så ryddige som råd. Samanfletting, og framfor alt nærkontakt med straumleidningar, fører til støy og kan verke negativt inn på lyden.
Dårleg kontakt er også ein faktor som kan verke inn, og reinsing av kontaktene kan vere positivt. Eg meiner også at kabelplasseringa ser ut til å påverke lyden, og ser ikkje bort frå at det kan vere ein viss mikrofoni i ei leidning, sjølv om det strengt tatt ikkje burde vere rare greiene. Det kan ha noko for seg å legge høgtalarkablane på eit teppe eller halde dei oppe frå golvet på andre måtar, sjølv om eg ikkje har registrert tydelege høyrbare effekter av slike tiltak...

Men så var det dette med kabelvalet. Kva er det viktigaste?
Ut frå min ståstad er visse faktorar verd å legge vekt på, medan mange luftige tankar kan tonast ned, utan at eg skal seie så mykje om kva som er rett eller gale. Men uansett rår eg folk til ta kablane på heimlån, ha god tid, og stole meir på eigne øyrer enn på teoriar og hifiguruar. 
Dei viktigaste faktorane er for meg at kablane er solide, har gode kontakter som gjerne kan låsast (iallfall må dei ikkje dette ut for eit godt ord), og at dei handverksmessig held mål. Dårlege loddingar er det ikkje tilgjeving for. Dernest må dei kunne leverast etter mål etter dine behov, slik at du kan strekkje dei både så kort som råd, og utan at dei vert utsatt for interferens frå andre leidningar. Eg trur også at kablar bør ligge i ro, og det gjer dei lettast om dei er litt stive, ikkje for tynne eller for lette. Trafikk rundt anlegget kan føre til at dei flyttar seg, men er det litt vekt i sakene, held dei seg lettare i ro. Det finnest rett nok svært tynne kablar som skal vere fantastiske, men dei har eg så langt ikkje fått prøve. Så inntil vidare; tunge kablar er ynskjeleg.

Viablue: eit fornuftig alternativ?
Mellom alle dei ulike kabelleverandørar som gjer sine hoser grønne på marknaden, kom eg i kontakt med Xtremecable i Larvik, som importerer produkta frå tyske Viablue. Roy Solstad hadde fått sjansen til å prøve desse, og kommenterte dei i svært så positive ordelag. Eg vart nyfiken, og Jan Richard Karlsen frå Xtremecable sendte meg velvilleg det eg hadde bede om. Dessutan sa han at eg skulle få ta den tida eg trengte, sjølv om eg åtvara han - kabelutprøving bør ta skikkeleg lang tid, tykkjer eg.

Høgtalarkablar
I mi fyrste kabelomtale her på audiophile konkluderte eg med at høgtalarkablane var viktigare enn signalkablane, ut i frå at eg opplevde at dei har største innverknad på lyden. I mitt oppsett er det to effektforsterkarar, slik at det trengs dobbelt sett høgtalarkablar. Viablue sin forretningside er i tillegg til godt handverk også å vere fleksibel, slik at du sjølv lett kan tilpasse kva slags terminering du vil ha på kablane. For å gjere raske skift har eg vore gladast i bananpluggar, sjølv om dette kanskje ikkje er det som skulle gje best kontakt. På Viablue sine kablar sparte eg i utgangspunktet ikkje så mykje tid, sidan det var ein del styr med å skru bananpluggane på kabelen. Men til gjengjeld verka festepunkta svært så skikkelege, vridde seg ikkje eller gjorde anna irriterande tullball som eg av og til har sett på sjølv ganske kostbare alternativ. Dei vart festa på kabelen ved hjelp av ein umbraco-nøkkel, og sat dønn fast. Dei sluttar også svært godt til høgtalar og forsterkar.
I Viablue-alternativet er det også eigne bi-amp-høgtalarkablar, der ein kabel inneheld fire leiarar, og fire terminalar i kvar ende. For den som skal gå mellom effektforsterkarar og høgtalarar er det mykje ryddigare å ha ein slik biampkabel i staden for to vanlege, det er lettare å unngå snubling, og reinhaldet vert også enklare. Det einaste var sjølvsagt når eg hadde effektforsterkarane ståande med ein viss avstand. Jan Richard sa det var ingen problem med å ha lengre, separate endar på einskildleiarane på forsterkarsida, slik at det vart råd å plassere effektforsterkarane litt lengre unna kvarandre. Viktig å hugse på, dersom du har biamp der monotrinn og spesielt rørforsterkarar ståande med litt avstand, med tanke på kjøling og interferens.

Utprøvinga
Kabel er noko som diskuterast med stor energi, så eg hadde bestemt meg for å bruke mykje tid og energi for å finne ut graden av lydpåverknad desse Viablue-kablane hadde, samanlikna med mine faste høgtalarkablar. Eg går ikkje inn i detaljane rundt lytteprosedyrene, men nemner nokre viktige moment:
- eg brukte om lag 1/2 år på utprøvinga, og opparbeidde meg erfaring med å skifte kablar minst 30 gongar. -Intervallane kablane var i anlegget varierte frå nokre forsøk på A/B-samanlikningar, der eg skifta kabel fram og tilbake så fort eg kunne (slå av forsterkarar - koble frå - koble til - slå på forsterkar - halde fram med same musikkjelde), til å stå uendra i anlegget i ca 4 veker (prøvde då ut nytt forsterkarutstyr).
- kabelsetta vart brukte saman med alle komponentar eg hadde til utprøving i referanseanlegget for å sjå om ein eventuell lydsignatur var eit resultat av spesiell matching til ulikt utstyr, eller om kablane hadde eit eige særpreg.
- skifte av kabel i berre ein kanal, og samanlikning i mono vart gjort nokre gonger, men gav umiddelbart lite nytteverdi. Eg slutta difor tidleg med denne utprøvingsmåten mellom høgre og venstre kanal. Der var skilnad, men det gav ikkje relevant oppleving av tredimensjonalitet, og det er frykteleg vanskeleg å høyre skilnad på dynamikk og klang når ein spelar to kanalar samstundes.

Men eg hadde fått tilsendt eit komplett sett signalkablar, og starta utprøvinga med å skifte til Viablue heile vegen frå mitt noko samansette utgangspunkt. Så både høgtalarkablar og signalkablar delefilter, forforsterkar og frå signalkjelde vart skifta på same tid. Og sjokkerande nok reagerte eg umiddelbart på skilnaden i lyd. Kunne Viablue verkeleg heve kvaliteten på lydattgjevinga samanlikna med min noko fargerike kabelpark?
Då eg skifta attende til utgangspunktet, synte det seg at eine signalleidninga mi ikkje var i orden. Det var framleis kontakt, men litt bending førte til knitring, og ved direkte samanlikning med annen kabel, synte det seg at denne leidninga fanga opp støy. Det var tydelegvis eit kabelbrot på gang, og eg prøvde på nytt, med ein tilfeldig kabel eg tidlegare har opplevd har hatt OK kvalitet.
Mitt utgangspunkt var no mindre "uroleg" Likevel opplevde eg ved skifte at Viablue-kablane gjorde lyden meir dynamisk, og rydda bort ein del ørsmå støyproblem eg ikkje har fokusert på i det vanlege. Dette kan skuldast den doble skjermen til signalkablane, at dei var så stive at dei ikkje vart liggande på golvet, og hadde passelege mål, og dermed heldt seg unna kveliar med straumleidningar og ikkje så lett vart påverka av omgjevnadane.

Utprøving av signalkabel
Eg gjekk attende til mine eigne høgtalarkablar, og tok no til med utprøving av signalkabel åleine. Det mest dramatiske som skjedde, var nok det aller fyrste skiftet, då eg tok bort Viablue sine høgtalarkablar, noko som stadfestar min gamle fordom om at signalkablane ikkje har særleg stor innverknad på lyden samanlikna med desse...
Signalkablane til Viablue er svært solide saker. Etter fyrste kabelartikkel konkluderte eg med at signalkabel i svært liten grad påverkar lyden, men det er likevel grunn til å satse litt ressursar på dette. God kontakt og solidt feste er viktig, og Viablue sine pluggar er mellom det mest solide eg har vore bort i. Når du strammar dei fast, er det ingen sjansar for at dei lausnar, og dei er også så stive og solide at du både må ha ein dårleg dag og vere skikkeleg agressiv for å bøye eller øydeleggje loddingar. Dessutan er skjerminga upåklageleg, og ser ut til å sikre svært godt mot interferens frå nettleidningar og anna svineri. I litteraturen om kablane vert det fortalt at dei har dobbel skjerm, noko som kan forklare at det fangast opp mindre støy, sjølv om eg brukar vanlege, ubalanserte kablar. Når det vert mykje kabel hit & dit, kan det ofte verte problem når signalkablane vert liggjande tett på nettleidningane. Å rydde i dette kan for mange vere ei stor oppgradering, dersom det har vore lite påakta i utgangspunktet.
Eg skifta fram og attende fleire gonger, men vart ikkje fullstendig overtydd om at det er rekningssvarande å bruke enormt med ressursar og kronasje på eksotisk teknologi og materialval i signalkabel. Derimot opplevde eg Viablue-signalkablane som akkurat det eg trengte til anlegget, for dei heldt unna ein del støy som mine "fargerikt fellesskap"-signalkablar var plaga av. Mest utbreidd var denne støyen når kablane mellom elektronisk delefilter og effektforsterkar var lang, men generelt må det seiast at den kortaste kabelen på 0,5 meter hadde best og ganske umiddelbar effekt ved utskifting. Korte kablar er altså heilt tydeleg positivt, sjølv om anlegget i testperioden skifta mellom høg- og lågimpedante ut- og inngangar på forsterkarane.
Kvalitet for meg er skikkeleg skjerm, fråver av dårlege kontakter, stor tilpasningsgrad av kabellengde og så stive kablar at eg unngår at dei vert liggjande i kveilar av dårleg selskap. I så måte er Viablue sine alternativ rimelege og svært fornuftige.

Utprøving av høgtalarkablane
Etter denne grundige utprøvinga av signalkablane, var turen komen til høgtalarkabeltesten. Her var ting langt lettare å få med seg, og det går an å beskrive kablane sine eigenskapar meir nøyaktig. Mitt utgangspunkt er Synergistic Research Audio 2000, ein relativt rimeleg sak frå denne produsenten av svært så eksotiske kabelprodukt. Utprøvinga av høgtalarkabel er altså direkte samanlikning mellom eit dobbelt sett av desse og Viablue sine biampings-kablar. Og kablane var nøyaktig like lange, 3 meter.
Det var ganske greitt å høyre at Viablue slapp igjennom lyden med meir autoritet. Synergistic verka på ein måte litt avgrensande med dynamikken, meir tilbakehalden. Eg prøvde å flytte på kablane, men den ulike opplevinga av dynamikk var lik utan omsyn til slikt. Det verka heller ikkje som andre faktorar som kontakt spelte inn, bananpluggane var like faste i apparata. Og det var heller ikkje stor skilnad ved bruk av ulike forsterkarar, bortsett frå at Viablue kanskje fekk litt mindre løft under bruk saman med røreffektforsterkarar.
Når det gjeld tredimensjonalitet, er det meir usikkert. På visse innspelingar verka det som Viablue-oppsettet gav meir luft og romoppleving mellom instrumenta, medan andre innspelingar var direkte motsatt, og Synergistic gjekk av med "best"-lyden. Eg enda likevel opp med å like best eit oppsett beståande av Viablue komplett, Ming Da røreffektforsterkar 300 MC til øvre frekvensområde, Rogue Metis forforsterkar og min vinylrigg. Dette gav utruleg flott perspektiv og djupne i lydbildet. Det same skjedde med Teac Esoteric X-01 som programkjelde. Alle endringar i kabel ut frå dette oppsettet, førte til at lydbildet vart meir innsnevra, sjølv om kanskje overgang til Synergistic på ein del eldre vinylplater og analogt innspelte CDar førte til meir luft og subjektivt opplevd realisme.
Klangbalansen var ikkje så eintydig. Denne var i praksis ganske uavhengig kva kabel som vart brukt, og eg såg ikkje noko viktig poeng med kabelskift på dette feltet. Bytte av elektronikk førte til vesentleg større endringar.
Uansett var utprøvinga av desse kablane ei positiv oppleving. Eg fekk også ein digitalkabel tilsendt, men fekk ikkje gjort relevant utprøving av denne. Men eg noterer meg at det finnest massevis også av digitale alternativ, mellom anna ein skikkeleg solid TOS-link-kabel på 8 meter til berre 748 kr.

Spikes frå Viablue
Eg fekk også sjansen til å prøve Viablue sine spikes. Desse kjem i to utgåver. Dei fyrste kjem i fleire små deler, som du må sette saman sjølv. Dette er tidkrevjande, men ikkje vanskeleg. Dei siste kjem i eitt stykke, medan begge utgåvene har ein liten "tiøring" til å sette spiken på for å hindre merke i golvet.
I mi testperiode hadde eg høve til å utføre fleire forsøk. Fyrst i lytterom #1 med det gamle vinylbelegget. Deretter i lytterom #2 med keramiske fliser på golvet. Til sist attende i lytterom #1, men no med vår nye eikeparkett (og ullfilt).
I tillegg til dei to ulike spikes-typane frå Viablue, brukte eg også mine referanseføter frå Soundcare, og eit sett "puter" frå Holfi.

Lyden av spikes og sånt
Dette gjekk veldig greitt. Kanskje var det på grunn av min spesielle smak, eller eit direkte resultat av fire års tilvenning til Soundcare etter utprøvinga i 2002. Men i alle tilfeller opplevde eg Soundcare som det klart beste alternativet. Dels fordi bassen vart stramma opp, dels fordi dynamikken var meir nyansert og presis, dels fordi lydbildet var klippefast.
Men inntrykket av dei "samansette" spikesane frå Viablue var også merkbart betre enn dei "komplette", når det gjeld dei same aspekta si bass, dynamikk og lydbilde, iallfall i lytterom #1 før det nye golvet kom på plass. Du får faktisk sjansen til ekstra eksperimentering med desse samansette spikane, då du kan sette dei saman også på andre måtar enn den tiltenkte, men det eine forsøket eg gjorde med sånt, gjorde iallfall ikkje lyden betre enn ved forskriftsmessig samansetting. Dei fem alternative samansettingane fører også til deler til overs, som er vekkasta ressursar. Og handlingsrommet til justering er også dårlegare.
I same rom etter ombygginga, og i rom #2 vart spikane utelukkande plasserte på "tiøringane" for å ikkje øydelegge golvet. Dette fungerte bra, men krevde at eg justerte høgda nøye i rom #2, der golvet ikkje er dønn plant. Ved bruk av Holfi sine puter vart lyden meir ullen og mindre dynamisk i alle tre forsøka. Derimot har Holfi sine puter fugert svært godt i rom #2 då eit sett heimebygde Zachry diskotekhøgtalarar med 2x15" bassar skulle spele der. Men i besøk i rommet i kjellaren under lytterom #1, verka det som Holfi-putene faktisk tok unna ein del av basslyden i økter då eg spelte høgt, og var klart føretrukne av ho som bur under...

Konklusjonar rundt Viablue-produkta:
Når det gjeld signalkabel er mitt syn framleis at ein ikkje skal la seg forføre av luftige teoriar, spennande design og høge prisar. Kjøp for all del solide kvalitetskablar, men vurder nøye kva som er kvalitet for deg. For meg er kvalitet i denne samanheng forbunde med at kablane er korte og godt tilpassa, at dei er solide utan svake punkt eller dårleg kontakt, og at pluggane sit skikkeleg fast. Det ser også ut som skikkeleg skjerming er viktig. Såleis kan eg godt tenkje meg å bruke litt pengar på kabel, men ikkje så mykje at eg må gjere forsakingar på andre felt i anlegget. Det skal brukast fire signalkablar i anlegget mitt (frå to signalkjelder, frå forforsterkar og frå delefilter). Viablue har ting som eg tykkjer er svært fornuftige, og byr på akkurat dei kvalitetar eg vil sette pris på. Ikkje minst er god service og "skreddarsaum" noko eg er villeg til å betale for. Eg reknar ikkje med at du vil føle behov for å skifte ut desse.
Høgtalarkablane har dei same kvalitetane, og byr også på utmerka lydkvalitet, der dynamikk og tyngde i botnen vert skikkeleg formidla, og der også perspektiveigenskapar i det meste er tydelege og markante. Og dei mange alternativa og tilpasningane som kan gjerast, er eit stort pluss. Eg er spesielt fornøgd med at du kan velje mellom biamp, biwire og vanleg kabel. Og om du treng å spesialtilpasse noko, er det massevis av pluggar, strømper og anna ekstrautstyr.

Med spikes er ting ikkje så eitydig positive. Eg tek difor opp att konklusjonen om at du må vurdere valet mellom puter eller spikes ut frå eigenskapane høgtalarane har. Mine referansehøgtalarar er hybridelektrostatar på 40 kg, 1,85 meter høge, og med ei transmisjonslinjebasskasse nede. Slike relativt høge og lette høgtalarar skal tydelegvis heilt klart ha Soundcare under seg. Viablue sine større, samansette spikar kan vere eit alternativ, men vil prege golvet. Om du har vegg-til-vegg eller ikkje er så nøye, går det greitt, og lyden blir nesten så bra som Soundcare. Dei komplette spikane har igjen ein del av dei same eigenskapane, men i tilsvarande mindre grad. Bruk av tiøringar under spikesane er greitt, men reduserer den positive effekten merkbart.

Bruk av puter frå Holfi er nok eit alternativ for dei som treng å tenkje meir på naboane under enn på distinkt lydbilde og dynamikk.

Prisar:

Høgtalarkablar (eg brukte bi-amp-varianten)

SC-4 Silver Series Single-Wire Høgttalarkabel, 300 cm, 1 par 2698,00 kr
SC-2 Silver Series Single-Wire Høgttalarkabel, 300 cm, 1 par, 2098,00 kr
SC-4 Silver Series Bi-Amping Høgttalarkabel, 300 cm 1 par 3298,00 kr

Signalkablar (eg brukte 1 meter og 0,5 meters lengder):

Monosett stereosett         
NF-A7 Triple Shield Signalkabel, 50 cm     898,00                     798,00
NF-A7 Triple Shield Signalkabel, 100 cm   998,00                     898,00                  
NF-A7 Triple Shield Signalkabel, 200 cm 1198,00                    1098,00
NF-A7 Triple Shield Signalkabel, 300 cm 1398,00                    1298,00

 

NF-A7 Triple Shield Signalkabel, løpemeter 90,00/m

 

Spikes:(kjem i svart, krom, sølv og i gull)

Store, samansette: Ø 30 mm, sett på 4 stk 698,00 kr
mindre, komplette: Ø 18 mm, sett på 4 stk 248,00 kr

Link til produsent: http://viablue.de/

Link til importør: http://www.xtreme-cable.com/

Lest 5574 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.