Stig Arne Skilbrei
Seniorskribent i Audiophile.no
Ja so va da Horten igjen. Som julekvelden på kjerringa som vanleg. Men moro er det, og hyggelege folk og gjensyn. Redaktør Karl Erik, Arve og meg har det moro i lag - eg trur Karl Erik kjem til å skriva litt om opplevingane våre FØR messa. På sjølve messa var det god lyd frå mange rom, uansett korleis høgtalarane var stilte opp. Nokre sto rett fram, andre var vinkla inn, og mange sto nær bakvegg; forståeleg med tanke på små rom. Berre i eitt tilfelle var det openlyst feil etter mi meining, det var ein plass der høgtalarane var vinkla inn og sto veldig langt frå kvarandre. Det vart “dobbel mono” med ingenting i midten.
I førre dagboka skreiv eg om karakterfulle forsterkarar. Me held fram med karakterfulle høgtalarar. 3 store par er relativt grundig prøvd ut, eitt av dei er særs sjeldne, dei to andre meir vanleg men særs ytedyktige, det eine paret til og med særs rimelege, men kan hende dei beste, etter forsiktige modifikasjonar. Me byrjar med “pyramidane”, ikkje frå Egypt, men frå Electrocompaniet. Men ølet vert sagt å koma frå Egypt, opphaveleg. So då var ikkje den vitsen so dum likevel.
Eg gjer Hanna Paulsberg sine ord etter Tingingsverket laurdag til mine: “Do you Want my job? Do you want the hassle? Nei, det vil du neppe, men no er jobben gjort: Resten av Vossajazz 2024, laurdag og sundag.
Ja folkens det er Vossajazz att, eg har alt skrive ei lita påminning i februar-dagboka. Opningskonserten er kl. 6 i Vossasalen på Park Hotel med Øyunn, dvs Siv Øyunn Kjenstad, om få timar når eg skriv denne innleiinga. Seinare går det slag i slag heile helga. Veret ser ikkje bra ut med tanke på påsketuristane, men for oss svartkledde jazzarar passar det perfekt. Jazz er heldigvis ein inne-idrott.









