Stig Arne Skilbrei
Seniorskribent i Audiophile.no
Som eg skreiv i Dagboka nyleg, den 48. Vossajazz vert avvikla “as we speak”, fredag 24. september til sundag 26. Opninga var ved Edvard Hoem, og opningskonserten ved Flliflet Hamre “feirar for eiga dør”. Lite veit eg om dette, for alt var annsleis i år samanlikna med tidlegare år. Eg søkte om akkreditering og måtte spesifisera kva konsertar eg ville høyra, og smålåten som eg er sikta eg meg inn på færrast mogeleg konsertar heller enn flest mogeleg. Kvelden baud difor på Hildegunn Øiseth Quartet, Skarbø Skulekorps og Jaga Jazzist. Og endå verre: Me fekk ikkje pressekort som me kunne henga rundt halsen. Kva kunne eg då brifa med?
Kloss i ærverdige Tracteuren, lenge den einaste uterestauranten i Bergen, nøyaktigare i Jacobsfjorden 7, ligg ein høgst uvanleg “hifi-butikk”. Arve har alt vore der, og Radomir har vore oppe hjå Arve i Selje og levert utstyr til test. Det kan du lesa meir om under Arve sine artiklar/testar. Radomir eig og driv studioet saman med kona, begge frå Beograd i Serbia dessutan, og saman har dei to born, so langt, men kven veit kva dei kan finna på å laga til under neste nedstenging.