Wednesday, 31 December 2003 23:00

Dali Ikon 7

Written by

Har ungdommen andre lydpreferansar enn etablerte audiofile? Vi prøver oss på eit par doble utprøvingar av nokre Dali-modellar. Først vurdert av vår 17-årige gjesteskribent Kjell Omar Åhjem, deretter av Arve.

 


Ikon 7 er største modell i Ikon-programmet frå Dali. Danske godsaker, som du godt kan ha store forventningartil.

 


Utforming og design

Dette er ein svært slank og visuelt tiltalande høgtalar, som neppe vil utfordre interiøret i heimen i nemneverdig grad. Dei er pene, men har ganske konvensjonell utsjånad. Baksida har ein øvre bassport (i tillegg til bassporten nede, som er dekt av frontstoffet), og dobbelt sett høgtalarterminalar av skikkeleg, høg kvalitet samanbundne med ei kontaktplate. Alt er altså tilrettelagt for bi-forsterkning eller kabling for den som vil. Høgtalarane er golvståande og er 1,16 m høge (litt etter kva spike du brukar), men er berre 20 cm breie og 34 cm djupe. Høgtalaren prangar heller ikkje med høgtalarvalet som er godt dekt av frontstoffet, som går heilt ned til dei siste 18 cm over golvet, der også den forsterka frontplata i komposittmateriale tek slutt. Tar du av ramma, kjem tre 6 ” bassar til syne over bassporten. Desse ser heilt like ut, men det er berre to som jobbar med djupbassen, medan den tredje jobbar litt høgre i frekvensområdet.  Over desse sit ”ikonet”, ei avrunda plate med diskantelementa på. Ein dome tek seg av dei høgste overtonane, medan rosina i pølsa, banddiskanten er plassert over denne.

 

Produsenten tilrår som utgangspunkt at du stiller høgtalarane etter likesida trekant-prinsippet, der lytteposisjon og høgtalarar står i hjørna. Det vert ikkje tilrådd å vinkle høgtalarane innover, men eg fann likevel ei forsiktig vinkling innover fornuftig, spesielt i det minste, men også det største lytterommet (når avstanden mellom høgtalarane vart ganske stor.

 

Kjell Omar Åhjem sine kommentarar:

I starten måtte høgtalarane spelast inn. Dette tok tre veker etter at eg hadde pakka dei ut. I starten var dei slappe i bassen, og dei gjekk ikkje så djupt ned heller.

Etter at det hadde gått to veker med innspeling kvar dag så ofte og lenge eg kunne (medan eg var på skulen), tok bassen å lausne, og eg vart meir og meir imponert over kor djupt og høg bass dei kunne spele. Tidlegare har eg brukt eit byggesett med 2 stk 15” bassar pr kanal, og til å vere 6 ½” var Ikon 7 merkeleg nok betre. Kanskje ikkje til diskotekbruk, men iallfall i dei små romma eg prøvde dei i.

Etter tre veker med innspeling var dei klare for å spele høg og hard musikk. Eg testa høgtalarane med techno og heavy rock, og ville sjå korleis dei passa for ein ungdom med slik musikksmak.

Diskanten var mjuk og fin, og forandra seg ikkje uansett kor høgt eller lågt eg spelte. Dei spelte utruleg høgt utan at det vart ubehageleg å høyre på. Eg brukar ein integrert forsterkar Luxman A 373 på 130 W i 8 Ohm, og det verka som det var nok til mitt bruk. Basselementa såg nesten ikkje ut til å bevege seg sjølv når eg spelte skikkeleg høgt.

Dette er ein stuehøgtalar, men eg plasserte Ikon 7 på hybelen min. Denne er eit langt rom, over 5 meter, og 2,20 meter breitt, og skråar litt i taket i begge endar. Dei stod tett attmed sideveggen, med ganske mykje vinkling innover. Eg brukte dei også heime på rommet mitt (Arve sitt lytterom #3) som er om lag 3x4 meter, og her spelte dei svært bra. Det verkar som dei er enkle å plassere på grunn av at dei er smale. Men eg anbefalar å ikkje bruke dei til disko eller noko liknande, då finnest det billegare høgtalarar som kan vere like gode.

Generelt er Dali Ikon 7 ein verkeleg god og stabil høgtalar som eignar seg til alle typar musikk. Minuset er at det er jo alltid ein høg pris for gode høgtalarar. 12000kr synest eg er litt mykje for ein ungdom utan andre inntekter enn sommarjobb.  Men materiale og oppbygning med slik kvalitet kostar, så viss du har pengane, er dette ein høgtalar eg vil anbefale.  Dei fungerte godt med min forsterkar, så du treng ikkje blakke deg på å skaffe ein frykteleg dyr forsterkar.

 

Vidare kommentarar av Arve Åheim

Lydmessig er Dali Ikon 7 ein uvanleg god sak, både ut frå utsjånad og pris. Det litt slanke kabinettet gjer at høgtalaren har svært lett for å ”forsvinne” og skape eit stort, tredimensjonalt lydbilde. Vi må vel også gje bandelementet ein god del av æra for dette. Med å plassere dette såpass høgt oppe, får du sterke assosiasjonar til line-sorce-konstruksjonar, berre du ikkje sit for langt unna. Men du slepp ulempene med slike konstruksjonar, då dome-diskanten er plassert akkurat i øyrehøgd, og gjer at diskant og øvre mellomtone perspektivmessig definerast på ein måte du normalt ikkje kan rekne med frå anna enn svært mykje dyrare konstruksjonar. Noko anna som også er uvanleg, er at Ikon 7 fungerer like godt perspektivmessig i ganske små rom. Eg prøvde dei i mitt lytterom #3 med svært godt resultat, og må seie at eg ikkje har lukkast å få like gode perspektiveigenskapar ut av dette rommet med andre golvståande høgtalarar.

Når det gjeld dynamikken er Ikon 7 fyrst og framst heilt kontrollert. Nyanseringsevna er storarta, utan at det på nokon måte går ut over det musikalske. Som basskonstruksjon er dette svært bra. Ikkje slik at bassen vert helden stramt attende, men ting er under fullstendig kontroll. Høgtalarane fortener ein godt påkosta forsterkar, for midbassområdet er uvanleg godt.  Og banddiskant + dome er så godt avstemt til basselementa at vi snakkar om ein svært god formidlar av den naturlege klangen. Eg tilrår mykje effekt, men også små rørforsterkarar fungerer forbausande bra om du ikkje skal spele for høgt. Perspektiveigenskapane til Ikon 7 er nemleg så gode at du absolutt bør få dei med. Og det gjer du best ved hjelp av gode rørprodukt. Med Rogue Metis eller Vincent SA 31MK kunne Ikonane avsløre detaljane på dei beste innspelingane på ein glimrande måte.

 

Å spele Ioni Mitchell på Ikon 7 er berre heilt rett. Måten stemma vert brukt som instrument kan ikkje komme betre fram. Ladysmith Black Mombazo er flott, men det må innrømmast at dei analytiske eigenskapane til høgtalarane er såpass presise at det er lett å fokusere på tekniske sider ved song- så vel som opptaksteknikk.

Vi har altså på svært mange måtar med ein ekte hi-end høgtalar å gjere. Det er viktig å bruke tid på plassering og kroner på utstyret elles. Eg fekk dei best til ved plassering relativt nær bakvegg. Dei tåler også å stå langt frå kvarandre og ganske nær sidevegg utan at du får hol i midten eller sterkt preg av veggrefleksjonar. Plassering etter tredjedelsregelen gjer dei litt for analytiske etter min smak.

Av mykje elektronikk eg har prøvd saman med dei, likar eg svært godt Onkyo A1 om eg fokuserer på dei analytiske, hi-end eigenskapane. Om eg skulle ha musikkengasjement som hovudfokus, er det kanskje rørforsterkarar som er tingen – og om du ikkje er ein dynamikk-freak, må du ikkje dei største wattmengdene for å få det moro. Eg prøvde dei med 25 Watts monoblokker frå Antique, og dette spelte høgt i massevis. Men klangbalansen til desse forsterkarane var litt spesiell, så sjølv om perspektiveigenskapane var glimrande, må eg seie at det ikkje heilt var etter min smak. Det kunne også vore litt meir styring på basselementa.

Ved bruk i det største lytterommet mitt vart det bruk for mykje effekt, og dei små 25wattarane kom til kort når lydtrykka vart litt utagerande. Eg prøvde Ikonane med det nye forsterkarsettet frå Vincent SP331MK/SA31MK. Her synte det seg at Ikon 7 har stor nytte av dei gode dynamikkeigenskapane og kontrollen av basselementa som dette settet byr på. Og det går like greitt om du brukar enkle høgtalarleidningar av god kvalitet som om du biwirar.

Klangbalansen ved bruk av Vincentsettet var også tiltalande. Spesielt tykte eg at den rike bassen frå SA 31MK engasjerte. Men eg var ikkje heilt fornøgd med perspektiveigenskapane. Heller ikkje då eg skifta forforsterkar til ”perspektivfantomet” Metis frå Rogue audio var perspektiveigenskapane så gode som over dei dynamisk svakare rørforsterkarane. Med min Copland effektforsterkar gjorde eg det beste kompromisset, og eg ville vurdert å spandere svært god elektronikk til samlivet med desse høgtalarane. Rogue Metis er eit godt val, og kanskje også den rimelegaste rørforsterkaren derifrå.

Av dette sluttar eg at Ikon 7 gjerne vil ha om lag tre-fire gonger så mykje kvalitetswatt som kvadratmetertalet på rommet dei skal spele i. Og at dei klarer å gje att svært mykje av perspektiv når elektronikken er god nok. Høgtalarane klarer seg svært godt også med enkle ting, og spelar musikalsk og greitt på ganske rimeleg elektronikk. Ut over dette har dei kvalitetane til langt meir kostbare rasedyr, og bør såleis påspanderast så god elektronikk som du kan sjå deg råd til.

 

Biamp og heimekino

Eg prøvde dei også i heimekino-oppsett i lytterom #3. Dei gjorde ein fantastisk jobb, og det må seiast at i mitt ganske enkle oppsett var Ikon 7 overkill. Likevel vart det skikkeleg moro når eg brukte den rimelege Denon AVR-2106 i biamp-modus. Med Mirage subwoofer under 40 Hz og Ikon 7 som hovudhøgtalarar, vart lyden dynamisk sett verkeleg i toppklasse. Men om ditt ynskje er å bruke Ikon i heimekinoen, bør du bruke full Ikonpakke med høgtalarar, og rekne med å spandere ein skikkeleg sum på elektronikken. Musikalsk sett fungerte dei faktisk best utan subwoofer, og greidde seg godt saman med Denon. Med Marantz SR 5600 surroundreceiver vart bassen ikkje tilfredsstillande utan subwoofer, og då helst med høg delefrekvens på 80 Hz.

 

Tre små foto som syner 1. enkel kabling, 2. fjerning av mellomstykka, som må gjerast før ein biampar, og 3. tilkopling av separate kablar for bass og diskant. Tilsvarande må sjølvsagt gjerast også på forsterkaren.

 

Konklusjon:

Ein alvorleg god høgtalar. Kontroll, perspektiv og nøytralitet er dei sterkaste sidene. Svært rekningssvarande i stereoanlegg, der dei leverer i samsvar med anlegget elles, inntil ganske mange titals kilokroner. Dei kan fungere relativt godt med rimeleg elektronikk, men er av natur rasedyr som ikkje syner sitt fulle potensiale før dei får skikkeleg gode samarbeidspartnarar. Har du råd til det, bør du tenke biamping.

Til heimekino er dei også glimrande, og sidan Dali har eit komplett Ikon-program, er det vel verd å studere utvalet med tanke på å få det beste ut av både filmar og musikk.

Ein allsidig hi-end-aspirant i gunstig prisklasse, og ein høgtalar du kan vekse med.

 

Tekniske data frå produsent:

Bassreflekskonstruksjon, avstemt til 35 Hz

Frekvensområde ±3dB:        36 – 30000 Hz

Spelar 92 dB på ein Watt på ein meters avstand. Max SPL: 112 dB

Delefrekvensar: 600/2900/14000 Hz

Tilrådd effektforsterkar mellom 25 –200 Watt

Element:   3 x6,5”, 28 mm dome, 17x45mm banddiskant

Mål:        114x20x34,2 cm

Vekt:       23 kg.

Pris:        11 996 kr

Importør: www.hifiklubben.no

Read 8676 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.