Av Arve Åheim, januar 2009
Stativhøgtalarar kan ikkje spele bass, du liksom….
I diskusjonar har eg ofte høyrt at store høgtalarar er best, når andre faktorar er like. Og eg har sjølv til tider argumentert at det er dumt å bruke plassen under høgtalarane til dyre stativ, i staden for ganske enkelt å forlenge høgtalaren ned til golvet. Det ekstra kabinettvolumet kan då brukast til å senke eigenresonansen så langt ned at basselementa får hjelp til å spele verkeleg djupt.
Den ekstra bassen er stort sett velkomen, så eg har aldri eigd eit par stativhøgtalarar i hovudanlegget. Eg har alltid helde meg til dei store, ut frå prinsippet om at ein god tungvektar stort sett dankar ut sjølv ein verdsmeister i flugevekt. Men eg har ofte snakka varmt om småhøgtalarar, og har latt meg fascinere av dei gode evnene slike har til å utbrodere instrumentplassering og perspektiv, såkalla ”pinpoint”-eigenskapar. Men eg har fleire gongar høyrt store høgtalarar med glimrande pinpointing, utan at eg har fått både mjølk og honning når eg har gjort det motsette; altså lytta til småhøgtalarar.
Før no!
I jula har eg køyrt ein veldig interessant testløype med småhøgtalar frå Dali. Og vesle Helicon 3002 har fått meg til å tenke grundig over om eg må revurdere mitt syn på kva som er teknisk gjennomførleg å få ut av relativt små kabinett.
No er Helicon 300 eigentleg ikkje nokon liten høgtalar. Kabinettet er på ca 12 liter brutto. og utstyrt med ein bassrefleksport som må vere ein av dei mest velukka eg har vore bort i. Som mange av mine favorittsmåhøgtalarar er her også banddiskant, sjølv om Helicon også er utstyrt med ein dome-diskant.
Høgtalarane var heilt nye då dei kom til meg, og dei tok ei god stund å spele dei inn. Etter fjorten dagars bruk med musikk fleire timar i døgnet, var det framleis mindre endringar å høyre, men ikkje verre enn at den seriøse lyttinga kunne ta til. Klangbalansen var på plass, og opplevdes ved fyrste øyrekast som open og luftig, men med eit svært så akseptabelt bassfundament.
Ein annan ting er overflatebehandlinga. Helicon har svært flott trefinér som har fått lakklag på lakklag, og ein glans som fortel alle at dette er ein kostbar juvel som ikkje kan unngå å gjere sjølv den mest kritiske interiørarkitekt fornøgd. Det er altså ein vakker liten sak som står her, og eg må innrømme at eg til dels var veldig godt fornøgd med utsjånaden, sjølv om eg som alltid held dei lydlege eigenskapane som langt viktigare enn design. Men utforminga av kabinettet med avrunding, og ei spesielt solid frontplate er ikkje berre for det estetiske. Dei lydlege kvalitetane som gjer Helicon til ein betre høgtalar enn dei mindre slektningane sine, heng nok saman med nettopp dette.
Eg opererte med to stativ, og desse hadde til dels stor innverknad på lyden. Men det får vi komme attende til seinare. Her skal eg prøve å beskrive lyden så presist som råd.
Det var engasjerande å høyre klangbalansen til Helicon 300 mk 2. Dome-diskantane gav godt med luft til overtoneregisteret, og tilfører eit imponerande inntrykk av luft over instrumenta. Banddiskanten jobbar nok litt lågare i frekvensområdet, og syter for at reproduseringa av rom og instrumentplassering er svært bra. Med direkte samanlikning mot Raidho C1 syner det seg at ein rein banddiskant åleine faktisk gjer den perspektivmessige jobben endå betre. Til gjengjeld er Heilcon 300 mk 2 mindre kritisk til plassering både i høgde og når det gjeld vinkling mot lytteposisjon. Klangbalansen verkar meir open, men det kostar fokus og perspektiv.
Eit anna felt er bassen. Det er faktisk slik at Helicon har veldig fin bass, og kryp klart under 40 Hz. Vi er heilt på grensa til at dei nesten greier jobben med DSOTM-hjarteslaga, men ikkje heilt så godt som golvståande høgtalarar av ei viss klasse. Men til gjengjeld er det rein og ganske ufarga bass som kjem fram, og gjev inntrykk av svært høg lydkvalitet. Særleg når det høgtalarane får arbeide i lag med elektronikk av det meir eliteprega slaget. Såleis er det frydefullt å lytte til kombinasjonen Helicon/Nelson Pass. Den totale klangbalansen, samanhengen mellom dei ulike frekvensavsnitta, er veldig god; detaljert, musikalsk og gjev dessutan på same tid eit nøytralt inntrykk.
Dei dynamiske eigenskapane er gode så lenge vi held oss i vesle lytterom #3 på 11 m2, men høgtalaren druknar litt når dei kjem i større rom, og i mitt største lytterom på 41m2 var nærfeltslytting det einaste fornuftige.
Eg brukte som sagt to stativ, og dei konvensjonelle var heilt greie. Litt lågare enn det eg heldt for idealplassering, men dette gjorde faktisk ingenting, i motsetnad til den svært så like Raidho C1.
Perspektiveigenskapane var godt akseptable, og plasseringa rimeleg enkel. Dei hadde godt av å vere litt lenger frå sideveggane, kanskje 60-70 cm, men var mindre kritiske på vinklinga, og kunne dessutan vere ganske tett på bakveggen, eg opplevde faktisk 40 – 50 cm som svært bra, og fekk då riktig så god bassattgjeving. Til gjengjeld er nok C1 vesentleg kvassare i teikninga av perspektivet under optimal plassering, og nyanserer det dynamiske på ein endå tydelegare måte.
Superstativ
Med stativa som er utvikla for C1, skjedde det eit utruleg løft innan alt som kan kallast presisjon, og Helicon tok til å opptre som ein hi-end-konstruksjon for alvor. All dynamisk nyansering vart tydelegare, og bassen fekk noko av den same oppklaringa og presisjonen som ein oppnår ved bruk av Soundcare og andre gode høgtalarføter, berre i til dels mykje sterkare grad. Det einaste som no frustrerte meg ei aning, var ein noko dårlegare presisjon innan perspektiveigenskapane enn det eg forventa av ein høgtalarkonstruksjon med banddiskant. Det er nok dome-diskanten som verkar inn her, og gjev eit anna spreiingsmønster enn bandkonstruksjonen. Du må altså pårekne ein del eksperimentering med vinkling, avstand til sideveggar og innbyrdes avstand før du vert heilt fornøgd. I eit lite, og godt dempa rom, vert dette arbeidet minimalt. Eg var i ferd med å gå for ei diagonalplassering av Helicon, men fekk det ikkje skikkeleg til av praktiske årsakar med møbleringa. Eg vil likevel oppfordre brukarar av Helicon til å eksperimentere med dette, her er eit tydeleg potensiale.
Lytteøkta i det 24 m2 store lytterom #2 var i knappaste laget, men desse relativt små høgtalarane var svært overtydande også i dette rommet med tanke på dynamikk og bassattgjeving, iallfall når den kraftige Pass INT 150 fekk vere konsertmeister. Djupare bass kan rett nok påreknast ved større høgtalarar, men saknast berre under avspeling av spesielle plater der bassen er eit poeng, slikt som Yello ”The Eye” og den slags er greitt nok attgjeve, men ikkje på husriste-nivå.
Konklusjon:
Dette er den beste Dali-høgtalaren eg har prøvd i eigne lytterom, og det har vore ei svært god oppleving. Det er svært mykje positivt å seie om Helicon 300, og det er få avgrensingar som vil frustrere ein eigar. Til store rom ville eg sett etter ein større høgtalar eller brukt eit subwoofer i tillegg. Det same vil vere nødvendig om du er svært bassglad og likar lydtrykk passande til diskotekbruk. Men ein kritisk musikkelskar vil klare seg godt, iallfall om han finn forfina elektronikk som er godt dimensjonert.
Dali Helicon 300mk2 Pris: 25 800 Frekvensområde +/- 3dB 37 -27k Hz SPL max 108 dB
SPL 1 W 86 dB
Nominell impedans 4 Ohm
Minimum impedans 4,3 Ohm
Tilrådd effekt 50 -200 W
Delefrekvensar 3400/13000 Hz
Diskantar 1X25 mm. Dome
1*10*55 mm banddiskant
Basselement 1*6,5”
Kabinettype Bassrefleks
Eigenresonans 34,5 Hz
Storleik 43,5 *20,7*37,3 cm
Vekt 10,5 kg