Av Kjell Omar Åhjem, desember 2005 Mine krav til ein god høgtalar er: Eg har brukt dei på ein liten hybel, men også på lytteromma til Arve. Som signalkjelde brukar eg av og til CD, men oftast PC, og har mykje nedlasta musikk. Forsterkaren min er ein eldre Luxman A373 som leverer 2x130 Watt i 8 Ohm. Dali Concept 8 tek seg godt ut når det gjeld utsjånad. Dei er ikkje akkurat små, men ikkje så høge som Dali Ikon7, sjølv om dei er litt breiare. Dei har også fin overflatebehandling av treet på overflata, og stoffet på fronten er også pent å sjå på. Det er lett å ta av, slik at du kan sjå dei to 8” bassane, 5” mellomtone og dome diskantelementet. Ikon7-høgtalarane eg testa fyrst, hadde to sett høgtalarterminalar på baksida. Concept har berre eitt, men det er heilt greitt. Eg tykkjer det er unødvendig med to sett kablar, for lyden vert ikkje noko særleg betre av den grunn. Lyd Når det gjeld lyden, tok det ei god stund før det gjekk an å meine noko bestemt, for det utvikla seg dag for dag. Det tok cirka to veker før alt var stabilt. Då høyrde eg slik bass som eg leita etter, med stor slagkraft, men utan tull og rotete lyd. Eg vart imponert over kor høg og kraftig bass det var i desse høgtalarane, som tross alt ikkje er så forferdeleg store eller dyre. Diskanten er også høg og fin, ikkje minst uvanleg klar i lyden utan å vere skrikande eller irriterande. Eg spelte mest på desse høgtalarane med ein Luxman A-373. Eg synest at Concept 8 spelte vanvittig bra saman med denne ganske gamle forsterkaren. Eg testa også ein rimeleg, mindre surroundforsterkar frå Yamaha på Conseptane, men det vart bare buldring i bassen og stygg diskant. Du bør nok ha ein ganske kraftig forsterkar til dei. Meir innspelingstid. Etter at eg hadde hatt Conseptane i nye to veker, oppdaga eg etter å ha satt på ein låt med mykje bass, at eg kunne skru volumet endå meir opp utan tendens til skurring. Eg spelte svært høgt, og høyrte resultatlaust etter skurring i diskanten eller buldring i bassen. Alt var heilt reint, og ting verka mykje livlegare enn då eg spelte med liknande lydtrykk for 14 dagar sidan. ……eg sitt og høyrer på no når eg skriv dette, eg går liksom i ”transe”…(heheJ)….det er heilt uvanleg å høyre sånt frå eit hifianlegg, du må elles på livekonsert for å få same stemninga. Eg sat og grubla lenge på dette, men til slutt fann eg ut at høgtalarane og forsterkaren min er det perfekte paret. Ikkje verst når eg har ein ganske rimeleg (men kraftig) gammal forsterkar. Konklusjon Dali Concept 8 er altså ein høgtalar heilt etter min smak. Eg kjem til å kjøpe desse sjølv. Ikkje for dyr, og i stand til alt det eg ynskjer meg. Det finnest også senterhøgtalar og subwoofer i same serie frå Dali, om eg ein gong skulle få lyst til å lage heimekino. Eg er altså ganske sikker på å sleppe utskiftingar. Arve sine kommentarar: Krava eg har til høgtalarar er ikkje så ulike dei Kjell Omar har. Men eg legg ikkje så avgjerande vekt på evna til å spele høgt. For meg er det viktigaste at lyden er godt oppløyst, spesielt når det spelast lavt. Rik attgjeving av detaljar heng saman med dette. Når høgtalarane klarer dette skikkeleg, er regelen at også eigenskapar som tredimensjonalitet og perspektiv vert godt tatt vare på. Til sist har eg strengare krav til klangnøytralitet, at ein høgtalar må vere godt avstemt mellom dei ulike frekvensavsnitta. Concept 8 er noko av det billegaste når det gjeld golvståande høgtalarar du kan få tak i. Dei er likevel anstendige når det gjeld lyden, og er absolutt i stand til å levere i samband med det meste av rocke- og popmusikk du kan finne på å spele. Samanlikna med Ikon 7 får du ein langt meir lettdriven høgtalar med mykje punch. Ikkje så presis og detaljert i bassen, og langt frå dei same perspektiveigenskapane, og den flotte romopplevinga. Men du slepp dei store forsterkarinvesteringane som bør fylgje Ikon, og kanskje lettare tilgjengeleg speleglede. Ved bruk saman med rørforsterkarar tykte eg lyden vart endå betre enn på Kjell Omar sin gamle Luxman A373. JoLida med EL84 på 20 Watt er ikkje meint å drive slikt, men det gjekk forbausande bra, sjølv om du ikkje får ut det store dynamiske potensialet til Concept 8. Du fekk heller ikkje JoLidaens fine perspektiveigenskapar til å komme til sin rett. Ved å gå opp til MingDa MC34-A med 35 watt og EL34-rør, stilte tinga seg ganske annleis, spesielt på lytterom #3 som ikkje er så forferdeleg stort. Også i triodedrift greidde denne forsterkaren å kontrollere bassen anstendig, og det vart faktisk mykje tredimensjonalitet og perspektiv å høyre frå desse rockarane. Direkte nydeleg på 10CC og Supertramp, og også klassiske opptak vart langt meir lytteverdige. På litt røffare musikk var det også lett å forstå dei som meiner rock og rør høyrer saman. Og vi snakkar om ein svært rimeleg kombinasjon. Men i større rom bør du nok ha meir effekt, sjølv om klang og dynamiske nyansar var svært bra. Dali - Ikon eller Concept? Skulle eg velje, ville eg nok gå etter lommeboka. Ikon7 er høgtalarane mest etter mitt (litt for audiophile?) hjarte, men det vert lett kostbare saker. Eit skikkeleg godt Ikon7 stereo-oppsett vil saman med elektronikk gjerne passere 40-50 000 om potensialet i høgtalarane skal frigjerast fullt ut. Du bør ha eit godt rom til dei, og ikkje gjere for store kompromiss når det gjeld plasseringa. Concept 8 er langt enklare å ha med å gjere. Dei er ganske lette å stille opp skikkeleg. Dei kostar 7kkr der Ikon kostar 12, og dei kan klare seg med ein forsterkar til 4 – 5000 og ein endå rimelegare CD-spelar. Sjølv om dei er oppgjevne til å vere meir tungdrivne enn Ikon7 (spelar 90 dB i staden for 92 dB, altså treng du i prinsippet 100 watt der Ikon kunne klare seg med 60) , syner det seg i praksis at dei klarer seg med ein MingDa MC34-A, som er ein relativt moderat rørforsterkar, men med svært fine klang- og dynamikkeigenskapar. Concept 8 er i praksis vesentleg lettare å ha med å gjere for forsterkaren, spesielt når "hestekreftene" fyrst er på plass. Ikon 7 avslører meir av forsterkaren sin kvalitet, spesielt når det gjeld klang og perspektiveigenskapar. Concept 8 er rein musikkglede med enkle midlar, utan "primadonnanykker" med tanke på andre rammevilkår, og for 7000 er det eit godt kjøp. Det er også verd å merke seg at Concept også leveast i ein større modell 10 og ein mindre modell 6, så her må tilpassing til lommebok og rom vere ganske greitt. Det som gjer at eg i lengda helst ville gått for Ikon 7, er perspektiveigenskapane. Her er Concept 8 avhengig av eit ganske stort rom, og store avstandar for å gjere det optimalt, og Ikon7 klarer dette uansett betre. Men når det gjeld speleglede og musikalske eigenskapar, er Concept 8 i høgste grad ein verdig konkurrent til den trass alt litt meir formelle Ikon 7. Tekniske data frå leverandør: Importør: www.hifiklubben.no Pris: 6 996.00 kr
Den eine høgtalaren hadde fått skade på eit hjørne då dei kom til oss. Det var ikkje skade på emballasjen på hjørnet, men skaden har nok skjedd under transport likevel. Dali sin Concept-serie er bygde i Kina, men alle produkta har vorte kontrollerte i Danmark. Fabrikken har god kvalitetskontroll, og då vi tok opp dette med Hifiklubben, har fabrikken vore bort i denne typen skadar tidlegare, sjølv om slikt sjølvsagt ikkje skal skje.
Eg meiner det er dumt å bruke for mykje pengar på stereo og lyd, iallfall utan å prøve ting heime på førehand. Det er ikkje sikkert at ein forsterkar til 100000kr og høgtalarar til 500000kr spelar bra i lag, medan du kunne vore meir fornøgd med mykje rimelegare utstyr.
Dali lagar høgtalarar i alle priskategoriar. Concept-serien er mellom dei rimelege. Vi lar vår ungdomsskribent Kjell Omar Åhjem prøve dei ut, med kommentar frå Arve til slutt.

Arve Åheim
Skribent i Audiophile.no
This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.Latest from Arve Åheim
- TEST: Larsen 8 – lydleg realisme
- TEST: Vera P150/600 RS
- TEST: Sigberg Audio – nytt norsk design av gammalt konsept
- Forsterkar utanfor det normale – sommarsoge
- TEST: Primare R35 - riaaforsterkar
- TEST: Musical Fidelity M8s forsterkarsett
- TEST: The LOOP frå Soulines
- Topping – utprøving av toppserien D90/A90/Pre90
- Råd til neste vinylgenerasjon - eller korleis velje ein fornuftig platespelar for den som ikkje har gjort det før...
- TEST: Dual CS 455-1 Noblesse - Ei positiv overrasking!
- TEST: Kiseki Blue pickup
- TEST: Dual CS 800
- TEST: SOULINES Kubrick DCX – Nytt platespillermerke i formel 1-klassen
- TEST: Apollon – greske, guddommeleg gode rørforsterkarar.
- Test: AONIC 50 - Shure lagar øyretelefonar
- TEST: Matrix X-Sabre PRO MQA, ein ambisiøs sak
- Leonard Cohen - You Want it Darker
- TEST: Vera Audio P400 / 1000 - A Norwegian Dark Horse gets on the track
- TEST: Vera eller ikkje vera – det er spørsmålet.... P400/1000 norsk Dark Horse kjem på banen
- REVIEW: NCH 700 - Bose challenge Bose