Tuesday, 09 November 2021 17:37

Quad ESL 57 og meir – Stig Arne si dagbok oktober 2021 Featured

Written by

Raud løpar, Rolls Royce og The Electrostar: Quad ESL 57. Men mest om Quad-ane, etter ei vitjing hjå Lars Tørressen. 

Som eg skreiv i førre Dagboka, var eg ein tur te bydn (Bergen) i samband med noregspremieren på ein film eg har ei rolle i. I samband med dette vart eg intervjua av Nrk lokal, og filmen vart omtala i Bergens Tidende fredag 22. oktober. Der sto det at “vossing fekk stor plass”, og då vart eg litt nervøs, for eg hadde ikkje eingong sett filmen. Eg trudde innslaget med meg var kort og ubetydeleg. Men når regissør Gunnar Hall Jensen forklarar "Derfor  har han hatt et utall stereoanlegg i Rolls-Royce-klassen hjemme i stuen til testing og omtale” lo eg høgt. Jo, eg både har og har hatt ein del brukbare anlegg her, både til testing og i eige, men det er vel ikkje akkurat det eg er kjend for i dag. Eg har gjort det til signaturen min å ha enkle, rimelege og usnobbete ting, som likevel spelar godt, av di dei er optimalt utnytta. Gjerne brukt og av eldre dato. Under kan du lesa om eit godt døme på det. Lars har all verdens utstyr, men i høve besøket hadde han kopla opp eit anlegg som nesten ikkje kosta nokon ting, og som likevel er det beste eg har høyrt på lenge.     

Lars Tørressen er ein mann med mange dugleikar. Han er arkitekt, instrumentbyggjar, instrument spelar, elektronikk-kyndig og dessutan ivrig audiofil. Han er i tillegg familiefar, og (dei) eig eit flott gamaldags trehus i Skivebakken i Bergen. Har eg sagt dette før? Det er so vanskeleg å hugsa kva eg har skrive før og kva ikkje.

Eg er nemleg ofte inom når eg har ærend i Bergen, og tek som regel bilete, og har alltid planar om å skriva litt om det for Dagboka. Kvar gong - eller i alle fall ofte - gløymer eg å setja meg ned og skriva det ut, og etter ei veke eller to er det for seint, for då hugsar eg for lite. Men eg har tenkt å byrja eit nytt og betre liv, for eg har nyleg vore på vitjing hjå han att, og no sit eg her og skriv, faktisk dagen etter! Og det skal koma fleire reportasjar frå den kanten, for Lars er alltid i gang med noko nytt. Det er alltid noko å sjå og læra hjå han Lars. Dessutan er han ein framifrå kokk, slik at me kan ta pausar med litt mat og eit glas raudvin eller eit par øl innimellom.

QUAD ESL 57: The electrostar

Og denne gongen hadde han verkeleg noko heilt spesielt å syna fram. Eg hadde vore i Bergen heile helga i samband med framsyninga av filmen eg hadde ei rolle i (sjå førre dagboka), og var framleis i Bergen måndag, av di eg var so full søndagen at konduktøren ikkje slapp meg inn på toget. Det er ikkje sant. Men det er sant at eg vart brisen att utpå kvelden i lag med min gode ven Rene, der eg overnatta. Måndag utpå dagen ringde eg Lars og spurde om han ville ha besøk, før eg tok toget heim. Det ville han absolutt, og føreslo at han kunne kopla opp elektrostatane, som nyleg er ferdig reparert. Jepp! QUAD ESL 57! Den opphavelege Quad elektrostaten, av mange rekna som ein av verdas beste høgtalarar, innanfor sine avgrensingar. Utvikla av Peter Walker, i butikkane i 1957, og produsert i fleire tiår frametter. Dette er ikkje ein vanleg dynamisk høgtalar, men ein elektrostat, eit heilt anna prinsipp. For uinnvigde ser han ut som ein varmeomn; for meg er det verdas vakraste høgtalar. Ja eg visste jo at Lars hadde skaffa seg eit par slike, kjøpt billeg, sidan det knapt var lyd i dei, grunna elde og det særskilte prinsippet. Dei måtte fiksast og "ladast opp", for å seia det enkelt. Det har Lars ordna, og no spelar dei som nye. Og dei ser nesten ut som nye og. Her har Lars vore utruleg heldig. I sopass gamle høgtalarar er som regel grillen bulkete og stygg. Eg har lese at Quad aldri tente eit øre på desse høgtalarane. Dei var nemleg ikkje særskilt dyre, men er komplekse og var nok dyre å produsera og montera.

Du kan lesa om dei på nettet, men her er ei kort oppsummering, sidan redaktøren ville ha litt meir om oppbygginga: Quad ESL fekk seinare tilnamnet 57, som er fødselsåret. Det er verdas fyrste serieproduserte elektrostathøgtalar. Her er ingen vanlege dynamiske element, og difor heller inga kasse. Høgtalarane er tynnare enn ein flatskjerm. Ein høgresistiv mylarfilm er spent opp mellom to perforerte (gjennomhola) plater med høgspenning på. Det er den tynne mylarfilmen som spelar, han  veg nesten ingenting og er difor lynrask. Eit basselement på kvar side (i breidda), og eit mellomtone/diskantelement i midten. Ikkje-kyndige må liggja langt unna alle edlare deler. Lars sine eksemplar er relativt nye, frå 1977, og difor velfungerande (og umodifiserte). Lars har berre gjort vedlikehald og bytta ut nokre vitale deler i straumforsyninga/høgspenningsforsyninga. Eg skulle so gjerne ha skrive meir om dette, eg har sjølv hatt slike høgtalarar ved ikkje mindre enn to høve (og skulle ynskje eg hadde dei framleis); og veit ein del om dei. men då vert artikkelen lang og uleseleg for alle andre enn spesielt interesserte. Kan henda seinare ei gong.    

Lars hadde kopla -statane opp saman med ein relativt nyinnkjøpt (brukt) NAD 3020A - eg har nok påverka han litt der. Dette for å gjera oppkoplinga rask og enkel, i ei mindre stove i andre høgda, kor eg ikkje har vore før (hovudanlegget er i ei større stove i 3. høgda). Valet av forsterkar er ikkje tilfeldig. Nad 3020 er kjend for å kunne driva alt, inklusive låge impedansar, og har i tillegg ein “soft clipping”-funksjon, som glattar ut forvrenging om du spelar høgt. Uvurderleg i samband med Quad-ane, som ikkje toler mykje effekt. Overstig du denne grensa, øydelegg du panela, og desse er både dyre og arbeidskrevjande å byta. Ein genial kombinasjon, rett og slett! Ein populær kombinasjon i gamle dagar var eit sett Electrocompaniet med 25-wattaren og eit par slike Quad-ar. Dette var verkeleg "high end" på denne tida, og omtalt av Nrk-guruen Svein Erik Børja, som døydde alt for tidleg av kreft. Nad 3020 er eit like opplagt alternativ, og billeg! Stova er liten men ikkje SO liten, ho held fram inn til venstre mot eit kjøken og diverse. Det totale rommet som Quad-ane får spela i, er dermed stort nok til å unngå sjenerande resonnansar i bassen. Sjå bildet der begge høgtalarane er med, so forstår du. Du ser at dei står på langveggen og spelar på tvers av rommet. Det beste hadde vore at dei spelte langsetter rommet, men det passar ikkje slik rommet er no. 

Det spelte lovande, men likevel ikkje heilt opp til forventningane, i starten. Høgtalarane er vinkla inn, naturleg nok, sidan diskanten er veldig retningsbestemt, mykje meir enn frå ein vanleg dome-diskant. Lyden klumpa seg difor saman mellom høgtalarane, og opna ikkje heilt opp. Stemma til Roberta Flack var litt ljos og hard, og eg VEIT at 3020 ikkje er hard i lyden, so feilen måtte liggja ein annan stad (opptaket, i dette høvet). Anlegget fylte ikkje rommet med atmosfæren frå innspelinga slik eg hadde venta. Men høgtalarane var berre slengt på plass i farta, og etter litt arbeid med tommestokken sto dei likt på millimeteren, og det hjalp godt. No vart lyden jamnare, som om ein fasefeil var borte. Heretter spelte det seg opp, etter kvart som me drakk oss opp og anlegget spelte seg inn.      

Etter ei stund ba eg pent om å få stilla høgtalarane beint fram, slik eg er van med, og det var greit. Quad-ane står på tre føter, eg berre bikka dei bak på bakfoten og vrei til dei sto beint. Slik sett står dei framleis på same plass, berre plant med bakveggen, dvs. peikande beint fram. Når eg då sit midt mellom høgtalarane får eg ikkje med meg all diskanten, men det plagar meg ikkje. Plassert slik fyller høgtalarane rommet med lyd på ein heilt annan måte, lyden kjem frå heile bakveggen, frå rommet, i staden for frå høgtalarfrontane og det lille stykket mellom dei. Det er som å vera til stades i studio. Lyden vart også myrkare og meir avslappa, sidan du ikkje får diskanten midt i trynet. Ei nyfødd djupne oppstår, saman med god breidde. Sjølv når eg sit heilt til høgre, høyrer eg likevel lydane bak venstre høgtalar tydeleg. Lars likar betre den ljosare og meir dynamiske lyden når høgtalarane er vinkla inn, eg likar den mørke og avslappa lyden med eit romlegare perspektiv når høgtalarane peikar beint fram. Men me har ingen problem med at me har litt ulike prioriteringar. Eg har ikkje teke meg tid til å omtala kjelda: ein Studer spolebandopptakar. Kjem seinare.

Men eg er ikkje ferdig. Desse høgtalarane er dipole, dei spelar både frametter og baketter, utan kabinett og alle ulempene kabinettet fører med seg. Det er ein panel-høgtalar. Lyden bakover er rett nok dempa med ei matte på baksida av panelet, slik at refleksar frå bakveggen ikkje er eit stort problem. Lyden er heilt sensasjonelt rask og fri, og bassen heng saman med mellomtonen. Grunna den spesielle konstruksjonen er delefilteret enklare enn vanleg, beståande stort sett berre av motstandar, utan spolar og kondensatorar med ustyrleg fasedreiing. Frekvensgangen er jamn og samanhengande, og Quad-ane er kjende for  minimal faseforvrenging. Det er visstnok ein av dei få høgtalarane i historia som kan gje att ein firkantpuls nesten rett. Eg har sjølv hatt Quad ESL 57 og har alltid hatt problem med at dei ikkje kunne spela høgt nok. Men i dette avgrensa rommet, kor me sit relativt nær panela, er lyden meir enn høg nok, og bassen, normalt eit problem med elektrostatar, er overraskande, nei, utruleg, kraftig. Meir enn eg nokon gong har opplevd med Quad-ar; grunna Lars sin gode innsats med renovering av delefilteret. 

Alt i alt er dette det beste eg har høyrt på lenge. Høgtalarane har uomtvistelege kvalitetar. Om du godtek at dei ikkje kan spela dundrande høgt eller rekkja heilt ned i bassen, er dette noko av det beste som har vore laga, inklusive dagens tilbod. Og samspelet med Nad 3020 er tydelegvis særs vellukka. Lars samtykkjer og angrar ikkje på investeringa. Eg er framleis lettare sjokkert. Quad-ane spelte betre enn eg nokon sinne har erfart eller kan hugsa, og kombinasjonen med Nad 3020 er uhyre vellukka. Verdas beste anlegg til prisen? Utan tvil. Og alder. I Amerika var det “vanleg” å stabla Quad-ar oppå ein annan, altso to per side. Då får du tre viktige Decibel ekstra. Tenk deg kva dette kan gjera saman med ein Nad 3020 pr side. Det siste har eg prøvd, men ikkje med Quad-ar. Men det får me koma attende til. Artikkelen er allereie alt for lang, difor berre ein kort ølspalte på tampen:

Ølspalta

Medan me ventar på jolaølet, kan eg by på nokre smaksprøver sidan sist: Frå Hunsfos-bryggeriet i Vennesla på sørlandet (etablert i 2014) ynskjer me velkomne MoiPa og Direktørens Presisjons IPA. MoiPa (4,6%) er ein IPA laga i samarbeid med Trond Moi, litt overhumla som vanleg, og skil seg lite frå andre av same sorten, men dimed typeriktig kan ein seia, og alt i alt god. Elegant frukt, og frisk, seier Lars. Direktørens Presisjons IPA (7,2%) er litt rundare og meir allround. Elles kan me rapportera at Hansa Høstøl er god som vanleg, frisk og godt likt, om ikkje veldig smaksrik. Og at Pokal Pilsner, Coop sin billegaste, no var forbausande frisk og smakeleg, og ikkje so smaklaus som når han kom frå Hansa (tidlegare). Han er no laga av Mack i Tromsø. Denne kjem eg til å kjøpa fleire av. Har berre smakt ein boks hittil, i farta. Som avslutning og ekstrabonus får du eit bilete frå Stig Inge av ølkorkane han ikkje har rydda vekk, han er litt sein der. Korkane med ei note er av typane Toyoda (eit vanleg familienamn i Japan) og Tokyo Blues, frå Ishikawa Breweries, samt andre du vil kjenna att, frå Belgia, Brooklyn, osb. Dette er øl me skålar med på FaceTime. 

SISTE: Jolaølet er kome på Polet. Og når du les dette, er eg truleg på veg til Oslo og Horten, i høve den årvisse hifi-messa. Me råkast der! Om alt går etter planen, vil eg demonstrera sentripitalkrafta armen på ein platespelar er utsett for, med ein heimelaga tonearm. Om eg får han til. Dette er eit fenomen få har kjennskap til, av di du ikkje merkar det utan vidare. Ha det bra so lenge.     

Read 2015 times Last modified on Tuesday, 09 November 2021 18:16
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Related items