Friday, 10 December 2021 19:16

Mykje juleøl, og litt hifi. Det er jul – Stig Arne si dagbok november 2021 Featured

Written by

Ein låk ven frå Bergen lokka meg med på ein tur til Sveariket, noko eg eigentleg ikkje hadde tid til, men sjølvsagt hadde eg eigentleg det. Eg var snydens forkjøla og var på nippet til å avslå, men det er alltid trasigt å måtte avslå ein invitasjon. Det gjer ein helst ikke. Om ein ikkje berre tenkjer på seg sjølv, vel å merke. Og det er dessutan alltid noko å oppleva og læra, når eg berre kjem seg av garde.

 

Hi-fi news

Noko av det fyrste me gjorde i Sverige var å svinga inom eit Systembolag, for å sjekka tilbodet av juleøl. Det overraskar vel ingen. Men eg kunne like godt ha kjøpt noko billeg skvip, for dei fyrste par dagane hadde eg knapt smaks- og luktesans. Dessutan fekk eg tak i siste hi-fi news & Record Review, “yearbook 2021", med mengder av testar, inklusive utstyr som me såg på hifi-messa i Horten, og som eg alt har omtala. Mellom anna ser eg at DeVore Fidelity ikkje var ei lukka kasse, slik eg trudde men eit bassreflekskabinett. Beklagar. Elementa er frå Seas. Omtalen skildra dei dessutan som opne og transparente og up-close, og dette stemmer perfekt med det eg sjølv høyrde, på bekostning av det romantiske. Eg ser vidare at også hi-finews sine skribentar (Mark Craven) likte JBL sin 4349 Studio Monitor. Og dei som er glad i Thorens-spelaren sin kan vita at om dei treng eit godt og rimeleg fonosteg, har dei eit alternativ i Thorens MM-008. Det er frustrerande at skribentane i denne kavalkaden ikkje har signert med namnet sitt, men ut i frå stilen trur eg denne testen er frå Ken Kessler si hand. Ikkje dermed sagt at eg lit meir på han enn nokon andre. Den beste dommaren er ofte naboen! Eg hadde ei gong ein leigebuar frå aust-europa, og uansett kva eg kopla opp, sa han “its a bit bright”. Han hadde rett. 

Vidare får NAD C 298 effektforsterkar med Hypex klasse D-modul frå Bruno Putzeys god kritikk, men eg har mine tvil. Eg har nett kopla opp ein halvgamal NAD 3300 integrert forsterkar, men har endå ikkje kome over Nad-ar som kan måla seg med den opphavelege 3020. Rapport kjem. 

Og det var alt om Nad denne gongen. Eg omtalte forresten ikkje FinkTeam sin Kim 2-vegs høgtaler med AMT-diskant, sjølv om me såg denne på Horten-messa. Eg fekk tydelegvis ikkje tak i lyden, eller måtte springa. Men i testen i hi-finews sperrar eg augene opp: Det vert hevda at diskanten har ein passiv forseinking for å koma i fase med basselementet. Eg har lese hundrevis viss ikkje tusenvis av hifi-blad, meir eller mindre tekniske, men har aldri sett skildra ein slik krins (krets). Eg trur no kva eg vil om dette, men må naturlegvis prøva å finna noko på nettet om det. Me kjem vel attende til det ei gong tenkjer eg. Elles rapporterer Adam Smith i sin faste spalte (Opinion) at salet av kassettar er på veg opp! I England i alle fall. Eg har nøgda, det er verre med strikk og reimer til transporten av kasettspelarane mine. Eg jobbar med saka. rapport vil koma. 

Quo Vadis

Christoffer Breunig har og fast spalte i hi-finews, og denne gongen tek han opp noko interessant. Han skriv at han har slutta å melda (anmelde, på dansk) plater (klassiske). Ettersom tida går, seier han, vert meldarane overvelda av mengda av plater og nye namn, langt utanføre komfortsonen og det ein er kjend med. Det har råka meg og. Eg er ikkje akkurat nokon ungdom lenger, og har problem med å forstå- og interesssera meg for- alt det nye som kjem. Det er vanskelegare enn nokon sinne å spå korleis me kjem til å nyta musikk i framtida. Eg har difor konsentrert meg om det gode gamle stereoanlegget, det er noko eg kjenner at eg har i alle fall litt greie på. Og det er vel framleis det som gjev den beste lyden. Det er også fleksibelt, til ein god integrert forsterker kan du kopla til alt du måtte ynskja av kjelder, heilt frå bandopptakaren eller platespelaren til datamaskina. Men heller ikkje stereoanlegget er so enkelt som eg har trudd. Ikkje alle skjønar opplegget, og kva som skal koplast til kvar. Og produsentane har sjølv mykje av skulda, sidan tilkoplingane på bakpanelet ofte er dårleg organisert. Over platespelarinngongen står det alltid berre “PHONO”. Kva pokker er det? Dei færraste ungdomar veit slikt, og då kan datamaskina brått hamna på den inngangen, med elendig resultat. Kunne det ikkje stå “turntable only” i staden? Og kva pokker er AUX? Kva slags apparat er det? Det er forkorting for auxiliary, og ka fan er det? Det er ein ledig inngang. I realiteten er alle inngangane like, kva som helst kan koplast kor som helst, med eit viktig unntak: Platespelarinngangen. Han er spesiell.           

Ølspalta

Jolaølet tok heilt knekken på meg i fjor, utruleg mange vart testa og omtalt. Og mengder med bilete. Det var mykje arbeid. So i år tenkte eg å tona det ned litt. Men neidå. Lars er like ivrig som i fjor og byrja tidleg å kjøpa inn, han talte kring 50 sortar i alt, og var fast bestemt på at me skulle gjennom alle. Og det har me greidd, truleg til Arve si store fortviling. Arve er ikkje øldrikkar av same kaliber som meg og naboane, og meiner det vert for mykje ølprat. Det har han sikkert rett i, men sidan eg framleis ikkje har møtt motbør korkje hjå redaktøren eller lesarane, held eg fram; inntil vidare. So då kjøyrer me på me årets jolaøl! So skal eg heller lova å ta da litt meir med ro når jolaølet er drukkje opp og levra treng ein pause. Merk: Rekkefylgja på øla nedover (med unntak av Hansa Juleøl) er tilfeldig og hulter til bulter, men ei viss redigering har vorte gjort i etterkant. 

Fyrst ute var, tradisjonen tru, Hansa Juleøl 6,5%. Denne har alltid vore leskeleg og godt drikkande. Noko anonym, framleis litt fersk og vassen, må lagrast. Har potensiale, men neppe pallplass slik han framtrer i dag. OBS! Hansa JuleAle, 9%, som slo ned som ei bombe for nokre år sidan og vart kåra som den beste eller i alle fall ein av dei tre beste, ein fantastisk øl, er ikkje å finna i år. Veldig skuffande. 

Hansa Julebrygg 6,5% er søtare enn Juleøl, som venta, og denne er det delte meiningar om. For meg har han eit kunstig og emment preg, som han brukar ha, og som eg aldri har likt. Prøv sjølv. Smak og behag!  

Handbryggeriet Nissemor 6% har ein kraftig smak av brent/rosta malt, og er den fyrste ølen me testar som er ein typisk representant for mange som er litt over kanten. Rett og slett for mykje av det gode. Han er god, men berre i små mengder. For dominert av kaffismak.  

Det same gjeld Handbryggeriet Even s´More, 11%. Mogna på akevittfat, særs kraftig, “Christmas (Baltic) Porter”. Himmelens porter for dei som likar han, brekkmiddel for andre. Eit hint av tannlege, men heldigvis ikkje lenger inn enn til venterommet. Bland ut med pils eller Bayer! 

Ringnes ekstra sterk 6,5%, dette er “lillebroren” til Ringnes Julebokk (9%). Ein godt likt øl, kan minna om Hansa Juleøl, men meir av alt. Veldig god og balansert, i år som alltid. 

Ringnes Julebokk 9% er som vanleg svært god, balansert og kraftig, men utan å bikka over til å verta tung å få ned, slik som mange andre kraftige øl. Pallkandidat også denne. 

Dahls Juleøl 6,5% overraskar stort i år. Han har alltid hatt ein nydeleg aroma, men har vore noko bleikare på farge og tynnare på smak enn mange andre. I år har han meir av alt, nesten i overkant kraftig. Kan verta å sjå på pallen. 

Belgian Christmas Blonde 7,2%, Midtfyns Bryghus, Danmark. Meir som ein gardsøl enn ein jolaøl, tilsett appelsinskal. Heilt ok, men kjem ikkje på pallen som ein jolaøl i alle fall. 

Haandbryggeriet Norse Yule 8%, tilsett rugmalt. God men med eit klårt syrleg preg. God avslutning.

Lervig Naughty & Nice Dobbelbock 8%. Tunn til å vera dobbelbokk, nesten vassen i ettersmaken. God, men neppe pallplass. 

Ægir Fimbul Oak-aged Barleywine 11%. God men kraftig, ikkje for søt. Svakt bitter. God i sin kategori, men litt for heftig, ingen pallplass i balanseturn. 

Ægir Julequad Belgian Quadrupel 12%. Klassisk juleøl men svært kraftig. Likavel ein av dei best balanserte i kveld. 

Samuel Smith Winter Welcome Ale 6%, enkel, rund og fin, men ingen højdare. Ein tanke anonym og vassen, og ein bismak me ikkje heilt klarar å setja fingeren på.

St.Halvards Bryggeri, Oslo Reservejul Belgian String Ale 9%. Me hadde store problem med å kategorisera denne ølen. -Mot sviske? spør Lars. Prøv sjølv. 

Nøgne Ø God Jul Christmas Ale 9%. Kaffi og bitter sjokolade, godt fylgje til blåskimmelost og krydra mat, seier Lars ofte, men ikkje som tyrstedrikk eller terassedrykk. Kven drikk på terrassen på denne tida av året, men uansett for kraftig/kaffiprega. 

Kinn Bryggeri, Flørø: Tomasmesse, juleøl/ Belgian Quadrupel 10,5%. Betre balansert enn førre, mindre kaffi, meir allround/anvendeleg. God. 

Kinn Bryggeri Vintervarmar Engelsk sterkøl/Old Ale 8,5%. God, balansert og lett å drikka. Ingenting som stikk seg ut. Litt heimabryggaktig, og nær pallen. 

Nice Chouffe, Belgisk vinterøl, 10 %, appelsinskal og thymian (timian?) i tillegg til det obligatoriske. Søt flaske. God, anvendelig, frisk og med smak av søt frukt, tilsett sukker. 

Ægir Ylir Julebrygg 7,5%. Ægir skal ha for at dei leverer eit vell av ulike og spanande alternativ. Ingenting i vegen med iver og skaperglede i den leiren. Men denne vart litt mykje av det gode. Bitter og beisk so det klarar seg. Etter nokre supar klarar me gradvis å tilpassa oss, men heftig so da held. 

Mack Julebokk 9% (på boks) kom visstnok ut på topp i VG. Han er god, balansert og ujålete, men og relativt anonym, eller mild, med mindre kaffismak enn tidlegare. Me kjem truleg attende til denne i finalen.

Mack God Jul 6,5% er veldig god, anvendeleg, og i år med mykje mindre smak av kaffi enn tidlegare. Eg takkar! 

Graff Julebokk 8,8% god men kraftig, men ikke for mykje kaffi. Balansert men kraftig, ikkje pallplass 

Voss Fellesbryggeri Jolagåva 6,5% kunne vore rundare og fyldigare, litt turr, elles ok. 

Voss Fellesbryggeri Vossajol, 6,5% denne og, med kveik, “so godt som heimabrygg!” Fantastisk etikett med feilfri nynorsk/vossamål, ein svir å lesa, og morosam. Han er rundere enn Jolagåva, men ikkje særskilt søt. Men er han verd prisen? Begge desse kortreiste øla frå VF ligg 10-15 kr over tilsvarande, og det finn eg litt tungt å fordøya. 

Noel de Celencieux 9% fall i smak. Mykje smak av jol, sødme og rosin, godt balansert mot det bitre. Kunne godt vore finale-emne, om me hadde slept til utlendingar!

Birra del Borgo 25 Dodici 8% er rund og god, grei, men ikkje finaleemne. 

Amundsen Pastry Christmas Stout 11,5%, tilsett havre. Utruleg kraftig og søt, langt over grensa. Som ein likør. 

Amundsen Sticky Toffee Cinnabun - Bourbon Barrell Aged Ultra Pastry Stout 13%. Smakar av frukt, sjokolade og alkohol, 13%! Tilsett havre, kakao, kanel og vanilje. Sjølv tomboksen luktar kraftig. Massivt! Til småkaker, blåskimmelost og berlinerkransar seier Lars. Overveldande. Ikkje sikker på om eg klarte å tøma glaset. 

ELØ Ruby (En Liten Øl, Fitjar) 7%. Ikkje so kompleks som etiketten skryt av, skyt Lars inn. Rund og fin, heilt ok, me hadde litt problem med å bestemma oss. God, men ingen favoritt.  

7F (Sju Fjell, Bergen) HOLY NIGHT Bright Christmas Ale 6,5%. Belgisk blond, tilsett korianderfrø. Ingen typisk norsk jolaøl, men frisk og god. Lars likte denne. Og eit stort pluss for elegant skildra innhald på etiketten, i motsetnad til kjedeleg oppramsing og sjølvskryt. Det mangla ikkje på skryt her heller, men det er i alle fall kjekk lesnad. 

7F 7 sorter Christmas Ale vintervarmar, 6,5%, sju sortar malt. Bra anslag, men noko matt i avslutninga. Ikkje heilt vellukka. 

7F Christmas Coffee Stout, 8%. Tilsett kaffi, og slik smakar han. Men ikkje so ille som innslaget. Ikkje so kraftig som frykta, og har ein viss sødme, utan å vera fyldig. Litt alkoholdriven, ikkje perfekt integrert. Men som alltid: Smak og behag. Prøv sjølv. 

Austmann (Trondheim) Stille Natt, Spiced Annual Ale, 9%. Eg visste ikkje at dei snakka engelsk i Trondheim. I alle fall er all tekst på engelsk med unntak av “Stille Natt”, so det må vera ein skrivefeil. Men me likte innhaldet. Han er kraftig og søt, tilsett anis, allehånde, krydderpepar og appelsin. Smilefjes. 

Berentsens Julefnugg, Egersund, 6.5 %. Klassis jolaøl, passe kraftig og balansert. Den beste allroundaren denne kvelden. Ser gjerne denne i finaleheatet. 

Berentsens Jule Avec, 9 %. Betre balansert enn tidlegare, men framleis ein rik munnfull som eigner seg betre til nøtter og kaker, gjerne servert i konjakk-glas, står det på etiketten. Eit relativt smalt bruksområde mao; skulle me fått tilsendt ein kontainer hadde me føretrekt Julefnugg-varianten. 

Berentsens Stelliger Divum, 19%! Verkeleg? Ikkje rart eg somna etterpå! Eisbock Christmas beer. Hell i konjakk-glas og nyt i små munnfuller. Kraftig og søt so det klarar seg. Luktar vellagra hausteple (Åkerø). Diabetikarar lyt passa blodsukkeret sitt. Einaste som manglar er varseltrekant. Heisne greier. Veldig god, men for mykje av alt.  

Fjord Folk Juleale, 6,2%, Sandefjord. Her har eg berre funne plass til eitt ord: Kraftig. Tydelegvis seint på kvelden. Prøv sjølv. 

Amundsen Ashes to Ashes, salted caramel choc chip cookie stout, 10,5%. Bygg, havre og laktose, ekstremt søt, nydeleg karamellsmak, nesten som å eta ein sjokolade, svakt bitter undertone. Definitivt kraftigste ølen i kveld. Smalt bruksområde, men verd å prøva!

Flåklypa Juleøl “nytes best med korken av” 6,5% frå Oslo Brewing co. Morosam etikett, naturlegvis. Denne delte eg og Lars- med korken av, jamfør rettleiinga- til ein raspeballmiddag nyleg. Då vart det ikke mykje på kvar, men me stadfesta at han var relativt søt, men likevel smakeleg. Me likte han.  

E C Dahls Kong Vinter, 7%. Denne heitte vel St. Olav i fjor, og var endå sterkare. Har vore på pallen før. Nydeleg balansert, ein av dei mest smakelige. Kandidat for pallplass, men i kraftigaste laget? 

CB Juleøl, 6,5%, Kristiansands Bryggeri. Nydeleg, harmonisk, leskeleg og god. Frisk. Kunne drikka ei elv av denne.

Aass Vellagret juleøl 9%. Denne har vore på pallen før, men me er litt mindre imponert i år. Litt i overkant søt, mangelfullt kompensert mot humle og det bitre. God, men litt som likør, einsidig søt.

Aass Premium Juleøl 6.5% Ein godt balansert øl, mindre søt enn storebroren på 9%. Meir anvendelig, ein god øl. Kunne vore betre humla, er litt matt i smaken. Samanlikna med mange andre gode øl hamnar han i år truleg utanføre pallen.  

Ringnes Julebokk 9%. Denne er eg alltid spent på, han har i alle år vore millom dei aller beste. I år var det vanskeleg å katergorisera han. Ikkje like rik og harmonisk i smaken som tidlegare? Prøv sjølv. 

Ringnes Juleøl Sterk 6.3% (ny test). Medan denne i mange år har vore ein lillebror til Julebokk, er han no vorten vaksen. Veldig god, meir leskeleg og anvendelig enn storebroren. Ein højdare, og mogeleg pallplass. 

PS Desse to er også omtala lenger oppe. Me har stadig dobbeltsjekka dei best likte, og dei mest aktuelle kandidatane til pallen. Eller me har berre gløymt at me har prøvd dei før. 

FÆRDER  Gull, Røkelse og Myrra frå Tunsborg (Tønsberg på dansk), høvesvis 8, 7 og 6,5%. Dette var gåvene  til Jesusbornet frå dei tre vise mennene, i fylgje juleevangeliet. Skal sei dei byrja tidleg å drikka i bibelsk tid. No skal ein som kjent ikkje ta alt som står i bibelen for bokstaveleg, men i alle fall er etiketten på desse flaskene både informativ, morosam og relativt edrueleg. Gull er søtlig og har smak av frukt mot eple, Røkelse smakar bek, og Myrra er rund og fin med bod balanse mellom søtt og bittert. Ei fin lita reise gjennom bibelen.

KONKLUSJONAR 

Juleøla kan på sett og vis delast i to i år, dei sterke og søte "til desserten", og dei meir anvendelege  avlkoholsvakare. Men kva vossing sit og nipper på ei øl til jolakakene? Ingen eg kjenner. Nei, me et salte  peanøtter slik at me vert tyrste og vil drikka meir. Vinnarane i år vert difor å finna mellom dei betre balanserte og alkoholsvake allroundarane: Ringnes Juleøl Sterk 6,3%, CB Juleøl 6,5%, og til slutt E.C. Dahls Kong Vinter 7% (han lyt få bestemma litt han Lars og).

Av vanlege butikkøl, maks 4,7%, likar eg Tuborg best. Fin boks, og jolastemning inni og. God Jol frå heile smakspanelet.       

 

Read 2771 times Last modified on Friday, 10 December 2021 19:45
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.

Latest from Stig Arne Skilbrei

Related items