onsdag oktober 16 , 2019
mandag, 31 januar 2005 23:00

Audiocompaniet

Skrevet av

Audiocompaniet er ein gammal aktør i landets hifimiljø. Som agent for svært spennande merke som Martin Logan, Copland og framfor alt Klipsch er det svært interessant å besøke Olav Flugsrud & co.

 

 


Av Arve Åheim etter besøk i februar 2005

Olav vert av dei som kjenner han godt omtala som hifimiljøets siste gentleman. Han har vore med i mange år, og Audiocompaniet har helde på dydene frå gullalderen til hifien, der det viktigaste heile tida har vore grundig oppfylging av forhandlarane av produkta sine.
Sjølv om Audiocompaniet har eigne web-sider, føregår det difor ikkje detaljhandel over nettet. På same måte som fleire andre svært seriøse hifiprodusentar, er eitt av dei største merka, Klipsch, motstandar av dette. Denne tradisjonsrike høgtalarprodusenten forlangar sal gjennom detaljistar som er i stand til å fylgje opp kunden på ein seriøs måte. Somme vil kanskje oppfatte dette som litt tungvint i dagens digitale kvardag, men i mange samanhengar er det viktig for sluttbrukaren, ved å sikre service den dagen du verkeleg treng det. Og få hifioppgåver er meir frusterande enn å måtte sende eit produkt rundt halve jordkloda for reparasjon.  

Klipsch
Sjølv om det etter kvart er ein del produsentar av hornhøgtalarar, er Klipsch framleis den mest betydelege, og det er eit vell av gamle og nye modellar å kike på. Personleg har eg lettast for å la meg begeistre over dei skikkeleg klassiske tinga. Demonstrasjonsrommet til Audiocompaniet er diverre ikkje av dei beste lydleg sett, (noko som Copland digital romkorreksjon sannsynlegvis kan gjere noko med når denne kjem på banen), men innhaldet kompenserar for dette, med to av dei største høgtalarlegendene nokonsinne. Det varma hjarterøtene skikkeleg å høyre att Klipsch La Scala, ein av dei eldste høgtalarkonstruksjonane som framleis er i produksjon. Eg fekk gleda av å høyre desse i min ungdom, då eg var helgeavløysar på hifibutikk i Ørsta, og hugsa at dei spelte sinnsjukt høgt med bittesmå forsterkarar, med snert og presisjon som overgjekk alt eg hadde høyrt tidlegare. Dei djupaste bassoktavane var rett nok fråverande, men det vart kompensert av presisjonen i det frekvensområdet som høgtalaren spelte. Betre høgtalar til heavyrock må du leite lenge etter (og betale svært mykje for). Eit gjensyn etter eit kvart århundre byr på utfordringar til attkjenning, men også i dag var eg imponert over kor godt La Scala greidde å gje att nerven i musikken. Det har nok skjedd litt utvikling av modellen på 25 år, men hovudinntrykket var likevel det same. Ein viss eigenlyd, slik du alltid finn det hos hornhøgtalarar, men med dynamiske kvalitetar som verkeleg kan sjokkere. Høgtalaren er utruleg, og truleg ein av dei beste monitorar som kan tenkjast. Dersom du er på jakt etter å ”plukke” eit riff eller ein solo, er det lettare med slike horn enn noko anna, det ideelle for dei som vil ha fatt i detaljane i musikken. Utsjånaden er røff, kubisk, i ubehandla kryssfiner, som kjøparen må olje sjølv for å få den rette finishen. Dei er ikkje lette å få til å gli inn i stovemiljøet, og du kan vere sikker på at besøkande raskt vil finne ut at du har fått deg nye høgtalarar om du kjøper desse.(Faktisk er desse legendariske høgtalarane tilgjengelege akkurat no til ein svært hyggjeleg pris). Men til all slags dynamisk musikk er dei svært spennande, og den som har eit passeleg lytterom burde absolutt vurdere ein telefon til Audiocompaniet. Større enn La Scala og endå meir monumental, men litt meir plasseringsvennleg sidan dei skal plasserast i hjørna, er Klipschorn. Dette er den verkeleg store høgtalarlegenda, men det vart ikkje tid til å kople dei opp til lytting under dette besøket. Data er visstnok ganske like La Scala, same driftseffekt, men det skal vere lettare å få til djupne i bassen, og dei skal eigentleg spele endå høgre. Hjørneplassering er svært gjennomtenkt, og gjer at kolossane ikkje dominerer så mykje som ein elles måtte ha rekna med. Sjølv om dei ville fått koks-kaminane i min barndomsheim til å sjå ut som leiketøy…. Personleg tykkjer eg dei er vakre, men det er likevel ei utfordring å få dei til å gli inn i mange miljø. Dyrt, men så slepp du å kjøpe så mange Watt for å kunne ha det moro.  

Men Klipsch er så mykje meir enn nostalgi og spesielle horn. Dei moderne Klipschane er enklare å handskast med, utforma ganske normalt etter dagens standard. Produktutvalet av Klipsch er enormt, og Klipsch er i dag kanskje mest kjent for sine heimekinohøgtalarar, der dei med kunnskap om hornet sine naturlege dynamiske kvalitetar kan levere høgtalarsystem som verkeleg kan formidle dei kollosale lydinntrykka Dei modellane eg får lytta på har Klipsch sine grunnleggjande dyder, evna til å spele høgt, og med stor detaljrikdom. Olav har inne ein modell som han vurderer å ta inn, slank, tilpassa surroundsystem, men relativt kostbar samanlikna med dei litt meir vanlege modellane. Lydmessig  er det ikkje så stor skilnad, så det gjenstår å sjå kva det vert satsa på. Svært spennande er Klipsch som innbyggingshøgtalar. Det er utvikla fleire modellar som skal låte optimalt når ein monterer dei inne i veggen. Dette vil vere eit utmerka alternativ til å kjøpe vanlege høgtalarkasser og gjere kompromiss på plasseringa av desse. Olav har visse idear om korleis veggen skal fungere som trykkammer, og det hadde vore moro å prøve ut dette. Problemet for ein audioskribent vert når høgtalarane skal returnerast etter utprøvinga… Det finnest også utehøgtalarar, og det er eit spennande forsøk på å utvide arenaen for musikklytting og brukskomfort. Og hornhøgtalarar kan vere midt i blinken til utebruk, der du ikkje får hjelp frå veggrefleksjonar. Mange idrettsbaner og liknande har alt horn, så det kunne vere interessant å høyre kva hifiprodusenten Klipsch får ut av noko sånt.  

Innbyggingshifi
Elles har Audiocompaniet tatt agenturet for Zõn, ein produsent som har spesialisert seg på innbyggingsutstyr, det vi gjerne kallar livsstilsanlegg.  Ikkje heilt billeg, men svært spennande for den som vil nyte lyd i ulike rom og soner. Absolutt interessant i miljø der eit hifianlegg ikkje passar inn, og ganske greitt for den som bur på få kvadratmeter, utan å kunne ta omsyn til optimal komponentplassering. Veldig greitt også for dei som vil kunne lytte til same programkjelde i fleire rom. Anlegget var ikkje montert, og det var ikkje høve til å prøve det ut. Men spesifikasjonar og prisnivå vil gjere dette til eit interessant alternativ. Olav har også tenkt på ein måte å optimalisere innbyggingshøgtalarane på, slik at kabinettvolum og andre faktorar kan kontrollerast betre. Det planleggjast ein demonstrasjonsvegg. Eg spår at slike produkt vil verte meir og meir aktuelle framover. Teknologiske nyvinningar som digital frekvens-og fasekorreksjon, klasse D-forsterkarar og gode overføringssystem vil gjere at lyd frå vegg i alle rom får langt betre kvalitet enn det vi kunne rekne med tidlegare. Og når kvadratmeterprisen vert så høg som han er no, vil det vere svært attraktivt å kunne "fjerne" store, plasskrevjande audiokomponentar frå dei ulike romma, utan at ein treng gje avkall på godlyd. Og tenk på den fantastiske WAF-faktoren...  

Martin Logan
I motsett side av høgtalarfilosofien har Audiocompaniet også agenturet for elektrostatprodusenten Martin Logan. Horn og elektrostatar er på mange måtar slik at dei byr på motsette kvalitetar, og eit godt døme på at to svært ulike prinsipp begge kan vere svært ”rette”. Det er snakk om fleire modellar, også relativt rimelege, som byr på romoppleving, detaljoppløysning og nyanseringsevne som berre elektrostatar kan gjere det.
Martin Logan har drive mykje utviklingsarbeid sidan dei gamle CLS fulltoneelektrostatane dukka opp. No er alle modellane hybridar, med tradisjonelle basselement og elektrostatar i mellomtone/diskant. Ein viktig del av konseptet er dei bua elektrostatmembranane, som spreier dei høge frekvensane langt vidare enn andre elektrostatar, og gjev mindre egoist-teffekt enn konkurrentane. Designa til Martin Logan er svært spennande, og delvis gjennomsiktige elektrostatpanel burde ikkje oppfattast som noko negativt, men heller vere ei spennande utfordring for interiørarkitekten i familen. Det eg tykkjer er det mest spennande frå Martin Logan for tida, er tankane om surroundlyd med elektrostatar. Få to-kanals-anlegg klarer å gjenskape ei romoppleving betre enn elektrostatar, så om det no vert sjanse til å kombinere dette med surroundsystema sine intensjonar, kan ting verkeleg verte interessante. Dyrt vert det, sjølvsagt, men om ein kan oppnå å få like god musikkattgjeving som filmlyd, burde det absolutt vere verd å prøve ut.  

To Martin Logan elektrostatar, saman med ein Audionote-høgtalar.

Copland
Til å drive desse godsakene, er Copland det viktigaste agenturet. Denne vesle, danske elektronikkprodusenten har eit godt rykte på seg, og det opererast både med transistorar og rør. Faktisk brukar Copland Klipsch La Scala som referanse under produktutvilinga, og sjølv har eg funne CTA 520 så god at han inngår i referanseanlegget mitt som forsterkar til å drive elektrostatane mine. Copland klarer altså begge høgtalarprinsipp utmerka, og konsentrerer produktutviklinga om å ha få, men lydleg gode modellar. Olav kunne også fortelje at Copland har driv med utvikling av digital romkorreksjon på mykje same filosofi som Tact, men i ein nyare versjon, som skal verte meir brukarvennleg og korrekt. Meininga er å presentere denne på messa på Plaza i oktober. Det skal bli spennande å sjå kva dei får til. Sjølv har eg store forventingar ut frå Copland si solide plattform med rørforsterkarteknologi og måten dei har greidd å tilnærme seg surroundlyd. Det er tydeleg at hovuddelen av den Coplandske produktutviklinga skjer gjennom lytting, og eg tviler sterkt på at dei vil sleppe ein romkorreksjon som ikkje er lydleg god nok..  

Audio Note
Men Audiocompaniet har endå eit spennande elektronikkagentur, Audio Note, kjent for sine flotte rørprodukt. Grunnhaldninga her er å bruke enkle konstruksjonar med svært høg komponentkvalitet. Dette skapar etter måten dyre produkt, men gjev også nokre av dei aller beste rørforsterkarane i verda. Diverre såpass dyre at det er ganske belastande å sitte med sånt på lager, og det vart difor ikkje høve til å lytte til Audio Note-produkt under dette besøket. Det har også vore slik at Audio Note-forsterkarane kan leverast i byggesettversjonar, slik at du kan spare arbeidspengane ved å gjere mesteparten sjølv. Sjølve konstruksjonane er i fleire høve relativt enkle og kjente, og lydkvaliteten basert rett og slett på å optimalisere komponentkvaliteten ut frå den lydfilosofi som du finn i alle produkta derifrå. Men det leverast også (med lang leveringstid) forsterkarar som må vere det minst kostnadseffektive som finnest om ein går utelukkande etter Wattspesifikasjonane. Då ein slik forsterkar vart testa av The Absolute Sound for nokre år sidan, konkluderte skribenten med at det rett nok var den beste elektronikk han hadde høyrt, men at han også ville vurdert ein Porsche når han skulle bruke såpass mykje pengar…..kvar sin smak! Audio Note leverer også høgtalarar, som er nær i slekt med Snell sine tidlege modellar. Desse er lettdrivne, svært musikalske, og godt tilpassa eigen elektronikk.  

Elles er Olav ein av dei verkeleg kunnskapsrike personlegdomane innan hifibransjen, og har spennande meiningar om hifi, bransjen og musikkreproduksjon. Sjølv om musikk er målet, er det trass alt elektriske pulsar som får membranar av meir eller mindre eksotiske materiale til å flytte på seg. Heilt korrekt reproduksjon av den musikalske hendinga kan det kanskje aldri bli? Det var svært  seint før eg kom meg derifrå…

Lest 5688 ganger Sist redigert tirsdag, 19 januar 2010 13:22
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser