lørdag, 15 januar 2011 13:03

Blogg 15.januar 2011 frå Redaktøren

Skrevet av

Blogg 15.januar 2011 - Skrivesperre, men pakke i posten.

Eg er ikkje så hissig på testing som tidlegare. Jobb og andre oppgåver trengjer på, slik at eg prioriterer å bruke dei gode stundene framfor stereoanlegget til å oppdage ny musikk, og stadfeste dei gamle, gode musikkalbuma. Då er det ikkje så interessant å bruke tida på å lage gode beskrivingar av korleis ulike dupedittar verkar inn på musikkopplevinga.

 

 

Men av og til, som regel på eit heimebesøk med skikkeleg utflippa hifi-galningar eller på messe, får ein opplevingar av at nokre hifiprodukt har kvalitetar som gjer at mine gamle, velkjende musikkopptak får tilført noko nytt, og skapar endå betre opplevingar enn det eg har hatt frå dei tidlegare.

Musikk-misbrukar?
Det er ikkje så greitt alltid. Sjølv om eg har vore trufast mot mine Innersound Eros i over ti år, og snart eit kvart hundreår mot min gamle ARC SP 10, merkar eg at det skal stadig større doser av godlyd til for å få det store musikk-kicket. For å flytte grensene må produkta som er på besøk vere endå betre, og gjerne ha stadig råare spesifikasjonar, pris eller utforming. Innimellom føler eg at eg kjem med nye bidrag til å byggje det audiofile Babels tårn. Det må då ende ein stad? Kjøpe nytt heile tida – kva gjer det med opplevingane av musikken? Vert vi forderva?

Må ein ikkje ha dei ulike hifikomponentane ståande ei stund for å kunne ha ei fornuftig meining om dei? Helst så lenge at du har vorte så vant til dei at du lurer på om komponentane sin farging av lyden er meir korrekt enn den verkelege musikken? Teste eit produkt ein kveld eller ei helg er meiningslaust – i beste fall kan du lage ei fornuftig omtale av korleis produktet er laga, og kor godt du subjektivt likte det der & då.

Ei anna skræmeleg utvikling er korleis fordomane mine dannast. Eg ”veit” liksom på førehand kva resultatet vert når eg dreg inn forsterkar Ditt eller pickup Datt i anlegget. Det er faren med å ha helde på med audiofili i om lag 40 år. Du har på ein måte gjort deg opp di meining, og manglar dette nyfikne og audmjuke som trengs for å vere så forbaska og nådelaust ærleg som ein skribent må vere.

Endå meir skummelt er det å sjå kor ofte fordomane mine stemmer – den mentale oppstramminga ein får ved å ta feil kjem ikkje så ofte. Og så aukar den store, ugrunna sjølvtilliten, slik at ein vert dårlegare til raske vurderingar, men likevel gjer stadig fleire og fleire av slaget.

Telefon til Planet Snapa
Etter ei økt med slik audiofil trøyttleik er det alltid godt å snakke med folk som har det like ille, eller gjerne verre, enn ein sjølv. Og dei som har det verre enn dei audiofile, er hifi-pusharane, som attpå alt skal leve av dette elendet. Sist veke ringde eg ein av dei verkeleg hyggjelege av slaget, Håvar Snapa.

Håvar har ganske få agentur, men til gjengjeld kan desse by på svinaktig gode produkt. Han har innimellom forsynt meg med fantastiske testobjekt frå Dynavector og Rogue, ting som har gjort svært sterke inntrykk. Dynavector har nokre av verdas beste pickupar, spesielt dersom du er på jakt etter pickupar som er allsidige og fiksar rytmisk musikk like godt som klassisk. Rogue er ein fullblods amerikansk produsent av rørforsterkarar, men i motsetnad til dei fleste derifrå, er dei tilnærma edrueleg prisa. Og kvaliteten er himmelhøg – kan samanliknast med kva som helst, også Audio Research og Conrad Johnson. Naturlegvis annleis, men med kvalitetar som gjer at dei må takast med i seriøse vurderingar om du skal ha deg rørutstyr av ein viss klasse.

Det eg eigentleg var på jakt etter i denne telefonsamtalen, var dei nye monsterforsterkarane frå Rogue. Monoblokker med 6 KT90 utgangsrør og 250 Watt pr kanal. Det finnest rett nok både større og sterkare rørforsterkarar, men ikkje under 100 kilokroner. Her var eg diverre litt seint ute – papirpressa var raskare med å rekvirere eit par enn meg, så dette får vi komme attende til etter kvart. Eg har dessutan såpass lettdrivne høgtalarar at dette vert svært så mykje overkill. Men no ventar eg på nokre ekstremt tungdrivne høgtalarar som treng alt dei kan få av effekt – kanskje eg må ha ein ny prat med Håvar då…

I staden høyrde eg interessert på det Håvar kunne fortelje om det nyaste Rogue-produktet. Lenge hadde riaa-forsterkarar vore utan særleg høg prioritering derifrå, men no dukkar den nye Ares opp. Denne er rørbasert i signalvegen, og har straumforsyninga i eit eige kabinett, akkurat som min gamle SP 10, som har ein av dei beste riaa-trinn eg kjenner til (om enn med klare avgrensingar)

Håvar var naturlegvis svært fornøgd med denne riaaen. Misforstå meg ikkje, Håvar er eit glimrande døme på ein seriøs og oppriktig hifi-leverandør, og er i stand til å sette saman anlegg med lydkvalitetar som få, om nokon annan norsk importør kan matche (eg har vore på heimebesøk og fått høyre kva han er i stand til). Slik eg kjenner han, har han svært lite myrsnipe-tendensar ovanfor eigne agentur, og når han seier noko er bra, har han alltid innlysande gode poeng. Men vi drøfta litt kva eg skulle bruke til testpickup. Eg har god kjennskap til Dynavector, og brukar jamvel den billegaste av slaget, DV10x5, til referanse i anlegget, sjølv om alle andre modellar nok er betre. For å kunne skrive ei seriøs omtale av ein riaa til ca 20 000, burde eg så avgjort bruke ein meir seriøs pickup. Og no har eg ingen ”tungvektar” i pickup-stallen min. Eg spurde då etter ein av dei eg har god referanse på, men Håvar hadde ikkje slike inne, heller ikkje andre innspelte pickupar han kunne unnvere. Og Dynavector er kjende for at dei treng lang, lang innspelingstid, helst over 100 timar. Så Håvar sende meg ein ny xx2 mk 2, sjølv om denne og XV1S er dei einaste Dynavectorane eg ikkje har prøvd ut skikkeleg i eige anlegg. Utprøvinga av desse produkta vert altså ganske innfløkt. Fyrst må eg gjere meg opp ei viss formeining om riaa-forsterkaren ved å spele mine ”vanlege” referansepickupar. Deretter må eg sette på XX2 og sjå kva som skjer. SP 10 er min referanse-riaa, men eg tykkjer det vert litt urettferdig å bruke ein pickup med 0,28 mV ut på denne og samanlikne med Ares, som etter det Håvar sa var ganske støysvak.

Vi snakka også om dei prisane Dynavector har her i landet. Eg tykkjer min DV10x5 er eit godt kjøp også i dag, til ein pris av 3790 kr. DV 17 mk 3 kan også by på oppløysing og kvalitetar som eg ikkje kjenner er tilgjengeleg elles i 8000-klassen, og at eg har forståing for prisnivået på Te Kaitora Rua på rundt 30 kkr. Kvifor har Håvar så høge prisar, når ein kanskje pent brukt XV1S kan kjøpast langt billegare frå utlandet? Sjølv er eg svært skeptisk til å kjøpe brukte pickupar. Kor mange seljarar har faktisk logga speletida? Og sjølv om ein gjer slikt, er ein presis med registreringane? Og er pickupane ekte? Det må vere ein god del feilproduksjon frå slike pickupprodusentar, og eg er slett ikkje sikker på om dei vert destruerte. Ingen veit, men eg ville iallfall sikre at det var ei utskrift av opphavleg frekvensgong frå måleapparatet vedlagt pickupen før eg betalte, slik det gjer når du kjøper frå Håvar som har agenturet, og som gjev garantiar. Det får du ikkje når du handlar brukt, særleg ikkje frå utlandet. Vi snakkar om veldig mykje pengar for ein komponent som nådelaust slitast ned, og etter ein stad mellom 1200 og 2000 timars bruk ikkje lenger har den kvaliteten som vi forventar. Eg har stort sett helde meg til relativt rimelege pickupar, og heller veksla mellom dei med ulike kvalitetar. No har eDynavector XX2g vore hekta på DV10x5 saman med Grace F9, og spelt desse om lag like mykje gjennom eit halvt år. Eigentleg trur eg at pickup- monogami er veldig utfordrande, og ikkje kan passe for alle. Og om eg finn meg ein pickup som innfrir alle mine strenge krav, er det lett å gå i same fella som somme vinsamlarar går i, ikkje ha råd til å sprette pickupen, før du til sist etter eit tiår eller to tek sjansen, berre for å oppdage at gummiopphenget har morkna sundt…

Men no har eg altså henta kassa i posten, med fylgjande innhald:

-         Rogue Ares

-         Dynavector xx2 mk II

-         3 stk TAOC ”super insulator” bein til å bruke under elektronikk og lydutstyr (laga av Toyota, vi får komme attende til dei etter kvart)

-         Nålereinsemiddeleg Zerodust frå Onzow. Kan denne gugga vere like bra som min Goldring virbrator, som ”bankar” dritten av pickupane? Vi får sjå…

Før eg sette meg til å blogge dette, rigga eg opp Ares i staden for ARC SP 10, og sette på litt musikk. Om eg var fornøgd ved fyrste forsøk? Langt i frå… Ares er tausare enn nokon annan rør-riaa eg har hatt i hus, og eg høyrer at tredimensjonaliteten er i orden. Men det er mykje anna eg må jobbe med.  Eg har mellom anna ikkje flytta på ein einaste av dei dipswitchane de ser på fyrste fotoet her....De skal få høyre meir ved neste bloggemelding

Helsing Audiophile-Arve

Sist redigert søndag, 04 august 2013 21:32
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.