lørdag, 22 januar 2011 12:11

22.januar 2011 blogg.

Skrevet av

Audiophile-stode
Hifi-engasjementet mitt går for tida med til å få oppsettet med Dynavector XX2 og Rogue Ares-riaaen innspelt (du ser baksida på fotoet).

Rudi mobbar meg for blogginga. Heldigvis er han såpass omtenksam at han gjer det pr. telefon. Verre er det at han, i motsetnad til meg, er i ferd med å skrive ein svært så skikkeleg og spennande pickup-omtale. Ordentleg hifi-journalistikk. Medan eg driv på med navle-fordjuping…. Stig derimot, går svanger med å starte på blogging, han også. Og Karl Erik har visst nokre kort i ermet, som han berre skal finskrive.

Det skjer litt for tida, sjølv om det absolutt skulle vore meir. Men vi er ikkje noko papirmagasin. Kvar gong ein lesar kjem inn på www.audiophile.no er han ein del av vår lange historie, der vi har samla artiklar gjennom mange, mange år. Sakte vert landet til. Og det jobbast på, sjølv om ting tek tid. Som redaktør føler eg at det er høg kvalitet, men for lite kvantitet på sidene våre. Vi har fått kommentarar om at vi har for mykje vinyl- og analogstoff, og for lite av meir nyaktuelt stoff. Og ettersom skribentane skriv for moro, og redaktøren berre kan tilby heider og ære, har eg lite ris bak spegelen - eg kan ikkje godt gje dei mindre løn enn dei alt har... 
Så skriv eg litt meir om kva eg har brukt morgontimane til i dag.

 

Rogue Ares

Eg merkar at riaaen er i ferd med å ordne seg, bassen har vorte djupare, og han oppfører seg som så stabil at eg kunne vere freista til å melde han opp til eksamen, finlytte og skrive konklusjon på korleis han er. Men erfaringsmessig veit eg at ny elektronikk veldig lett kan komme med brå endringar av lydlege faktorar fleire veker etter at dei kom ut frå emballasjen. Så her er det berre å bruke tålmodet ei veke eller to til.  Utan at eg er det minste lei meg lydmessig.

 

 

 

Dynavector xx2 si testframdriftsprognose
Det er eit strev å spele inn pickupen. Etter å ha høyrt 13 platesider (ein veldig grei måte å registrere speletid på, er å ha blyant og papir liggande der platestrammaren normalt leggjast. Så strekast det kvar gong loddet løftast derifrå. Ei plateside reknar eg for å vare i 22 ½ minutt. Eit album vert då ein skuletime på 45 minutt) merkar eg ikkje så mykje til å vere på veg ned i skuggeheimen Håvar har åtvara meg mot. Etter ei stund tek dei dyre Dynavector-pickupane til å tape seg, og høyrest ut som bleike skuggar av seg sjølv, heilt til at dei vert fødde på ny etter fram i mot 100 speletimar (som altså vil utgjere 260 platesider – eg har altså 247 igjen før pickupen er klar) Med ein fart på 20 platesider i veka vil eg vere ferdig litt før påske, og på den tid burde Håvar ha fått igjen testobjekta sine….. det er ikkje enkelt å vere testpilot, nei!

Men det er gøy! Eg spelar for tida mykje gammal pop med stor entusiasme. Etter å ha oppdaga xx2 si evne til å gje att mellomgode innspelingar på ein svært tiltalande måte, har eg vorte freista til å spele slik musikk som hovudmeny. Akkurat no er det ”S.F. Sorrow” med The Pretty Things, kanskje verdas fyrste konseptalbum? På blå vinyl. Ikkje topp lyd, men sjølv om eg heile tida vert påminna om dette, er det likevel svært tiltalande og engasjerande. Veldig spesielt – og eit godt salsargument.

Tankar om pickup-døden
Eg har den billegaste Dynavector-pickupen som referanse, og har langt att før han er utslitt. Han er berre gått rundt 500 timar, og bør med litt flaks endå ikkje vere nådd halvvegs i karrieren. Så langt har eg ikkje erfart korleis ein Dynavector høyrest ut når han gradvis nærmar seg pensjonsalder.  Den smarte audiofile gjer med pickupane slik velsituerte bileigarar oppfører seg – sel vidare objektet sitt medan det framleis er godt brukandes. Men nokre pickupeigarar er svært standhaftige, og spelar til pickupane tek kveld for godt. Dette høyrest kanskje ut til å vere fornuftig, men ver på vakt – ingen kjenner timen. Slutten kan komme som ein frigjerar, men også som ein tjuv om natta…

Nokre pickupar (eit døme eg kjem på: Grace F9E) er det lett å identifisere seg med. Dei er spreke og svært høgtytande i ungdomen, medan dei vert meir ”verdige” når dei nærmar seg middagshøgda, for til sist å verte farga og dårlege når det gjeld sporing når det går mot kveld. Andre (døme Accuphase AC 2) tek brått farvel, og går frå å vere ganske ålreit eine lytteøkta til å ikkje klare å vere i sjølv dei mest harmlause riller den neste. Eg kan ikkje gå god for at dette er noko som kjenneteiknar dei ulike merka eller modellane, for eg har sjeldan eigd meir enn ein pickup av kvart slag (bortsett frå Denon 103, eigentleg).

Prisen for popen. Ei rask kalkyle
Men om du tenkjer deg at ein pickup varer i beste fall 3000 platesider, er det også naturleg å tenkje på kva moroa kostar. Ein svinedyr pickup til 20 kilokroner vil såleis slitast for rundt 13 kr om du spelar begge sidene av eit album. Og om ein då er sparsam av natur (eg har gener frå Sunnmøre), kan ein lett komme til at pickupen berre brukast når du har tatt på deg søndagskleda. Noko som heller ikkje er lurt, for pickupen eldast uansett. Slik du risikerer med vin, er det ikkje alltid lurt å lagre årgangspickupar. Du risikerer å pakke han opp om 30 år, rigge deg godt til, og oppdage at gummiopphenget ikkje er som det skal vere. Og då er garantien gått ut.

På same måte er det veldig greitt å kunne kjøpe ein pent brukt pickup av det dyre slaget. Du bør få ein sånn for under halv pris. Og dersom seljar er eit samvitsfullt menneske som har notert ned nøyaktig tal speletimar, kan det hende du gjer eit godt kjøp, og endåtil tyner nokre ekstra platesider ut over pensjonsalder. Men om seljar er ein slurv eller ein kjeltring….

Kanskje ein pickup av type Denon 103 er meir fornuftig? Då kostar ei plateavspeling rundt ei krone. For ikkje å snakke om den vanvittig billege AudioTechnica AT95, som er nesten gratis… Men då har du det ikkje så gøy som eg har det no.  Langt ifrå!

Sist redigert søndag, 04 august 2013 21:22
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.