onsdag, 31 desember 2003 23:00

Tivoli 2 stereo

Skrevet av

Dei aller fleste radioar er i dag leverte som stereomottakarar. Avspeling i stereo er i mange av tilfella likevel ein farse - høgtalarane står for tett til at du har stereoattgjeving om du har ein lytteposisjon som er lenger unna hankestereoen enn 38 cm, noko som slett ikkje er uvanleg. Men denne Tivolisaken har løysinga...

 

 

Radioen?
Henry Kloss brukte lang tid på å ferdigstille sin radio Tivoli - ein liten og snedig sak, med artig design og superenkel bruk. Faktisk var også radiokvaliteten langt over det som er gjennomsnittet.Men det er lettare å ta imot radiosignal i mono enn i stereo, noko vi som bur utanfor den heilt gode radiodekninga og dei store fellesantennene har fått oppleve. Svært ofte har eg trykt inn mono-knappen for å sleppe unna ein masse støy og få betre attgjeving. Når eg no prøver Tivoli 2 - stereoversjonen av Kloss-radioen, hadde eg forventingar til at mottakaren skulle vere god nok til stereobruk. Det gjekk på eit vis. Men eg måtte plassere Tivoli 2 på "rette staden". Stod han saman med resten av stereoanlegget, var antennesignalet for dårleg til at eg kunne lytte til radioen utan å irritere meg over støyen. Men å flytte saken berre nokre meter, løyste problemet på ein akseptabel måte.
Tivoli 2 er utstyrt med to antennealternativ; ei innebygd, og ei enkel leidning som 75 ohms antenne. Med å flytte på denne, får du betre signal enn via den innebygde.


Har du betre mottakarforhold enn meg, er Tivoli 2 godt brukbar som tuner i anlegget. I motsetnad til Tivoli 1 har denne ei bråte kontaktar, og brukar du ein minijack-plugg, har du ein enkel og heilt grei tuner til rimeleg pris. Her er også inngangar, slik at du kan koble CD-spelar eller andre programkjelder til anlegget. Men det viktigaste er at det fylgjer med eit ekstra kabinett med ein høgtalar i. Ei lang, kvit leidning pluggast inn i den eine høgtalarinngangen, og du får skikkeleg stereoperspektiv på hytta, med eit ganske godt stereoperspektiv. Eit lite minus fordi høgtalarleidningen ikkje kunne takast laus frå høgtalaren. Du sikrar betre kontakt på denne måten, men krava er neppe så store i denne prisklassen. Du kan også koble på ein "sub"woofer, og dermed få litt ekstra trykk nedover i frekvensområdet. Eg har ikkje prøvd denne, men reknar ikkje med at du skal ha dei heilt store forventingane om subsonisk imponatorlyd frå eit kabinett på ca 2 liter… I same designserie leverast også ein CD-spelar, så du kan få eit felles visuelt inntrykk av anlegget. Men det går heilt fint å bruke ein bærbar CD-spelar eller minidisc. Eg brukte SACD-spelaren med ei overgangsleidning med minijack i eine enden, og det fungerte godt.

Viktig er det også å merke seg at Tivoli kan koblast til batteri gjennom ei DC-kontakt, så hytte- eller båtaspektet er ganske tydeleg.

Når det gjeld lydkvalitet elles, er Tivoli 2 eit godt alternativ til hankestereo. Eller det kan erstatte PC-høgtalarane dine. Men når det gjeld kraftige lydtrykk og djup bass, kan nok ymse buldreboksar frå JVC og Panasonic gjere det vel så bra. Den sterke sida til Tivoli er at du kan få til eit ganske godt stereoperspektiv, og dessutan vere fleksibel med å koble ulike signalkjelder til anlegget. Sjekk mottakarforholda for FM på hytta, og er dei bra, er dette tingen.

  • Importør: www.nebyhifi.no
  • Pris Tivoli 2 : 1995
  • Sub: 990
  • Cdspelar: 2390
  • Tivoli one kostar 1295
Lest 4471 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.