onsdag, 31 desember 2003 23:00

Yamaha MusicCast: ett anlegg, musikk i alle rom

Skrevet av

Stadig flere husbyggere tenker på media når de planlegger eller renoverer husene sine. I fagpressen har vi sett flere som legger opp kabelstrekk og utstyr slik at det blir tilgang på audio og/eller video i mange rom. Med Yamaha sitt MusicCast- konsept kan du spare deg installasjonsarbeidet, og spre lydsignal til inntil 5 rom trådløst!

 


Av Arve Åheim

 

For den som ynskjer å spreie lyd (og bilete) til fleire rom, er det bruk for mykje pengar til kabelstrek og koplingar. Det luraste er å legge eigne rør i veggane når ein bygger eller pussar opp, og det medfører ein god del arbeid, gjerne av fagfolk. Likevel vert det gjerne kompromiss når det gjeld kvaliteten, også ved ganske store investeringar. Som regel vert ting optimalisert i hovudanlegget, medan satelittanlegga reproduserer på eit enklare nivå.

Yamaha har gjort arbeidet mykje enklare med MusicCast-systemet. Dette består av ein hovuddel, som enkelt kan beskrivast som ein CD-spelar med stor harddisk, og trådlaus link, som kan sende til inntil 5 terminalar. Desse skal kunne plasserast 15 meter frå hovuddelen med godt lydresultat. Terminalane er utstyrte som komplette integrerte forsterkarar på 17 watt, og leverast med 2 høgtalarar som designmessig passar til. Terminalane er utstyrte med eigen fjernkontroll, der du kan finne fram til alle låtane som er tilgjengeleg frå hovuddelen. Du kan også kople til separat, lokal signalkjelde, som tuner på kjøkenet, DVD-spelar på TV-rommet, og lokal CD-spelar på barneromma. Det finnest også ein enklare signalmottakar utan forsterkar. Denne skal fungere som ei ”vanleg” programkjelde, og skal sluttast til eige stereoanlegg.

Eg fekk tilsendt ein hovuddel; Digital Audio Server MCX-1000 og ein komplett terminal MCX-A10. Serveren var utstyrt med standard dataprogram. Dette kan no erstattast av eit nyare og betre program, så eg utdjupar ikkje manglar og bruksmåte på det eg brukte, men ein del småtteri var det å utsetje på det. Eg var t.d. aldri klar over om eg spelte inn CD-ane komprimert eller ikkje. Og det var vanskeleg å finne ut også! Eg la inn ca 50 timar musikk, og fekk ikkje melding om at det var i ferd med å toppe seg. Eg er difor tilbøyeleg til å tru at det var automatisk komprimering av musikken, utan å vere heilt sikker. Det eg ikkje tar skilnaden på ”fulltone”- og komprimert signal, er eit kvalitetsbevis for lyden. Men ein må også ta takhøgd for Yamaha sin særeigne klangkarakter, som er svært musikalsk og behageleg, men som ikkje kan kallast nøytral. Det er smådetaljar som ikkje vert formidla skikkeleg, men dette kan neppe kallast eit alvorleg ankepunkt mot utstyret. Skal du ha analysereiskap, er det heilt andre produkt du bør sjå etter enn trådlause kringkastarar.

Digital Audio Server MCX-1000.


Funksjonane på hovuddelen. Med "joystick-knappen" styrer du alle menyane.

Denne kunne brukast som ein tradisjonell CD-spelar med heilt greitt resultat, om du samanliknar med det snillare prissegmentet. Det er ikkje rettferdig å samanlikne med andre spelarar på same prisnivå, då det er harddisk, program og trådlaus overføringssystem som også er deler av pakken. Spelaren er utstyrt med inngang, slik at du skal kunne tappe eksterne signalkjelder direkte, både analoge og digitale (både Coax og optisk). Eg registrerte også RS-232C- og LAN-tilkobling, så vel som S-video og RCA-kontakter merka ”video” på baksida, utan at eg tok desse i bruk. Eg kobla til vinylriggen, for å sjå om eg kunne tappe signal derifrå med godt resultat, men fekk ikkje til dette. Eg fekk ikkje opp dei menyane eg trengte, og eg måtte ved eit par høve slå av straumen til apparatet for å komme meg attende til hovudmenyen. Tilsvarande problem er velkjente frå ymse dataprogram som dukkar opp i betaversjon eller fyrsteutgåve. Som regel er desse barnesjukdomane retta opp i neste programutgåve, så vi får tru at dette er gjort når du eventuelt kjøper MusicCast.  Avspeling fungerte derimot upåklageleg, med svært musikalsk attgjeving frå analogutgangen som plasserte seg kvalitetmessig på linje med CD-spelarar til 4 –5000 kr. Den musikalsk kledelege attgjevinga arta seg som litt vakrare og rundare enn referansane. Spesielt bassattgjevinga var litt kraftig, men på ein måte som dei aller fleste vil setje pris på, om dei ikkje i utgangspunktet har for mykje bass i anlegget sitt. Resten av frekvensområdet maskerast forsiktig av ein rund klangkarakter. Eg vil samanlikne effekten med bruk av polaroidsolbriller – sanseapparatet ditt får eit litt snillare inntrykk enn det nøytrale, men i mange samanhengar er det berre positivt.

Elles må eg skryte av opptakskomforten. Du trykkjer på rec, og alt går automatisk, og det går fort, ned imot 2 minutt pr CD. Dette tyder på at det må vere komprimering her, men det var nesten uråd å høyre. Den musikalske Yamaha-klangkarakteren maskerte dette svært godt på alle "vanlege" opptak. Elles får du endå til overført CD-tittel og namnet på dei ulike kutta, dersom denne informasjonen ligg inne på CD-ane i utgangspunktet (om lag 50% av alle CD-ar eg prøvde ut).

Terminal MCX-A10.


Satelitt, utan høgtalarar. Det er eigen fjernkontroll for satelittane, i tillegg til fjernkontroll for serveren.

Eg brukte denne som ein separat, integrert forsterkar ved fleire høve. Denne saken kostar ein del meir enn integrerte forsterkarar under 30 Watt, men kan forsvare prisen. Ikkje berre i kraft av kommunikasjonsdelen MucicCast, men også som ein 17 Watts forsterkar, med dei avgrensingane såpass lite effekt gjev.


Pene, (men akk så lydleg skuffande) høgtalarar. Sats på andre. Forsterkareininga er derimot svært bra, ut frå den noko avgrensa effekten.

Dei medfylgjande høgtalarane er derimot vederstyggelege når det gjeld lyd. Dei færraste musikkentusiastar vil finne glede i å lytte til musikk gjennom desse, og dei bør såleis hovudsakleg brukast til å høyre Dagsnytt på kjøkenet, eller aller helst gøymast bort på loftet. Einaste positive utsegn eg kan komme med, er at dei designmessig passar til terminalen. Elles forringar dei lyden dramatisk, og bør erstattast av kvasomhelst lettdrive høgtalarpar. I testperioden har det vore brukt Cabasse XI, Epos ELS 3 og Boston utehøgtalarar med godt resultat Særleg vellukka var bruk av XI-systemet til Cabasse, då MCX-A10 er utstyrt med eigen utgang til subwoofer. Når dei 17 Watta til forsterkaren kunne avgrense seg til å arbeide over 150 Hz, og hadde ein svært lettdriven høgtalar (92,5 dB/W), var lyden direkte god. Den livlege Cabasse-klangen hadde godt av å blande seg med Yamaha-klang. Igjen ser vi kor viktig det er å matche utstyret. Men det er også rom for å la seg overraske positivt av denne vesle forsterkarsaken frå Yamaha. Brukar du serveren som signalkjelde, må du vere merksam på at lydkvaliteten heng saman med avstanden mellom denne og terminalen. Eg fekk det til å fungere brukbart på inntil 8 meters avstand, litt varierande med kva materiale veggane bestod av. Gjennom LAN-kontakter kan ein bruke kabel, og det er då grunn til å tru at avstanden mellom apparata kan vere større. Elles prøvde eg berre ut ein terminal. Eg veit ikkje om samtidig bruk av fleire (inntil 5) klientar verkar negativt inn på lydkvaliteten, men reint teoretisk sett burde det ikkje føre til problem.

Når det gjeld brukskomfort, er det ingenting å utsetje på MCX-A10. Her er menyane velfungerande. Du kan velje separat signalkjelde, og bruke apparatet som ein vanleg integrert forsterkar. Eller du kan blade deg fram og tilbake i musikkarkivet som ligg på hovudeininga.

Bak eit lite panel finn du koblingane til satelitten. Har du ikkje for grove høgtalarkablar, er dette ei grei løysing. Høgtalarterminalane er likevel av billegaste slag, og tyder på at produktet ikkje er retta mot oss lydfreakar, sjølv om forsterkardelen er svært god.

Om du vil bruke separat signalkjelde, er Aux-inngangen ein mini-stereojackplugg, så du må ha spesialleidning til dette. Sjølv om slike kontakter ikkje er optimale etter mi meining, har eg ingenting å utsetje på funksjonalteten av opplegget. Signal-ut-kontaktene er vanlege RCA-pluggar, så dei kan koblast til kva som helst forsterkar. Her er også ei Video out-kontakt som eg ikkje prøvde. Denne gjev sikkert menyane opp på ein TV-skjerm om du har behov for dette. Subwooferutgangen er også ei RCA-kontakt, som då skal sluttast til ein subwoofer med innebygd effektforsterkar. Elles tykkjer eg kontaktane for høgtalarleidningane kunne vore litt meir påkosta. Sjølv om produktet ikkje er tiltenkt tunge audiofile, kunne det likevel vore bra med litt tryggare feste.

Til sist må det nemnast at forsterkaren også kan arbeide på 12V DC, slik at plassering i straumlause omgjevnadar er mogleg.

Konklusjon:
Med unntak av innspelingsmeny-opplegget, vil eg seie at MusicCast-konseptet til Yamaha fungerer godt. Dei lydlege kvalitetane er overraskande gode, når ein tek omsyn til intensjonane med dette produktet. Prismessig opplever nok dei fleste at MCX-1000 og MCX-A10 er dyre apparat, men samanliknar du med konkurrerande musikkdistribusjons-system, er nok Yamaha ganske fornuftig. Du slepp dessutan installasjonskostnadar sidan opplegget fungerer trådlaust. Yamaha leverer også ein annan "satelitt" med forsterkar (MCX-CA15) tilpassa installasjon i vegg, utan høgtalarar. Dessutan ein rein mottakar utan forsterkar (MCX-C15). Desse produkta var ikkje tilgjengelege då eg gjennomførte testen, men MCX-C15 er ein "stasjon" for innfelling i vegg, utan forsterkeri, men med display og fjernkontroll. MCX-CA15 ser ut til å vere ein komplett forsterkar på 2x17 watt.

Einaste innvendinga eg har, er at nisjen for AV-distribusjon er i ei rivande utvikling, og det gjerast mykje innovativt med tanke på integrering av lyd, bilete og Internett. Det er likevel ikkje alltid ein berre vil sette seg ned og vente på at slike ting skal verte ferdigutvikla. Såleis er Yamaha MucicCast eit praktisk og musikalsk tilfredsstillande system slik det ligg føre i dag. Spesielt om menysystemet no har vorte pussa opp.

Prisar:

MCX 1000 Server:                          24 600

MCX A 10 Terminal/forsterkar          6 400

Høgtalarar                                      1 480

(MCX CA 15                                    1 890

MCX C 15                                       3 640)

Link til importør: www.yamaha.no

Les meir om systemet på:

http://www.yamaha-hifi.com/index.php?lang=n&idcat1=5

Lest 5842 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « P.H.A.S.E. Centra Tivoli 2 stereo »