tirsdag, 28 februar 2006 23:00

Sanyo PLV Z4 - projeksjon i særklasse

Skrevet av

Sanyo hadde sist år to svært prisgunstige prosjektørar som eg fekk prøve ut. No har dei lansert ein ny modell. Og har du lerret og plass, er dette det du burde drøyme om når det gjeld bildeattgjeving.

 

 

Av Arve Åheim, desember 05

Sanyo PLV Z4 har prismessig plassert seg slik at det var eit opplagt produkt å prøve ut for meg som skriv om heimekino på fornuftige budsjett. Med prisfallet på flatskjermar, vil det vere mange som vil vurdere ein stor slik i staden for prosjektør. Mitt syn er at TV eignar seg best til å sjå TV på, men om vi snakkar om heimekino, er det ei mykje betre oppleving med prosjektør, om du har eit eigna rom til dette.

Det tok litt tid før eg fekk prøve ut Z4, og i mellomtida fekk prosjektøren svært positivt rykte. Eg prøver å unngå å lese om produkt eg skal skrive om sjølv, men likevel vart forventingane ganske oppskrudde. Dei tidlegare produkta var svært mykje for pengane, og det var all grunn til å tru at Z4 ville vere ein godbit.

Då pakken endeleg kom, var difor gleden stor, men det var Z4 også. Dei tidlegare prosjektørane frå Sanyo var heller ikkje små, men Z4 er 39 cm brei, 31 cm djup, og ruver 13 cm over bordplata. At han veg 5 kg er ingenting å snakke om, men dette er iallfall ikkje ein slik prosjektør som du kjøper for å ta med deg på tur saman med pc-en.

Men det store ytre har nok gjort godt for lyddempinga, for dette er ein av dei aller stillaste prosjektørane eg har prøvd. Om eg sit så nær at eg kan legge albogen på han, er viftestøyen slett ikkje sjenerande. Eg hadde ikkje måleutstyr, men Z4 er opplagd kandidat til toppkarakter på dette feltet. Stort kabinett gjev også rom for stort og godt objektiv, med fint zoomområde.


Menysystemet var også utmerka, og effektive å blade seg fram i. Plassering var også ein leik med dei ulike linsevride-funksjonane og den kraftige zoomen. Eg likar best å sitte rett framfor lerretet, og ha prosjektøren eit stykke unna meg på høgre side. No var dette ikkje nødvendig ut frå viftestøyen, men her kunne eg faktisk vri bildet ekstremt langt ut til sidene, så vel som opp og spesielt ned. For å beskrive dette, kunne eg vri bildet ut av lerretet i alle retningar så lenge prosjektøren var plassert rett framfor. Og når du har gjort justeringane, kan du låse hjula som styrer desse, slik at alt står slik det skal også neste gong. Fokus og zoom er manuelle, og det er heilt greitt. Når prosjektøren er plassert på rette plass, brukar du ikkje desse funksjonane meir.

Ved hjelp av ein 3 meters Kimber HDMI-kabel frå hifiklubben, kopla eg Z4 rett frå Denon-spelaren DVD 1920. Og dette vart skikkeleg flott. I prisklassen under 20 000 har eg ikkje sett liknande bildekvalitet. Heldigvis har eg deltatt på Plaza-messa dei to siste gongane, og fått sett det absolutt beste av bildeprojeksjon på marknaden, elles hadde eg kunne utnemnt Z4 som aldeles state-of-the-art. Men det får du ikkje til denne prisen, det finnest faktisk betre ting i dei ikkje fullt så edruelege prisklassane. Men for fyrste gong sakna eg ikkje spruten i fargane frå DLP. Og skikkeleg kontrast og sylskarpt bilde, og svart så mørkt som det er vits å ha det.

Kinorommet mitt er ikkje ideelt, då det slepp inn masse lys, men lysstyrken til Z4 var såpass at eg på ein klar desemberdag kunne sjå film heilt framimot klokka 11. Og klokka 1500 var det på an igjen med ny filmsnurring.

Dersom dette åleine hadde skuldast HDMI-overføringa, vil eg utan vidare tilrå alle filmelskarar (og dessutan utstyrtsprodusentane) å satse på slikt med tanke på bildekvaliteten. Men Z4 har også høg oppløysing og andre gode data, så det er grunn til å tru at det er meir enn HDMI som fører til suksess.

Vidare må det nemnast at Z4 tek godt vare på seg sjølv. Så lenge du har apparatet avslått, er optikken gøymd bak ei luke, som ikkje opnar seg før du slår på. Og lukkar seg umiddelbart du har svara ja på kontrollspørsmålet du får når du vil sette Z4 i standby. Du kan altså ikkje gløyme linsedekselet – kjempeflott brukskomfort.

Konklusjon:

Med den fantastiske bildekvaliteten så vel som den høge brukskomforten til Sanyo Z4, har utviklinga av heimekinoprosjektørar gått endå eitt steg vidare på vegen mot det perfekte. Flott optikk med teneleg zoomområde, støyfri og lett å drifte på alle måtar, skikkeleg sprut i fargane, og så svart i dei mørkaste partia at du aldri tenkjer på at dette skjer gjennom ei LCD-brikke.


Så eg har vanskeleg for å skjøne at du treng noko betre enn dette for å vise film på lerret som er smalare enn 3 meter, så sant rommet kan blendast nokolunde ned. Betre ting kan kjøpast for (mykje) meir pengar, men treng du dette til heimekino? Og same kva du satsar på framover, ville eg sikre meg at bildesignalet kunne gå gjennom HDMI-tilkopling.

Kvalitetsutviklinga og prisfallet på prosjektørar dei siste åra gjer det vanskeleg å kåre eit ”best in class”-apparat på dette produktfeltet, men her tar eg sjansen. Så flott at heimekino kan bli så bra!

 

Tekniske data:

Mål: 382x126,8x304,3 mm når beina er innskrudde.

Vekt: 5 kg

LCD: 0,7” aktiv matrise, 3 panel

Oppløysing: 1280x720 x 3 panel

Fargesystem: PAL, SECAM, NTSC, NTSC4,,43, PAL-M og PAL-N

HDTV signal. 480i/p, 575i/p, 720p og 1080i.

Zoom med 21,3 – 42,6 mm. Manuell zoom og fokus.

Projeksjonslampe 145W.

Alle vanlege typar inngangar, inkludert HDMI.

Pris: 18900.00

forhandlar: http://www.presentationsdata.no/


Sist oppdatert : 12.01.2006 10:56:10
Lest 5672 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.