onsdag, 31 mai 2006 23:00

Epos M5

Skrevet av

For ei stund sidan fekk eg høyre minihøgtalaren Epos ELS 3, og vart umiddelbart hekta. Så fekk eg høyre om ei litt større og betre utgåve, og vart litt interessert. Og då eg høyrde at Epos M5 hadde vore med på å utfordre brutalt større og dyrare høgtalarkonstruksjonar på messa i Horten om messas beste lyd, vart eg verkeleg interessert.

 


Av Arve Åheim juni 2006

 

Sidan eg brukar ELS 3 som hyttehøgtalar, visste eg at det var grunn til å ha visse forventingar til M5, sidan karane på Lyric hevda at det var ”meir av alt godt” som veslebror hadde. Det nydelege øvre bassområdet skulle vere like godt, og på same tid skulle høgtalaren gå litt djupare, ha litt meir pondus. Og kanskje den vesle eigenkarakteren i det lågaste diskantområdet  var tona ned?

Utforming.

Då eg fekk den vesle kassa på 12,5 kg, var det tydeleg at M5 var ein minihøgtalar, ikkje så mykje større enn ELS 3. Og då eg pakka dei ut, fekk eg mistanke om at dei var mykje av det same, men meir påkosta finish og detaljar. Her er det ekstra terminalar med høve til biwiring/-amping, og betre overflatebehandling enn det dei billege småbrørne stiller med. Front”stoffet” er også ganske ulikt; i staden for tradisjonell stofframme, er M5 utstyrte med eit metallgitter. Det verkar kanskje brutalt, men ser faktisk bra ut, og er langt meir robust. Sjølvsagt får ein mistanke om at ei så solid løysing påverkar lyden, men då eg prøvde dette, var det merkeleg nok ikkje sjenerande effekt av å ha denne fronten påmontert. Eg valde difor å bruke denne under utprøvinga.

 

Oppstilling

Dei små ELS 3 var ei lita utfordring å stille opp med optimalt lydresultat, men likevel etter måten enkle å ha med å gjere. Dei måtte ikkje ha for stort rom, og dei måtte vere relativt nær bakvegg. Og var svært lette å få til å spele med stor realisme, engasjement og spesielt midbass. Ikkje heilt nøytral klangmessig, men godt avstemt. Så utfordringa eg snakkar om går på å få den optimale bassen ved å sette dei nær bakvegg, utan at dei kom så nær at perspektiveigenskapane tapte seg. Stikk i strid det mange andre hadde erfart, opplevde eg at dei var relativt tilgjevande med tanke på kva forsterkar du brukte dei saman med. Altså ein utruleg enkel og grei høgtalar å ha med å gjere.

Med utgangspunkt i desse erfaringane, var utfordringane større ved å prøve ut M5. Innlysande basert på same grunnfilosofi når det gjeld korleis det musikalske skal vere, men ein langt meir krevjande sak. Iallfall når du skal ha ut heile potensialet – sjølv om ELS 3 er glimrande, har M5 svært mykje meir å by på.

For å få maksimal guffe og kontroll i bassen bør også M5 vere nær bakveggen, men det kostar perspektiveigenskapar – glimrande perspektiveigenskapar. Alle nokolunde fornuftig utforma småhøgtalarar klarer å gje att perspektiv og tredimensjonalitet, og ELS 3 var absolutt god på dette. Det er berre det at M5 har potensiale til å gjere jobben mykje, mykje betre, dersom dei får gode arbeidsvilkår.

Det fyrste vilkåret er elektronikken. Har du relativt liten forsterkar, eller ein med relativt dårlege perspektiveigenskapar, vil eg faktisk heller tilrå deg å kjøpe ELS 3. M5 er gladare i straum, og vil gjere at ein relativt solid forsterkar på iallfall 70 – 100 watt gjer nytte for seg, og du må gjerne ta kraftigare i. Eg prøvde høgtalarane med dei glimrande Ming Da M300MC rørmonoblokkene på 23 watt, og sjølv om her skjedde magiske ting i mellomtonen, var dette for lite til at musikken ville blomstre ordentleg. Du må heller ikkje forvente skikkeleg dynamikk eller basskontroll om du brukar JoLida eller Ming Da sine EL34- eller EL88-baserte integrerte forsterkarar. Desse funkar godt med ELS 3, men M5 treng ein mykje større rørforsterkar, eller ein god transistorbasert sak. Det meldast om svært gode resultat med Creek sin integrerte 5350 forsterkar på 85 Watt, så det er nok i dette effektområdet du bør leite. Og finn for all del ein forsterkar med gode klangeigenskapar. Eldre ting med typisk ”transistorlyd” vert nådelaust avslørte. (Eg prøvde ein gammal Luxman med dårleg klangmessig resultat)

Det andre vilkåret M5 stiller, er skikkelege stativ. I starten måtte eg gjere kompromiss med blomsterpidestallar og bruk av bokhylla, før eg fekk lånt meg to passeleg høge høgtalarstativ. Store forbetringar, så her må du berre vere om deg og spandere gode stativ, for M5 er definitivt ikkje nokon bokhyllehøgtalar. Du får alltids grei nok klang og dynamikk frå eit slikt oppsett, men litt av vitsen med M5 er perspektiv. Og då må du ha stativ som plasserer diskantane litt under øyrehøgd. Eg likte dei best når dei var vinkla ørlite innover, eller rett fram når rommet var lite.

Det tredje vilkåret var rommet. M5 klarte seg betre i mitt 24 m2 lytterom #2 enn ELS 3, men hadde det mykje kjekkare i rom #3 på 11 m2 under diagonalplassering.

 

Lydlege kvalitetar

Eg må seie at sjølv om M5 er litt ”vanskelegare” i kosten enn ELS 3, er det absolutt verd innsatsen. Med dei tre vilkåra godt stetta, snakkar vi om lydlege kvalitetar langt utanom det du rimeleg kan forvente i prisklassen. Og det er ein høgtalar som spelar høgt, rikeleg til dei bruksområde eg prøvde ut. Ingen Grand Funk-partyhøgtalar, men til tilnærma edruelege utfordringar er dei fullt ut godkjende.

Når det gjeld dynamikk, manglast naturleg nok det ekstra slaget i botnen ein får på store høgtalarar, men den viktige nyanseringsevna på dei små dynamiske variasjonane som kjem så tydeleg fram på ein del klassisk musikk så vel som på andre akustiske innspelingar (t.d. Cornelis Vreeswijk sine tidlege plater) er utruleg bra, slik at eg må inn til hybridelektrostatane i lytterom #1 for å ha noko liknande. Svært få vanlege småhøgtalarar kan samanliknast med dette.

Klangkarakteren er god, flott mellomtone med oppløysing, og godt avstemt samanheng mellom bass og diskant. Med god elektronikk vert lyden oppfatta som svært nøytral og korrekt, og M5 eignar seg godt til monitorreiskap, mykje betre enn BBC sin gamle LS3/5A, og merkbart djupare bass og forfina diskant enn på veslebror ELS 3. Ein av desse flotte høgtalarane som oppfattast som meir nøytral enn elektronikken du brukar, og så til ein skikkeleg rimeleg pris, som gjer at du har råd til ein anstendig forsterkar. Har du romsleg budsjett, hadde eg sett etter ein riktig god elektronisk dansepartnar til M5. Eg fekk ikkje sjansen til å prøve McIntosh, men har ein mistanke om at dette kunne vore skikkeleg moro…

Perspektiveigenskapane var som sagt strålande, og kan trygt tåle samanlikning med det aller meste, også i langt høgre prisklassar. Men som sagt med strenge krav til omgjevnadane. Det vanskelegaste er å finne den ideelle avstand til bakveggen, og passande vinkling innover. Sit du ganske nær høgtalarane, sånn vel to meter, tykte eg beste resultatet var når dei spelte rett fram. Med litt større avstand, vart det naturleg å vinkle dei litt innover. Elles var einaste nemneverdige effekt eg opplevde ved å fjerne frontgitteret at tredimensjonale eigenskapar vart ørlite meir presise. Elles tykkjer eg du ikkje skal ha noko plassert mellom høgtalarane. Dei er så gode at du har mykje å hente på å fintrimme detaljane, og med litt jobbing har du skikkeleg superlyd, så god at eg trur din audiofile omgangskrins vil sperre auga ordentleg opp når dei høyrer kva du har betalt for stasen…

Einaste konkurrent eg veit om, er Vienna Acoustics Haydn Grand til dobbel pris, som kanskje ikkje har fullt så stort potensiale hos den med audiofile ambisjonar, men som er lettare å få til for ein musikkelskar som ikkje kan arbeide så mykje med detaljar i plassering og samansetninga av anlegget elles. Og så sjølvsagt den billege veslebror ELS 3 frå same produsent.

 

Konklusjon.

Imponerande! Ein pris for ein hi-end høgtalar eg ikkje hadde rekna med. Men som med anna topputstyr er det behov for at også resten av anlegget er glimrande, og at det jobbast med oppstilling og optimalisering. Sjølv om det skal mykje til for å gjere alt så dårleg at M5 ikkje gjev valuta for pengane, er potensialet så stort at det ville vere tragisk å stille sine høgtalarar under ei skjeppe. Dette er den opplagde høgtalar til dei trongbudde som vil prioritere ein 40 – 50 000 til musikkanlegget, som kan jobbe litt med detaljane.

Dette er ut frå mi entusiastiske, audiofile ståstad. Men om du tykkjer at 5000 kroner er dyrt for eit sett små høgtalarar, og dertil ikkje kan prioritere å kjøpe skikkeleg god elektronikk, er dei mindre ELS 3 eit fornuftig alternativ, spesielt om du i tillegg ikkje kan få til god plassering.

M5 er kanskje ikkje verdast beste minihøgtalar, men i denne prisgruppa absolutt i referanseklasse!

Tekniske data frå produsent:
Power Handling  100 Watt 
Frequency Response  60 Hz - 20 kHz 
Impedance 4 Ohm nominal 
Sensitivity 88dB/1W/1m 
Amplifier Compatibility 25 - 100 Watt 
Configuration 2 Way 
Finish Real Wood Veneer 
Weight 5.6kg 
Size W x H x D (mm)
174 x 326 x 210

pris 5 200,00 kr
Importør:                           www.taaimort.no
Produsenten sine heimesider: http://www.epos-acoustics.com

Lest 3240 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Epos ELS 3 Gale 3040 »