onsdag, 31 desember 2003 23:00

Epos ELS 3

Skrevet av

Det finnest mange små, billege høgtalarar. Dette er ein av dei. Ein typisk ”stativhøgtalar” – som ikkje må forvekslast med ”bokhyllehøgtalar”, som er eit skjellsord for ein høgtalar som er så dårleg at den like gjerne kan setjast i bokhylla, der det meste let dårleg. EPOS ELS 3 er definitivt ikkje nokon dårleg høgtalar.


EPOS ELS 3 er altså ein liten høgtalar. Med mål mindre enn eit A4-ark (17,5x27,5 cm), og berre 18,5 cm djup. Det er ein bassreflekskonstruksjon med ein ørliten bassport på baksida. Dette er ein viktig del av desse gjennomtenkte høgtalarane, som er tilrådde plassering ganske tett på bakvegg for å auke bassnivået. Alle høgtalarerfaringar seier at eit kabinett med rundt 8 liters volum rett og slett ikkje maktar å produsere djup bass. Mange har prøvd å unngå dette faktum, for det audiofile livet hadde vore svært greitt om vi kunne fått djupbass med skikkeleg lydtrykk ut av små, lettplasserte høgtalarar. Mellom anna har det vore triksa i BBC sin LS3/5A monitor-konstruksjonen, som hevar midbassen for å gje eit inntrykk av at det er meir bass. Imponerande i fyrste omgang, men lyttar du til LS3/5A over tid, vert du etter kvart klar over at dette er juks – sjarmerande og tillitvekkjande, men ikkje ekte vare. Skal du ha djupbass, er det ingen veg utanom å byggje eit stort kabinett.  Og det har altså ikkje Epos prøvd på med ELS 3.

Ein annan ting dei heller ikkje har gjort, er å bruke mykje pengar. Heilt grei finish, men utan utsøkt treverk, dyre element og flotte terminalar. Dessutan var festeknappane for frontrammene knekte på den eine høgtalaren. Men det er ingen grunn til å klage på sånt når du høyrer utsalsprisen - dette er den billegaste høgtalaren eg har omtalt, og det er vanskeleg å tenkje seg at nokon har ambisjonar om å lage hifihøgtalarar til ein pris av 2690 paret. Men det er altså gjort her!

Lyric sine høgtalarstativ var langt betre enn desse portugisiske pidestallane i keramikk......

Frå Lyric fekk eg med eit sett skikkelege høgtalarstativ som sannsynlegvis kostar like mykje som høgtalaren. Dei skulle fyllast med sand – men eg brukte plengjødsel (kunstgjødsel naturlegvis – det får vere grenser for kor eksperimentell ein hifiskribent kan vere). Stativa var grålakkerte og passar nok ikkje inn i alle interiør, men fungerer svært godt. Eg brukte som vanleg Soundcare under stativa, men oppnådde langt mindre forbetring enn eg brukar, samanlikna med å sette stativa rett på golvet. Det har ganske sikkert samanheng med at det ikkje er nivå under 60 Hz i desse høgtalarane, og ikkje så mykje djupbassresonansar ute og går.

Høgtalarane var heldigvis innspelte då eg fekk, så eg kunne gå rett laus på lyttinga. Og her er det grunn til hakeslepp! Nei, du får ikkje oppløysing som superdiskantar eller elektrostatar. Du får absolutt ikkje djupbass. Men du får nesten alt anna.

Småhøgtalarar har også sine sterke sider. Ei er at det er råd å plassere dei slik at dei formidlar rominformasjonen godt. Dette er som du kan forvente glimrande på ELS 3. Meir uventa spelast det også rimeleg høgt. Ikkje som hornkonstruksjonar, men absolutt høgt nok i mitt ”livlege” lytterom på 24 m2 med Rotel 1062 50 watts integrerte forsterkar.  (og som du seinare kan lese, også brukbart i eit 14 m2 rom med steinveggar og ein 18 watts receiver)

Skal vi vere kritiske, må eg seie at diskanten er ein smule unyansert. Og om eg er urimeleg og samanliknar med t.d. den 6 gonger dyrare ProAc Studio 125, kunne attgjevinga kanskje kallast noko rå. Mellomtonen er derimot forførande detaljrik, og strekk seg ned i midbassområdet på ein glimrande måte. Det er ein sjeldan samanheng i frekvensgongen som gjer at du opplever musikken meir autentisk enn på det aller meste eg har høyrt i prisklassen under 10000 kr. Skulle eg samanlikne med gamle LS3/5A, ville eg halde ELS 3 som ein totalt betre monitor, då detaljrikdomen er så bra. Ikkje så korrekt klang i toppen, men dei spelar høgre, og gjev altså meir presis attgjeving over det aller meste av frekvensområdet. Frå om lag 80 Hz opp til 4 kHz er dette berre utruleg godt. Eg finn det urimeleg å peike på bagatellmessige feil i dette området, og lar du deg sjenere av ein ørliten kabinettresonnans og litt farging, er ditt einaste håp å grave djupt i lommeboka, og kjøpe mykje dyrare høgtalarar som t.d. elektrostatar eller element frå tyske Manger.

Dersom du kan klare deg utan djupbass, får du dessutan ein ekstra bonus – ei attgjeving av overtonestrukturen i bassgitaren eller ståbassen som er nesten unik. Som gammal bassist er det ei fryd å høyre dette. Denne eigenskapen gjer at det er lett å ”plukke” riff og bassløp når du lyttar til musikken. Slik eg ser det, er dette fyrste gongen monitoreigenskapar er tilgjengeleg for folk flest. Vidare er dette ein høgtalar som ikkje skrik etter spesielle forsterkarar. Resultatet vert sjølvsagt betre om du spyttar litt ekstra kronasje inn i forsterkeriet, men belastninga er enkel, og det spelast 87 dB/W, slik at 20 w skulle vere nok til eit brukbart trykk. Og når høgtalaren er oppgitt til å tåle 100W, er det råd å få til lydtrykket på hybelen høgt nok til å sjenere naboane.

Høgtalaren skjemmer seg slett ikkje ut, om du skulle spenne føre flott utstyr som Vincent SA-T1 og SP-T100, klarer dei godt å skape att mykje av magien i dette. Eg vil spesielt trekke fram den dynamiske nerven og nyanseringsevnen i denne kombinasjonen, akkurat på dette feltet kan du samanlikne med kva som helst. Er såleis ELS 3 kritisk på forsterkarar? Her er svaret at du må prøve ut kombinasjonane. Eg fekk svært gode resultat med ein 25 år gammal Technicsreceiver eg hadde kjøpt på brukthandel for ein hundrelapp. Sjølv om denne berre er oppgjeven til 2x18 watt, spelte det så godt at eg har plassert dette som anlegg i sommarhuset. Her er det steinveggar i lytterommet på knapt 14 m2, men anlegget speler så godt at eg no kan overleve sommaren utan eit snev av abstinens til referanseanlegget. Om du derimot prøver ELS 3 saman med ein gammal NAD 3140, er resultatet forferdeleg.

Ferieanlegget. Kostnad under 5000 kr. Her brukt som uteanlegg under eit besøk av hifiskribenten Stig Arne Skilbrei (vi brukte ein kveld på å vinkle høgtalarane, men vart ikkje einige)

Konklusjon:
Dette er nesten for godt til å vere sant, og eg kan ikkje tenkje meg eit betre kjøp når det gjeld hifi. Så desse høgtalarane vert ikkje returnerte. Dersom du ikkje naturleg høyrer heime mellom dei som berre må ha Cerwin-Vega  eller har råd til horn, elektrostatar eller store kvalitetshøgtalarar, er dette eit glimrande utgangspunkt for å bygge opp eit hifianlegg. Kan brukast som feltmonitor om du vil gjere opptak, men fyrst og framst eit opplagt høgtalarval for studentar, turistar og dei aller fleste med lommebøker som må pleiast med omtanke!

Fakta:

  • Effekt 25 –100 watt
  • Frekvensområde 65-20kHz
  • Impedanse: 4 Ohm
  • Følsomheit:87 dB
  • Vekt 4,5 kg
  • Leverast også som senterhøgtalar
  • Pris: 2690 kr
  • Importør: www.taaimport.no
  • Produsent: www.epos-acoustics.com

Lest 5208 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Beslektede artikler

Mer i denne kategorien « Epos M5 Energy Vertias 2.4i »