torsdag oktober 17 , 2019
mandag, 30 april 2007 23:00

Harman Kardon AVR-445 receiver

Skrevet av

Harman Kardon er eitt av dei solide varemerka innan hifielekronikk som har vore lenge på banen, noko som burde ha med kvaliteten å gjere. Ganske beskjedne når det gjeld oppgjevne data, men med ord på seg for å ha løysingar langt tøffare enn det talet på Watt skulle tilseie.
Gjeld dette også multikanalsreceiveren AVR-445?

 

Av Arve Åheim mai 2007

Funksjonar og utforming.

Vi er etter kvart vande med at multikanalsreceiverar er store og tunge, så det er neppe noko overrasking at Harman Kardon sin litt mellomklasse-receiver er eit lite beist. Men AVR-445 er ikkje større enn dei fleste liknande produkt, og vekta er om lag 18 kg.

Harman Kardon har svært så særprega utsjånad, med sitt store volumkontroll-ratt med innlagt blålys. Eg tykkjer dette er visuelt tiltalande, og min betre halvdel (som slett ikkje likar McIntosh sin meir påtrengande design) har ikkje hatt negative kommentarar.

Når du har fått slutta apparatet til, og gjort dei nødvendige innstillingane, er det viktig at du ikkje dekkjer forsterkaren til. Her genererast mykje varme, og AVR-445 er den heitaste fleirkanalsreceiveren eg har hatt i hus på meir enn ein måte. Eg reknar med at det har ein klar samanheng med den engasjerande og musikalske lydkvaliteten til forsterkaren.

Tilslutningane er ganske normale, og konstruktørane har passa på å få HDMI både inn og ut. Og alt anna du hadde rekna med, også USB-port. Denne prøvde eg ikkje, men i handboka er det fortalt at det er skikkeleg kompatibilitet med datautstyr, slik at både streaming og bruk av ting som Logic 7, Dolby Pro Logic II/Iix og DTS Neo6. Windows Media center og Vista burde difor vere svært takknemlege å samarbeide med.

Radiodelen er ikkje uvesentleg for meg. Her stiller AVR-445 ganske midt på treet samanlikna med dei andre eg har vore bort i. Kanskje det burde vore lov å håpe på ein endå betre radiofunksjon når prisnivået stig såpass? Men her er ingen utfordringar som ikkje ei god antenne vil fikse.

Fjernkontrollane er funksjonelle og oversiktlege, men den minste ”kvardagskontrollen” kunne gjerne hatt volumet plassert litt meir sentralt. Eg fumla ein del i mørket, så det vart til at eg brukte ”storekontrollen” til kvardags

 

Lydkvaliteten

Denne mellomprisklasse-receiveren er utprega musikalsk, og ein sak som musikkelskaren uvilkårleg vil sette pris på. Ved å køyre mine kjære 2L SACDplater på direkteinngangen fekk eg øyeblikkeleg formidla denne store musikkopplevinga som ligg i desse innspelingane, og som ikkje let seg skjule, nesten likegyldig kva anlegg du spelar dei av på. Men her på AVR-445 kjem det ut med akkurat dette ekstra som rettferdiggjer eit dyrare anlegg. Her er stor autoritet og skikkeleg presisjon. Min gamle Mirage-sub halta kanskje litt, men når SVS-subben trådde til, var lyden svært så overtydande. Men her kunne også køyrast fulltonehøgtalarar utan sub med skikkeleg godt resultat. AVR-445 greier jobben langt betre enn dei etter måten mistenkjeleg forsiktige 80 watt pr kanal skulle tilseie. (Harman Kardon har aldri operert med skrytewatt, dei har lukkast svært godt med å la lyden tale for seg sjølv). Å drive SVS-settet er barnemat for dette råskinnet, og det skulle undre meg stort om det finnest særleg mange høgtalarar der ute som manglar bakkestøtte til å presentere fortissimo på ein skikkeleg måte. Eg prøvde det eg hadde av fleirkanals SACD-plater med trøkk i, og var stort sett svært imponert over kva som vart levert.

På ein såpass kostbar surroundreceiver, meiner eg det også må vere lov å ha ambisjonar om å lytte kritisk til stereo, så eg køyrde også eit utval  stereo-SACD-plater. Her var det sjølvsagt råd å spele høgre enn eg har godt av, utan tendensar til grauting og vrenging. AVR-445 oppfører seg eksemplarisk, og slektskapet til den utmerka integrerte stereoforsterkaren 970 syner seg frå si aller beste side. Utan å gjere direkte samanlikning, fekk eg inntrykk av at her er endå meir trøkk og kontroll. Kanskje eit resultat av totalt større og stødigare straumforsyning?

Elles synte det seg at eg stort sett likte best attgjevinga via DTS framfor Dolby avkoding når eg kunne velje, utan at det tyder at Dolbyavkodinga ikkje var noko særleg. Men Harman Kardon har iallfall skikkeleg kvalitet på DTS-opplegget sitt.

Når det gjeld det klangmessige særpreget til Harman Kardon, har eg ofte samanlikna det med eitt av flaggskipa innan forsterkarproduksjon, også i Harman-konsernet: McIntosh. Sjølv om desse to merka er tenkte til svært så ulike prissegment, er det ein del felles når det gjeld karakteren. HK er den litt meir storkjefta og ubehøvla slektningen som syner stort slektskap i kroppsbygning og veremåte, men som manglar den raffinerte og gjennomførte stilen og nyanseringsevna (for ikkje å nemne verkeleg rå muskelstyrke) som den meir avanserte og ressursrike McIntosh-slektsgreina har. Likevel har HK såpass mykje av den same sjarmen at det er ei akseptabelt god løysing for den som ikkje kan sjå seg råd til dei trass alt langt betre McIntosh-forsterkarane.

 

Dagleg bruk

Dette er ein sak som krev ein viss innsats når det gjeld innstillingar, men når jobben er gjort, er det lite som er krev bruk av handbøker eller leiting. Under dekselet på fronten finn ungane den ekstra inngangen som dei kan bruke til spelekonsolla sine. Denne har dei tilkoplingane du har bruk for, vanleg stereo+video rca, coax, TOS-link, og S-video.  Til venstre finn ein kontakter for målemikrofon og øyretelefonar, og dessutan ein del funksjonar for innstilling av høgtalarane. Sånt du ikkje brukar til dagen, men det er greitt å ha det tilgjengeleg også utanom fjernkontrollen når du gjer justeringar. Eg likar også godt å ha ein straumbrytar lett tilgjengeleg under dette dekselet, slik at forsterkaren er skikkeleg avslått når han ikkje skal brukast på ei stund. Knappar på baksida er tungvinte i bruk, så i praksis vert dei ofte gløymde.

Elles fylgjer det med to fjernkontrollar. Kjøper du ekstra mottakar av fjernkontrollsignala, kan du reservere den eine til sone2-anlegget. Definerer du forsterkaren som 5.1, får du to kanalar til overs, som kan brukast til å drive høgtalarar i eit anna rom. Du kan også bruke pre-out til å drive eigen effektforsterkar dersom du ynskjer dette, men det vart ikkje prøvd ut av meg. Eg har eit sett utehøgtalarar i hagen som eg brukte til utprøving av sone2, og for ein gongs skuld kunne ungane ha skikkeleg diskoteknivå på plenen…..Harman-Kardon-hestekreftene fornekta seg ikkje.

Eg prøvde AVR-445 saman med to ulike stereo høgtalarsett  med glimrande sluttresultat, men det meste av lyttinga var som 5.1-system basert på SVS-høgtalarsettet, og mitt Mirage Omni-/Nanosat oppsett. Det er svært greitt å leve saman med denne receiveren sånn praktisk sett. Lett å gjere dei endringar av innstillingar du har bruk for, og lett nok for ungane å kople til spelekonsoll og den slags. Men det definitivt beste med denne saken, er evna til å spele musikk. Rett nok den dyraste receiveren eg har omtala så langt, men med akkurat dei musikalske eigenskapane som vil vere avgjerande i mitt val av ”motor” i anlegget.


Konklusjon

Ein receiver som er ganske konvensjonell i bruken, og utan fikse løysingar som t.d. Pioneer sitt lynraske MCOCC-innstillingssystem. Men dette bør ikkje vere noko ankepunkt for entusiasten som likevel skal gjere sine personlege justeringar. Når du fyrst har gjort dette, og plassert AVR-445 i anlegget, er dette den mest overtydande musikkformidlaren eg har brukt i surroundmodus. Alvorleg med krefter og all den musikalitet du kan ynskje deg. Dette er den dyraste, men kjekkaste receiveren eg har hatt til utprøving så langt, både til musikk og til filmbruk, noko som skuldast ein svært heldig kombinasjon av musklar og spelestil.

445 tek relativt tungdrivne høgtalarar opp til svært så røffe lydnivå utan å vere nær å miste pusten, så actionfilm-elskarar må ikkje la seg skremme av dei beskjedne 65 watt pr kanal i surroundmodus du kan lese om på tekniske data. Dette held så til dei grader mål.

Mi varmaste tilråding.

Pris 11 995 kr

Importør: www.harman-neby.no

 


Sist oppdatert : 03.06.2007 10:51:26
Lest 3725 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen