søndag, 05 desember 2004 23:00

JVC EX-A1

Skrevet av

JVC er for oss nordmenn ikke kjent for de store, tunge hifiproduktene. Men det er en innovativ produsent, som blant annet har levert svært gode CD-spillere og forsterkerutstyr som har gitt mye for pengene. Her lanserer de et ”mikro” musikk- og DVD-anlegg der høyttalermembranene er av tre, marinerte med risvin……

 

av Arve Åheim, 6.desember 2004

Etter å ha pakka ut settet, og sjekka at alt verka, gav eg settet 48 timars innspelingstid før lyttinga tok til. Forventingane til settet var såpass store at eg bestemte meg for å køyre same grundige lytteprosedyre som eg brukar til dyrt utstyr, altså saman med anna utstyr og i ulike rom. Men dei fleste potensielle kjøparar vil nok bruke EX-A1 som eit samla sett, og eg har lagt hovudvekt på slik bruk.

Ingenting å seie på designet - dette er lekkert!

Receiveren er eit svært gjennomtenkt og fornuftig produkt, med DVD-spelar som kan ta seg av dei fleste format. Det er SCART-kontakt på baksida, og ein rask kontrollsjekk synte at filmar kunne spelast av med godt resultat. Her er ein utmerka radio – mindre støy og betre stereoattgjeving enn både Boston og Tivoli plassert i den ”vanskelege” kroken der eg til vanleg ikkje får støyfri attgjeving ved bruk av vanleg 75 Ohms antenne, og ein liten, men spennande forsterkar. På toppen av spelaren står det ”Hybrid feedback digital amplifier”. Utsjånaden til denne vesle saken er berre heilt rå, og bør appellere til alle som tykkjer design er viktig. Ei halvkule er volumkontroll, medan to store knappar slår av/på apparatet, og opnar DVD-skuffa. Det er også mindre knappar for radio/aux og dei vanlege DVD-spelarfunksjonane. Det ser ut som dei fleste CD-og DVD-format kan spelast av. Også DVD-A, men eg hadde ikkje tilgong på slike akkurat no, og fekk ikkje høve til å prøve dette under denne korte utprøvinga. Men ikkje SACD eller alle slags foto-CDar, noko som ikkje er avgjerande, sjølv om somme kunne tenkt seg.

Styringa av funksjonane skjer hovudsakleg frå ein gjennomtenkt fjernkontroll av heilt grei kvalitet. Her er eit deksel som dekkjer dei funksjonane som til vanleg ikkje vert brukt, medan dei daglege funksjonane er lett tilgjengelege. Ver obs på at subwooferfunksjonen kan slåast av berre gjennom fjernkontrollen. Det tok litt tid før eg fann ut kva som var feilen….. Bortsett frå at det er mykje å sette seg inn i om ein skal utnytte alle funksjonar, vil eg seie at EX-A1 har svært gode funksjonar og kontrollar. Min personlege kjepphest – balansekontroll – er her likevel ikkje.

På baksida finn du gode høgtalarterminalar, inngang for ekstra signalkjelde, SCARTkontakt og subwooferutgang. Her er også TOS optisk digitalutgang. Kjølevifta finn du i midten bak.

Her er også ei kjølevifte. Denne støyar såpass at eventuelle fordelar med ein støyfri digital forsterkar ikkje kjem til sin rett. Men elles er her optisk utgang for det digitale signalet, og høgtalarterminalar av god kvalitet. Apparatet syner ein max effektbruk på 24W, men likevel er fosterkaren oppgjeven til å levere 30W RMS pr kanal. Her burde ein nok vore meir nøktern, og målt på ein meir korrekt måte. Sjølv med digitalforsterkeri kan her nok ikkje vere meir enn 10W på kanalen. Utprøving på lettdrivne, kjende høgtalarar tyder også på ganske beskjedne effektressursar. Brukt saman med høgtalarane som høyrer til settet, er det likevel ingen problem, og ved å skru volumet på fullt (nivå 50), får ein rikeleg med lydtrykk i eit ikkje alt for stort rom. Brukt saman med subwoofer i mitt mellomstore lytterom på 24 m2, spelte det så høgt eg bryr meg om. Men det seier seg sjølv at så små høgtalarar ikkje eignar seg til aggressivt partybruk.

Ved samanlikning med ekstern CD-spelar, syner den innebygde DVD-spelaren same svake sider som andre receiverar. God nok til ”vanleg” bruk, men tapar litt dymamikk om du av ein eller annan grunn skulle bruke ein meir kostbar sak over AUX-inngangen. Ein ekstra inngang vil vere nok for dei aller fleste som kjøper eit slikt produkt. Vurdert som integrert forsterkar, har CA-EXA1 si svakaste side i den svake effekten. Kan du leve med dette, er det ein heilt grei forsterkar, sjølv om det kan verke som forsterkaren er tilpassa høgtalarane sin lyse klang. Bruk av andre høgtalarar syner eit noko neddempa diskantområde. Likevel er den lydlege kvaliteten god reint generelt. Det kan vere ei oppgåve å finne høgtalarar som er tilstrekkeleg lettdrivne, men dei fleste vil nok kjøpe dette settet med tanke på bruk med dei medfylgjande høgtalarane.

 

Det aller mest spennande med dette settet er heilt klart høgtalarane SP-EXA1. Entusiastar innan JVC har arbeidd i 20 år med å få til ein høgtalarmembran av tre, ut frå den teori om at treet sine gode akustiske eigenskapar i mange instrument, også kan vere ideelle for lydreproduksjonen frå ein høgtalar. Informasjon om utviklingsprosessen av desse membranane finn du på JVC sine heimesider. Ganske innovativ tenkemåte då dei fann ut at tremembranane måtte leggast i risvin for gjere dei passeleg seige og hindre oppsprekking og tørking….men i denne artikkelen får vi sette det eksotiske til side, og konsentrere oss om del lydlege kvalitetane.

Ja, her er eim membran av tre! Liten, men vakker sak.

 

Eg vart ganske forbausa då eg pakka opp settet, for høgtalarane var svært små. Dette er ein fulltonekonstruksjon som knapt er større enn høgtalarar innebygde i vanleg hanke-stereo: 11 cm breie, 15 cm høge, og 22 cm djupe medrekna frontstoffet. Sjølve høgtalarane er kalla 3”, og den bevegelege delen er berre 7 cm i diameter. Det er altså ikkje råd å flytte mykje luft med dei, sjølv om ein dristig bassrefleksport på baksida gjer sitt aller beste, såpass at det ikkje er heilt håplaust. Men det er heilt klart at sjølv JVC-eigarar buande på svært små hyblar kjem til å ynskje seg subwoofer ganske fort. Dei er også oppgjevne til å vere ganske tungdrivne, med 81 dB på 1 watt. Ser vi på frekvensområdet utanom bassen, er dette alt for forsiktig. Ved bruk av subwoofer og høg delefrekvens, spelar dei langt høgre. Altså rullar dei av ganske fort!

Fin også med frontstoff, men då ser du ikkje membranet?

 

Noko overfokusert øvre mellomtone/nedre diskantområde gjer seg gjeldande i alle oppsett og rom eg har prøvd ut. Men då syner også desse "nesten mikroskopiske" høgtalarane ein detaljrikdom som få andre. Denne overfokuseringa er absolutt ikkje nøytral, men det er likevel ikkje som den såkalla ”tyskarlyden” med kraftig diskantnivå, som var vanleg på 70- og 80talet. Denne gjorde alltid at eg  gjekk trøytt av lyden og ikkje greidde å konsentere meg skikkeleg om musikken etter svært kort tid. På SP-EXA1 skjer ikkje dette før etter gjennomspeling av fleire CD-ar, og som formidlar av radioprogram ikkje særleg sjenerande. Trass i den kraftige diskanten, er det meir styring på overtonestrukturen enn vanleg. Kan dette vere på grunn av tremembranet?

I alle mine oppsett var det heilt klart at subwoofer var eit pluss, også i det minste lytterommet på ca 10 m2. Aller best resultat fekk eg ved bruk av dei innebygde transmisjonsbassane til referansehøgtalarane mine. Såleis 2 stk subwooferar med delefrekvens 400 Hz og 24 dB/oktav filter. Ved så høg deling kunne høgtalarane brukast i det store lytterommet mitt. Dei kunne også plasserast langt ute i rommet, slik at fordelen ved mini-høgtalarar kjem til sin rett, med ekstremt tredimensjonal lyd. Det nest beste resultatet fekk eg ved bruk av Audio Pro Ace2-subwoofer over subwooferuttaket på den medfylgjande receiveren. Eg stilte då delefrekvensen heilt i toppen, som skal tilsvare 100 Hz. Sjølv då må høgtalarane plasserast ganske tett på bakveggen for å redusere tendens til  ”hengekøye” på frekvenskurva. Eg trur du bør opp i delefrekvensar over 120 –150 Hz for å få skikkeleg orden på frekvensområdet. Å bruke desse høgtalarane fulltone på ein tilfredsstillande måte, kan berre gjerast med frekvenskorreksjon. Det ser ut som receiveren har ein tilpassa, snill diskant som reduserer denne overfokuseringa. Såleis er det svært greitt at dette seljast som eit sett, og at høgtalarane ikkje seljast separat. Ved bruk saman med min elles svært klangnøytrale Copland CTA 520 effektforsterkar, var fulltonelyden langt dårlegare enn med EX-A1–settet komplett.

Dei spennande tremembranane er på fleire måtar lovande. Problemet er at at høgtalaren i seg sjølv for liten til å kunne synleggjere fordelane med eit slikt membranmateriale. Ein 3” membran er for liten til å svare på dei spørsmåla eg har i denne samanheng. Fulltonekonstruksjonar, der eitt høgtalarelement gjer heile jobben er alltid spennande, men det er vanskeleg å få til skikkeleg hifi på denne måten. Det er vel heller ikkje JVC sin intensjon med dette produktet. Eg håpar likevel at JVC satsar vidare og lagar større tremembranar, som kan brukast i ein større høgtalar, og svare på om kvalitetane til tre er betre enn papp, kevlar, metall og alt det andre som finnest på marknaden i dag. Tanken er iallfall verd å prøve ut vidare.

 


Konklusjon:

JVC har her lansert eit svært innovativt og dristig konsept. DVD-receiver CA-EXA1 byr på alle dei funksjonar du ynskjer deg, om du kan klare deg med to kanalar og ikkje har behov for mykje effekt. Eit lite minus for vifta som lagar noko støy.

Høgtalarane er spennande, men for små til å syne oss skikkeleg potensialet i eit membranmateriale som ingen annan har greidd å bruke så langt. Høgtalarane si sterkaste side er evna til å skape eit holografisk lydbilde, dernest stor detaljrikdom, om enn for mykje fokus på diskantområdet til å kunne kallast skikkeleg hifi, sidan den vesle storleiken også har som konsekvens den største mangelen til konstruksjonen; manglande evne til å spele bass.

Pris: ca 6000 kr. Sett også av pengar til å kjøpe subwoofer. Det finnest ein spesielt tilpassa sak til settet. Eg reknar med at denne passar betre enn dei alternativa eg prøvde ut.

Link til importør:

www.jvc.no

og produkt:

http://www.jvc.no/product.php?id=EX-A1E&catid=100008

 

 

 


Sist oppdatert : 08.12.2004 11:25:59
Lest 7383 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.