onsdag, 31 desember 2003 23:00

Kabler - de farlige forbindelsene...

Skrevet av

Kabel er ein stadig meir synleg nisje innan hifi. Fram til Monster lanserte eigne hifi-variantar var det få som brydde seg om kablane, berre dei var godt festa og at dei var like lange til høgre og venstre kanal (noko som irriterte meg då eg kjøpte Tandberg-anlegg for konfirmasjonspengane) Og no kan du kjøpe eit rimeleg godt anlegg for same prisen som 2x3 m høgtalarkabel av (svært) høg kvalitet. Har kabel så mykje å seie for lydkvaliteten at ein bør investere så mykje i dette?

Ein ting er sikkert: kabelproblematikk kan verkeleg engasjere – det er sterke kjensler inne i biletet. Difor er det viktigare enn nokon gong å vere presis når det skal skrivast om dette. Dessutan trengs det godt utstyr til å prøve ut ulike kablar. Men det er eit viktig felt å gå inn i. Alt for mange audiofile kjøper kabel ut frå tanken om at ”berre eg brukar såpass mykje kr, og held meg til xxx merke, har eg sikra meg mot at kabel vert svakaste leddet i kjeda”. Skeptikarar hevdar dessutan at kabelproblematikken har mykje religiøsitet over seg. Folk trur og meiner, utan at dei har prøvd ut så mykje under kontrollerte forhold –men kanskje det er kanskje eit problem i audiofilverda generelt?

Kvar skal ein så begynne i dette kaoset? Eg visste ikkje kva eg gjorde då eg kasta meg inn i problemstillinga. Her var frykteleg mange faktorar, mykje verre enn det vanlege ”fortel om ein fin komponent”- forteljinga hifiblada brukar å trykke. Dessutan er det mange, mange leverandørar av kabel som alle fortener å verte omtala. Eg kontakta 8 –10 ulike, men ikkje alle hadde høve til å levere dei tinga eg bad om. Det vart likevel mykje å gjere…

Om eg skulle få ork til det, kan det hende eg prøver ut fleire kablar ein gong i framtida, men ikkje på ei god stund…..arbeidet starta i august, og eg har brukt nesten eit år no. Eg har prøvd å ta omsyn til innbrenningstid og oppvarmingstid, og arbeidet har vore langt anna enn enkelt.

Eg har tidlegare erfaringar med hifi-kablar, og skreiv nokre samanliknande artiklar om høgtalarkabel for gamle Puls Hifi på 80-talet. Etter den tid har det vorte lese svært mange kabelartiklar, der ein kan få inntrykk av at rett kabel er vere eller ikkje vere for eit stereoanlegg. Mykje rart har dukka opp på heimlån, eg har fått ein god del kablar demonstrert i både i eigen og andre sin heim – for ikkje å snakke om i butikkar. Synspunkt og erfaringar har jamt vore utveksla med andre entusiastar. Eg kjenner meg såleis ikkje heilt igjen i alt det som er skrive om dette emnet. Samstundes som eg har erfart at det absolutt er skilnad på kabel, føler eg at lesaren treng ein skala for i kva grad kabelen verkar inn på lytteresultatet. Eg innfører difor med dette RICTHER-ARVE-SKALAEN for endring av lytteresultat ved utskifting av komponentar. Denne må oppfattast som subjektiv, men utprega logaritmisk. 1 er knapt merkbart, medan 7 bør føre til endringar på linje med jordskjelv…..

Systematisk utprøving nr 1 -  testing i referanseanlegget

Det har vore brukt mykje ulikt utstyr under utprøvinga i anlegget, men eg har alltid brukt mine InnerSound Eros som referansehøgtalarar. Desse er konstruerte med tanke på biamping, og eg har difor hatt bruk for to sett høgtalarkabel. Eg treng eitt ekstra sett signalkabel i samband med delefilteret. Eg har prøvd å halde meg til to sett med 3 meter lange høgtalarkablar, og tre 1m lange sett signalkabel (frå CD-spelar, frå preamp og frå delefilter). Det synte seg å vere vanskeleg å få tak i alt dette frå alle leverandørar, så eg har til tider brukt andre oppsett.

Innbrenning, oppvarming, montering og plassering
Eg har gjort mitt beste for å halde lik lytteprosedyre på alle oppsetta, og passa på å ha ei relativt lang ”innbrenningstid” av dei ulike kablane. Mange produsentar tilrår 72 timars kontinuerleg drift før lyden er som han skal. Det er eit stort arbeid å skifte ut all kabelen kvar gong, og det er rett og slett ikkje råd å gjere samanlikningar med så lang oppvarmingstid under kvar lytteøkt, noko som skulle vore ynskjeleg, sidan det kunne gå lang tid mellom kvar gong ein ”pakke” har vore oppkopla. Robert Blindheim har forklara meg at det skjer ei elektronisk metting av kabelisolasjonen, så om det går lenge mellom kvar oppkobling, kan lyden endre seg.  Frustrasjonen over dette dalte ganske mykje når eg gjorde fylgjande forsøk med SR-kablane; eg hadde spelt med  dei rimelege kablane ei stund, men skifta så ut eine kanalen med dei dyraste, slik at eg kunne samanlikne side/side med to ulike kabeltypar. Etter to dagar/48 timar med påslått anlegg, skifta eg til komplett sett dyrt, og lytta i mono. Eg fekk resultat som høyrde heime på nivå 1 på skalaen, altså var eg ikkje i stand til å registrere sikre skilnadar. Etter dette var eg ikkje så redd for at kablane ikkje skulle vere ”oppvarma”…..

Optimistisk av dei marginale utslaga av innbrenninga, prøvde eg også å spele med nokre av signalkablane ”baklengs”, dvs. snu kablane som hadde merka signalretninga motsett veg, for å sjå om dette hadde mykje å seie. Dette varierte noko, men i svært liten grad (igjen nivå 1 på skalaen) dersom eg då ikkje plasserte høgre og venstre kanal motsett. Ettersom dette ikkje er noko praktisk problem, valde eg enkelt og greitt å spele alle kablane slik produsenten hadde tilrådd…

Endeleg var det fysisk plassering av kabel i forhold til utstyr og elektrisk anlegg. Dette synte seg å verke inn ganske mykje, men i varierande grad. Det viktige er å halde dei så langt unna nettkablar og trafoar som muleg, og eg tilstreva dette så godt eg kunne. Her var IR-kablane av og til vanskelege å ha med å gjere fordi dei var så stive. EC 1 var også litt stri, men denne let seg ikkje påverke av omgjevnadane. Denne kabelen kunne derimot vinne på at dei to leiarane vart skilt frå kvarandre så langt som praktisk muleg. Konstruktøren hadde då også levert kablane med nokre avstandsstykke, som diverre forsvann. Eg brukte difor røremballasje til å halde dei frå kvarandre (sjå bilde)

Så til skalaen som er brukt (min Ricther-inspirerte skala):

0 – 1             : usikker observasjon

2        : sikker observasjon av endring, men usikker om det er til det betre (eller     verre  dersom minus framfor)

3        : sikker observasjon av endring til det betre (eller verre dersom ”-”)

4        :  Umiddelbar og tydeleg observasjon av observasjon til det betre.

5        : Stor, positiv endring (kan samanliknast i storleiksorden med å skifte til betre elektronikk)

6        : Enorm positiv endring (kan samanliknast i storleiksorden med å skifte frå dårleg til god signalkjelde, t.d. pickup)

7        : Usannsynleg stor endring til det positive (som å skifte frå liten til stor høgtalar, eller endre frå dårleg til godt lytterom)

8        …!!!!

K= klangkarakter

T= transientattgjeving

R=Romformidling

Frå lytteprosedyren: Tok utgangspunkt i mine gamle kablar, og prøvde å tilstrebe ei mest muleg lik lytteprosedyre.

A : inntrykk etter fullstendig utskifting

B : inntrykk av å gå tilbake til utgangspunktet med venstre kanal

C: nytt inntrykk av å gå til fullstendig utskifting.

D: inntrykk av å gå attende til føregåande kabel

E: inntrykk av å skifte kabelen mellom Cdspelar og forforsterkar

F: inntrykk av å skifte dei andre signalkablane (pre + delefilter)

G: inntrykk av å skifte høgtalarkabel i tillegg.

Merk at det har tatt lang tid å gjere desse skifta, gjerne fleire dagar. Det er altså ei klar feilkjelde at lyd må hugsast over tid. Eg er godt trena i dette, men må innrømme at det er svært vanskeleg å vere ”trygg” på det ein gjer.

Kabel

A

B

C

D

E

F

G

Kommentar

K T R K T R K T R K T R K T R K T R K T R
Referanse: 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 Ikkje relevant
MIT T2 3 0 3 -1 -1 -1 2 1 2 -2 -2 -3 0 0 1 1 1 1 1 1 3 God på rom
MIT Tmax -1 -1 -1 0 0 0 0 0 -1 0 0 1 0 0 0 0 0 0 X X X Grei nok?
IR Silver Signature + Pure Silver 2 0 1 -2 0 0 2 1 -1 -1 0 2 1 0 0 1 0 0 1 1 -1 Lys og fokus på detaljar
SE Sterling + Signature 0 1 2 1 0 0 0 2 1 0 1 1 0 0 0 0 1 1 0 2 2 Nøytral og støyfri
SE Alpha + Quad 1 1 0 0 0 -1 1 1 1 0 0 0 0 0 0 0 0 0 1 2 2 Analytisk og rik på detaljar
SE Audio 2000 0 0 -1 0 1 1 -1 -1 -1 1 1 2 0 0 -1 -1 -1 -1 0 -1 -1 Prisalternativet

 

IR-kablane
Desse er framstilte av Robert Blindheim, som gjer dette på avansert amatør-basis. Kostbare ting, men så er det også sølv+teflon i rikt monn. Kablane hans er svært gode, men skrekkeleg stive og vanskelege å strekke, spesielt høgtalarkablane. Det er svært gjennomtenkte ting, t.d. er dei utstyrte med sølv kabelsko, og Robert kan også levere jumpers (bindingsbitar mellom bass og diskantterminalar på høgtalarar med biwire-terminalar) i reint sølv.

Elles var IR høgtalarkablane Pure Silver ca halvmeteren kortare enn dei 3 meter eg prøvde å ha som samanlikningsgrunnlag. Vi kan ikkje sjå bort frå at dette er medverkande årsak til IR sine resultat.

Robert skriv om kva lyd han er ute etter i eit oppsett. Han vil ikkje ha den pinleg nøyaktige og analytiske, men hellar meir mot det romantiske. Når han så fortel at han har brukt eit sett oppgraderte Electrocompaniet AW 180, og Conrad Johnson som forforsterkar i referanseanlegget han har brukt i kabelutviklinga, skjønar eg godt at IR let som dei gjer. CJ-konstruksjonane eg har vore bort i (frå 80 og 90-talet- Robert brukar ein DAC og Premier 14, som eg ikkje har høyrt sjølv) har hatt fokus på romopplevinga, og vore heilt suverene i denne ”idretten”. Men samanlikna med andre produkt i den absolutte eliteserien, har CJ ikkje vore heilt så bra når det gjeld mikrodynamikk, nyanseringsevne og detaljrikdom. Mykje godt same faktorane er heller ikkje Electrocompaniet sine aller sterkaste sider. Det vil såleis vere heilt naturleg å fokusere på desse  faktorane når lytteprøver gjerast i kabelutviklinga.

Det var nokre problem med visse kablar, men i det store og heile er det liten skilnad (nivå 1 på skalaen) på IR sine tre modellar, bortsett frå ting som kan skuldast produksjonen. Eg valde difor å basere meg på Silver Signature når eg gjorde samanliknande utprøving.

Den rimelegaste Silver Reference er grunnutgåva, som brukar solidcore sølv av god kvalitet, teflon isolasjon men er utan eigentleg skjerm.

Silver Signature-utgåva har dobbelt tverrsnitt, men skikkeleg skjerm

Argentum Reference har endå betre sølv- og teflonkvalitet, og leiarane er individuelt skjerma. På ei demonstrasjonsutgåve kunne dei to leiarane flyttast frå kvarandre, på same måte som EC 1, men effekten av dette var av ein eller annan grunn (sannsynlegvis skjerminga?) knapt merkbar. Så sjølv om eg ikkje registrerte stor skilnad mellom desse tre kabeltypene, er det sannsynleg at denne skjerminga kan vere viktig for det perfekte resultat.

Det må nemnast at IR-kablane ikkje har vore produksjonsutgåve, men ein ikkje fullt ferdig demoversjon som ikkje har hatt heilt optimal kvalitet. Dette synte seg spesielt i loddingane, der det vart oppdaga ei kaldlodding. Det kan også vere ting som kan tyde på at IR-kablane endrar lyd over tid, Robert forsikrar at dette vil vere betre på den vanlege produksjonen.

Synergistic Research har vore prøvd ut i tre ”pakkar”, som har bestått av ulike prissegment. Det dyraste vart prøvd ut fyrst, men høgtalarkabelen her vart litt urettferdig å samanlikne. Kablane her var nemleg 4 m, i motsetnad til dei andre kablane som var ein meter kortare. Når så denne kabelen får dårlegare kommentarar på klang, transient- og romattgjeving, er det ikkje rimeleg å samanlikne resultata direkte. Den dyre kabelen hadde dessutan betre støyeigenskapar i mitt oppsett. Eg kunne ane ei form for ro som dei rimelegare kablane ikkje hadde. Gjennom mykje lytting fram og attende etter denne lange testprosedyren til spesielt Synergistic Research sine kablar, klarar eg likevel ikkje å beskrive kva dette eigentleg består av. Som ein ser av skjemaet, er det vanskeleg å trekkje eintydige konklusjonar om kvaliteten. Men det anar meg at kabellengda og termineringa er dei viktigaste parametrane for høgtalarkabel. Det same kan nok seiast om signalkabel, men her er innverknaden frå kabel mindre.

Den gjevaste SE-pakken (Signature 10 høgtalarkabel og Alpha Sterling signalkabel) er svært spesiell, ettersom høgtalarkablane har ”aktiv skjerm”, og skal tilsluttast lysnettet. Ei blå (blått er trendy, og dessutan dyrast) diode i kvar ende av kabelen syner at alt verkar – og ser dessutan fancy ut. Det høyrest eit kraftig knepp dersom du tek ut støpselet medan du spelar. Elles kan resultata mine tyde på at den aktive skjermen faktisk gjer at kabelen ikkje reagerer så lett på ytre påverknad som andre kablar. Signalkabelen Alpha Sterling gjev inntrykk av å vere meir solid, men lytteresultata til standard Alpha er marginale.

Det mellomste SE høgtalarkabelen (Alpha Quad høgtalarkabel, og Alpha signalkabel) er nok den eg opplever som totalt ”best” i mitt oppsett, men før det kan konkluderast med at denne slår ut storebror, må det vurderast i kva grad ulik kabellengde og ulik terminering verkar inn på lyden. Bananpluggar er svært greitt når ting skal skiftast, men kabelsko gjev vel ei betre kontaktflate? Men her må vi merke oss at den billegaste høgtalarkabelen (som også har 3 meters lengde som den mellomste) hadde bananpluggar. Skilnaden i lydkvalitet mellom dei to rimelegaste kablane var mindre enn mellom dei to dyraste. Det er altså grunn til å tru at lengda av kabelen er viktigare enn termineringa, (iallfall når bananpluggane er av god kvalitet) Iallfall vil eg ikkje ha noko problem med å bruke dei rimelegaste høgtalarkablane i mitt oppsett. Men eg vil for framtida prøve å ordne anlegget slik at effektforsterkaren vert ståande midt mellom høgtalarane, og halde kabelstrekka til høgtalarane til eit minimum.

Signalkablane til IR let svært likt lydmessig, men dei to billegaste held seg ikkje unna ytre påverknad i same grad som dei dyraste. Den billege Audio 2000 har dessutan litt ”vanskelege” pluggar, som ikkje let seg slutte til Stax forforsterkaren utan bruk av mykje makt.

MIT Terminator 2 høgtalarkabel har vore brukt i ein spesiell biamp-versjon, der 4 leiarar går fram til kvar høgtalar, 2 spesielt tilpassa bassen, 2 til det øvre området. Eg fekk ikkje prøvd ut høgtalarversjonen av Tmax …, fordi eg hadde kutta leiarane for korte.

MIT er også den produsenten som imponerer mest når det gjeld brukartilpasning. Du kan skru av bananpluggane og montere kabelsko i staden, utan at det ser ut til å redusere kontaktkvaliteten. Eit ekstra pluss må også gjevast for eigen biamp-kabel. Ryddig og effektivt. Elles var eg imponert over nytenkinga som var gjort med MIT Tmax. Dette er ei nyskapning innan kabeldesign. Du strekk opp coax-kabel av ganske vanleg utsjånad (til ein pris på 40kr/m), og i enden monterer du eit tilpasningsadapter, slik at same koaksialkabelen kan brukast til høgtalarkabel eller signalkabel, i dei lengder du har bruk for. Klipp av, og skru til!

Eg fekk ikkje til dette, og gjekk i staden over til ferdig monterte Tmax 1 meter signalkablar, som heldigvis også leverast. Desse er brukte i testen.

Eg var innom Mono med problemet, men det var ganske enkelt at eg hadde brukt kutteverktøyet litt for effektivt. Eg hadde ikkje lang nok stubb av senterleiaren til å nå fram. Raud av skam må eg innrømme at dei manglande lytteresultata kjem av slurv frå mi side….

(Ei lita anekdote: Mono-Terje sende meg biwire-kablar ved ein feil fyrste gong, som vart liggande ei tid. For å finansiere hifi og andre fritidssyslar, har eg også ei sivil karriere som lærar. For ein gongs skuld fekk eg sjansen til å blande rollene som lærar og audiophil. Rektor hadde endeleg funne tak i eit nytt stereoanlegg til skulen, til den fornuftige pris av 3000 – vi snakkar her om utarminga av det offentlege skuleverket… Men høgtalarkabel hadde han ikkje fått med på kjøpet. Eg vart kontakta, og såg at høgtalarane i anlegget var Mission i den definitivt rimelegaste priskategorien, men med jumparar mellom bass- og diskantterminalar. HØGTALARANE KUNNE BIWIRAST! Eg tok difor med meg MITerminator 2 i biwire-konfigurasjon med meg på jobb, og kobla saman anlegget. Anlegget let faktisk svært musikalsk og godt, og eg kan ikkje halde meg for god til å tilskrive æra for mykje av godlyden kablane til 6900. Eg kan likevel ikkje tilrå at du investerer 70% av pengane i anlegget ditt i høgtalarkabel……)

Etter desse systematiske utskiftingane, har eg også stokka og eksperimentert med kablane meir usystematisk, prøvd dei ut med ulike komponentar som kom i hus osb. Familiemedlemer og besøkjande ikkje-audiofile fekk også uttale seg (sjølv om dei aldri greidde å sette fokus på endringar av noko slag). Eg fekk difor over tid inntrykk av ulike sider av kablane, og bygde meg opp meiningar. Men eg trur det er best å legge vekt på dei systematiske resultata ovanfor.

Etter ei lang ”usystematisk” periode der alt – så nær som ABX/blindtesting – vart prøvd for å tydeleggjere kabelskilnadar, gjekk eg så inn i sluttfasen av kabelutprøvinga:

Systematisk utprøving nr 2 – signalkabel

Det vart samanlikna signalkabel mot referanse ACR Parallell Symmetric Silver, ein rimeleg, men solid kabel kjøpt inn frå Mamas for mange år sidan.  Lyttinga skjedde med ACR i venstre kanal og testobjektet i høgre, til tre låtar, ca 1 min på kvar. Dette skjer med ein SACD spelar direkte inn i SRM 006t, og ved nøyaktig same lyttenivå.

0 - 1 er usikker registrering av skilnad mellom kanalane.

2 er sikker skilnad

3 er sikker endring til det positive samanlikna med referansen

Ulike parametrar:

Kabel

Lengde

Klang

transient

detaljar

rom

Kommentar

SE Alpha x 1m 1 1 1 0 Ei aning betre
SE Audio 2000 1m 0 –1 0 0 Dårlegare
SE Alpha Sterling 1m 1 Trøkk i bass 2 1 0 Meir dynamisk og detaljrik
IR Silver Signature 1 m 1

Lysare

 

1 2 0 Lysare og meir detaljrik. (Skulle nok også hatt den ”splitta” Argentum Reference for å samanlikne m/EC1)
VdH 102 mk II 1,5m 1

”Roleg”

 

-1 -1 0 Kanskje meir ”ullen”?
ACR (ref) 1m 1

”Trøkk”

1 1 0
EC 1 leiarane saman 0,8m 1 detaljrik 1 1 0
EC 1 leiarane skilt 0,8m detaljrik 3 2 0
TechLink 3m Uklart -2 -2 -1 Svakare nivå enn ref.

 

Dette er også subjektive lytteresultat, men eg har bestreba meg på å minimere alle tilfeldige faktorar. Eg har lytta til same musikk, brukt morgontimar i helgane då eg har vore uforstyrra og konsentrert, og unngått å endre faktorar eg har hatt kontroll over.

Men det må også seiast litt meir:

Forsøk på konkludering:

Eg har altså skifta kabel godt over 100 gonger ulike stader i anlegget. Eg ser ikkje bort frå at eg innbiller meg ting, og at eg ikkje er tilstrekkjeleg presis.  Å kåre ein ”vinnar” eller gje poeng ser eg på som håplaust. Vi snakkar uansett om små nyansar, og du kan forbetre anlegget ditt nokre hakk ved å velje fornuftig, t.d. bruke IR dersom du vil avhjelpe ein litt mørk klangbalanse, eller bruke MIT om du ynskjer å hale ut litt ekstra tredimensjonalitet i lydbiletet. Men nokre konklusjonar tør eg trekkje:

  1. Kabelskilnadar gjer ikkje dei store utslaga i eit stereooppsett. Skilnadane mellom alle andre komponentnivå har større endringspotensiale enn kabel. Eg skal ikkje underslå at kablar har godt merkbar innverknad på lyden, og det er råd å finne ein idealkabel så vel som ein direkte mismatch med utstyret. Kabel kan ikkje rette opp feil elles i signalkjeda, berre gje ein forsiktig fokus på visse sider. Løys difor problem på andre nivå fyrst. Signal- og høgtalarkabel tek du etterpå, i samsvar med det du finn. Mitt generelle råd er å få orden på dei andre nivåa fyrst. Billeg, grei (og framfor alt kort) kabel kan gjere nytta medan du er i eksperimentfasen. Bruk lang tid på å bestemme deg.
  2. Lengda på kabelen har meir å seie enn dei andre kabelfaktorane, dersom termineringa er skikkeleg. Dårleg terminering fører til dårleg lyd. Terminering av høgtalarkablar ser ut til å vere viktig. Iallfall meiner eg å oppleve kabelsko som betre enn bananpluggar, sjølv om dei kanskje kan vere vanskelegare å arbeide med.
  3. Høgtalarkabel har større innverknad på lyden enn signalkabel. Det er difor mest effektivt å fokusere på høgtalarkabel framfor signalkabel. Eg vil tilrå at ein generelt konsentrerer seg om å halde høgtalarkablane så korte som råd, og gjerne brukar mono effektforsterkarar dersom ein kan velje slike, og heller satse på lange signalkablar.

MIT lagar svært skikkelege og gjennomtenkte kabelprodukt, og syner at dei tenkjer nytt og spennande når det gjeld produktutvikling og brukartilpassing. Prisklasse frå relativt rimeleg til svært dyrt. Når vi er på nivået Terminator 2 får du høgtalarkabel som fokuserer på rom og instrumentplassering. T-max er signalkablar som held god nok kvalitet til det aller meste.

Synergistic Research er også ein svært ressurssterk produsent som syner evne til kreativ tenking. Av det skriftlege materialet dei sender ut, er det tydelege ambisjonar om å kunne levere kablar i alle hifi-nisjer, både når det gjeld klang/smak, føremål og prisnivå. Og det er ikkje sikkert at du treng dei dyraste tinga. Sjølv om eg føretrakk Quatro-kabelen totalt sett, valde eg å behalde Audio 2000 høgtalarkabel, som eg tykte hadde svært god totalkvalitet i høve til prisen.

IR er tingen for den som er glad i mikrodetaljar, og for den som treng fokus på overtonestrukturar og klang. Robert Blindheim er ein kreativ kabelprodusent som går beinvegen med å skaffe best muleg råmateriale for å skape sine kabelprodukt. Eg vil tru at høgtalarkablane hans er så og seie perfekte til dei som satsar på røreffektforsterkarar plasserte tett på høgtalarane. Om du derimot treng lange høgtalarkablar, må du vere merksam på at desse massive sølvkablane er svært stive. Ein annan fin ting med Robert er at han i høg grad er til stades i hifimiljøet på Internett, og det er lett å komme i dialog med han om produkta. Har du behov for skreddarsying, eller om du skulle ha grunn til å reklamere, er det lett å få kontakt.

EC1 er eit svært spennande eksperiment - eit ”amatørforsøk” av Erik Christensen i Trondheim, på å lage ein god signalkabel. Kabelen består av flatvalsa sølvleiarar tredd inn i ein teflonisolasjon. Kabelen er ikkje heilt samanliknbar med dei andre, ettersom han er kortare, men det at resultatet er så godt, og at skilnaden mellom liten og stor distanse mellom leiarane påverkar lyden i kanskje større grad enn sjølve kabelen er svært interessant. Kabelen er nemleg bygd opp med to separate og isolerte leiarar, som lett kan skiljast med stor avstand. Eg prøvde ut å la desse ligge ”saman”, og samanlikna når eg separerte dei maksimalt. Endringa av lyden var større enn når det gjeld kabelskift, og til det positive. Dette vart også prøvd i begge kanalar.

Eg har tidlegare vore med på liknande eksperiment, men då med uisolerte leiarar og analog signalkjelde. Endringa var endå større då, eg vil anslå det til 3 på alle aspekt.

Om Erik Christensen kjem til å prøve å gjere dette til handelsvare er vel ikkje klart enno, men når ein entusiast lukkast å få eit så godt resultat, bør eg våge å konkludere med at det enno er forbetringspotensiale når det gjeld signalkabeldesign.

Når ein flink designar kan sette seg ned og lage eit så godt produkt på hobbybasis, er det gode grunnar til å tenke kabelutvikling. Erik Christensen ynskjast lukke til vidare, og er velkommen igjen med nye kabelprodukt.

TechLink signalkabel vart kjøpt inn nærast for moro skuld – ein utprega billeg kabel. Likevel må det seiast at kabelen heldt forbausande god kvalitet, og at han kan klare seg som ei heilt OK naudløysing når du eksperimenterar med andre faktorar i anlegget. Eg har hatt stor glede av å ha 3 meter signalkabel når eg skulle finne optimal praktisk plassering av forsterkarutstyret mitt. Men eg understrekar at dette på ingen måte er noko high end-produkt.

Synergistic Research Alpha x oppfattast som svært nøytral, og tilfører eit minimum av eigenlyd. Det kan verke som her er ein tendens til å få betre fokus på dynamiske nyansar, men det er ein usikker observasjon.

Synergistic Research Audio 2000 kom noko dårleg ut akkurat her, men det var vanskeleg å få dei tronge pluggane skikkeleg faste på Stax forforsterkaren, og eg ville ikkje bruke makt. Difor kan noko av dette skuldast dårleg kontakt

Synergistic Research Alpha Sterling kan sjå ut til å vere ein betre kabel, iallfall innan det dynamiske, men eg understrekar at det er snakk om svært små skilnadar.

IR Silver Signature gjev meir fokus på dei øvre frekvensane og overtonane.  Det er nok eit resultat av at han er meir detaljrik, men i visse samanhengar vil nok dette oppfattast som ein ”lys” kabel.

VanDen Hul kabelen vart kjøpt inn for 15 år sidan, og er ikkje lenger kurrant. Den er likevel tatt med, for samanlikninga sin del. Det kan sjå ut som det er ein dårlegare kabel, men merk at kabelen er 50% lengre enn normalen. Vidare må det seiast at dette ”ulne” inntrykket forsvann fullstendig når eg brukte vdH både på høgre og venstre kanal.

TechLink-kabelen på 3 meter vart kjøpt på Elkjøp for 225 kr, og må såleis vere ein av dei billegare på marknaden. Det at han er tre gongar så lang som dei andre, og likevel let såpass bra som han gjer (utan tap i diskantnivået, men med jamt tap i heile frekvensområdet), er svært positivt. Det viser også lengda av signalkabelen ikkje er avgjerande for klangresultatet, og at også dynamikk og iallfall ikkje til bruk ved normale impedansar. Når prisnivået også leggjast til grunn, er det rimeleg å tru at her er stort forbetringspotensiale.

HØGTALARKABLAR

Produkt Forhandlar Pris
MIT Terminator 2 biamp Mono A/S 7500
IR Pure Silver Infinite Resolution
Synergistic Research Audio 2000 RuBe
Synergistic Reserarch

SIGNALKABLAR

MIT Terminator 2 Mono A/S
MIT Tmax Mono A/S
IR Silver Reference Infinite Resolution
IR Silver Signature Infinite Resolution
IR Argentum Reference Infinite Resolution
Synergistic Research Audio 2000 RuBe
Synergistic Research Alpha x RuBe
Synergistic Research Aplha Sterling RuBe
EC 1 Erik Christensen Prototype
TechLink Elkjøp 225.00 (3m)

VI GJØR OPPMERKSOM PÅ AT DENNE ARTIKELEN ER ARVES PERSONLIGE MENINGER OG PÅ INGEN MÅTE ER GJORT PÅ VITENSKAPLIG VIS. DETTE ER EN REN SUBJEKTIVISTISK BETRAKTNING OVER TEMAET.

Lest 4781 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.