onsdag, 25 september 2019 20:50

Ferdaminne, Horten Spesial – Stig Arne si dagboka september 2019 Spesial

Skrevet av

Eg har ikkje so god kontakt med hifi-bransjen lenger. Det var betre då eg budde i Oslo og Bergen, var ung og forviten (og ganske dum og blåøygd) og “testa” nytt utstyr. No er eg gamal og gretten og bur på bygda og skriv dagbøker om gamalt skrot. Det er mykje enklare. Og faktisk mykje betre.

Voss er utruleg sentralt, midt mellom Oslo og Bergen, sånn sirka i alle fall, og Oslo er utruleg usentralt sa Arve ei gong, i ein avkrok på austlandet, eller aust-europa, som me seier her vest, “the dark side”. Og kven treng testa nytt utstyr, når det gamle klassiske er både betre og billegare? Og kva med bærekraft og gjenbruk? Spar heller verda frå endå eit stykke ureinande skrot med å vøla (reparera) ein klassiker i staden! Meir om det. Eg meiner sjølvsagt ikkje i fullt alvor at alt det gamle er betre enn alt det nye, det er for å understreka eit poeng. 

Som eg sa i innleiinga, eg har ikkje so god kontakt med bransjen lenger. Desto hyggelegare er det å koma til den årlege hifi-utstillinga i Horten, og helsa på gamle travarar i bransjen og faste tilreisande. Eg har nyleg passert Finse, som kjent 1222 meter over havet. Det er eigentleg ingenting å skryta av. Mykje areal på verdsbasis, jamvel hovudstader, ligg høgre enn dette. Uansett er det fasinerande å sjå frå togvindauget korleis naturen endrar seg frå dei ville og dramatiske fjella på vestlandet til dei leine liene på austlandet. Eg likar å feriera på austlandet, men kunne aldri budd der. Slik er det berre. Eg er fødd vestlending, og eg skal døy her. Men ikkje i dag. Denne fredagen kosar eg meg i restaurantvogna med ei grillpølsa og ein Dresin Pale Ale frå Haandbryggeriet i Drammen. Eg har privatsjåfør. Eg hadde god tid før eg reiste, slik at eg fekk dårleg tid, og fekk ikkje pakka med meg korkje mat eller drikke. 

No skal det verta morosamt å sjå kva dei stiller ut i år i Horten i år. Redaktør Karl Erik møter meg på stasjonen i Oslo. Vonaleg møter me Arve i Oslo i morgon, han har køyrt frå Selje nord på vestlandet, men reiser ikkje via Voss for å plukka meg opp. Det er ein omveg. Han har reist aust gjennom Gudbrandsdalen. 

Me er i Horten laurdag middag, for å gjera ei lang historie kort, og møter Arve. Knut Erik og Arve har planar for diverse intervju, og brått er dei vekke. Dei hadde ikkje eingong tid til å fortelje kvar dei for. Kan hende eg hadde visst det om eg høyrde etter. Eg nyttar høvet til snika meg hitt i baren og kjøpa meg ein øl, etter ein anstrangande biltur med Karl Erik frå Oslo til Horten. Må landa og roa ned litt. Karl Erik har flytta til Oslo. Svikar. Eg spør dama om ho har noko lokalt, og vert begeistra over at ho finn ein Horten Pale Ale. Sist eg var i Horten, fann eg berre Horten Pilsner. Eg har fortalt om denne før, han er knallgod, og Pale Ale var like god, søt, maltrik, og ikkje overhumla. Aldeles nydeleg. Eg både luktar og smakar ein grunnstamme i begge, ein lettare søtleg og smaksrik aroma, som må koma av malten eller humlen dei nyttar. Sjølv Pilsner-varianten er uvanleg smaksrik, utan tvil ein av dei beste pilsner eg har smakt. 

Laurdag og sundag gjekk elles som ein røyk med å sjokka frå rom til rom, og høyra kva utstillarane hadde å by på av nye produkt og god lyd. Dette skal både Karl Erik, Arve og eg koma attende til. Arve måtte forlata oss alt laurdags kvelden, han vart henta og hadde familiære plikter. Han kombinerte Horten-messa med familiebesøk “austante”. Karl Erik og eg sprang rundt på messa sundagen i lag ei stund, for å få med oss utstillarar og lyd me ikkje rakk laurdagen. Det var litt morosamt å notera seg at me var veldig samstemte om korleis me opplevde lyden frå rom til rom, med ein einaste liten skilnad: Karl Erik plasserte ofte eventuelle problem i samband med diskanten, medan eg plasserte dei i mellomtonen. Men me sikta til det same. 

Klokka 3 søndagen måtte me starta reisa heimatt, også Karl Erik hadde familiære plikter, gjerne kalla middag, og nåde den som ikkje er heime når middagen er servert. Og eg hadde eit tog å rekka. Eg reiste forresten ikke heim tomhendt. Hjå Audiodoktoren (meir i neste bolken) fekk eg med meg ein RIAA, Nad PP 2, til 300 kroner (kjekt å ha), og dessutan ein Philips 202 CD-spelar med toppmating. Eigaren, som kjende meg att frå Dagbokspalten kom bort til meg og spurde om det ikkje var slik at eg var interessert i Philips CD-spelarer, noko eg stadfesta. Han hadde ein som ikkje virka. Han hadde nett kjøpt han og vorte lurt, og gadd ikkje gjera noko meir med han. Han hadde ingen i nærområdet som kunne hjelpa han, og ville berre verta kvitt han. Om eg ikkje fekk han i orden, var det berre å skrota han, sa han. Det er uansett storsinna å gje vekk ein CD-spelar gratis, so eg lovde eg skulle gjera mitt beste for å få han i orden. Eg leverer han truleg til Svein Ones hjå Servicekompaniet ved fyrste og beste tur te bydn (Bergen). Du skal ikkje kimsa av lagnaden. Eg ser det slik at det no er opp til meg å gjera mitt beste for å gje spelaren eit nytt liv. Til bate for spelaren, brukaren, og miljøet. Ein CD-spelar har og eit liv. Du skal ikkje sjå burt frå det.  Og det er sikkert noko å læra av det heile. 

PS. Hotellromma på messehotellet Thon Hotel Horten vert fort selt ut, so eg fann eit alternativ i Hotel Horten. Dette er to km. unna, men det næraste til ein rimeleg pris. Lat bilen stå når du har sjekka inn, so kan du nyta ein velfortent øl når du kjem fram til messehotellet, etter ein halvtimes nydeleg spasertur langs gamle idylliske hus på lite trafikerte vegar; Borrevegen og jernbanevegen. So enkelt å finna fram at sjølv eg klarte det på halvfylla laurdagsnatta. 

Lest 4981 ganger Sist redigert fredag, 27 september 2019 04:57
Stig Arne Skilbrei

Seniorskribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Siste fra Stig Arne Skilbrei

Beslektede artikler