Wednesday, 31 December 2003 23:00

Jamie Cullum - Twenty something [CD]

Written by

Dei av dykk som har lese omtalen av den førre plata til Jamie Cullum, veit at eg hadde store forventningar til "Twenty somehting." Cullum har vist at han kan vere både kul og moderne, sjølv innan tradisjonelle jazzlåtar, så det var spanande å sjå kva retning han hadde valt på album nummer to. Og var mine forventningar i det heile mogeleg å leve opp til?

 

 

Det første som slår meg når eg høyrer denne plata, er kor roleg den er. Den friske og sprellske Jamie Cullum eg hadde gleda meg il å høyre, viser seg ikkje på dei tre første spora. Han dukkar etter kvart opp, men plata er prega av rolege låtar.

 

Som på den førre, er låtane på denne plata skrivne eller arrangerte av Jamie Cullum. Der han tidlegare, i mine øyre, var litt uheldig med bruk av blåsarar i arrangementa sine, sklir blåsarane mykje meir inn i musikken her, og arrangementa verkar meir gjennomtenkte. Strykarar er med på nokre av spora, og det same gjeld for dei. Dei passar inn i underlaget utan å verte klisjear.

 

Men når det gjeld musikken, saknar eg litt av det vampete, Keith-Jarret-aktige pianospelet me har fått smakebitar av før. Jamie Cullum slepp seg berre laus på nokre av spora. Der han gjer det, swingar det skikkeleg, og det gjer at eg saknar det veldig når han held tilbake. Resultatet blir då gråare, enklare, mindre særmerkt…

 

Dette heng saman med stilen på heile albumet. Ein litt for stor del, dei rolege låtane, er verken spanande, utradisjonelle eller unike. Noko av det eg likte best med Jamie Cullum sist, var nettopp den spanande måten låtane hans var arrangerte på. Ved å vere kreativ med motstemmer, rytmar og synkopar, får han gitt ny liv til klassikarar og han får skapt ein eigen stil. Han har vist at han både kan og torer å gjere noko annleis, og når han gjer det, fungerer det til tusen! Det er berre så synd at denne spanande Cullum ikkje er den som dominerer på plata.

 

Sjølv om Cullum kanskje har teke ei litt "safe" rute når det gjeld det musikalske, har han framleis med seg den ru og håse stemma si. Den er kanskje ikkje unik, men den er kul, og Cullum syng klokkereint ein kan fleire stadar klart høyre heilt reine overtonar.

 

Men ser me litt på heilheita igjen, ser det kanskje ikkje ut til at Jamie Cullum heilt har funne seg til rette i ein stil enno. Han prøver å rekkje over mykje ulikt, og truleg litt for mykje ulikt for eit album. Når han i tillegg har fjerna seg litt (forhåpentlegvis berre mellombels) frå det eg likte best ved han, kan eg ikkje seie at forventningane mine til plata er innfridde. Dei var høge, men eg trur ikkje dei var urealistiske. Resultatet er iallfall at eg synest dette er ei heilt grei jazzplate, nokre gonger spanande og god, men nokre gonger enkel og litt keisam.

 

TMB

Musikk:

***

Lyd:

****

Label:

 

Unversal

 

Kjøp denne hos CDON!

Read 3855 times Last modified on Tuesday, 28 January 2014 15:10
Tor Martin Brekkeflat

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.