Thursday, 15 October 2015 14:46

TEST: Epos K2

Written by

Epos K2

Epos er eit engelsk høgtalarmerke som har vore kjent for svært god kvalitet til små pengar. Nyaste konstruksjonen derifrå er designa med tanke på å verte aktiv, det vil seie integrere ein effektforsterkar etter kvart. Som Epos-entusiast fann eg dette såpass spennande at eg ikkje greidde vente på effekttrinnet, og rekvirerte passiv-utgåva…..

 

Eg har Epos CLS 8 på hytta. To smålåtne framtoningar prisa under 4000 kr. Skoøskjer som  korkje greier heile frekvensområdet eller det dynamiske spekteret som eit symfoniorkester kan levere, men det er ikkje desto mindre svært hyggjeleg å lytte til dei. Særleg når du ikkje har ambisjonar ut over det å ha grei kvalitetslyd.

Epos er fyrst og framst i symbiose med elektronikkfirmaet som byggjer Creek-forsterkarane. Dei to merka fungerer utmerka på eiga hand, men er kjende for å utgjere svært gode oppsett til saman. No kjem den nye K-serien, ein heilt ny generasjon høgtalarar, og K2 er modellen som er mest spennande, ettersom den etter kvart skal komme i aktiv utgåve, med forsterkar frå nettopp Creek. Forsterkarmodulen skal kunne ettermonterast ved å fjerne skruane på baksida av høgtalaren, og fjerne delefiltermodulen med høgtalarterminalar. Denne er ikkje klar endå, men skal vere like rundt hjørnet.

K2 er ein golvståande høgtalar, som skil seg frå dei tidlegare Epos-generasjonane med moderne utsjånad og kvit, lettstelt (nei, ikkje pianolakk, matt der fingeravtrykk ikkje synes) og solid overflate, fint avrunda kantar rundt både bassport og høgtalarelement. Det finnest frontstoff, men det er ekstrautstyr. Høgtalaren er utstyrt med ein domediskant av ukjent opphav, og er relativt kraftig rettstrålande til domar å vere, som har både pluss og minus. Ulempa er at sweetspot vert relativt trongt, iallfall om du sit tett på høgtalarane. Personleg tykkjer eg det er viktigare at dei dermed vert ganske lette å plassere, utan å måtte bry seg så mykje med omgjevnadane. Ved utprøving av plassering synte dei seg ganske rett å vere rimeleg lette å sette både tett på bakvegg og sidevegg, om ein berre gav dei ørlite innpeik mot lytteposisjon. Eg enda etter kvart opp med å sitte knappe 3 meterunna, medan høgtalarane stod om lag ein meter frå både bak- og sidevegg. Men i starten sat eg vesentleg nærare, med høgtalarane peikande lett innover, mot eit punkt langt bak meg. Då fekk eg utmerka pinpoint-kvalitetar med det som høyrer til i referanseanlegget mitt. Dette er nok overkill i høve kva ein K2-eigar vil aspirere, men som vi skal høyre, kom desse høgtalarane det forbausande godt ut av slikt selskap.

Innspelingstida var knappe 24 timar, som eg reknar med er akkurat tilstrekkjeleg for å kunne vurdere klang- og dynamikkeigenskapane på ein forsvarleg måte. Men eg må ta eit visst atterhald om at dei kan ha vidare utvkling. (Produsenten seier at ein må rekne med innspelingstid på 24 - 48 timar)

 

Det negative – høgtalarhøgda.

No har det seg slik at eg har sweetspot i ein relativt høg vinkelsofa. Dette er ikkje ideelt for K2, særleg når eg sit ganske tett på dei. Eg må nemleg ned i terrenget for å ikkje hamne over der diskantane oppfører seg best.  Du kan kompensere høgda på to måtar, ved å heve høgtalarane litt frå golvet, eller ved å sitte såpass langt unna at diskanten får rom til å spreie seg betre. Eg vil ikkje ha hol i parketten, så dei medfylgjande spikane fekk ligge, og eg brukte Soundcare-bein under. Dette fungerer utmerka, og fører også til at bassen vert slankare og meir markant. Men eg likar å sitte litt nær høgtalarane for å få med maksimalt av detaljar. Eg låg difor lågt og flata relativt sterk ut i sofaen, utan at det førte til ulemper av noko slag. Produsenten tilrår at du sit slik at diskantelementa er om lag i øyrehøgd, og at du så vidt kan sjå inn på toppen av høgtalarkabinettet. Dette støttar eg fullt ut.

 

 

Positivt 1: Nærfeltlytting

Ved å sitte ganske tett på høgtalarane, rundt to meter, fekk eg pinpointing på same måte som ved vesentleg dyrare høgtalarkonstruksjonar. Dette var nett som utmerka studiomonitorar. No vil eg gje elektronikk og ein særs påkosta vinylrigg ein god del av æra for godlyden, men det er forbausande at såpass rimelege høgtalarar greier å formidle så godt perspektiv og instrumentplassering.  Her er også svært anstendig oppleving av kropp og pondus bak dei ulike stemmene. Du finn betre om du leitar, bevares. Men eg trur du skal opp i over dobbel pris for å finne betre utøvarar på desse felta.

Du må rett nok jobbe ein god del med plasseringa, men slike 3D-eigenskapar er flott å få tilgong på i rimeleg prisklasse. Pengane du sparar, kan såleis brukast på signalkjelder og elektronikk som gjer at du kan glede deg over desse skillsa.

 

Positivt 2; Dynamikk

Dette har to aspekt som ikkje alltid er til stades. Det viktigaste er evna til å differensiere mellom små dynamiske nyansar, det som ofte kallast mikrodynamikk. Også her gjer K2 ein svinaktig god jobb til prisen, men det er her du gjerne tek på spanderbuksene og kjøper eksotiske høgtalarprinsipp for å å få med alt

Det andre aspektet er makrodynamikken, evna høgtalarane til å umiddelbart gje att eit kraftig signal, gjerne med mykje bass. Med ASR Emitter II sine ekstreme kraftreservar var det imponerande å høyre kva K2 var i stand til, og eg har ein mistanke at mykje av dette også kan oppnåast med innebygd Creek-elektronikk.   

 

Positivt 3: Frekvensgong

No heng alt saman med alt, særleg bass- og dynamikkattgjeving. Det er ikkje så lineær bass i desse små høgtalarane som du kanskje har tenkt deg, men det bør du ikkje henge deg opp i. Faktisk høyrest dette svært så naturleg ut i praksis. Visse frekvensavsnitt er framheva, og fylgjeleg andre noko nedtona. Så det er ikkje snakk om eit nøytralt analysereiskap. Men på same måte som ein del andre smarte høgtalarar, flyt dette saman slik at det høyrest ut som livemusikk Det høyrest ut som det spelast alvorleg djupbass her, men det skjer eigentleg svært lite under 40 Hz. Dette kan høyrast for eit trena øyre, men det er altså svært sjarmerande og musikalsk, og K2 vert aldri kjedeleg.

Det er også relativt lett å kompensere for litt vilter frekvensgong om du jobbar fritt med plasseringa. Djupaste frekvensane kan justerast ved å flytte høgtalarane tettare mot veggane. Minst innverknad frå rommet si side får du når dei står 1/3 av rombreidda frå både bak- og sidevegg, men denne tredjedelsregelen bør ein etter mitt syn slett ikkje fylgje slavisk, heller bruke som eit hjelpemiddel.  Fabrikanten tilrår at du startar plasseringseksperimentet med å sette høgtalarane 20 cm frå bakvegg, medan det ideelle er at høgtalarane er 2,5 meter frå både lytteposisjon og kvarandre, og at du vinklar dei forsiktig innover.

Eg fekk etter kvart retteleg fin bass med god pondus. Altså ikkje heilt presis, men sjarmerande. Går så vidt under 40 Hz med god fylde. Når høgtalarane vart plasserte eit stykke framme på golvet, kunne eg dyrke kvalitetsopptak der eg høyrer pinpointing og lydbilde med minimalt av refleksjonar frå sideveggane. Faktisk trur eg (får ikkje prøvd det ut – romma mine er for tida slik at det vert for mykje jobb) at høgtarane kan stå framfor langveggen. Såleis vil du få eit veldig godt lydbilde.

 

Særtrekk

Smådynamisk er dette svært mykje for pengane. Nyanseringsevna er absolutt godkjent. Eigentleg er dette noko som heng saman med ei hyggjeleg klangbalanse. Spelast det høgt, kjem bassen veldig fram, noko meir enn det som kan kallast absolutt rett, men det er i høgste grad smakfullt. For å tone ned tendensen kan du bruke dei medfylgjande spikane, eller gjere som meg, bruke Soundcare-bein under. Den ekstra centimeteren er også grei i høve å heve diskantane litt nærare øyrehøgd. Ha ikkje for låg stol – då kjem du i overkant av musikken.

Her er behov for mykje effekt. Då eg peisa på med kreftene som bur i ASR Emitter 2 (ein av dei meir generøse straumleverandørane i forsterkarverda) kosa høgtalarane seg, og dei var med heilt opp til dei lydnivåa som tek til å verte utrivelege, sjølv i mitt relativt store (41m2) lytterom. Dei har sjølvsagt sine avgrensingar samanlikna med større høgtalarar, men eg merka aldri at lydstyrken fekk høgtalarane til å høyrest skikkeleg stressa ut.

Eg køyrde vinylreferanseriggen eg hadde på besøk for tida, og må seie at K2 gjorde det skikkeleg godt når dei vart servert saman med slike godsaker. Klart dei ikkje greidde å vere med heile vegen, men dei skjemde seg absolutt ikkje ut. Også mine digitale signalkjelder gjorde seg godt via K2.

Det verkar rett og slett som om K2 har eit betydeleg potensiale. Epos og Creek har hatt same eigar ei tid, og eg har fleire gonger erfart at produkta derifrå har passa saman som hand i hanske. Når Epos K2 kan leverast i aktiv utgåve (og at dei passive skal kunne oppgraderast ved å ta av bakpanela og erstatte dei med ein effektmodul), kan ikkje dette bli noko anna enn ein innertiar, så lenge K2 har eit såpass omfattande potensiale som vi kan høyre på desse passive fyrsteutgåvene.

 

 

Konklusjon:

Dette er ein kjempehøgtalar i smålåten innpakning. Har du lyst på ein aktiv høgtalar, bør desse vurderast. Du må då bestille effektmodulane med det same. Eller om du er meir tradisjonell, få deg eit beist av ein effektforsterkar. Epos tilrår minst 10 Watt. Det kan sjølvsagt gå bra. Men for min eigen del, vil iallfall ei tidobling gjere seg.

Dette er ein relativt liten golvståande høgtalar med svært gode eigenskapar innan perspektiv, dessutan godt over det gjennomsnittlege innan dynamikk og klang/frekvensområde, når du berre får jobba litt med plasseringa. Pass berre på å ikkje sitje for høgt - einaste ankepunktet er at eg erfarar diskanten som litt for lågt plassert når eg sit i yndlingssofaen min. Bruk Soundcare eller dei medfylgjande spikane. 

 

Norsk eineforhandlar: Lyric HiFi

Pris: ca 12.500 (alt etter kronekurs)

 

Read 11811 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.