onsdag oktober 16 , 2019
lørdag, 08 oktober 2005 23:00

Plaza 2005 – Lyd og bildemessa på hell?

Skrevet av

For ein god månad sidan var ingen som kunne fortelje meg om den årlege lyd- og bildemessa på Hotell Plaza også skulle gå av stabelen i år. Fleire av dei store deltakarane frå tidlegare år sa at dei ikkje skulle vere med. Messa var uvanleg dårleg marknadsført. Men messedeltakarane gjorde iallfall sin del av jobben for å få til ei god messe…

 

 


Av Arve Åheim, 9.10.2005  

Då eg mønstra på messa fredag, såg eg nesten berre utstillarar og nesten ikkje publikum. Det tok seg litt opp ut over dagen, men fredag var gjennomgåande prega av ganske dårleg frammøte. Mange skulda på manglande marknadsføring, nokre som ikkje deltok hevda at dei ikkje hadde fått klare tilbod, og publikum kritiserte arrangementet for 130 kr i inngangspengar. Men utstillarane gjorde sitt beste, og det var svært mykje spennande å sjå for den interesserte.  

HiFiCenterKjeden har framtidsvyer
Fyrste stand var Hificenterkjeden, som verkeleg hadde lagt seg i selen. På grunnplanet hadde dei innreia eit komplett ”framtidshus”, med stor vekt på underhaldningselektronikk. Stua var innreia med ein Infocus SP7205 filmprojektor montert i taket, og eit fast kvalitetslerret (X-screen) til 16 995 på veggen. Dette gav svært godt bilde som var akseptabelt også når lyset i rommet var på. Anlegget elles var sett saman av forsterkarelektronikk frå Primare og ein avansert Teac DVDspelar i den dyrare prisklassen. Høgtalarane er frå System Audio, som vart understøtta av rosina i pølsa, eit råskinn av ein subwoofer frå Velodyne. Denne ikkje heilt rimelege saken er truleg det flottaste eg har vore bort i til filmbruk. I kjøkkenkroken var det innfelt JBL høgtalarar, som vart forsynt med signal frå eit Opus multiromsystem. Ei ikkje heilt rimeleg ordning, men noko eg spår vil vere svært interessant for mange musikk- og filmglade familiar. Kostnadane pr kvadratmeter golvplass gjer bustadane mindre, og kampen om plassen fell ikkje alltid fordelaktig ut med tanke på store høgtalarar. For dei ikkje heilt strenge krava er innbyggingshøgtalarar eit glimrande alternativ. Lars Christian Jensen fortel at HiFiCenterkjeden har definert eit konsept som består tre ulike kvalitesnivå for slike multiromsystem. Dei kallar dette for Custom.
Nivå 1 er det enklaste. Gjennom systemet ABUS førast styresignal, signal og straum fram mellom hovudsentralen og ”filialen” ved hjelp av ei vanleg kategori 5-telefonleidning. Ei slik løysing er avgrensa av denne kategori 5 leidningen, og kan såleis overføre maksimum 7 Watt effekt. Til mange føremål vil dette likevel vere godt nok, og med ein passande forsterkar, t.d. Harman Kardon AVR 335, kan ein lytte til radio på kjøkenet, medan ein viser film over stueanlegget. Innfellingshøgtalarar vil her vere det logiske, for sjølv om dynamikk og perspektiveigenskapar desse har ikkje er storarta, er dette ikkje alltid nødvendig å ha på topp. (Elles kan ein sjølvsagt bruke andre lettdrivne høgtalarar). Nivå 2 er noko meir avansert, og har som basis trådlaus overføring av signalet frå hovudanlegg til filial, der sistnemnde må ha eigen effektforsterkar. Det vil nok ofte vere aktuelt med lokale signalkjelder. Såleis er Bose eit godt døme på ein produsent innan produktgruppa Lars Christian meiner utmerkar seg til nivå 2-satsing.
Bose har også den flotte fjernkontrollen med radiostyring, som gjer at han verkar styrer hovudsentralen frå alle rom i huset.
Nivå 3 er det mest gjennomførte, og har kapasitet nok til å tilfredsstille også dei ganske hardt innbarka stereo- og surroundlyd-entusiastar. Her er elektronikken frå Opus Technologies svært fleksibelt. Dette systemet vil vere ganske omfattande, og mest aktuelt i samband med nybygg. Eit skjult røropplegg mellom dei ulike romma vil gjere deg i stand til å lytte til alle tenkjelege signalkjelder (utanom vinyl og tape, altså) alle stadar. Dersom eg skulle gå for slik innbygging, ville eg satsa på eit stort anlegg med vinyl og to kanalar i ”det aller heilagste”, eit uavhengig anlegg der eg kunne ha maksimum lydkvalitet som einaste prioritet, men også med maksimal kvalitet på overføring frå fellessystemet. Så ville eg hatt eit eige kinorom med surroundpakke der hovudanlegget skulle vere, og enkle løysingar til soverom, kjøkken og bad. Kanskje også eit enkelt oppsett for bakgrunnslyd i ved uteplassen i hagen og i garasja? Her er det mykje å drøyme om. Teknologien er no på plass.  

Men HiFiCenterkjeden hadde også nytt å by på innan tradisjonell stereo. I eit mindre rom var det rigga opp full pakke frå Hegel, som tok seg av drifta av dei nye Project Array-høgtalarane frå JBL, som hadde premiere på messa. Desse høgtalarane er på mange måtar nedskalerte K2-modellar, men er litt annleis utforma. Ein saftig 14” bass hadde kollossale dynamiske reservar, og var godt tilpassa resten av elementa, som var eit nyutvikla, dobbelt horn. Mellomtoneelementet var montert på høgkant, og på toppen av dette var det plassert eit ørlite diskanthorn. Det var ikkje dumt å plassere mellomtonehornet på denne måten, for perspektiveigenskapane vart faktisk svært gode. Om du vil ha den saftige JBL-lyden utan å gå glipp av perspektiv og romoppleving, er dette eit svært aktuelt produkt. Er du sugen på rock og dynamisk musikk, og likar å spele høgt, vil du kanskje vurdere desse som ein klarare kandidat til messas beste lyd enn meg, for dette er tingen for elskarar av det hardtslåande. Prisen er rett nok ganske stiv, heile 100 000, men likevel er dette langt mindre enn K2. Utan å ha samanlikna direkte, er eg dessutan rimeleg sikker på at K2 ikkje får like gode perspektiveigenskapar i eit såpass lite rom som det aktuelle utstillingsrommet. I eit for meg ukjent oppsett er dette likevel berre tipping. Ein kanskje like sterkt innverkande faktor kan vere toppanlegget frå norske Hegel, der det var gjort små, men svært effektive endringar sidan eg sist lytta til produkta derifrå. Under arbeidet med den nye integrerte forsterkaren hadde det dukka opp slike enkle forbetringar som straks måtte overførast til dei eksisterande modellane. Eg var forbausa over perspektiveigenskapane, medan det på utstillinga vart lagt vekt på forbetra dynamikk og meir harmonisk klang i toppoktavane. Spesielt interessant var ein heilt ny digital volumkontroll, som gjer at signalet ikkje går gjennom noko potmeter. Ein slik teknologi vil vere svært velkomen for dei som ynskjer å køyre sin CD-spelar direkte i effektforsterkaren utan forforsterkar, så lat oss håpe at dette ikkje er så langt unna…  

PM Audio fokuserer på analogsida
PM audio har ikkje deltatt på messa på fleire år, men var no tilbake med ein heftig vinylrigg. For 15 500 kr var det sett saman ein IAV Piccolo, Bluenote Bobeli mk 2 og B5 arm. Dette fora eit phonotrinn frå Whest Audio til godt og vel 20 000. Det vart spelt ein del plater som var ukjende for meg, men eg kan likevel seie at dette er ein svært sterk utfordrar i vinylmarknaden.
Anlegget elles var svært spennande, og eg har lenge hatt lyst til å høyre dei spesielle Gradient-høgtalarane. Det vert hevda av fleire at desse har like god oppløysing som elektrostatar, men er langt lettare å drive og plassere. Dessutan er prisen ikkje avskrekkande i slik samanlikning, med messepris på 30 000.
Lyden av høgtalarane er alltid den mest dominerande i eit anlegg, men her må det innrømmast at tweakespesialisten PA Audio hadde sørga for at hotellrommet var tweka i ekstrem grad. Mest av alt ved hjelp av 10-12 diffusorar frå Furutech, som ganske sikkert heldt kontroll på øvre mellomtone og diskant, og dermed mykje av den reflekterte lyden frå Gradient-høgtalarane. Slike panel kostar 3900/stk, og hadde vore interessante å prøve ut. Men dei er sannsynlegvis ikkje tingen om du slit med bassproblem, dei er svært lette, og vil ikkje kunne absorbere bassenergi i nemneverdig grad.

Det er vel også grunn til å tru at dei fjørande/dempande stativa frå Solid Tech til anlegget hadde innverknad på lyden, spesielt effektforsterkarane, som var Solitare på 150 singelenda Watt. Lyden var svært god, spesielt gjennomsiktig og med mykje perspektivdetaljar, men for å kunne gjere meg opp eit skikkeleg inntrykk, bad eg om å få spele medbrakt, som altså var CD. Det vart difor rigga om. Eg var litt forbausa over å sjå ein ganske rimeleg Pioneer-spelar, men her var det gjort store inngrep frå Audio Syntsis, og ein DAX digital/analogkonvertar gjorde løysninga meir påkosta enn ved fyrste augekast. Ein ny Whest ”Analog Prosessor” som arbeider over 35 kHz (les meir på www.whestaudio.co.uk) til 12 900 i anlegget må også nemnast. Min heimebrende avslørte at anlegget hadde svært stor detaljoppløysing. Litt forbausande var det at Jan Johansson vart litt for stort, men heile tida er attgjevinga svært musikalsk, og ”America” frå West Side Story var engasjerande, utan irritasjonsmoment over manglar ved opptaket. I det store og heile var lyden slik at PA Audio vere ein aspirant til prisen for messas beste lyd.  

Kontrapunkt: Linn imponerer med fantastisk høgtalar
Her var det ei sterk satsing på produkt frå Linn, og ein Sondek LP 12 platespelar, med ein traust Arkiv pickup kunne lyttast til med godt resultat. Det mest spennande var høgtalaren Artikulat 350 som umiddelbart synte forrykande dynamiske eigenskapar, men det var også lett å ane at her er det mykje å gå på i alle musikalske retningar. Sjølv om det er uhyre vanskeleg å få topp lyd i det aktuelle lokalet, var det klart at dette er ein høgtalar med potensiale i ein klasse for seg – svært allsidige og musikalsk altetande. Eg roste Linn-folka for konstruksjonen, og kunne fortelje at eg no endeleg hadde høyrt ein Linn-høgtalar som begeistra meg for alvor, og at eg kunne tenke meg å sjå nærare på denne. Men så fekk eg høyre at det er snakk om ein 6 vegs fullaktiv konstruksjon med 6 innebygde effektforsterkartrinn pr høgtalar, basert på Chakra-systemet, vart prisen på over 280 000. Dette vart det litt for tøft for lommeboka. Med Unidisk og Klimax Control var dette likevel noko av det meir overtydande eg har høyrt når det gjeld dynamikk, og eg er heilt sikker på at mange skeptikarar vil verte forbausa når denne konstruksjonen kjem i eit rom der han kan justerast til å verkeleg syne fram potensialet sitt. Når Karl Erik rapporterte at Linn-høgtalarane vart langt betre ved biamping, tyder det på at det er ei spennande utvikling på gong innan dette feltet frå skottane.
Denne Artikulat 350 er iallfall klart kvalifisert til finalen om å kåre messas beste lyd.


HiFiHuset i Bærum stiller med stort lag.
Her var rommet fylt opp av utstyr, også frå Yamaha som var ein av dei mange importørane som ikkje deltok på messa sjølve denne gongen. Det mest spennande frå André Zachariades var denne gongen JM Lab sine Grande Utopia med ei matchvekt på 210 kg pr kanal. For den med færre muskelmenn i familien kunne også Nova Utopia på berre 140 kg leverast. Begge desse hadde diskantelement i beryllium, som skal by på store lydlege kvalitetar og vere enormt driftssikkert. På dei rimelegare modellane var det også utvikla eit liknande element, men då ikkje i det kostbare beryllium-materialet. Diverre var ingen av desse kolossane rigga opp for å spele, så Hifihuset stilte ikkje denne gongen i konkurransen om beste messelyd… Av forsterkarar beit eg meg merke i ein mystisk sak som var stukken vekk på nedste hylle. Dette var ein integrert rørforsterkar med svært spennande design, og André kunne fortelje at dette var ein Chapter Audio Precise til rundt 50 000 kr.

Elektronikken frå Hifi-huset er også svært spennande, Audio Analoge sine Aria, Primo, Puccini og Maestro vekte den audiofile apetitt, men også produkta frå Meridian og Roksan burde vere interessante for den kravstore. Og dei eingong så sterkt utbreidde Monitor Audio-høgtalarne med sine gulldiskantar, fortener å verte prøvde ut i større grad. Ein artig liten sak var ein dockingstasjon for I-pod frå Monitor Audio. Hendig og visuelt tiltalande, så får ein vurdere om lydkvaliteten står i stil…

Audiocompaniet
I eit lite rom hadde Per og Olav frå Audiocompaniet rigga opp eit ganske enkelt anlegg med forrykande lydlege eigenskapar. Dette var dei heilt nye Summit hybridelektrostatane frå Martin Logan, til 98 000, drive av elektronikk frå Copland. Meininga var at det heilt nye digitale romkorreksjonssystemet frå Copland også skulle synast fram, men det hadde fått ein teknisk feil, og kunne ikkje gje lyd frå seg. Når det gjeld oppløysingseigenskapar var dette anlegget med god margin det beste på messa. Perspektiveigenskapar og dynamikk kom ikkje heilt til sin rett i det vesle rommet, så det er ikkje greitt å seie kva som hadde hendt om korreksjonen hadde verka. Sånn som det no var, heldt ikkje rommet mål. Det var tydeleg at dei gjennomskinelege elektrostatmembranane i metallgittera appellerte til publikum, og mange diskuterte nettopp det estetiske i desse. Ein provoserande sak som burde vere spennande å arbeide med også for dei som er opptekne av interiør. Elles fortalde Olav at Martin Logan som vanleg arbeider med å skalere ned topphøgtalarane, og det vil snart komme fleire modellar i same serie som Summit til rimelegare pris, mellom anna ein spennande sak til om lag halve prisen…  


Norsk Lyd og Bilde/AudioStone – messas beste!
Per Bendixen er ein ihuga musikkelskar. Difor legg han enorm vekt på å få lyden så optimal som råd. Denne gongen nøydde han seg ikkje med å berre vise fram utstyr som hadde potensial, han hadde også arbeidd enormt for å faktisk gjere lyden så nær det perfekte som råd. Oppsettet var i hovudsak frå brasilianske Audiopax. Dette kjende eg att frå messa sist år, og hadde også fått utstyret demonstrert av Per i butikklokala. Timbre Control er eit trumfkort ingen andre har på handa, og her hadde Per verkeleg sauma anlegget så godt som råd. Med dei nye ”billeghøgtalarane” frå Audiopax til 100 000 kr gjekk ikkje bassen så djupt som på toppmodellane, men likevel djupt nok til at nesten alle musikalske behov vart stetta. Desse vart drivne av ein heilt ny stereo rørforsterkar på 2x30 watt, og ein forforsterkar modell 5, også frå Audiopax. Og i motsetnad til sist år, då Per hadde valt å bruke ein ganske ordinær CD-spelar, hadde han no med seg eit verkeleg råskinn frå Ed Meitner. Kablinga var nokre grove greier frå skotske Ecosse, og heile systemet vart understøtta med strum gjennom eit DeZorel nettfilter til 30 000 kr, som skulle tåle ”alt”. Og lyden overgjekk det meste av det du kan rekne med å oppleve på ei messe. Etter ganske kort tid, også før eg fekk spele min eigen CD, var det heilt klart at Norsk Lyd & Bilde hadde beste lyd på denne messa. Anlegget hadde heilt utruleg kontroll, og etter kvart som eg fekk spelt referansemusikken min, fann eg ut at det berre var to svake punkt i attgjevinga, den aller råaste jordskjelvbassen og dei heilt enorme fortissimopartia, som eigentleg ikkje er noko ein musikkelskar treng bry seg med. Per brukte også si gode musikksamling og innsikta i gode opptak for det dette var verd, og den som sette seg ned på stolane i rommet hans, hadde det definitivt ikkje kjedeleg. Lyden var fantastisk, særleg laurdag. Då hadde det skjedd eitkvart som verkeleg opna potensialet. Men kanskje ikkje all denne godlyden skuldast Per og produkta hans åleine? Stabilitet for anlegget har i dag fått større fokus, noko eit lite firma frå Ålesund har basert seg på. Svein Oddvar Osen frå Audio Stone har starta opp produksjon av nokre svært imponerande produkt. Desse er laga i metall og granitt, og dei har fått god omtale i lydlege samanhengar, sist frå ei messe i Milano der Audio Stone og Norsk Lyd & Bilde deltok. Desse flotte produkta skal vi på www.audiophile.no utforske nærare……  

Stereofil og Interconnect.
Stereofil demonstrerte denne gongen surroundlyd frå det sterkt roste ARENA-systemet med små ”båtventilar” og ein ørliten subwoofer. Storleiken på dette skulle absolutt ikkje tilseie eit slikt formidabelt lydtrykk som vi fekk demonstrert på messa, og det må absolutt hevdast at høgtalarsystemet har fått namnet sitt med rette. Det gav dessutan dynamisk trøkk som du ikkje forventar før kabinettvoluma vert langt større, noko som var kledeleg både for film og musikalske uttrykk. Dei som tykkjer prisen på desse ”designprodukta” er noko stive, bør absolutt lytte til dei før ein droppar alternativet. Her er det mykje å hente, ikkje minst for den som skal ha det estetisk saman med anlegget. Og dei ulike finishane som kan leverast, er noko for ein kvar smak. Tannoysystemet vart demonstrert med Cyrus elektronikk, og det må seiast at desse lekre produkta gjorde ein god jobb. Tom frå Interconnect synte fram utvalet av kablar og straumforbetrarar frå Monster Cable, som også var brukte i det spelande systemet. Monster var den fyrste produsenten som lanserte kabel som ein viktig faktor i lydanlegget, og har såleis svært lang erfaring og stor kompetanse innan desse produkta. Tom trekte spesielt fram Retro-serien for den som ville prøve potensialet frå Monster. Elles er det grunn til å fylgje med, når no denne erfarne produsenten kjem med spennande ting innan straumforbetring. Langs eine veggen var det også utstilt tre ”dummies” frå Midgard Audio. Desse nye, spennande produkta skal lanserast i november, og Sterofil vil vere forhandlar i Oslo.  

Elles hadde Tannoy sikra seg at karane frå Stereofil hadde forståing for skotsk livsstil…    

Har Audio-aktøren fokus på surround?
Peter Holstein frå Holfi har klokketru på SACD og multikanal, og kasta seg over meg som ein vestnorsk vekkjelsespredikant av argaste sort. Då vert ein lett skeptisk, og under demonstrasjonen var eg ikkje heilt fornøgd. Eg hadde diverre lagt att nesten alle multikanalsSACDplatene heime, og kunne ikkje utfordre så lenge eg berre hadde ”software” i stereo, men anlegget med Usher høgtalarar og Holfi elektronikk hadde ikkje dei same kvalitetane som anlegget mitt heime. Eg måtte dessutan bruke eit system med psevdo-senterhøgtalar, sidan eg ikkje har høve til å bruke ein elektrostatisk senterhøgtalar i lytterommet mitt. Eg er slett ikkje sikker på om dette hadde ført til store forbetringar. Og så er det dette med alle vinylplatene, då…..Audio-Aktør-Terje var i ferd med å selje unna litt vinylplater, men eg fekk ikkje høyrt med han om han var overtydd om Peter sin bodskap…
Sjølv om direkte samanlikning mellom systema er vanskeleg pga. nivåskilnadar og behov for høgtalarjusteringar. Dessutan: dei aller beste stereoopptaka finnest sjølvsagt ikkje i surroundutgåver, medan dei gode sidene til surroundopptak sjølvsagt er utnytta på desse opptaka.
Elles er det ikkje tvil om at 5-kanalslyd har potensielle føremoner, og om desse kan utnyttast, er det grunn til at eg revurderer mitt standpunkt. Men ei skikkeleg gjennomføring av surround nok ikkje aktuelt for tida, iallfall ikkje i lytterom #1 der heime…    

Hitachi med spennande ting på bildesida
Hos Hitachi var den flotte plasmaskjermen 42PD7200 frå i fjor demonstrert. Denne kostar 32 000, men du får då ein verkeleg god plasmaskjerm. Nyaste projektor PJ-TX200 til like under 20 000 kr vart også synt fram, men kunne ikkje demonstrerast. Med ei enorm linse, stor oppløysing og kraftig lysstyrke er nok dette ein verdig arvtakar frå Hitachi sine tidlegare suksessmodellar. Elles har Hitachi også ulike variantar av DVD-miniDV-Harddisk-brennarar som nok vil interessere. For 7000 kr kan du t.d. skaffe deg ein DVDbrennar med 250 gb harddisk, nok til å lagre det meste av filmar.          









Norske Projection Design – projektorar i hi-end klassen
Då ASK vart kjøpt opp av amerikanske interessentar, var det ikkje alle som var klare for ei satsing på volumsal og billegprodukt. Den harde kjernen ynskte å arbeide vidare med å lage fantastiske produkt, noko som har enda opp i Projection Design i Fredrikstad. Dei kunne syne fram ein heilt ny projektor som verkeleg tok pusten frå meg. Med ei oppløysing på 1920x1080, superoptikk, kraftig lysstyrke og kriminelt god kontrast kunne dei by på levande bilde som er fullt på høgt, om ikkje betre enn 35 mm film. Og ny elektronikk og mekanikk har gjort at regnbokeeffekten er heilt umerkeleg for mitt auge. Litt støy frå oppsettet (det var nok helst datamaskina), og ikkje klar kommersiell software, pluss høg pris er nok ein bremsekloss, men no er endeleg teknologien på bildesida så god at ingen treng sutre lenger. Digtal heimekino er komen for å bli. Det er så langt berre laga ein ørliten serie av desse projektorane, men modellen er produksjonsklar, og framtida ser lys ut! I mellomtida sel Projection Design ut dei gamle modellane til hyggjeleg pris…      

Alternativ utstilling på Oslo HiFiCenter
Også i år hadde Geir Tømmervik & co ei gratismesse i dronning Maudsgate. Denne var ganske stinn av folk, så det var tydeleg at annonseringa OHC hadde gjort, fungerte. Det skal messearrangørane på Plaza vere glade for, for mange av publikum vart klar over at denne messa gjekk av stabelen når dei kom hit.
Dei nye lokala på Oslo HiFiCenter var som sagt fulle, så det var vanskeleg å orientere seg skikkeleg. Til kvardags er dei sikkert store nok, men når det vert messetid (og konkurrenten forlangar 130 kr for å komme inn), vert det ganske fullt. Eg fekk difor ikkje sjansen til å prøve ut så mykje. Representantar frå Mono var til stades og stilte ut rimelege, men spennande høgtalar frå Athena. Dette er eit spennande inngangssegment med kvalitet som vil gjere god lyd tilgjengeleg for små pengar. Også Onkyo har mange spennande ting med god lyd som ikkje kostar for mykje, men toppmodellen av integrerte forsterkarar A1 var ikkje til stades (då han er på utprøving hos www.audiophile.no for tida)
Ein representant frå Nordost kunne svare på spørsmål om kablande derifrå, og det same kunne representantar frå Audio Physics, utan eg fekk høve til å fylgje opp dette.
Lars Steen Rørvik frå Neby var til stades og demonstrerte Rotelforsterkarar over eit surroundanlegg frå Klipsch. Til dette var sittekomforten understøtta av tre spesielle lenestolar frå Techstyle Syntesis. For 9000 kr/stk kan design og den slags sikkert diskuterast. Det mest interessante med desse stolane var likevel den innebygde romperistaren. Denne kunne justerast med to potmeter på venstre side, slik at du kunne få ei sterkare oppleving av angrepet på Pearl Harbour og andre rystande filmopplevingar. Eg hadde i grunnen oppfatta dette som ein rå gimmick for folk som ikkje hadde plass eller råd til skikkeleg hifi, men der tok eg feil. Dette fungerte utmerka, iallfall så lenge det vart understøtta av eit komplett anlegg frå Klipsch med to hardføre subwooferar.
Men dei to topphøgtalarane frå T+A vart det ikkje høve til å lytte til. Svært synd, når eg har gjort meg opp lystne tankar på eit elektrostatelement driven av ein OTL rørforsterkar over 400 Hz, medan bassen sikrast av ein ekte transmisjonslinjekonstruksjon…Geir kunne likevel trøyste meg med at ein annan spennande høgtalar var like rundt hjørnet, fulltoneelektrostatar frå Audiostatic, som OHC no skal importere. Eg tinga meg straks for eit sett til utprøving….. Eg fekk også høve til å komme inn i det aller heilagste, der Adyton, Burmester og ikkje minst topphøgtalarane frå Trondheimsfirmaet AVIDECO. Desse nesten to meter høge linjekjeldekonstruksjonane (line source) kosta 140 000, og treng understøtting av subwooferar, då dei ikkje arbeider under 80 Hz. Høgtalarsettet består av imponerande 9 element pluss banddiskant pr side, og har svært lite delefilterkomponentar som kan påverke lyden negativt. Likevel var det mange justeringar, slik at tilpasningar til rom, smak og utstyret elles lett kan gjerast. Det vart også synt fram ein mindre høgtalar, med litt færre element, som ”berre” kosta 100 000, og som ikkje var så høge som storebror.
I dette oppsettet var det brukt fire hjørnebassar frå Audio Physics til 50 000 kr/stk, noko som absolutt kunne flytte nok luft. Geir Fredriksen demonstrerte, og etter ei stund kom også Geir Tømmervik og presenterte konstruksjonen. Lyden eg opplevde, var fyrst og framst open, og utruleg allsidig. Eg opplevde ein viss mistilpassing mellom subbar og hovudhøgtalarar, noko som også kan skuldast litt problem med romakustikken. Elles var det ganske fantastisk. Dynamikk som berre vaks heile vegen til topps, og frekvensområde og dynamikk som overgår det meste. I tillegg var perspektiveigenskapane mellom det beste eg har høyrt, slik du må kunne forvente når du har ein linjekjelde-konstruksjon. Geirane fortalde at sidan dei er lettdrivne og har enkel impedanse som er enkel å hanskast med for også rørforsterkarar, gjer at du godt kan bruke ein liten rørforsterkar med godt resultat, berre du tenkjer på korleis du koplar subwooferane (Avideco lagar også eigne subbar). Dette er nok den mest spennande høgtalarkonstruksjonen som nokon gong er produsert innanskjærs….    




Alt i alt ei riktig fornøyeleg helg med tanke på lyd og bilde. Men det kunne ha vore mykje betre, dersom bransjen hadde samla seg om å gjere eit skikkeleg felles løft.Her var for få deltakarar, og for få publikumarar! Lat oss håpe at dei kan arbeide fram ei messeplattform som fungerer betre, der alle kan delta og få gode utstillings- og akustikkvilkår til ein pris som gjer dei i stand til å halde inngangsprisane på eit lavare nivå.

Lest 17243 ganger Sist redigert tirsdag, 19 januar 2010 13:30
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser