lørdag februar 16 , 2019
torsdag, 28 juli 2005 23:00

Tannoy Fusion 1

Skrevet av

Det vil alltid vere interessant med høgtspelande småhøgtalarar med god lyd, spesielt dersom prisen er lav. Skotske Tannoy er ambisiøse også i det heilt rimelege prissegmentet. Her er billegaste alternativ....

 

 

Av Arve Åheim 29.07.05

Utsjånad og design
Når prisen kjem under 2000 kroner, skulle vi vel eigentleg ikkje snakke om seriøse hifi-høgtalarar, men alt tyder på at Tannoy ikkje har brydd seg om slike snobbete tankar. Høgtalaren er i utmerka finish, og alle ytre eigenskapar ved høgtalarane gjev eit skikkeleg inntrykk. Vekta er heller ikkje spesielt overraskande. Tek ein av frontstoffet, ser vi ein dome-diskant, eit relativt lite basselement og ein bassport i fronten. Einaste visuelle innvending eg kjem på, er at opphenget til basselementet  er akkurat like stort som frontramma, slik at det er synleg om du vinklar høgtalarane det minste inn- eller utover. Å kalle dette stygt eller ei ulempe på nokon måte, er urimeleg. Det er snarare eit hjelpemiddel om du ynskjer å vinkle høgtalarane direkte– når du ikkje ser noko til opphenget, peikar høgtalarane rett mot lytteposisjon. Ein del opptak fungerer best med høgtalarane plasserte slik.

Terminalane er enkle, men heilt greie. Det var ikkje problem å tre mine relativt tjukke høgtalarkablar i hola. Dessutan kan plastpluggar trekkjast ut, slik at du kan kople dei med bananpluggar. Det viktigaste med terminalar i denne prisklassen, er ikkje bruk av eksotiske materialar, men at kablane sit godt fast. Det er absolutt ingen grunn til å klage på Tannoy såleis.

Det vart brukt ulike forsterkarar til utprøvinga. Stort sett har alt på 40 watt og over fungert greitt, men Fusion 1 avslører fort om elektronikken eller signalkjelda di er hissig i diskanten. Dette er likevel høgtalarar som ikkje utfordrar forsterkaren i særleg grad, men eg vil tru at ein forsterkar som Monrio Asty kan gjere trolldom med desse små greiene. Creek var også eit godt val. Ein gammal NAD var derimot ganske trasige greier.

 

Plassering.
Mange slike høgtalarar vert plasserte i bokhylla. Dette er ikkje ideelt for god lyd. Men dersom du er avhengig av slik plassering, er Fusion 1 ikkje verste alternativet. Du mister sjølvsagt det meste av perspektiveigenskapane, men plassering heilt kloss til bakveggen skapar ikkje frekvensmessige eller dynamiske problem. Under innspelingstida brukte eg ei plassering i vindaugskarmen, slik at eg oppdaga dette. Dome-diskanten spreier også godt, slik at vinkling innover ikkje er spesielt påkrevd. Til den seriøse lyttinga plasserte eg likevel høgtalarane på tunge stativ, om lag 80 cm frå bakvegg, med ei forsiktig vinkling innover mot eit punkt eit par meter bak meg. Stativa var 60 cm høge, og det var i minste laget for desse små høgtalarane. Eg ville ideelt sett hatt 10 -15 cm hçgre stativ. Ein annan viktig sak, er skumgummiproppene i bassportane, som eg fjerna. Til heilt små rom og til forsterkarar utan feedback kan desse vere på sin plass, men eg fçretrakk lyden utan i alle samanhengar.

Lyden
Det mått til ei relativt lang innspelingsøkt før lyden var stabil. Eg spelte rett nok ganske lavt, og utan spesielt fiksfakseri for å få fortgang i innspelinga, men dei gjekk dag og natt i tre veker før eg var fornøgd. Den seriøse lyttinga gjekk føre seg i lytterom #2 og #3, som begge fungerte utmerka saman med Fusion 1. Det store og ganske dempa lytterom #1 vart som forventa for stort for så små høgtalarar. Elles vart dempeputene i bassporten fjerna, for høgtalarane likte seg best utan i alle samanhengar eg prøvde dei.

Aller best var lyden då høgtalarane var plasserte i det akustisk livlege lytterom #2 på 6x4 meter, når høgtalarane var plasserte på langveggen. Ved kortveggsplassering var bassen noko meir markert, men perspektiveigenskapane litt svakare. Mange vil nok likevel føretrekke å ha dei ståande framfor kortvegg, Fusion 1 tåler ikkje vesentleg større innbyrdes avstand mellom høgtalarane enn avstanden frå lytteposisjon til høgtalarane, noko som er normalt på dei fleste høgtalarar, iallfall i prisklassen under 10 000.

Det fyrste som ein legg merke til i klangkarakteren, er livleg, lys og frisk diskantattgjeving. Sjølv om dette er utan spesiell farging av dei høge frekvensane, vart det i meste laget saman med den gamle Luxmanforsterkaren A373, som gav Fusion 1 ein for hissig klangkarakter. Men med nøytrale ting som Creek A50iR var klangbalansen langt betre, og det generelle inntrykket ope og detaljrikt. Eg brukte også eit dyrt rørforsterkaroppsett (ARC SP 10 og to røreffektforsterkarar), utan at Tannoy gjorde skam på lyden.

Når forsterkariet var nøytralt og godt, var remastera CD-ar med 70-talspop ikkje heilt som eg er vant til frå vinyl, men det var forfriskande å høyre ting som Steve Miller og Creedence med spesielt flott lyd på slagverket. Legg merke til ridecymbalar og nyansar i gitarlyd. Dette luktar langt dyrare enn ein kan forvente. Den litt lyse klangbalansen gjer at høgtalaren verkar litt meir oppløyst enn han verkeleg er, så ved nærare utforsking er dette ikkje så godt som når du høyrer verkeleg gode (og langt dyrare) konstruksjonar, men det kan gå ei lang stund før du vert bevisst på dette.

Mellomtonen er også prisverdig god, og Fusion 1 får vokale prestasjonar fram svært naturleg og med god intensitet. Den vanskelege samanhengen med resten av frekvensområdet er også god, slik at du ikkje treng tonekontrollar eller subwoofer (prøvde desse på Luxman A373, men det fungerte ikkje særleg bra. Med Creek-forsterkaren var det ikkje var behov for slikt anna enn til filmbruk). Sjølv om vi ikkje kan forvente bass i særleg monn frå så små høgtalarar, har Tannoy her lukkast med å få til noko som fungerer. Her er lett å fylgje med på bassgitaren, og noko sakn av bass gjer seg ikkje gjeldande anna enn på krevjande musikk. Men basseigenskapane er ikkje i same grad som den noko dyrare konkurrenten Epos ELS 3, med sitt magiske øvre bassområde, og som eg personleg held for å vere unik i småhøgtalarklassen, iallfall når vi snakkar om så lave prisar. Likevel har Fusion 1 ein total klangkarakter som mange vil føretrekke, ikkje minst på grunn av den opne spelestilen. Tannoy sin minstebror er heller ikkje så krevjande til anlegget elles og oppstillinga som Epos, men ein kraftig og nøytral forsterkar vil absolutt kunne gjere nytte for seg. Høgtalarane kan spele ganske høgt, og med gode stativ er dynamikken storarta til å vere frå så små boksar, iallfall når du ser bort frå botnoktavane. Vinylrigg var også bra, og eg fann Ortofon OM 540 mkII (montert i Thorens TD 240) til å passe som hand i hanske med klangkarakter og  perspektiveigenskapar. Desse er som på andre ”smårollingar” utmerka, med eit lite atterhald på at høgtalarane har passande avstand seg imellom. Eg likte også å ha god avstand til lytteposisjon. I lytterom #3 måtte eg passe på at eg ikkje kom for nær, og ei diagonalplassering var det beste. Trass i at høgtalarane er ganske små, passar dei ikkje i dei aller minste romma.

Konklusjon
Tannoy Fusion 1 er ein svært rimeleg høgtalar som på alle måtar pressar terskelen for kor mykje høgtalarkvalitet ein kan få for små pengar. Svært musikalsk og diskret framtoning, som tener godt på eit samarbeid med god elektronikk elles, og gjerne gode stativ, men som ikkje er så fintfølande at slik luksus er nødvendig for at høgtalaren skal gjere ein god jobb. Pass likevel på at du ikkje har lystklingande elektronikk saman med dei, det vert lett for mykje av det gode.

Sjølv om Fusion 1 ut frå ei totalvurdering ikkje har like mykje lydkvalitet som Epos ELS 3, vil Tannoy sin minstemann vere eit godt val for mange, særleg om lommeboka i fyrste omgang ikkje gjev rom for dei heilt store investeringane. Fusion 1 har det som skal til for å vekse med anlegget ei god stund.

 

Tekniske data:
Distribusjon: www.stereofil.no
Pris: 1995 kr/paret

Lest 3180 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « Tannoy Eyris DC 3 Ton Art Aural »

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen