onsdag oktober 16 , 2019
onsdag, 31 desember 2003 23:00

Tannoy Eyris DC 3

Skrevet av

Endå ein slank høgtalar frå øyene i vest. Tannoy er eit gammalt britisk merke, først produsert i England. For tida skjer produksjonen i Skottland. Tradisjonelt og trygt…..eller?

 


Av Arve Åheim

 

Utsjånad og utstyr.
Dette er ein diskret, men elegant sak som med sine mange alternativ i tresortar skulle vere lett å få til å passe inn i dei fleste miljø. Paret eg prøvde var svartbeisa, og litt meir dystre i framtoningen enn eg ville ynskje meg, men dette er ein smakssak. Høgtalaren har to like store ”bass”-element, der det øvste har innebygd senterplassert diskantelement. Eg er usikker på om det nedste er eit slaveelement, iallfall fungerar elementa utmerka. Konstruksjonen er bassrefleks, med ein liten bassport på baksida, nede på høgtalarane. Dei er leverte med skumgummiproppar i portane, og du må vurdere i kva grad du ynskjer å fjerne desse. Heilt på toppen, i eit avrunda, augeforma kabinett, finn vi ein ”superdiskant” (WIDEBAND™). Denne skal syte for stor oppløysingsevne og ekstra luft i toppoktavane, og strekkjer seg heilt til over 50 kHz. Plasseringa av denne er ikkje tilfeldig, og er nok svært viktig for perspektiveigenskapane til høgtalaren. Meir om dette seinare. Høgtalarane er litt over 1 meter høge, og har ei grunnflate på berre 20 x 25 cm, om du ikkje brukar dei medfylgjande beina. Dei stel altså svært lite areal, sjølv om det vert opplyst frå produsenten at dei skal vere minst 50 cm frå bakvegg, og 1 m frå sidevegg, og ha ein innbyrdes avstand på mellom 1,5 og 4,5 meter. Eg prøvde ulike plasseringar i ulike rom, og fann at dei gjerne kunne brukast litt tettare på veggane i nokre samanhengar, men som utgangspunkt er det greitt å ha god avstand spesielt til sideveggane.
Elles er dei utstyrte med terminalar av god kvalitet på baksida, med litt spesiell utforming. Eg brukte dei på vanleg måte, og opplevde at gamle Monster Powerline II gjorde ein utmerka jobb saman med Eyris.

 




Med unntak av ”auget” på toppen ser Eyris ut som ein ganske ordinær høgtalar. Utover utforminga av diskanten, er det einaste direkte spesielle med dei høgtalarterminalane. Og så er dei veldig skikkelege handverksmessig, slik at dei kan skryte av å vere ”handcrafted in UK”. (Tannoy var opprinneleg engelske, men vert no produserte i Skottland). Høgtalarane er leverte med spesielle spike-stativ som eg ikkje brukte. Eg heldt meg til Soundcare, og kontrollytta med høgtalarane direkte på golvet for å kartlegge at effekten av Soundcare som vanleg stramma opp bassområdet og forbetra den dynamiske nyanseringsevna.

Elles er høgtalarane utstyrte med eigen jordingstilkopling, slik at du kan slutte dei til jord på effektforsterkaren. Dette skal vere eit pluss i samband med biamp-oppsett, men vart ikkje prøvd av meg.

 

Innspelingstid og utprøving.
Diverre måtte eg bruke heilt nye høgtalarar til denne utprøvinga. Eg rigga dei opp, og spelte litt over 3 veker samanhengande før dei var heilt stabile, og eg kunne ta til med vurderinga. Dei vart prøvde i mine tre ulike lytterom, og med fleire kombinasjonar av elektronikk, som synde at dette var ein ganske altetande høgtalar, som ikkje miste dydene sine med noko av det forsterkariet eg brukte. Dei var også lette å plassere i alle romma, men litt for små i det største rommet på 41 m2. Berre i det aller minste lytterom #3 var det aktuelt å bruke dempeputene i bassrefleksopningane, så kommentarane er i hovudsak baserte på lytting utan desse. Oppstillingsmessig er Eyris inga stor utfordring, men perspektiveigenskapane profiterte på relativ sterk vinkling inn mot lytteposisjon. I lytterom 2 på 4x6 meter peikte diskantane direkte mot lytteplassen, medan høgtalarane var 90 cm frå sideveggane, og 1,20 frå bakveggen ved plassering ved kortvegg. Ved plassering ved langveggen kunne høgtalarane stå 30 cm frå veggen, men totalt sett gav dette noko svakare bass enn ved kortvegg, sjølv om lydbildet vart større og opnare. I beste posisjon i lytterom #1 peikte diskantane på eit punkt om lag 1,5 meter bak lytteposisjon, og avstandane var 1 meter frå sideveggane og 70 cm frå bakvegg. I lytterom #3 brukte eg tilnærma diagonalplassering, med høgtalarane relativt tett saman, peikande direkte på lytteposisjon.









Lytteinntrykket
I alle romma synte Eyris klart sine to sterkaste kvalitetar, den svært naturlege og luftige attgjevinga av perspektiv, og den svært vakre klangbalansen, som er noko av det mest harmoniske eg har prøvd. Det er sterke assosiasjonar til ProAc studio 125, men Eyris verkar faktisk endå meir finstemte i klangbalansen, meir oppløyste i toppen, og med endå betre perspektiveigenskapar. Dette gjaldt i alle romma, men på same måte som den nemnde Proac-modellen, kom dei spesielt til sin rett i lytterom #2. DC 3 fungerte godt med begge dei aktuelle forsterkarane eg brukte, og avslørte umiddelbart McIntosh MA 6500 og Marantz PM-11S1 sine ulike sterke sider; McIntosh sine storarta eigenskapar innan bass og dynamikk generelt, og Marantz sin klare overtonestruktur og perspektiveigenskapar, utan å gje avkall på noko av sin eigen romantiske klangkarakter. Klangmessig er dette ein av dei betre konstruksjonane eg har høyrt i denne prisklassen, behageleg å lytte til samstundes som dei byr på gode monitoreigenskapar. Spesielt imponerande er måten dei klarer å gje att bassgitaren, sjølv om det ikkje verkar som dei går imponerande djupt, berre svært avstemt. Likevel er attgjevinga djupbass på DSOTM god. Det viktige er på plass, bortsett frå når dei vart brukte i det store lytterom #1.

Eyris DC 3 er ikkje heilt lytefri om vi samanliknar med langt dyrare konstruksjonar. Evna til å gje att små nyansar innan det dynamiske er ikkje som ein elektrostat, og dei store dynamiske partia er heller ikkje så kollossale som dei kan vere på skikkeleg store og heftige konstruksjonar. Men det får vere måte på kva krav ein kan setje til bassreflekskonstruksjonar i denne storleiken og prisklassen. Men i rommet på 24 m2 fungerte dei glimrande. Og med skumgummmiproppane i bassrefleksportane fungerte dei godt også i det minste lytterommet. Dette rettferdiggjer fullt ut meirprisen samanlikna med nokre av konkurrentane. Det må også nemnast at Tannoy har eit aktivt 5-kanals Eyris-system med eigen subwoofer, som skal ha svært store dynamiske reservar.

 

Tekniske data

Effektbehov: 20 –175 Watt

SPL: 89 dB/1W/m

Tåler 125 Watt konstant, 375 W peak

Frekvensrespons: 34 – 51 000 Hz +- 6dB.

Mål: 103 x 20 x 24 cm

Pris: 17 995 kr

Distribusjon: www.stereofil.no

(Ver obs på at det køyrest mange Eyris-modellar på tilbod frå Stereofil no. Dette er utgåande eller mindre modellar, og enklare konstruksjonar enn DC 3, som er toppmodellen i Eyris-serien)

Lest 5155 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Mer i denne kategorien « SVS PB10-ISD Tannoy Fusion 1 »

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen