Tuesday, 04 February 2014 20:01

Paradoxal kabelmoro - Overture

Written by

Paradoxal kabelmoro – ouverture.

Det er liksom meininga at det skal komme mykje i posten når vi passerar midten av desember. Sjølv om mine forventningar er mindre no enn då eg sat med tindrande auge på veslejulaftan for rundt femti år sidan, skjer det frå tid til anna at det dukkar opp noko spennande. I år kom det ein pakke med kablar frå Paradox Audio….så det vart skikkeleg kabelmoro.

Les meir:

Hissige på Hifisentralen

Skal ein få fart på eit kjedeleg selskap med amerikanske republikanarar, kan ein diskutere kommunisme. Om det er audiofile som samlast, har kabelproblematikk tilsvarande effekt.

Såleis har det eksplodert ein diskusjontråd om kablar, spesielt straumkablar, på Hifisentralen.

Initiativet kom frå nickaren ”Zerostat”, som var svært kritisk til ei kampanje frå kabelprodusenten Paradox Audio, der ein meters straumkabel vart seld på tilbod for rundt 6000 kroner. Zerostat meinte tydeleg at dette var dyrt for ein kabel, og det skein også gjennom at han meinte at den lydlege effekten av ein slik kabel, ikkje kunne rettferdiggjere så høg pris.

Sidan fyrste innlegg har folk har eksponert kablar, meiningar og ikkje minst sitt eige temperament i over 2120 innlegg sidan 22.november og fram til eg starta skrivinga ein gong like før jul. Meir eller mindre rettferdig harme, sterke meiningar og brutale taklingar har truleg løyst sveitten til både Høvdingen og moderatorane den siste månaden. Og sjølvsagt kunne eg ikkje dy meg, eg heller..


Personleg kabelbias

Med rimeleg avslappa haldning til kablar, reknar eg meg sjølv som relativt kabelagnostisk. Likevel har sedat hifi-ineresse pluss store mengder truleg ugrunna sjølvtillit skapt lyst til å prøve nye ting. Nokre kabelutprøvingar har det blitt opp gjennom åra, og ut frå mykje stress rundt dette, har eg ”roa ned” rundt kabeltesting, som eg opplever som småskala-endringar, utan at prisane på produkta nødvendigvis er i liknande småskala. Kabel kan vere dyrt, og vår hobby er eingong slik at lydleg utteljing ikkje utan vidare står i samsvar med investeringane. Men forbetringar vil vi ha, og dess mindre endringar vi jaktar på, dess vanskelegare er det å vurdere kva som er ”fornuft”.  Kor store forbetringar må til for å rettferdiggjere investeringane?

Og så er det så mange parametrar i denne sporten. Var kablane like lange? Hadde du snudd dei rett veg? Kva slags terminering brukte du? Var kablane innspelte? Korleis var dei plasserte? Massevis av utfordringar, med andre ord…

For å ikkje verte overbegeistra over å høyre skilnad på ymse utstyr, laga eg meg for ein subjektiv lydleg ”Richterskala”, der eg skiljer mellom  endringar som går på lag slik:

ikkje merkbart (flod/fjøre, månefasar, stjerneteikn, farge på rommet) - milligramnivå

usikker (vending av kablar, innspeling av kablar) endring på gramnivå

merkbar (høgtalarkabeldiameter på lange strekk) – hektogram

tydeleg (endring av  signalkjelde, innstillingar på riaatrinn, karakter på effekttrinn) –kilogram

endring til det betre (skifte av forforsterkar og effektforsterkar)  – tikilos endringar

radikal – udiskutable endringar (skifte av høgtalarar eller rom) - hundre kilo frå eller til.

Vektsamanlikningane kan sikkert opplevast som litt søkte, men er eit perspektiv verd å tenkje over.


Paradox

Då Paradox Audio starta produksjon av kabel med tanke på hifimarknaden, tykte eg det var interessant. Det er hyggjeleg at det framleis skjer produktutvikling og industriproduksjon i dette landet.

Så då Paradox tilbaud meg å prøve produkta deira, takka eg sjølvsagt ja. Eg ville gjerne teste så breitt produktspekter at eg kunne gjere meg opp ei grei meining om kostnadseffektivitet på slike enkle komponentar som kablar no eingong er.

Paradox hevdar å bruke dei beste materialar som er tilgjengelege, og produsere utstyret med så sterk kvalitetskontroll som muleg, utan å hevde bruk av spesiell teknologi eller konstruksjonsprinsipp, men enkelt og greitt lage så gode produkt som dei kan klare.

Sidan eg har lite glede av ting eg ikkje skjønar, det vere seg høgtsvevande terminologi, teori eller religion, er dette veldig tiltalande. Spesielt sidan Paradox lovar ein eksepsjonell service. Ein avgjerande ting med Paradox Audio sin forretningside, er at dei låner ut produkt til alle interesserte, med full returrett i 30 dagar. Dei betalar frakt, og har dessutan livstidsgaranti. Dei byr også på inntil 80% innbyttepris om du på eit seinare tidspunkt vil oppgradere til ein dyrare kabel. Slik service skulle eg ynskje var lovpålagd – perfekt for oss som har eit (langt) stykke til næraste hifi-pushar..

Så eg ville ha både høgtalarkabel og signalkablar. Nettleidning vurderte eg som mindre interessant i mitt anlegg, ettersom eg no brukar ein ASR Emitter 2 Exclusive, som har kablane integrert i straumforsyninga, slik at dei ikkje kan skiftast. Ny nettleidning til platespelarmotoren min såg eg liten vits i (dessutan må det spesielle pluggar til) Men eg har heldigvis på besøk Manley Chinook til utprøving, eit riaatrinn som kan ete kirsebær med dei aller fleste, trass i ”relativt fornuftig” pris. Kabelen eg skulle prøve her, var ”Edison  coil”, som har ein utsalspris på ganske nøyaktig det same som Chinook-riaatrinnet. Dette er verkeleg ei utfordring; Vil det løne seg å kjøpe ”garnityr” til Chinook, eller burde pengane vore brukt annleis, til dømes på ein del av mellomlegget til toppmodellen av riaatrinn frå Manley: ”Steelhead” til 70 000? Kostnadsmessig relevant…iallfall for ein amerikanar om han skulle importere Edison-kabelen.

Eg fekk også signalkabel, topputgåva, som skulle brukast fleire stadar i anlegget. Spesielt spennande er det frå platespelaren til riaa. Erfaringsmessig er dette staden der kabel påverkar lyden mest, og fylgjeleg eit område der det kan rettferdiggjerast å bruke ressursar. Så etter litt venting fekk eg kablane i hus.


Utsjånad og konstruksjon

Svært imponerande. Alle produkta verka nesten usannsynleg skikkelege. Terminalar, materialar og elles kvalitet på arbeidet (så langt det kan vurderast utan å ”slakte” kablane) var så gjennomførte som sjølv den argaste linjemontør kunne tenkje seg å ha i høgspentmastene sine. Paradox-kabel er laga for å vare, og vil nok vekkje undring hos eventuelle arkeologar som grev ut anlegga våre etter nokre milliennum… Men det er nok lurt å perfeksjonere handverket når ein lovar livstidsgaranti. Så sjølv om prisane er svært høge, kan dei forklarast.


Les også Paradox Edison Coil - Paradox kabelmoro, fyrste akt.

Les også Paradox The Link RCA - Paradox kabelmoro, andre akt.

Les også Paradox Mk II - Paradox kabelmoro, tredje akt.

Les også Paradox kabelmoro - finale.

Read 6863 times
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.