onsdag, 12 februar 2014 11:51

Paradoxal kabelmoro - Finale

Skrevet av

Konklusjonar.

Såpass mange parametrar som eg har prøvd ut ved kabelskifta eg har gjort den siste månaden, krev ei skikkeleg oppsummering.

Les meir:

Denne artikkelen er fortsettelsen av Paradox Mk II- Paradoxal Kabelmoro, tredje akt


Desse kablane kostar mykje pengar, og det kan diskuterast om dei lydlege gevinstane ved å investere så mykje svarar seg. Vi snakkar om svært små nyansar, samanlikna med endringane du får ved skifte av aktive komponentar elles i anlegget. Men vi må også ta med i vurderinga at du får kablar med livstidsgaranti og eineståande bytterett, Paradox har sine ord i behald når dei hevdar å ha best kabelservice. Eg vurderer dette som meir plausibelt enn ekstreme kostnadar til produktutvikling og teoribygging. Det er ikkje mange måtar å lage ein kabel på.. Kjøper du Paradox, slepp du tenke meir på kabel.

Så må vi seie litt om dei lydmessige kvalitetane du kan oppnå med Paradox:

 

Paradox The Link RCA signalkabel mellom arm og riaa.

-   Har absolutt funksjon, og vil påverke lyden ganske tydeleg. Men hugs at god skjerming, kortast muleg kabellengde, og val av rett pickup er avgjerande for godlyden.


Paradox The Link RCA mellom signalkjelder og forsterkar

-        Frå riaa, langt strekk på ca 3 meter: Ei nyanseendring mot den billegare kabelen frå Viablue, i form av at eg opplevde Paradoxalt meir korrekt klangbalanse. Men så lenge du har kontroll på interferens, er det ikkje avgjerande å bruke superkabel her. Dynamikk og perspektiv vart marginalt påverka.

-        Frå CD-spelaren, kort strekk på 1 meter: same nyanseendring som ved langt strekk.  A Paradox syter for ein noko meir homogen klangkarakter, utan at dette kan seiast å vere avgjerande for lytting over tid.

-        Frå Sonos streamingboks (rimeleg sak til under 3000). Produktet er nok fyrst og framt tiltenkt andre enn harcore audiofile, og det er lite lydforbetring å hente ved kabelskift. Spelar du Spotify, må du berre slå deg til tåls med at systemet rett og slett ikkje får vere med i denne divisjonen

-        Det er spennande å registrere at Paradox gjer så lite ut av kor store lengder dei er av. Dersom du har problem som kan skuldast stor avstand mellom komponent og forsterkar, må du prøve om Paradox kan hjelpe deg. Spesielt for meg med ein forsterkar som ikkje godt kan plasserast andre stadar enn midt mellom høgtalarane, er det svært viktig å få platespelaren ut av vegen.


Paradox  Mk II høgtalarkabel

-        Trass i at dei tungdrivne høgtalarane mine gjer meg til ein god kunde hos elverket, er det ikkje slik at grove høgtalarkablar er eit absolutt must, men om du er ute etter å hale ut den siste rest av dynamikk (vi snakkar både om fortissimo og små nyansar), vil Paradox hjelpe deg ein liten bit av vegen. Tenk også nøye gjennom terminering, lengde, og korleis du vil plassere kablane på best måte mellom høgtalarane og forsterkaren.  Dei er tunge, tjukke og stive, og krev at du jobbar med plasseringa.

 

 

Kabel vil nok vere eit kontroversielt tema også i framtida. Nokre lydlege forbetringar kan hentast også på dette feltet. Paradox gjev seg ikkje ut for å vere meir enn topp kvalitet når det gjeld delar og arbeid. Dei perfeksjonerar rett og slett dette, og koplar det saman med ein unik service, slik at du sjølv kan gjere vurderingane av produkta deira heime. Det har altså eg gjort. Og om du tvilar på resultata, kostar det deg lite å gjennomføre tilsvarande utprøving heime på ditt anlegg…

Produsent: Paradox Audio

Les også Paradox kabelmoro - Overture.

Les også Paradox Edison - Paradox kabelmoro, fyrste akt.

Les også Paradox The Link RCA - Paradox kabelmoro, andre akt. 

Les også Paradox MK II - Paradox kabelmoro - Paradoksal kabelmoro, tredje akt.


Lest 6833 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.