fredag, 27 mars 2015 21:47

Armjakta, nest siste artikkel

Skrevet av

 

Så er det berre å kaste seg ut i det – eg må finne ut kva som er på marknaden. Det ser ut til å verte ein tolvtommar. Slike armar har mindre vinkelfeil til rilla. Deira svake punkt er at resonansmønsteret er annleis enn på kortare armar. Men dette kan nok produsentane halde orden på. Eller?

 

 

SME V

Denne armen kan trygt kallast eit ikon. SME er eit firma som har laga pickuparmar i ei årrekkje, og har svært godt ord på seg, trass i at dei eigentleg dreiv med produksjon av flydeler og modellar. Men i 1959 fann sjefen, Alastair Robertson-Aikman, ut at han hadde bruk for ein skikkeleg arm til platespelaren sin, og resten er historie. Dei mange suksessane kulminerte etter kvart med modell V. Denne er framleis rekna som ein av dei aller beste armane for MC-pickupar. Og no er denne armen tilgjengeleg både i tolvtommarsutgåve, og med laust pickupshell. Kanskje dette er den perfekte armen til mitt bruk? Det finnest også nokre litt rimelegare modellar, men skal det testast skikkelege pickupar, er det ikkje på armen det skal sparast.

Eg måtte spørje Rudi, for han er svært fortruleg med det aller meste frå SME, må vite, og har V-armen både i ni og tolvtommars utgåve. Han kan fortelje at malane og justeringssystemet til SME V er noko av det sikraste verktøyet du kan ha for å sikre at pickupen har det bra. 

Og som referansearm er det vel neppe noko tryggare å satse på. SME V har vore på marknaden i fleire tiår, med svært små endringar, så om det skal vere ei kjent referanse, er det neppe nokon meir utbreidd high-end-arm. Han er sjølvsagt rasande presis å justere, og alle parametrar kan styrast til perfeksjon (i den grad ein pickuparm kan verte perfekt)

Men så var det dette med laust shell, då. Rudi tykkjer det er pysete, og ingen stor sak. Ein arm utan skøyt er det beste. Men kva med VTA? Armen er eigentleg ikkje laga for å justere dette i fart, men det kan gjerast med verktøy og stø hand. Men då er det kanskje ikkje er rette armen for meg? Normalt har eg hifikomponentane eg kjøper i lang tid, og etter ti-tjue år er eg kanskje ikkje lett nok på handa?

Ein annan ting er at tolvtommar-utgåva er lang, og det vert nødvendig å finne på noko svært kreativt om armen ikkje skal monterast utanfor platespelarkabinettet. 

SME V er utvilsamt eit svært godt val, verd å tenkje på, om enn kanskje ikkje det perfekte til mitt bruk. Så andre må også vurderast. Og den lange utgåva kostar rundt 50 tusen. Kanskje eg kan sleppe unna med noko billegare?

 

 

 

Reed-armane.

Dette er noko av det vakraste du kan få av pickuparmar, og så kan du endåtil få den med den overflata du ynskjer. Armrøret er av eksotisk tre, noko som slett ikkje er dumt. Tre dempar resonansar, og er faktisk eit svært stabilt materiale om det vert preparert på rette måten. Eg veit ikkje kva Reed gjer med det, men kokar du eit trestykke, vert det heilt fritt for indre spenningar. Det er såleis ingen grunn til å vere redd for å bruke dette materialet av den grunn. Men eksotiske treslag skal vi vere forsiktige med. Eg må spørje importøren om det er sertifisert, eller eit resultat av rasert regnskog.

 

Det lagast tre modellar av Reed-armar. Modell 2 er for entusiasten som monterer opp armen ein gong for alle, og vil ha godlyd. Modell 3 kjem i P- og Q-utgåver, med magnetisk antiskating som kan gjerast i fart, og som dessutan har den mest avanserte VTA-justeringa eg veit om. Her har du laserjustering som sikrar at pickuparmen er absolutt i vater. Det er så enkelt å justere denne armen at du kan gjere det alt etter om du spelar tjukke eller tynne plater. Og pickupshellet kan tydelegvis løysast. Eit perfekt val, ser det ut som. Men kva med tolvtoms utgåve? Det må snakkast litt med importøren. Når dei tre grunnmodellane av armar kan fåast i så mange variantar, er det spørsmål om importøren har inne ein relevant demo-arm eg kan låne til utprøvingsbruk. Fot eg er mest interessert i tolvtomsugåva. Men når eg les meir, skjønar eg at desse utgåvene må plasserast utanfor spelaren min. No igjen! Skal eg gje blaffen i dette kravet, og slå meg til ro med ni tommar?

 

Nei, her skal det verte skikkeleg. All verdas presisjonsjusteringar kan ikkje justere bort vinkelfeilen i prinsippet. Vi får vurdere vidare. Men Reed ser ut til å ha flotte eigenskapar, og eg kunne godt tenkje meg desse justering-i-fart-alernativa.

Det er elles Endpoint Audio som distrubuerar Reed-armane, men dei har også ein annan, langt dyrare arm i portefølje sitt, Axiom. Dette er truleg det råaste presisjonsinstrumentet på marknaden.

 

 

 

Thales-armane

”Her er tingen for meg”, tenkte eg fyrste gongen eg fekk sjå teikningar og animasjonar av denne særeigne konstruksjonen. Desse armane er svært så kreative i måten dei eliminerar vinkelfeilen på. Den fyrste modellen er den mest radikale, med ein lang utriggar som gjer at det ledda pickuphuset alltid står som tangent til platerilla. Men denne armen er prissett til over hundre tusen….det er mykje pengar. Det finnest to andre armar, Eg tek ein telefon til importøren www.acoustictuning.com som kan fortelje at det seljast svært få slike armar i landet, og at dei ikkje har inne demonstrasjonsmodellar. Eg får også vite prisen på ”billegmodellane” er såpass høg at dei ikkje er aktuelle. Men  det er spennande konstruksjonar, ved at pickuphuset er ledda, slik at det alltid vil stå som ein tangent til platerilla. Om dette gjer antiskatingfunksjonen heilt overflødig, er korkje eg eller importøren sikker på, og det er heller ikkje råd å lese seg til kor enkelt det er å gjere vta-justeringar medan ein spelar plata. Men det fylgjer med ein spesiell monteringssjablong som sikrar at pickupnåla justerast perfekt når det gjeld overheng (kor langt fram pickupen skal monterast i pickuphuset) Om det kan gjerast raske pickupskift er eg heller ikkje sikker på. Men armane ser veldig skikkelege ut, slik at dei absolutt burde vurderast nærare. Så sjølv om eg (og importøren) har mista motet i denne omgang, trur eg Thales sine armar bør hamne på kort-lista til alle som skal ha ein superarm.

 

 

 

Viv Audio

Audio Art har nyleg ”avduka” ein ny armprodusent dei har stor tru på. Det er snakk om ekstrem nytenking, med ein arm som er ganske ulik andre eg har sett. Her er eit langt, beint armrør med pickuphus som ei forlenging av denne. Armen er lagra i ein ”kopp” full av magnetisk olje, som veg rundt to kg, og kan plasserast stabilt rett på spelaren, eller for den saks skuld, utanfor denne. Eg er usikker på om denne magnetiske olja er organisert slik at armen vert unipivoterande, og det kjem ikkje tydeleg fram korleis vta skal justerast, men det hevdast at prinsippet for armen reduserar behovet for antiskating. Dersom dette stemmer, har vi kanskje funne ein arm som er i stand til å løyse ein av dei store frustrasjonane som finnest innan vinylavspeling. Og når armen i tillegg kan fåast i 13 toms utgåve, er det ikkje tvil om at importøren må kontaktast – eit opplagt testobjekt.  Eg snakka med Vidar Sonesen, og han kunne fortelje begeistra om resultata av praktisk utprøving av den mellomste armen. Eg fekk lovnad på å få prøve ut denne og meir til, så her vert det nærkontakt.  Nye tankar rundt pickuparmar er sårt tiltrengt.

 

Kuzma

Dette familienamnet liknar mistekjeleg på ein av våre mest vanlege barnesjukdomar, men her er det altså ein platespelarkonstruktør som har tatt armproblematikken på alvor. Det er spesielt to produkt som har vore mykje framme i media. Fyrst ute var den luftlagra tangentialarmen som er toppmodellen. Denne skal vere ein av dei aller beste av sitt slag, og er ein opplagt kandidat til mi toppliste. Men så vert det vanskeleg å montere han på min spelar. Det er ikkje nokon lang arm, så det skal gå an å finne plass på platespelarkabinettet om ein ikkje er for nøye med det estetiske. Men om eg får til å bruke platekrans, er usikkert.

Så har vi den berømte Kuzma 4-point, ein arm på 11 tommar som har fått svært mykje positiv omtale, og må vere ein av verdas aller beste armar, etter det hifi-fagpressa skriv. Men det finnest også eit par 12-tommarar i Kuzma sitt armutval. Eg tek ein telefon til Peter på www.audiofreaks.no, og får høyre litt meir. Det syner seg at fleire av armane er klare kandidatar på mi liste, ettersom Kuzma har eit ”VTA-tårn” som ikkje berre gjer at vta enkelt kan justerast medan du spelar, men som også gjer at pickuparmen kan monterast på platespelarkabinettet i vanleg 9 tommars avstand, sjølv om armrøret kan vere inntil tolv tommar. Det er to ulike tolvtommarsarmar, der den eine har diskvalifisert seg til mitt bruk ved å vere unipivoterande.  Ved besøk hos Roald Mikkelsen og Renaissance Audio i Bergen får eg observere og ”leike meg litt” med denne armen. VTA-systemet er verkeleg flott, toppen på tårnet er eit ratt som du lett kan skru på svært nøyaktig. I tillegg er det ein strammehendel som sikrar at armen er låst dønn fast til basen. Dette har eg opplevd før som ein fin kvalitet, mellom anna på gamle Kenwood KD 07, der du høyrer tydeleg at armen låsast fast når tilsvarande hendel strammast.

 

 

Roald fortalde at denne unipivoterande tolv tommar lange armen er eitt av dei beste armkjøpa som kan gjerast. Men om det brukast nokre tusen meir, slepp du unipivoteringa. Så eg lurer på kva som er beste kjøpet for meg, tolvtommaren 313, eller 4point, som rett nok er ein tomme kortare, men som har fått veldig god omtale i alle testar.

Når eg studerer fotografia av dei to armalternativa, er dei ganske like. Namnet 4-point kjem av lagrninga av armen. Dei andre ikkje-unipivoterande armane til Kuzma har ekstremt gode kulelager, medan denne armen har endå betre lager, som gjer at armen berre kan røre seg i to plan, akkurat slik eg trur ein pickuparm bør oppføre seg. 4point har to motvektslodd i staden for 313 sitt eine, slik at du lettare kan finjustere stifttrykket.

Eg trur at 4point-konstruksjonen er den beste, men det er to moment eg likevel vil ta med i vurderinga. Det eine er den ekstra tommen på lengda. Det høyrest kanskje ikkje så mykje ut.  skilnaden på 11 og 12 tommar lang arm utgjer to grader mindre vinkelfeil.

Rudi seier at det er tydeleg skilnad på hans to SME-armar, som etter det eg kan finne ut, har  vinkelfeil på 23 grader versus ca 17 på den lengste. Kuzma 4point har 19,5 graders vinkelfeil. Er dette nok til at vi kan seie oss fornøgde?

Det andre momentet er sjølvsagt prisen. Vi snakkar om langt over femten tusen kroner meir å betale for 4point. Det får du altså ekstra motvektslodd og endå betre kulelager for. Og ofrar ein tomme på lengda. Er det verd så mykje pengar? Det spørs om ein då like gjerne kan spytte i tjue tusen ekstra, og få den luftlagra tangentialarmen...

Nei, eg vurderer Kuzma Stogie VTA 313 reference som det mest fornuftige frå Kuzma. Så eg må prate med Audiofreaks-Peter om å få prøve ut ein sånn…

 

Triplanar

Dette er eit skikkeleg one-trick-pony-firma, som berre lagar eitt produkt som eg veit om, den spesielle pickuparmen, som har fått så mykje god omtale, og som av mange vert kalla verdas beste pickuparm (den også, ja). Det er fleire grunnar til dette. Sjølvsagt kan VTA justerast i fart, men du kan også skru på azimuth, altså vinkelen pickuparmen har i høve plata, og faktisk sjekke dette etter øyret, og det kan vere mykje å hente her. Dessutan kan han no fåast i 12toms-utgåve. Armen har vore utstilt minst to stadar, Renaissance Audio i Bergen, og Audioaktøren i Horten har han vissnok ståande til demonstrasjon.

 

Armen har vore vidareutvikla i mange tiår, og er no komen i mk VII-utgåve, som er eit imponerande presisjonsinstrument. Men han kostar. Det er www.excoticaudio.dk som har agenturet både i Danmark og her i landet, og i deira prisliste er tolvtommarsutgåva prissett til 73000 danske kroner. Altså ein ganske kostbar sak. Den vert nok i overkant for mi lommebok, så eg står over Triplanar. Men eg håpar at Rudi, som har god plass til alle slags tolvtommarar i platespelarparken sin, kan komme attende til Triplanar si lange utgåve ved eit passande høve.

 

 

Axiom

For litt sidan kunne Endpoint audio informere om at dei hadde fått inn ein svært spesiell sak i sortimentet sitt. Armen er tolv tommar, men skal monterast på same avstand som dei ”normale” nitommarsramane, så for meg med den vesle VPI SSM er dette interessant. Lager er utforma med ekstrem presisjon, og kan dessutan finjusterast slik at lageret ligg i perfekt plan med der kreftene verkar.  Her er gjort enormt mykje ut av detaljane, og du kan mellom anna finjustere stifttrykket. VTA kan også justerast i fart, men både dette og azimuth fininnstilling er tenkt finjustert i det spesielle pickuphuset. VTA-innretninga på sjølve armfestet er fyrst og framst for å sikre at armen står i absolutt vater, altså eit slags grovverktøy.  Her er også ein avansert antiskatingsmekanisme, såkalla ”dynamisk”, som skal vere rettare enn andre system. Når armen er tolv tommar, vert det altså minimalt med slike skatingkrefter som er så vanskelege å ha kontrollen på.

 

Dette ser ut til å vere ein svært gjennomtenkt konstruksjon, produsert av ein tyskar med ambisjonar om å skaffe seg ein perfekt arm, der alle parametrar kan justerast med ekstrem presisjon, og det endåtil som tolvtommar. Men Axiom er også den dyraste pickuparm eg har høyrt om, så sjølv om dette ser ut til å ha samanheng med kvaliteten, er det all grunn til å tenke seg nøye om. Tre-fire gongar så mykje som SME sin toppmodell...men eg har fått lovnad på å låne denne til utprøving. Så denne kjem vi attende til.

 

 

Fjernkontroll?

Under ei spenstig surfeøkt på nettet kom eg over platespelar Expressimo Audio. Ved sida av skrekkjeleg dyre platespelarar, hadde dei også ein arm/armbase der vta kunne styrast frå lytteposisjon med trådlaus fjernkontroll, og det i brøkdelar av millimeteren. Armen var også 12”, og sjølv om han måtte stå separat frå platespelaren på ”Mongoose”-armbasen, verka dette veldig fornuftig. Ein arm som kunne finjusterast frå godstolen etter øyret må vere ganske perfekt. Men eg måtte slå han frå meg då eg fekk høyre prisen: vi snakkar om rundt $ 20 000, og sjølv med hyggjeleg dollarkurs, vil dette vere vel brutalt for mitt budsjett.

 

Tangentialarmar og luftslott

Tangentialarmar er det aller beste sånn teoretisk sett, men desse byr på utfordringar dei også. Vi nemner dei flottaste. Dei luftagra er relativt vanlege, og ein av dei var min referanse i rundt ti år, Eminent Technology ET 2. Denne kan firmaet oppgradere til 2,5-utgåve, men er eigentleg ikkje i handelen lenger. Armen er svært lett å arbeide med, og vta-justering kan gjerast under avspeling, med større presisjon enn andre armar eg har jobba med, men det kan vere problem med tilpassing av middels til tunge pickupar. Luftpumpa må det også jobbast med, så her er ein del praktiske utfordringar. Likevel, eg skulle aldri kvitta meg med den armen.

 

Kuzma sin tangentialarm er også luftlagra, og dette skal vere den beste som er i handelen i dag. Eg har ikkje fått sjansen til å oppleve denne anna enn på papiret, men det ser ut til å vere eit presisjonsinstrument av dei sjeldne, med veldig presise justeringar av alle parametrar. Så det skulle vere liten tvil om at dette er ein god arm. Men luftlagringa krev ei pumpe, og denne må plasserast på ein stad der du ikkje sjenerast av støyen. Prisen er dyrast av alle Kuzma-armane, og i overkant av det eg kunne tenkje meg å betale.

Den svenske Airtangent skal visstnok framleis vere råd å kjøpe. Men ikkje med fjernkontroll av vta. Denne svært fornuftige fasiliteten vart visstnok levert på ei spesialutgåve som var produsert på nokre eksemplarar for rundt tjue år sidan, og det er ingen planar om øydeleggje desse signaturutgåvene sin eksklusivitet med å gjere dette tilgjengeleg for folk flest.

Endeleg må eg seie mi reint subjektive, personlege erfaring om at luftlagra armar ikkje er heilt enkle å få til å levere verkeleg djupbass. Dei har fantastiske eigenskapar når det gjeld perspektivformidling, og dei har mange pluss som dei mest presise tangentialavspelarane, og sidan eg ikkje har gjort direkte A/B-samanlikningar med andre tangentialarmar, skal eg ikkje vere bastant om bassen. Men dei kan uansett ikkje monterast på spelaren min utan å gje avkall på platekransbruken, og det kjem ikkje på tale

 

 

Den siste tangentialarmen eg vil nemne, er Clearaudio. Her er det tre (eller fire – det finnest ein spesialutgåve for den brutale referansespelaren. Men den kan nok ikkje monterast på alle spelarar. Clearaudio har ikkje luftlagring, men balanserar armane på stram vaier. Eg prøvde ut den billegaste for mange år sidan, og må seie at dette var kanskje den beste armen eg har vore bort i, spesielt i bassområdet. Armane har ei vippemekanisme som gjer at Clearaudio sin platekrans kan brukast. Så då kunne kanskje desse brukast også på min spelar utan at eg måtte droppe kransen? Den minste armen var ikkje avskrekkande dyr, men Soundgarden tek ikkje lenger inn dei flottaste tinga frå Clearaudio utan på spesialbestilling. Så det er ikkje aktuelt å prøve ut desse i denne samanhengen.

 

 

 

Unge opportunistar:

Scheu lagar fyrst og framst unipivoterande armar, og gjerne i tre eller akryl, men kan også levere ”Classic”-modellen i 12”. Denne får skryt for symbiotiske eigenskapar saman med Denon 103, noko eg aldri har prøvd. Men det tyder på at armen er tung, og der er ikkje monteringsbrakett for spelarar som min, så då vert det ikkje aktuelt å prøve desse.

 

Durand er ein ny produsent, som også leverer armar laga av tre, og Aretmis kan såleis leverast i 12” utgåve. Men denne passar heller ikkje på min spelar.

På New Zealand finnest Analog Instrument, og du kan lese om deira pickuparmar. Her finnest ein tolvtommar som kan bestillast direkte frå produsent. Det er hobbyist som gjer dette ved sida av vanleg arbeid, akkurat som vi skriv hifi. Så ingen har råd til å gamble på at dette kan testast…

 

 

 

Gamle heidersarmar:

Den gong eg var ny i hifi-gamet var det imponerande å sjå lange armar, som slett ikkje var uvanleg hos dei garva entusiastane. Den aller fyrste tolvtommaren eg såg, var ein Stax-arm. Ja, denne øyretelefonspesialisten har ei imponerande fortid som pickup/armprodusent, så vel som produsent av både forsterkarar og høgtalarar. Men i dag er nok utviklingsingeniørane der dønn fokuserte på ei produktgruppe. Slik har det gått med mange tonearmsprodusentar, men heldigvis ikkje med alle.

 

I min stormfulle ungdom fekk eg også høyre at ein god Ortofon SPU skulle liksom ha ein tolvtommar, så dette kan danskane framleis levere. Ortofonarmane har standard SME pickuphusfeste, slik at det er lett å skifte pickup. Eg får diverre ikkje plass til ein slik arm på spelaren min, men det er ganske sikkert ein god match til dei mange spennande produkta frå denne svært så avanserte pickupprodusenten.

Decca er engelske, og ein skulle tru dei var erkekonservative, men dei har no kome opp med ein luftlagra tangentialarm dei sel for £ 2450. Ikkje noko for meg, sidan slike armar ikkje kan monterast på min spelar. Dei konvensjonelle 12”armane som dei var kjende for, er heller ikkje råd å montere, så desse må vi også stå over.

 

EMT og Brinkmann er verkelege klassikarar, så eg tok ein telefon til Sven Zackariassen på Audio Media, som kunne stadfeste at det stadig lagast tolvtommarar herifrå. Men det er ikkje lagervare, så han ville undersøkje litt om kva som skjer derifrå. Av nettsidene ser armane ut til å vere dei same som i gamle dagar, men kanskje her likevel har skjedd ”usynlege” endringar og produktutvikling? Vi får høyre kva som dukkar opp. Elles kan det vere greitt å merke seg at Brinkmann-armane er ganske like dei legendariske Breuer-armane som visstnok skulle vere inspirasjonskjelda då SME V vart utvikla….det er mykje spennande på bruktmarknaden om ein har tålmod og leitar litt..

 

 

 

Ikeda

Då Fidelity Research pakka saman, bestemte konstruktøren av dei legendariske armane (og pickupane) seg for å halde fram med produkt under eige namn. Vi snakkar om ganske kostbare produkt, og eg veit at Lyric Hifi både har agentur og ein demonstrasjonsmodell. Men ikkje i lang utgåve – akkurat som FR 64-armen hadde ein 12” storebror (FR 66), har Ikeda helde fram med eit slikt alternativ. Ein veldig spennande arm, spesielt til pickupar av god, gammal og lågkomplient utgåve, som likar mykje vekt. Men vta kan ikkje justerast under avspeling, og tolvtomsarmen passar heller ikkje på mitt drivverk. Men det kunne vore moro å sjå om FR 64 sine kvalitetar framleis er til stades, så kanskje ein annan gong?

 

 

Jelco

Dei billegaste tolvtommarane (og sannsynlegvis dei beste kjøpa når det gjeld greie pickuparmar i det heile) er nok Jelco. For nokre ganske få tusenlappar kan du få armar med standard gammal SME pickupshellfatning med veldig gode eigenskapar. Jelco er eit relativt nytt namn (berre nokre tiår), men det er nok japanske underleverandørar med mykje erfaring som står for bygginga av desse armane.

 

 

Så må vi nemne Mørch

Desse danske pickuparm- og platespelarprodusentane lagar utmerka produkt. Desse armane kan leverast med ulike armrør, i ulike vektklassar. Såleis kan du finstemme armen til den pickupen som skal brukast. Du kan også få armrør i 12” lengde, slik at du kan få med deg dei eigenskapane eg jaktar på i denne artikkelserien. Og toppmodell DP8 armen frå Mørch har fått strålande omtaler og eit rykte på å formidle bassattgjeving som få andre, samstundes som han er veldig presis i alle justeringar. Du kan også justere VTA under avspeling av plater.  Somme vil vel også seie at i dette selskapet er DP 8 ein arm som ikkje kostar særleg mykje (jaja, 30 danske tusenlappar er no litt, då), og det burde vere ein opplagt kandidat til mitt bruk, om han hadde passa på spelaren.

 

Oppsummering

Intensjonen bak denne artikkelserien er altså å skaffe meg ein ny arm. Til mitt bruk. Det treng ikkje vere verdas beste arm, og eg vil gjerne spare pengar ved å kjøpe ein som er ”god nok”.  Eg satsar på å halde på det platespelardrivverket eg har, ein VPI Super Scoutmaster med Rimdrive, platekrans, spesialstraumforsyninga og ekstra tung spesialtallerken. Det finnest nok betre spelarar der ute, men dei kostar meir enn eg er villeg til å betale. For spelaren min evnar å formidle dynamikk på ein måte eg ikkje trudde kunne komme fram ved bruk av ein platespelar. Dessutan er han veldig enkel, lett å sette opp (når ein veit knepet med Rimdrive), utan fjøring, og i stand til å bere vekta av sjølv store, lange, tunge armar. Ulempa er at platespelarkabinettet er relativt lite. Og det svake punktet er armen. Så her er det oppgraderinga skal skje. Eg vil ha forbetring av lyden, framfor alt betre sporingseigenskapar. Eg har helde meg til pickupar som trivest i min gamle JMW 9 Signature, men pickupar må ha endå betre arbeidstilhøve om eg skal kunne vurdere dei på ein rettferdig måte. Merk at eg stiller som krav å få prøve ut armen før eg legg pengane på bordet. Det må vere ein arm som er i sal her i landet, eller så må eg på utanlandsferd. Då vert det dyrt, eller lenge til om eg skal vente til eg kan besøkje ymse utanlandske produsentar. Kattar i sekk er uinteressant. Eg vil definitivt ikkje bla opp titusenar utan å ha forsikra meg om at armen fungerar godt på førehand.

Så no må eg låne armar. Frå dei aller argaste pickuparmpusharane i landet.

Det vert diverre ei stund til neste avdeling av artikkelserien, for no skal eg prøve armar. Så skal de få rapport over kva armar eg fekk prøve, korleis dei var å jobbe med, og til slutt: kva arm eg enda opp med til slutt. Time will show, som dei seier i Flåklypa.


 

Lest 4030 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.