mandag, 31 desember 2007 23:00

Benz LP - superpickup

Skrevet av

Det er noko eige når eit velrenommert firma lagar ein prestisjemodell innan sitt spesialfelt. Det vert skikkeleg formel 1, der teknologien strekkjast til det mest ekstreme, og detaljane vert gjennomført slik det berre kan gjerast når produsenten gjer sitt aller, aller beste.
Sant å seie var eg ikkje klar over at Benz sin toppmodell var lagervare her i landet.

 

 

Av Arve Åheim januar 2008

Då Tor Aamodt spurte om eg ville teste ein spennande pickup, svara eg sjølvsagt ja. Det var ein frå Benz, ein LP. Denne var ukjent for meg, så eg spurte om prisen.

- 4700 var svaret frå Tor.

- Det var ikkje så ille, meinte eg.

- Dollar, la Tor til…

 

Sjølv med låg dollarkurs var dette den dyraste pickupen eg hadde hatt på besøk i heimen sidan Koetsu og Ortofon MC 7500 var innom for godt ti år sidan. Dyrt, men trass alt ikkje det dyraste du kan få tak i for tida.

Så pickupen vart rigga opp i VPI Super Scoutmaster sin JMW 9 signature-arm. Alt vart finjustert, og stiften sett i rilla.

 

Dette er ikkje ein pickup som briljerer frå fyrste stund. Når du veit kva han kostar, sit du klar med superlativa, men så vert det vanskeleg å bruke dei. Ikkje verdas mest analytiske pickup, ikkje formidlar av det største lydbildet, og heller ikkje den flottaste dynamikken. Så kvifor gå for denne? Ganske enkelt fordi det er ein av dei mest inderlege og ærlege musikkformidlarar på marknaden. Når du høyrer denne, vert du smerteleg klar over kva dette eigentleg handlar om. Om dette ikkje er godt nok, skal du berre sette han på prøve. ALLE mine gamle plater løfter seg, ikkje berre dei verkeleg gode, supergraveringane og dei eg spelar til test/festbruk. Effekten er slik: du merkar ikkje noko spesielt i starten. Så tek du til å lytte etter ulike eigenskapar: Bass? Glimrande. Med svært skikkeleg nyansering mellom bassgitar og basstromme, detaljar i pedalbruk på orgelet, meir enn eg har høyrt før, og på ein sjølvsagt måte som ikkje minner om det du høyrer på svært så analytiske pickupar. Faktisk er det råd å høyre veldig mykje av klangdetaljane i bassgitaren, noko som stort sett svært få pickupar klarer skikkeleg. Og etter kvart som du høyrer endå meir nøye etter, vert du meir og meir begeistra. Overtonane i frå basstromma, akkurat den klangen som er så vanskeleg å få til, er svært tydelege, nesten intense.  Attakket som er så viktig i musikalske sjangrar der rytme og driv er avgjerande er tindrande klart. Eg vil samanlikne det med å drikke ublanda råsaft i staden for kunstig leskedrikk. Spekteret er så mykje større enn på "normale" pickupar, for ikkje å snakke om digitale media.

I motsett ende av frekvensområdet er det heller ingen tendens til å stå fram og briljere. Ingenting spesielt, før du kjem med verkeleg vanskeleg materiale. Eg greidde ikkje å finne noko i samlinga mi med overtoneinformasjon som ikkje har vorte akkurat så tydeleg og presist attgjeve som eg kan tenkje meg.
Eg fekk verkeleg sette pris på diskanten då Quad ELS 2905-elektrostatane kom på besøk i lytterommet, og eg gradvis vart klar over at dette var den flottaste attgjeving eg har høyrt frå mellomtonen og opp så langt eg kunne vere med.

Mellomtonen er altså heilt i klasse med resten, og høyrest naturleg og i høgste grad engasjerande ut. Songarar er så flott attgjeve at det nesten ikkje er å tru, heilt magisk. Å spele Billy Joel ”The longest time” med alle sine flotte koringar er naturleg litt stor og gevaldig i lydbildet, men ved avspeling her var det berre å gje seg ende over. Alle aktørane var så veldig til stade. Og det utan at slagverket, strykarar eller bassgitar grauta seg til. Då kan ein lett bere over med Billy Joel sin innimellom litt for tett-på-mikrofonbruk. Tydeleg, den og. Men på ein måte som ikkje sjenerer musikken det aller minste, i tillegg til å spe på med meir informasjon frå opptaka, vert denne informasjonen på ein måte "velsigna", slik at du ikkje tenkjer på det som manglar ved opptaket, men ein del av sjela i musikken.

Såleis vert tredimensjonalitet også svært flott. Eg plukka detaljar i fleire klassiske innspelingar eg aldri har lagt skikkeleg merke til før, og vart stadig imponert av å få med meg nye moment i miksen til Supertramp ”Crime of the Century”, ei plate eg har spelt så til grader mykje gjennom over 30 år.

Desse faktorane er sjølvsagt strålande, og vel verd å ta med seg. Men dei er ikkje dei viktigaste årsakane til behovet mange vil ha for å bruke så mykje pengar på ein pickup. Det er vanskeleg å peike på i kva grad det heng saman med tekniske kvalitetar og ulike målbare eigenskapar. Iallfall handlar det om engasjement, på ein måte som får iallfall denne lyttaren til å gje seg over til musikkopplevinga på ein eineståande måte. Det er berre så utruleg inspirerande, og eg fann meg sjølv spele desse gamle platene som er ok, men som ikkje ofte vert tatt fram fordi opptaka er litt på sida, eller musikken kanskje litt sær. Dette er pickupen som gjer at du utforskar samlinga di. Alle plater får eit ekstra løft ved å spelast med denne pickupen, som gjer at den musikalske opplevinga faktisk vert forsterka. Nokre døme:

Eg er Zappaentusiast. Men sjølv om den godaste Frank var perfeksjonist, også når det gjeld lyd, har eg aldri vore heilt fornøgd med måten han har skrudd lyden på. Som regel er nedre diskantområde litt hardt i lyden, litt sånn ”kaldt” og travelt å høyre på. Men med Benz LP har ting endra seg. Å spele Zappa er ein draum. Zappa sin lydsignatur er ikkje alltid like velkommen i eit godt hifi-anlegg, og det kan fort verke stressande. Dette slepp du her. Utan at eg vil påstå at Zappa sin lydsignatur eigentleg endrar seg på noko vis. Det er berre heilt unikt.

 

Det same gjeld Clapton 461 Ocean Boulevard. Ei plate som aldri har greidd å imponere meg med lydkvalitet, men likevel ei plate alle Eric Clapton-entusiastar må ha. Benz LP maskerer ikkje ein einaste detalj på denne plata, men får snarare absolutt alt av informasjon fram, frå orgel, Clapton sin speleteknikk, stemma, bassen, alt saman. Men du vert aldri sliten eller irritert over det som kanskje burde vore gjort betre innspelingsteknisk, du berre gler deg over musikken.

 

Å spele Schubert: Die schøne Müllerin (Fischer-Dieskau/Moore på EMI) er eigentleg ei kjedeleg øving for den hifi-engasjerte. Men også her gjer riggen underverk, noko du er glad for når vokalen gjev fullt trykk i dei kraftigaste partia, og pianoet er underordna, men tydeleg til stade i forteljinga.

 

Og så ein siste detalj som mange vil sette uhyre stor pris på: evna til å sjå stort på platestøy og knitring. Trass i at han får med seg alt som er på rillene, er dette den stillaste pickup eg har høyrt. Han fangar opp platestøy i mindre grad enn andre, mindre enn min gamle VdH MC 10, som har vore mi referanse i alle år. Eg trur det kjem av den gode diamantslipinga, der Van den Hul har vore ein av dei framste i verda. Men her har tydelegvis Benz fått ei endå betre sliping.

 

Ei oppsummering.

Benz har fått ord på seg for å lage ”varme” pickupar som er meir musikalske enn analytiske. Det er liksom underforstått at dei då er "litt for snille" og ikkje fortel all den informasjon som kan finnast i rillene. Om du har ein skikkeleg rigg å sette toppmodellen LP i, stemmer ikkje dette. Når du lyttar i fyrstninga kan det hende du let deg lure, det det er ikkje nokon spesiell fokus på frekvensekstremane. Målar du sporingseigenskapane, får du til 80 µ om du brukar maksimum stifttrykk. Bra, men ikkje noko eksepsjonelt, eigentleg. Men så, etter nokre minutt med finlytting, går det opp for deg at du sannsynlegvis ikkje har høyrt maken til flott attgjeving. All den luft og romoppleving du kan ynskje deg er rundt instrumenta. Og det er tredimensjonalt utan at det liksom vert overfokusert ved å framheve øvre mellomtone og diskant. Det er så velsigna rett klangmessig, og likevel fullstendig oppløyst, akkurat slik det aller beste lydutstyret skal vere. Veldig ofte har ambisiøse hifi-konstruksjonar ein grad av overfokus på ting dei gjer veldig bra. Her er alt avstemt på ein som engasjerar på ein måte som eg ikkje har fått med meg tidlegare på noko signalkjelde eg har hatt i hus. Dette gjer at det er likegyldig kva slags plate du spelar. Paradokset om å vise alt som finnest på innspelinga, og samstundes vise innspelinga frå si beste side er så til dei grader til stades. Såleis har eg tråla meg gjennom massevis av dei gamle platene som sjeldan spelast elles, fordi lydkvaliteten er så som så. Black Sabbath, Grand Funk, Uriah Heep, Prudence, Popol Vuh så vel som overproduserte Deutche Grammofone-innspelingar har vore spelt med ekstra stor glede her i heimen.

Ein eigenskap eg held høgt, er fråveret av rillestøy. Når Benz LP er montert opp i VPI Super Scoutmaster med tung tallerken og JMW-arm er det råd å spele plater som har fått riktig så hard medfart. Mi aller fyrste plate (CCR: Green River) er ei slik, som her kan spelast utan sjenanse.

Men denne juvelen (du får nok billegare juvelar som veg meir enn denne) stiller også krav. Drivverket eg brukte han i er ikkje gratis, og du slepp ikkje unna å finjustere alle parametrar på armen heilt perfekt. Du må dessutan ha ein heidundrande god riaa. Min ARC SP 10 gjorde ein god jobb, men den meir moderne, (og ganske dyre) Cary PH 302 var meir støyfri, og hadde endå meir dynamikk å by på.

 

Konklusjon.

Lytefri pickup for lidenskapelege musikkelskarar med foten innanfor  alle sjangrar. Må opplevast, og vil nok i så fall verte vurdert innkjøpt for dei som luktar på det aller beste som er å finne på pickupmarknaden.

 

 

Data:

Kropp: Ibenholt (ikkje rare biten, men trass alt frå regnskogen – eller eit gammalt piano)

Nålefane: massiv boron 0,28 mm diameter

Nålesliping: nude line-contact diamond, mirror polished

Nålestorleik: 5x120 µm

VTA 20 grader

Spole: rubinplate

Vekt 10,7 gram

Utgangsspenning: 0,34 mV

Eigenimpedanse 38 Ohm

Frekvensrespons: 10 – 50 kHz +/- 1dB

Kanalbalanse: betre enn 0,5 dB

Kanalseparasjon Betre enn 35 dB på 1 kHz

Sporingsevne 80µ på 2 g stifttrykk (dette stemmer med mi testplate)

Tilrådd stifttrykk: 1,8 – 2,0 gram

Komplianse 15µm/mN (passar best i mellomtunge til tunge armar)

Tilrådd belastning: 500 – 47kOhm (via SP 10 var det best med 100 Ohm)

Tilpassa arbeidstemperatur 23 grader Celsius (eg hadde romtemperatur på 20-21 grader i testperioden.

Innspelingstid: 40 timar (som eg brukte. Relativt moderate endringar etter 12 timar)

2 års garanti for fabrikasjonsfeil.

 

Pris $ 4 700, som for tida (10.desember) tilsvarar knapt 26 000 kroner.

Importør: www.taaimport.no

Detaljist: www.Lyrichifi.no

Lest 8072 ganger
Arve Åheim

Skribent i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.