søndag mai 26 , 2019
onsdag, 05 april 2006 23:00

Om den lukkelege amatør

Skrevet av

Dette er historia om den lukkelege amatørmusikar. Ein som gler seg til alt som har med musikk å gjere, som har musikken som noko av det viktigaste i livet og som ikkje ville bytt det ut med noko anna. Dette er historia om meg.

 

 


av Tor Martin Brekkeflat, 6. april 2006

Eg har drive med musikk så lenge eg kan hugse. Eg har spelt på musikkskule, i alle slags korps, i storband, i symfoniorkester og i ein god del ulike band. Då eg skulle prøve å bestemme meg for kva eg ville gjere etter gymnaset, var nødvendigvis noko innan musikk veldig freistande. Eg var svært usikker på om eg verkeleg ønskte å jobbe med musikk kvar dag resten av livet, men eg hadde veldig lyst å lære meir. Eit år på musikkfolkehøgskule skulle difor passe bra, tenkte eg. Då eg kom inn på Toneheim folkehøgskole , kunne eg nesten ikkje vente til skuleåret skulle starte.

Forventningane mine til Toneheim var svært høge, både musikalsk og sosialt. Eg blei ikkje skuffa! Eg trur dette var den tida då eg utvikla meg mest som musikar, og eg ville aldri vore den forutan. Og så er det jo ikkje akkurat fælt å gå på ein skule der 2/3 av elevane er jenter heller...

Men det var altså på denne tida eg vurderte om eg ville studere musikk vidare. Eg visste at musikken alltid ville vere ein viktig del i livet mitt, og eg kunne verkeleg tenkje meg å studere og lære meir musikk. Men ville eg ha det som yrke? Ville eg risikere å stå opp og grue meg til å måtte ta fram saksofonen i dag òg....? Og ville er i det heile teke kunne leve av å jobbe som utøvande musikar? No hoppar eg sjølvsagt elegant over det faktum at eg jo ikkje var sikker på om eg var god nok til å satse, men det er eigentleg ikkje poenget her. Poenget er at eg vurderte dette mykje fram og tilbake, og kom til slutt fram til noko eg ikkje har angra på. Ut frå overskrifta her, klarar de vel å gjette kva.

Den som har sagt dei mest treffande orda om meg og musikk, er ein tidlegare musikkskulerektor og dirigent i Sogndal, Jan Stundal. Han sa at: ”Det er nok vel så bra å vere ein lukkeleg amatør som ein ulukkeleg yrkesmusikar.” Og det er eg! Eg er den lukkelege amatør! Eg spelar der eg vil, når eg vil. Eg kan øve mykje når eg har tid til det, og eg kan slappe av når det trengst. Eg har diverre ikkje tid til å spele så mykje som eg skulle ønskje for tida, men slikt går jo litt opp og ned. Då er det ekstra kjekt at eg berre det siste halve året, har blitt spurt av to storband og to korps om å vere med som vikar. Noko takkar ein ja til utan vidare, medan andre ting kan bli for mykje å bite over. Uansett er det eg sjølv som bestemmer.

Og eg kjenner ein del folk som har vore i min situasjon. Dei har lurt på kva dei vil, og kvar dei kan nå med musikken sin. Ein god del av desse har satsa, og sjølv om nokre av dei har stor suksess, veit eg at det er tungt for andre. Ære vere dei som prøver, dei som satsar på eit liv som utøvande kunstnar, men lat oss ikkje late som om det er noko enkelt liv.

Så kva er det eg eigentleg vil fram til her? Det er mange som har spelt eit instrument, og altfor mange som har slutta. Dei fleste av desse vil nok ikkje innrømme at det kom av at dei ikkje følte at dei levde opp til dei krava som blei stilte. Men det er jo ikkje dette musikk skal handle om. Musikk er noko ein skal gle seg til, noko hyggjeleg å fordjupe seg i, noko ein kan ha for seg sjølv eller dele med andre. Uansett kor høge eller låge ambisjonar ein har, er det ingen grunn til å late andre sine haldningar stoppe seg.

Det eg vil fram til er at eg håpar dei som har nedstøva instrument i kjellaren eller andre stadar, finn dei fram og kjem i gong att. Eg håpar at alle som har lyst å spele i eit band, finn seg eit band eller lagar seg eit, i staden for å berre drøyme. Eg håpar at alle som kunne tenkje seg å få litt undervising, tek det, og ikkje berre tenkjer at ”eg er sikkert for gamal no.” Eg håpar at alle som har innsett at dei ikkje kjem til å bli rockestjerner, likevel kan finne glede i musikken sin.

Det er ikkje noko som er så givande som å drive med musikk. Og eg kan ikkje kome på noko som er så givande, utfordrande, uforpliktande, morosamt og sosialt som å vere ein lukkeleg amatørmusikar.

------------------------

Tor Martin Brekkeflat

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Nyeste Tester / Artikler

De 20 nyeste Hovedartiklene:

Nyeste Nyhetsoppslag

Nyeste Musikkartikler

Annonser

Annonsere på Audiophile.no?

Audiophile.no i flere kanaler:

Nyeste fra Audiophile-TV

Les det digitale tidsskriftet AUDIOphile No.1:

Annonser

Nyeste tråder på Hifisentralen

Nye plateutgivelser