lørdag, 21 februar 2015 07:33

Jakta på den ultimate pickuparmen. Del 1 – Arve veit ikkje si ARMe råd.

Skrevet av

Etter nokre år med ganske tilfredsstillande lyd har oppgraderingsdriftene meldt seg igjen. Vel, eigentleg ikkje. Lyden er ganske god på veldig mange måtar. Men platespelaren irriterer meg. Innimellom….

 

Eg brukar å snakke med Rudi på telefonen innimellom. Og det har vi gjort no. Av og til vil han ha meg til å lage ein second opinion på ein pickup, og av og til skal eg teste pickupar heilt på eiga hand. Eg er glad i å spele vinyl, og det er mi føretrukne signalkjelde, når alt kjem til alt.

Etter kvart har eg fått litt peiling på korleis desse platespelarane verkar også. Men kva grunnlag har eg for å meine noko om pickupane som skal testast? Eg er ikkje heilt fornøgd med meg sjølv. Og eg får skjenn frå Rudi innimellom. Eg trur vi får ta heile historia…..

 

 

Vi snakkar om platespelaren

Spelaren min er ein VPI. Super Scoutmaster, med ”rimdrive”, tung tallerken, platekrans, platestrammar. Eg opplevde det som eit betydeleg hopp oppover kvalitetsstigen då eg gjekk frå min gamle LP 12.

Dette er ein relativt kompakt spelar, som består av tre ”modular. Fyrst er her ei eiga straumforsyning, SDS. Denne transformerar ”kva som helst” av spenning og frekvens til akkurat det platespelaren skal ha. Ved å justere på denne, regulerast også rotasjonsfarten på platespelaren, før straumen sendast inn i motormodulen. Dette er ein diger klosse med to kraftige motorar, som får eit ”svinghjul” til å gå rundt. Svinghjulet er ein massiv stålklump, som går rundt ved hjelp av ei drivreim frå kvar motor. Så har eg det spesielle svinghjulet som ligg direkte i kontakt med platetallerkenen med ei gummipakning. (Det finnest også eit svinghjul med vanleg drivreim, men denne har eg prøvd i direkte samanlikning – mellomhjulsløysinga har klart betre dynamikk, sjølv om ho er vanskelegare i praktisk bruk, og må justerast med stor presisjon.) Det er fleire tallerkenalternativ til VPI. Standardløysinga var i si tid ein tjukk akryltallerk, som hadde ein forførande eigenlyd, men trass alt ein eigenlyd som ikkje burde vere der. Denne spesialtallerkenen eg har, er etter mi meining klart det beste. Diverre er ikkje VPI einige, så du får ikkje lenger kjøpt denne spesialtallerkenen, som i si tid kosta $ 1000. Den var så vanskeleg å produsere at dei skrota over 50%. Så som alternativ

Endeleg har vi det eigentlege platespelarkabinettet, det såkalla plinthet, der platetallerkenen er lagra og pickuparmen festa. I staden leverast dei nye, gode VPI-spelarane med aluminiumstallerk. Desse er lette å dreie ut, og har passeleg med masse, men dei er no av aluminium, då. Ikkje heilt utan eigenlyd, det heller.

Spelaren er eigentleg svært enkel og grei. Sidan det ikkje finnest fjøring av noko slag, er det svært lite du kan bomme på, iallfall så lenge du får til passeleg kontakt mellom svinghjulet (rimdrive) og platetallerk. Så eg er ganske fornøgd.  Hadde det ikkje vore for pickuparmen, er det lite å klage på.

Då Harry Weissfield fann ut at han skulle lage arm til platespelarane sine, var han innstilt på å skape så god kvalitet som råd, til ein rimeleg pris. Han gjekk difor for eit prinsipp som er svært enkelt, men også effektivt, og konstruerte ein unipivoterande arm. Den kom opprinneleg i tre utgåver, der lengda var den viktigaste skilnaden.

 

Unipivoterande?

Om du har spelt korgball, har du kanskje pivotert? Når ein spring med ballen, må han steppast. Men då er faren stor for å bli dribla, så det aller beste er å ha godt tak på ballen med begge hender. Problemet er då dommaren, som vil dømme for at du tek steg du ikkje skal ta – ballen skal steppast om du trippar rundt. Men det er lov å pivotere – held du eine foten i golvet, kan du flytte på den andre så mykje du vil. Då pivoterar du. Eitt fast punkt i golvet, så kan du snurre så mykje du vil ut over dette.

Ein pickuparm treng å røre seg i to retningar – vassrett og loddrett, akkurat som kryssord. Dei fleste armar har difor desse to alternative måtane å røyre seg på. Men dei unipivoterande armane kan svinge rundt i alle retningar, akkurat som dei vil. Og dette er relativt enkelt å få til. Lag ei nål som står loddrett, og heng ein kopp over nåla. Senk tyngdepunktet så lågt som praktisk råd, heng ein pickuparm på eine sida, og eit motvektslodd på den andre – og vpi-s så har du ein effektiv pickuparm. I teorien. Praktisk sett vert dette litt daldrete, så ei eller anna dempeordning bør lagast. Du kan lage ei padleåre som ligg i oljebad, eller du kan utstyre armen med silikondemping som dempar daldringstendensen.  

 

Mange legendariske armar er unipivoterande, og har til felles at dei er ganske gode. Den fyrste av slike armar eg fekk vere bort i, var seld av gamle Audioscan for 450 kroner, Mayware Formula 4. Ein svært lett arm som fungerte svært godt med dei mange moving magnet-pickupane som var vanlege den tida. Litt skranglete kanskje, men effektiv som berre det innan sine avgrensingar. Hugsar at ein Denon 103 vart montert i ein slik arm. Vel, det gjekk berre ikkje….

 

 

JMW-armane til VPI.

VPI bestemte seg altså for å lage unipivoterande armar. Og dei tok endå til å produsere ein 12” arm i den store vinylvinteren – tida då det nesten ikkje var vinylriggar i produksjon. Føremona med ein lang arm er kanskje ikkje opplagde for folk flest. Dei krev at platespelaren er om lag ti centimeter djupare enn dei som har vanlege 9” armar, og det kan bli digert. Armen vert også tyngre, dersom ein går ut frå same materialval. Og dyrare. Men frå VPI var det etter kvart fire alternativ. Billegaste alternativet var ein nitommar utan demping. Så kom ei utgåve som eg gjekk for, ni tommar med demping og internkabling av høg kvalitet. Armen er litt plundrete å jobbe med i fyrstninga, men pickupskift går likevel unna på under eit halvminutt. Når du har fyrst har justert armen rett. Eg kjøpte to armrør, og når dei har fått påmontert kvar sin pickup, er det berre å kople frå leidninga, løfte av armen, sette på ny arm, og hekte på snora med antiskating, kople på ny leidning, så er du klar til A/B-samanlikning. Veldig greitt når pickupar skal samanliknast. Og eg likar å ha to ulike pickupar å spele på, ein ”søndagspickup” til dei sublime opplevingane, og ein noko meir rufsete til å spele rølpemusikk (for å seie det enkelt)

 

 Dei to dyrare utgåvene var 10,5 og 12 tommar, og med ekstra fasilitetar som reiskap til å justere nøyaktig stifttrykk, og VTA (vertikal sporingsvinkel) som kunne justerast i fart. Men desse er ein del dyrare, og når du skal ha to armrør, fann eg det for kostbart. Eg vurderte også andre armar, men sidan eg absolutt ville ha platekrans, var det ikkje aktuelt med tangentialarmar. Det vert vanskeleg å legge på kransen når armen står utsett tett på. Einaste tangential-alternativet eg kom på, var Clearaudio-armane. Men eg vart frårådd desse av VPI, det var usikkert om dei passa.  

Eg kjende det som eg valde ein topp platespelar, men gjorde kompromiss når det gjeld armen. Og det verste kompromisset var nok det sløve tilhøvet til antiskating.

 

(Anti)skating.

Det ser enkelt ut å spele plater, men det er mange sære krefter i sving, som gjer at ein eigentleg ikkje får skikkeleg orden på greiene uansett kor mykje ein jobbar. Av og til tenkjer eg det var ein tabbe å gå over frå voksrullar til flate plater og pickuparmar. Dei gamle voksrullane vart både graverte og avspelte av ein stift som var tangent til rilla, så då var ting enkle. I dag graverast framleis plata tangentielt, men når vi spelar av, har vi ein pivoterande arm, der nåla er ”den andre foten” som står i rilla og utsetjast for skating. Desse kreftene medfører at pickupen pressar seg innover, og får ekstra kraftig trykk på innersida av rilla. I verste fall slit du plata hardt, og svært ofte får denne skatingkrafta lyden til å komme frå høgre kanal. Difor er det vanleg å utstyre pickuparmar med ein eller annan form for motkraftsytar, som gjer at armen haldast att i sin iver om å nå sentrum av plata. I si enklaste (og kanskje mest effektive form) er denne motkrafta eit lodd i ei snor som dreg armen utover. Dei hyggjelege armprodusentane har gjerne utstyrt antiskating-fasiliteten sin med ein skala, der du justerer krafta etter kva stifttrykk som brukast. Dette er heilt greitt på somme pickupar, og om du ikkje er for nøyen på det, kan du greie deg ganske bra med dette, iallfall til kvardagsløysing.

Antiskating var ikkje standardvare for VPI sine JMW-armar, og måtte komme som ekstrautstyr. VPI meinte det ikkje var nødvendig med lodd og greier. Ved å gjere ein snurr på kabelen, fekk ein såpass mykje motkraft til skatingkreftene at det var ”godt nok”. Men eg var svært skeptisk, og bestilte det nødvendige ekstrautstyret for dette. Antiskating er etter mi meining viktig.

Denne drittkrafta (skating) er nemleg lunefull som berre det. Ho heng saman med fleire ting, og eg nemner:

-        Stifttrykket

o   Stifttrykket påverkar skating direkte. Dei fleste armprodusentar har laga ein skala der ein kan justere etter dette. Men det er ikkje konstant, og det varierer veldig. Dessutan kan desse skalaane vere veldig, veldig feil.

-        kor stor vinkelfeilen til armen er.

o   Nokre armar er betre enn andre, og dei kan også vere justerte slik at vinkelfeilen (stiften skal stå 90 grader på rilla, men ein pivoterande arm kan ikkje gjere dette meir enn maksimalt to stadar på plata) er meir eller mindre optimal.

-        kvar du er på platesida.

o   Innerrillene vert alltid feil, og det same gjeld ytterrillene samt midten på platesida. Der er skatingkreftene sterkast Men så er det to nullpunkt, der pickupen faktisk er tangent til platerilla. Og her, der det ikkje er vinkelfeil, er det heller ikkje tvilsame krefter i sving.

-        Kor lang armen er.

o   Har du ein skikkeleg lang arm, går vinkelfeilen ned (ein uendeleg lang arm vil vere ein tangent til platerilla. I praksis er det betydeleg betre med ein arm som er litt lengre enn ni tommar. Difor finnest det armar på ti, elleve og tolv tommar i handelen. Eg har endåtil høyrt om ein fjortentommar, men det er kanskje berre skryt?)

 

Skatingkreftene er altså svært labile, og den einaste måten å få perfekt antiskating, er å ha ein tangentialarm. Desse har ein del fellestrekk: dei er skrekkeleg dyre, dei er vanskelege å få til, dei treng gjerne luftlagring eller annan særbehandling, og dei krev ekstremt nøyaktig justering, spesielt av vater. Og dei har betydeleg meir rørleg masse enn pivoterande armar.

Eg har hatt ein Eminent Technology ET 2 luftlagra tangentialarm i nokre år. Veldig god arm, med nokre lydlege eigenskapar som kunne fått meg til å hevde det var verdas beste arm, hadde det ikkje vore for at armen subba ned i ytter- og innerrillene dersom massen til pickupen og motloddet var for store, eller at luftpumpa bråka (kom seg då eg plasserte pumpa på kaldloftet. Den kalde lufta ovanfrå hadde også større viskositet enn den varme stovelufta, slik at armen spora betre. Bortsett frå på varme sommardagar, då. Og så var det dillete å krype opp på mørkeloftet for å sjå etter pumpa)

Nei, eg hadde ikkje lyst på tangentialarm ein gong til, iallfall ikkje når det var så vanskeleg å finne plass til armen på spelaren.

 

 

 

Kva no?

Det har gått 6 år, og eg har etter kvart testa mange pickupar i armen min. Det syner seg at visse pickupar, som t.d. dei frå Benz og Dynavector, fungerer utmerka i JMW 9 Signature-armen. Men andre pickupar slit. Svært gode pickupar får ikkje synt sitt fulle potensiale, og eg trur eg treng ein ny arm. Rudi seier iallfall at eg må ta meg saman. Skal eg teste skikkeleg, er det minste eg kan gjere å gje pickupane gode arbeidsvilkår. Og eg er langt på veg einig. Men som halvt sunnmøring må eg innrømme at det hadde vore fint å ikkje kjøpe noko unødvendig jålete stæsj. Kva arm skal eg velje?     (spanande framhald fylgjer seinare)

 

 

Lest 3930 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.