tirsdag, 03 mars 2015 12:43

Jakta på den ultimate pickuparmen. Del 2 - kva slags pickuparm treng eg?

Skrevet av

Sist gjorde eg meg nokre tankar om eg skulle slå meg til tåls med min VPI JMW 9 Signature, som var standardarm på platespelaren min. Trass i at denne armen fungerer utmerka med visse pickupar, er han for selektiv og for arbeidskrevjande til å kunne vere ein del av referanseanlegget mitt. Så no vil eg prøve å bestemme kva slags arm som må til….

 

Det er så mange pickuparmar der ute, og eg vil ikkje gjere som Rudi (ideelt sett kjøpe ein av kvar…). Eg vil ha EIN arm, som er lett å bruke, og som fungerer godt med det meste av pickupar. Finnest noko slikt? Ein kan alltid finne ein pickup som matchar ein arm. Men kva med meg, som vil prøve massevis av pickupar? Som Vidar Sonesen (Audioart) seier: har du høyrt ein pickup, har du eigentleg høyrt ein pickup-arm-platespelar-kombinasjon, og det er usikkert om alt er optimalt.

Eg trur det er spesielt viktig å ha ein ekstremt god arm for å ”forløyse” kvalitetane som bur i MC-pickupar med avanserte slipingar, boron nålefane og lågt utgangsnivå. Ein røff MM-pickup kan kanskje oversjå visse svake sider av ein pickuparm, men det vil eg ikkje ta sjansen på lenger.

 

Kriteria eg vil ha innfridde

Det er viktig å kunne justere armen så presist som råd. Det er fleire moment som skal oppfyllast, og dei fleste av desse går på å plassere nåla heilt rett i rilla. Men kva er ”heilt rett”? Korleis skal armen plasserast? Og kva slags styggedom kjem ein ut for når ein prøver å spele av desse vinyl-rillene?

 

Antiskating – noko plagsamt det er lett å sjå, men vanskeleg å forstå.

Det eg likar minst med vinyl, er antiskating. Dette er vanskeleg, fordi kreftene varierer over heile platesida. Kreftene er svært vanskelege å forstå, og ein stakkars entusiast kjem berre eit stykke på vegen. Eg har forstått at den viktigaste krafta kjem av vinkelfeilen som dukkar opp når ein roterande arm skal fylgje ei rille som er gravert som tangent til vinylplata. Og om du har ei rillelaus plate, vil du sjå at ho søkjer seg innover mot sentrum av plata, ganske fort om du ikkje har antiskating på. Men dersom det var vinkelfeilen åleine som førte til denne rørsla, ville du få ei negativ rørsle når pickupen heldt seg mellom dei to nullpunkta. Og sjølv om krafta tydeleg varierar alt etter kvar på platesida du er, har aldri eg greidd å justere antiskating slik at pickupen i dei fyrste rillene vandrar innover, deretter på midten utover, og så – i dei inste rillene, innover igjen. For det burde han gjere, sånn geometrisk sett. Trur eg. I gamle dagar brukte eg å justere antiskatinga etter slike rillelause plater, men det vert nok ikkje heilt rett. Platene eg spelar har nemleg riller, så eg prøver å sjå om pickupen oppfører seg rett i rilla (truleg ser eg litt idiotisk ut der eg står med ei diger lupe og kikar på pickupen framani frå, og prøver fortvila å vurdere kva veg pickupen hallar – rett er det nok ikkje heller).

 

 

Nullpunkt? Ei lita matteoppgåve.

Dersom du teiknar litt geometri, kan du lage ein sirkel med radius ca 15 cmsom representerer vinylplata. Du skulle kanskje teikna ein fin spiral innover plata – rilla, men det får då vere måte på styr. Platespelaren gjer 33 1/3 runde i minuttet, og når ei plateside kan vare i over 20 minutt, vert det ein forferdeleg finteikna spiral…sirkelen får duge.

Det neste du gjer, er å teikne ei rett linje gjennom sentrum av sirkelen og utover eit stykke. Denne linja skal representere den perfekte plasseringa til pickupen – altså som ein tangent til rilla. Pickupen bør gjere det same som graveringsnåla, altså halde seg på denne linja. Men det er ikkje så enkelt….

Kan du konstruere midtnormalar? Om du skal ha optimal plassering av pickuparmen din på spelaren, bør du lære deg dette. Midtnormalen skal konstruerast mellom to punkt; fyrste punktet er der fyrste rille startar ute på starten av plata, og det andre punktet er rilla der pickupen står og hakkar når pickupen er ferdig med å spele plata. Strekk linja bakover der platespelarkabinettet har plass til arm.

Så kan du lage ein ny sirkel, med sentrum bortanfor sentrum i den gamle sirkelen. Sentrum på denne nye sirkelen er opphengingspunktet til pickuparmen, og sirkellina representerar rørsla stiften kan gjere. Den delen av sirkellina som ligg innanfor ”plate-sirkelen” er det som er relevant for oss (vi gidd ikkje svinge armen ut av ledd heller). Om du ikkje har laga ein svært liten eller svært stor sirkel, vil no ”pickupsirkelen” skjere rilletangenten to stadar. Akkurat i desse to punkta er pickupen plassert nøyaktig som ein tangent til platerilla. Men alt utanom desse to stadane, er kompromiss….

 

Å finne lukka gjennom perfekt geometri

Etter denne mattetimen, er det lett å verte fortvila. Så lenge du har ein arm som er festa i eitt punkt, vil du ikkje ha pickupen rett plassert i høve til rillene. Men du kan gjere eitt av to ting:

 

 

Løysing nr 1: tangentialarm.

Det finnest nokre smartingar som har laga pickuparmar som glir parallelt til rilletangenten, og såleis gjev rom for å ha pickupen heilt korrekt plassert til ei kvar tid. Og mange av desse sinnrike armane er svært gode. Iallfall så lenge alt er i orden med dei. Men uansett kor sinnrik ein tangentialarm kan vere, byr dei på utfordringar. Konstruktørane har vore nøydde til å gjere visse kompromiss. Problemet er korleis armen skal flytte seg innover rilla, når han ikkje er hengt opp i eitt punkt, men må gli innover. Det lagast difor ein slede av eitt eller anna slag, som på ein eller annan måte må flytte seg innover i samsvar med platerilla. Og denne sleden har ei viss vekt. Ulempa ved at pickupen må trekke denne sleden, er gjerne større enn fordelen ved å unngå vinkelfeil og antiskating.

  • servomotorstyrte tangentialarmar

    • Desse armane har oftast eit ledd der det står ein brytar. Når plata har rotert ei runde eller to, og stiften ikkje lenger står rett i rilla, endrar vinkelen på armen seg. Når denne ikkje lenger er 90 grader, slår brytaren seg på, ein motor startar, og dreg armen rette veg. Når vinkelen på ny er 90 grader, slår brytaren seg av, og plata kan rotere vidare til neste gong brytaren slår til. Enkelt og greitt. Men trass i fantastisk mellomtone og oftast topp lydbilde, kan slike løysingar føre til visse problem. Eg meiner at slike armar har ei slags grumsing i bassen, kanskje fordi det er krefter i sving i platerillene mellom desse brytarintervallane. Desse armane kan vere svært gode. Dei ”rimelege”, masseproduserte frå Technics, Bang & Olufssen m.m. kan gjere gode jobbar for dei aller fleste av oss vinylentusiastar, og ikkje er dei så vanskelege å arbeide med heller. Dei veldig gode (den legendariske Goldmund-armen er kanskje den beste) treng ikkje skamme seg for nokon konkurrent. Men det er ein del arbeid å justere dei, og du skal lese bruksrettleiinga ganske nøye. Arbeidskrevjande.

 

 

  • Luftlagra tangentialarmar

    • Det kom nokre armar med ei fantastisk løysing – armen var ein ”slede” som flaut på ei luftpute i ei slags krybbe der mange luftdyser heldt han fullstendig friksjonsfri. Eg hadde ein slik ein, Eminent Technology ET 2, og dette var kanskje beste armen eg har hatt. Alle justeringar så nær som stifttrykk kunne gjerast medan du spelte av plata. Og når du kunne sitte og finhøyre deg fram til kva som var rett, var det veldig enkelt å optimalisere lyden. Eg trur det var ET 2 som gjorde meg til vinylentusiast. Sjølv om eg sleit med luftpumpa. Ei akvariepumpe skulle levere lufttrykket som armen flaut på, og her var det utfordringar om pickupen vart litt tung. Armen subba nedi når eg spelte fyrste og siste rille. Eg prøvde med to akvariepumper, og det hjalp ein del. Men heilt bra vart det ikkje før eg la pumpene på det kalde mørkeloftet og førte trykklufta ned i stova gjennom ein slange på nesten åtte meter. Den store lengda fungerte truleg som ein buffer, slik at lufftrykket var mindre ”rykkete”. Dessutan fungerte armen best på kalde vinterdagar – kaldloftet mitt hadde luft med større viskositet enn den varme stovelufta. Slike luftarmar er mellom dei aller beste armane som finnest, og dei svenske Forsell så vel som Airtangent er kanskje vel så gode som min gamle Eminent Techonology (som produserast i ei forbetra utgåve under namnet ET 2.5). Det finnest til og med variantar som kan justere VTA pr fjernkontroll, men dei er ikkje i produksjon lenger, og veldig sjeldan tilgjengelege. Det er også ein ting som må seiast om bassen til luftlagra tangentialarmar: Bassen er flott, betre enn motorbaserte armar, men det finnest endå betre bass.

  • Mekaniske armar

    • Nokre få armar baserer seg på at pickupen skal drage armsleden over platesida ved hjelp av sporingskrafta. Dersom sleden er liten og lett, kan faktisk dette gå bra utan anna hjelp enn tyngdekrafta. Eg har erfaring med to slike armar; Clearaudio sin rimelegaste, og Opus Cantus. Av desse er Clearaudioarmen den som er lettast å arbeide med, medan Opus Cantus er langt rimelegare.

    • Cantus er ein slik columbi-egg-konstruksjon som du vert sjokkert over. Inne i eit glasrøyr ligg to kulelager som har ein ørliten armslede festa til seg. Svært skjørt, men armen fungerer ganske godt. Pass berre på å justere han litt ”feil” – lat han helle svakt (vi snakkar om svært svakt – ei halv aning, ikkje noko meir) innover, slik at han får litt hjelp av tyngdekrafta når pickupen skal dra seg innover rillene. Men hugs at armen er svært skjør, og det merkelege, avsagde reagensrøret (for du må ha ein stad der sjølve armen kan festast til kulelagera) kan lett knusast. Det er også forbaska vanskeleg å montere pickupen her. Armen er dessutan litt for kort, noko du merkar om du spelar plater som ikkje er heilt plane. Men når alt er optimalt, er dette truleg beste armkjøpet som kan gjerast.

    • Tyske Clearaudio har i alt tre tangentialarmar, som alle tek utgangspunkt i den amerikanske Souther-armen, som tyskarane kjøpte opp og vidareforedla. (Det må vel seiast at alle dei tre arvingane er betre enn opphavet) Armane består av ein svært lett slede som heng på ein tynn, stram stålvaier, og dei kan justerast veldig godt. Dei er også lette i bruk, sjølv om det ser litt radikalt ut å slå dei opp. Diverre importerer Soundgarden slike armar berre på bestilling, men dette er heilt fantastiske armar, og ”minstemann” var iallfall verd kvar einaste av dei godt titusen kronene han kosta då eg prøvde han ut for www.audiophile.no

 

 

 

 

  • Luring-armar

    • Eg veit ikkje heilt kva desse armane skal kallast. Har tenkt på parallell-armar, men det kan vere så mangt. Eg tenkjer på armane som har utgangspunkt i den heller stusselege Garrard Zero 100, der to armstag med litt ulikt festepunkt dreia pickupen slik at han stod som tangent til platerilla. Den gamle Zero-armen var litt slarkete, og han kunne heller ikkje flyttast frå Garrardspelaren til andre, betre drivverk. Eg har også høyrt rykte om ein forløpar til Zero, som truleg var endå mindre presis.

    • Sjølv om Zero ikkje var nokon suksess, er det nokre alternativ frå Sveits, med ekstremt høg presisjon. Desse heiter Thales, og finnest som tre ganske ulike konstruksjonar. Den dyre, originale versjonen er nok den beste, men han tek mykje plass, og kostar langt over hundre tusen kroner. Eg har mistanke om at han ikkje er heilt enkel å sette opp heller. Men vi får ta med at han er brukt i den myteomspunne platespelaren til Audio Stone, som kostar ein million kroner, og er bygd av finaste granitt. (Eg skulle likt å teste denne, men det er ikkje enkelt å få det til). Dei to andre Thales-armane er etter same konstruksjonsprinsipp som Zero, og har ein noko meir skapeleg pris. Thales Simplicity (mk 2-utgåve til 63 000 – dyrt, men ikkje så ille når originalarmen er prissett til 105 000) og den billegaste Easy, som ikkje er kome med på heimesidene til Acoustic Tuning, som er einaste norske firma som har informasjon om desse armane (agent for Skandinavia er PS Audio i Danmark, etter det som står på Thales sine heimesider). Alle desse Thales-armane burde vore testa, for det ser veldig interessant ut. Men vi veit ikkje kor lette desse armane er i praktisk bruk. Og sjølv om dei held pickupen som tangent til platerilla, greier dei alle dei andre oppgåvene? Utan å låne ein slik arm, kan eg ikkje svare på det.

 

Eg skal komme attende til andre løysingar i del tre av dette prosjektet. Må spørje ein del kloke hovud til råds, er eg redd…….

 

Lest 4129 ganger
Arve Åheim

Fagredaktør i Audiophile.no

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.